Tag Archives: Georgia Hubley

Yo La Tengo – Fade

Standard

Den sympatiske Hoboken-trioen byr på ei ganske så støysvak og homogen plate denne gongen.

7

cover

Stupid Things er slett ikkje dum. Den er fem minutt lang og dukkar opp midtvegs inne på den nye plata til Yo La Tengo. Lyriske gitartonar sildrar som ein klar vårbekk rundt eit hypnotisk groove som går og går. Ynde og kraft i potent samklang. Og ein songar som syng om den sterke kjærleiken, den som overlever dumme ting, humpete tilstandar og slikt. «We always wake up before we fall, and I always know that when we wake up, you’re mine». Den finn sin plass der opp saman med dei andre meisterlige Yo La Tengo låtane. Det er i grunn blitt mange av dei etter kvart.

Meir enn eit kvart århundre er gått, men tida har ikkje gått i frå Yo La Tengo. Dei har sysla med sitt, der over på den andre sida av Hudson River. Med to-tre års mellomrom har dei komme med ei plate. Noko eg har sett på som ei kjær hending kvar einaste gong. Av den grunn at noko slikt som dårlige, eller for den saks skuld middelmåtige, plater er av dei tinga Yo La Tengo aldri har belemra oss med. Dei har heller aldri kava med å prøve å framstå som noko anna enn det dei er. Dei har alltid vore til å kjenne att. Samstundes, det dei er, og det dei har vore, er langt meir enn berre eitt uttrykk. Nokre av platene deira høyrer med til nyare musikkhistorie sine mest sjangerbyksande saker. Men alt dei har gjort har dei gjort fordi dei er Yo La Tengo (ekteparet Ira Kaplan og Georgia Hubley, og bassisten James McNew). Og ingen andre. Aldri har dei gjort det fordi tidsånda eller bevegelsar har venta det av dei. Sånn tenker i alle fall eg om det. Sånn tenker eg at dei har unngått å gå av moten. Sånn tenker eg at tida er på lag med Yo La Tengo, og vil aldri gå i frå dei.

Men åra går, like forbanna. Også for Ira Kaplan, Georgia Hubley og James McNew. Fade er ikkje heilt utan spor av det. Eg meinar å oppfatte, i fleire av songane på plata, ein undertone av, eller ei erkjenning av, å være på veg bort frå noko som aldri vil komme tilbake. Som når dei tre i samstemt union syng «nothing ever stays the same» i opningslåta, Ohm. Ei låt som har form som eit groovy og melodisk vennlig anthem til noko som ikkje heilt kan forklarast, som til dømes at av og til er det dei dårlige folka som går til topps medan dei gode taper. Kaplan krøllar ein sprek gitarsolo rundt låtas stødige gang, før han saman med sine medsamansvorne ramlar inn i eit mantra om at det har vore moro dette her. «Maybe that’s okay if we’re not so young» lyde det lengre ute i programmet. I ei låt med eit forsonande sonisk vesen, The Point Of It. Her er det vel at livets urokkelige gang blir fundert over i dei tydeligaste ordelaga.

Say that we’re afraid
Say the night is close
Honey, that’s okay
If we’re getting old
If we’re not so strong
If our story’s told
That’s the point of it

På ei plate som er Yo La Tengo sin mest konsistente til dags dato. Sonisk samla om ein tone over mot den mildaste sida av slikt som Yo La Tengo driv på med. Velproporsjonert og levande produsert av John McEntire (Tortoise, The Sea and Cake). Den er absolutt ikkje utan eit vemod, men mest ser eg på den som oppløftande. Og lys, som ei 45 minuttars omfamning av livets uransakelige vesen.

Her får vi den omsorgsfulle visa I’ll Be Around, med sitt sirkulerande gitartema. Den Georgia Hubley sungne Before We Run, med sakte sorgtyngde blåsarar og eit liflig strykar tema. Lågmælte Is That Enough som legg seg ved sida av ein Lambchop-song. Den oppfuzza popsaken Paddle Forward sugande på ein Sugarcube. Og den spretne og tette soulpop-saken Well You Better. Av eit band som vel i grunn aldri kjem til å slutte med å gje ut gode plater.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

 

Yo La Tengo – Popular Songs

Standard

Tjuefem år etter det første steget gjer dei framleis sin musikk med eklektiske og gode steg.

7

cover

Eit Yo La Tengo-album peikar aldri i berre ein retning. Det plar danse, døse, drøyme og drive rundt i sjangerignorerande former. Og jo vidare det femner, dess sterkare det blir.

Sånn verkar det vere med Yo La Tengo. Sånn har nittitalsklassikaren I Can Hear the Heart Beating as One, og deira førre framstøyt I Am Not Afraid of You and You Will Beat Your Ass blitt deira to største bravadar. Fullt så vidt femner ikkje Popular Songs, men tru ikkje vi snakkar stringent og einsretta av den grunn. Langt ifrå. Og tru ikkje dette er uinteressant stoff.

Sjølvsagt er det ikkje det. Trioen frå Hoboken kjem jo aldri tomhendte. Det har dei, gjennom tjuefem år, og eit drygt dusin av albumtitlar, vist oss at dei ikkje gjer. Det vil seie husbond Ira Kaplan og hustru Georgia Hubley har vist det gjennom tjuefem år. Bassist (og ein del anna) James McNew kom med ein del år seinare. På Painful. Det var vel då dei for alvor vart skikkelig gode. Det har dei aldri slutta med å vere.

Førre gong, for tre år sidan, var inngangsporten eit djuptgroovende og ti minuttar langt ragnarock kalla Pass the Hatchet, I Think I’m Goodkind. Denne gongen avsluttar dei seansen med noko liknande. I over eit kvarter krautar og røskar All the Glitter Is Gone rundt eit standhaftig tema, utan at den heilt maktar ta eit fullt så grepa tak som Pass the Hatchet gjorde. Men eit dugande forsøk gjer den.

Glittersortiet følgjer i hælane på elleve minuttar med ambient grønt akustisk vemod titulert The Fireside. Og det er på slutten av albumet Yo La Tengo har lagt dei lange spora denne gongen, for The Fireside på si side avløyser den nesten ti minuttar lange saktevandrande More Stars Than There Are in Heaven. Utan at nokon av dei legg inn søknad om plass i øvre del av trioens kanon.

Men det gjer opningssporet. Here to Fall er bølgjande psykedelia i eit rikt og ope sonisk lende. Ein songar som proklamerer «I’m here to fall with you, what else is there for us to do», ein groovy bass, og ein fiolin. Ein fiolin som snor seg i dei sentrale områda, på smått intoksikert og sterkt forførande vis. Storarta greier.

Dei tre byter på å synge, som vanlig. Dei har ikkje denne planetens mest markante røyster, nokon av dei, men dei klarar seg. Dei er absolutt ikkje soulsongarar, men dei gjer ein veldig Motown-inspirert sak kalla If It’s True. Og det funkar, og vert flott.

Dei skriv songar som omfamnar kjærleiken, og songar som talar litt mistruisk om den. Dei syng om løyndomar, og driv med nattlige funderingar. Denne gongen oftast i soniske former der støyen blir framstilt med sordin, eller berre har ei birolle i horisonten. Men ikkje Nothing to Hide, den har eit skittent gitaroppsyn, og eit sprettent ganglag, og så handlar den mest om at «we’ve all got something to hide».

Dei har ikkje gjort det til vane å legge ved tekstane når dei kjem med plate. Heller ikkje denne gongen. Tekstane og det vokale er ein sterkt inkorporert del av heile bildet, og skal derfor vere der, i bildet. Det gjer seg best der. Men Periodically Double or Triple har nokre fiffige linjer eg har skrive med raud tusj på tavla mi.

«Never read Proust,
seems a little to long,
Never used the hammer,
without somehow using it wrong»

Den funky Periodically Double or Triple med sitt skitne orgelgroove, og sitt vesle opprør mot å vere så jævlig betydningsfull; » I’ve got hole in my brain where what I meant to say lives … I don’t have to make it rain». Så det så.

Dei høyrer ikkje til blant dei sensasjonelle, dei trendy, eller dei eksplisitt nyskapande. Det dei driv med har dei for så vidt ikkje funne opp sjølv. Men dei driv med sitt, og gjer i grunn ikkje særlig til nummer utav at dei finst. At dei finst bør vi like fullt vere takknemlige for. At dei finst, og syng songar som All Your Secrets. Nennsamt, sittande, og pakka inn i eit berusande orgelbilde, alldeles uimotståelig vakkert.

Då, akkurat då, og rett som det er elles også, er Yo La Tengo ordentlig populære. I alle fall heime hos meg.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Yo La Tengo – I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass

Standard

Dei er i alle fall ikkje redde for å utfordre deg, og ja, dei «will beat your ass», skråsikkert.

cover  Startskotet; åtte retningssikre trommeslag, eit djuptgravande bass-groove melder seg på, dansande perkussivt krydder fyller ut, og så kjem gitaren fresande inn frå dødvinkelen. Aaahhh, den fordomsfrie Hoboken-trioen er ute med sitt tolvte album. Og dei har ikkje komme mange sekundane inn i det før eg byrjar å fatte alvorlig interesse for kor dette ber i veg.

Pass The Hatchet, I Think I’m Goodkind, lyde instruksen. Det eggande monstergroovet går berre ein veg; rett fram. I ti minuttar. Åh, James McNew, den basslinja der berre sug seg fast, fast, fast. Krypande rundt meistergroovet heile vegen til ende, ei ustoppelig rekke av glødande og utemte gitartonar. Poetiske, feedbackdrivne og fridomssøkande. Midt inni larmen prøver Ira Kaplan å synge litt også. Kva han syng veit eg ikkje. Det eg veit, dette opningssporet skulle vore dobbelt så langt, minst. Det eg lurer på, hadde det soniske utfallet blitt omtrent som dette om Neil Young ein eller annan gong rundt 1976 hadde bytta ut Crazy Horse med Neu!?

I motsatt ende rammar Yo La Tengo inn eit i sanning fargerikt album med elleve minuttar bølgjande fuzz-psykedelia, mystisk nok titulert The Story of Yo La Tango.

Mellom dei to lange låtane spirer det fram 12 kortare og ein nesten like lang. Dei har gjort det før, og gjer det altså igjen; vartar opp med noko som i LPen sin tidsalder måtte blitt eit dobbeltalbum. Det snart ti år gamle meisterverket I Can Hear the Heart Beating as One er ein annan av desse. Det er også til dette albumet vi må trekke for å finne I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass sin næraste slektning i Yo La Tengo-katalogen.

Kontrastfullt, eklektisk og sjangerignorerande kan få vere tre stikkord.

Den første store kontrasten dukkar opp i hælane på det nemnte opningssporet. Då sig dei ned i ein Beanbag Chair og syng om å lage «misery out of fun» akkompagnert av lette blåsarpynta poptonar. Utover albumet er dei innom dei fleste musikalske kolorittar som har vist seg fram i rock-samanheng dei siste 40 åra. Frå tungsindig kammerpop med subtil blåsar-napping i Black Flowers, via dundrande punkabilly i Watch Out For Me Ronnie til piano-pirra funk, med McNew i falsettsongar-rolla, i Mr. Tough. Ja dei tre har definitivt vakna opp av dvaletilstanden som til ein viss grad hadde råka dei med Summer Sun.

Å komme drassande med Velvet Underground når ein skal prøve å beskrive lyden av Yo La Tengo, kan vel seiast å vere ein særdeles lite original handling. Den er vel i grunn ikkje berre lite original, den er også noko upresis. Joda, dei har denne hangen etter å kle sine medrivande melodilinjer i utfordrande og fuzzjaga drakter. Men der Reed og hans disiplar stod fram som dekadente svartkledde nihilistar, er vel Yo La Tengo meir den nerdete gensar-kledde tremenningen. Den som fleirtalet av oss kanskje litt lettare kan identifisera seg med. Den som aldri pirrar interessa til tabloidene eller dei sterkt karisma-søkande. Den som sit i sitt anonyme hjørne og prøver å få til noko. Av og til skjer det også. Av og til kjem det saker og ting krypande fram frå desse hjørna som viser seg å ha like så mykje å by på (eller kanskje til og med meir) som det ein blir tilbydd i flomlyset eller i dei meir kredible bakgatene. Det er då den tålmodige unnselige mottakaren gledesstrålande mumlar fram sitt «yo la tengo» («eg har den»).

Dette betyr ikkje at VU-allegorien hermed er kutta, gravlagt og gløymt. Neida, den lever. Og den lever spesielt godt når eg tenker på Georgia Hubley. Når eg ser henne avbilda ved sida av sin mann Ira og bandkompis James, når eg høyrer henne dunke trommeskinnet og når eg høyrer henne synge. Georgia Hubley er den perfekte syntesen av Moe Tucker og Nico. Det varmar sjela å høyre henne på ei chanteuse sitt vis synge lengtande tonar i skumringstime-balladen I Feel Like Going Home. Ho får forresten god hjelp av nokre knokkellydande tonar frå eit piano og tidlegare Dylan-kollaboratør David Mansfield sine vemodstunge fiolintonar til å mane fram den rette stemninga på denne. Det er andre instrument som dominerer, og ei framdrift av ein atskilleg annan karakter som kjem til uttrykk i The Room Got Heavy. Eggande handslåtte trommer, ein grom bass, spretne fløyte-liknande tonar og eit funky orgelbrus. I ei dynamisk veksande form tar den seg etterkvart inn i eit ganske så frenetisk lende, og sikrar full siger. Nemnte eg at Georgia syng her også?

Midt i feltet smyg Daphnia innom. Ei ni minuttar lang ambient vandring i eit nakent og dunkelt rom. Brian Eno har vel gjort eit og anna som liknar denne opp gjennom tidene. På kvar si side av den opptrer heilt andre tonar. Den countryjazza smålate og nydelige oda til kjærleikslivet sine opp og nedturar, Sometimes I Don’t Get You, og den skranglete popturen I Should Have Known Better. Sannsynlegvis ikkje eit heilt tilfeldig Beatlesk lån av tittel.

Med I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass utfordrar altså Yo La Tengo i kanskje større grad enn nokon gong før denne ideen om eit album som eit rimelig stringent vesen. Det er bra. Eg elskar dei for det, og eg elskar dei for alle dei fabelaktige låtane dei gjer det med.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)