Banden tar eit brutalt tak i country, folk og blues tradisjonen og flytter den over i eit meir gotisk, stormfullt landskap.
Sjølv om Emmerhoff og hans melankolske venner framstår ein tanke meir laidbacke og beherska denne gongen, er det ikkje akkurat ein fredelig søndagstur i blåbærskogen dei inviterer på. Nei, det er nok heller ein tur av den meir ustø og uregjerlige sorten, og som slett ikkje alltid held seg på skinnene. Gjennom ugjestmilde og nakne ørkenområder, langs ujevne vegar, forbi søvnige byar og til bunnlause holer ber det avstad. Vi møter forhutla sjeler, fortapte hjerter, savnet, håpet, forbannelsen og begjæret, og ein gitar berusa på kaktusbrennevin som snor seg lik ein klapperslange frå tone til tone, frå låt til låt, mens den gjer uttrykk for både einsemd, galskap og von.
If This Darkness Lingers er dette Halsnøy/Bergen-bandet sitt tredje CD-framstøt i fullformat. Og dei følger opp den gode vanen dei har lagt seg til på sine to første, og leverer solide saker. Som på dei to forrige albuma, Viva Revenge (1999) og Loosebox (2002), er kjeldene til dette brygget fortsatt å finne hos band som Sixteen Horsepower, Divine Horsemen og Gun Club, for å nevne nokre. Alle band som, i likhet med Emmerhoff & The Melancholy Babies, tar eit brutalt tak i country, folk og blues-tradisjonen og flytter den over i eit meir gotisk og stormfullt landskap.
Den før omtalte gitaren, i hendene på frontfigur Gunnar Emmerhoff, forkynner sitt nærvær umiddelbart. På sitt særeigne vis dreg den i gang Caravanserai, ein country/folk affære, der versa er lett syrebehandla, mens refrenget er meir idylliske tonar om kjærleik og håp. Såleis presenterer dei eit noko meir optimistisk syn på tilværet enn kva vi har blitt vant til frå desse melankolikarane. Utan at dei på nokon måte gjer dette til ein vane, for dei fører oss ganske raskt over i meir feberheite tilfeller. Dark Horse er albumets klaraste Sixteen Horsepower-påverka låt, der banjotonane og tekstfraser som «down, down, down, down below» får hukommelsen til å hente fram scener frå Piknik Med Døden. Fortetta og ikkje så lite skrudd er Backwoods, eit nesten kriminelt lumskt nummer. Hammered Down, albumets Tor-med-hammaren-tilfelle, er unnagjort på to minuttar. Uvær er også under oppbygning i Monsoon, som er ein slags Emmerhoff-vri på Led Zeppelinsk riffrock. Meir spor etter Zeppelin er det dessutan å finne i albumets kanskje finaste stund, den uanstrengt smygande og dynamisk utførte Weightless, som for øvrig også har sine små Pink Floyd hint. Alvorlig ustødig blir det i det psykedeliserte og skranglete, men du verden så deilige tilfellet Shaky Ride. Mens bandet sine mest nedtona sider finn vi i den snedne visa Nowhere Town, den luskande Misty Trail og i countryblues-saken Stuck in the Mud. Albumet tonar så til slutt ut med tittelkuttet, i form av ein langsom melankolsk instrumental.
Dermed har Emmerhoff og bandet hans, som dei erklærte melankolikarane dei tross alt er, gjennomført nok ein musikalsk trip der livets meir tungsindige og desperate sider er blitt omtalt og tonelagt, sjølv om dei altså ikkje er heilt framande for også å uttrykke meir håpefulle syn på livet innimellom.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)

Før pleidde Matt Elliott å uttrykke seg musikalsk under signaturen Third Eye Foundation, her gav han oss ravnsvarte og tungt fordøyelige verk som Ghost, men også rett nok dystre men atskilleg meir smakfulle album som Little Lost Soul. Hans medium for å nå ut til verden var computeren, der han skapte sine ambiente komposisjonar ofte krydra med drum’n’bass-element. I 2000 meddelte han at Third Eye Foundation var historie, og han var usikker på når eller om han ville komme tilbake med ny musikk.
Gjennom fire plater (seks hvis vi og reknar med dei to første under signaturen E) har Eels skapt sin vesle og ganske så lett gjenkjennelige musikalske verden. Den baserer seg på enkle melodiar innan blues, folk og pop/rock tradisjonen, og når det måtte passe seg slik påføres det litt skeive og rare lydar og arrangement. Han har sine åndsfrendar i mellom anna California-bandet Cake og ein viss Beck Hansen, sjølv om sistnevnte nok har vist låtskrivar-egenskaper og ein sprelsk kreativitet som Eels har til gode å legge for dagen.
East River Pipe er F.M. Cornog, ein kar som ved hjelp av sitt Tascam 388 ministudio har spelt inn sitt femte album: Garbageheads On Endless Stun. Litt hjelp har han fått frå sin kjære Barbara Powers, her titulert «organizer of chaos». Det er ei oppgave ho har lykkast med, for så veldig kaotisk lyder ikkje dette. Dei elleve sangane på albumet har derimot det til felles at dei i større eller mindre grad blir vevd inn i eit teppe av lyd og tonar frå keyboards, samt forsynt med rytmer frå ei trommemaskin, og så suppleres det innimellom med litt gitar. Ut av dette lurer det seg fram fleire tiltalande sangar i eit slags krysningspunkt mellom indierock og country/folk. Skal eg gjere eit forsøk på å være meir konkret, så tenk deg ein hybrid mellom Smog og Leonard Cohen (men med ei lysare røyst) krydra med ein handfull Flaming Lips (Yoshmini Battles-era) og ein dæsj Magnetic Fields.
For tredje gang i sin karriere gir Steve Earle ut eit livealbum. 100 minuttar med opptak frå konsertar helde sommaren 2003 ulike stadar i Nord-Amerika, muligens for det meste i Canada. Og Just An American Boy som den heiter, med undertittelen The Audio Documentary, har absolutt sine stunder. Likevel, som heilhet har den samme problem som livealbum flest, nemlig å bringe med seg nærværet, entusiasmen, energien og svetten frå konserten over i dette meir limiterte formatet. Det er sjølvsagt i meste laget å forlange nett det, men då ser eg det også som legitimt å la følgjande spørsmål henge i lufta; kva er det egentlig ein vil med ei slik utgjeving?
Då Allman Brothers Band frå Georgia inntok podiet på tampen av 60-talet med sin mixtur av tung bluesrock, jazz, country og eit frodig, men stødig groove, blei dei også opphavet til det som seinare skulle få namnet sørstatsrock. Blant banda som fulgte i deira fotspor er det først og fremst Lynyrd Skynyrd som er verdt å hugse. Den dyktige sangaren og låtskrivaren Ronnie Van Zandt og banden hans spelte i ein fire-års periode midt på 70-talet inn fleire sterke album, der vi får servert klassiske låtar som Free Bird, Gimme Three Steps og Sweet Home Alabama. Og her er det Alabama/Georgia kvintetten Drive-By Truckers kjem inn i bildet. Denne gjengens forrige utgjeving kalt Southern Rock Opera var nemlig ein tributt til sørstatsrocken, og især Lynyrd Skynyrd. Ein både storslått og rufsete song-syklus som sjølvsagt endar i ein tragisk flystyrt.
Bortsett frå at byen reint geografisk er plassert ganske så midt i USA, og langt frå solfylte strender, forbind eg ikkje stort meir med Denver, Colorado enn Sixteen Horsepower og Warren Zevon sin kostelige Things to Do In Denver When You’re Dead. Her frå denne byen er det bandet Dressy Bessy har sin opprinnelse. Men utfrå musikken bandet spelar er det langt lettare å sjå dei for seg dansande langs Californias sandstrender.
I 1998 dukka for første gang Johnny Dowd opp i platesammenheng. Verket han hadde med seg bar tittelen Wrong Side of Memphis, og er eit album full av historiar, ikkje berre frå feil side av Memphis, men også frå livets vrangside. Til tonane av mørk, dunkel og piggtråd-skarp folk-blues formidlar Johnny beretningar om forhold som har gått dukken, om sjalusi, paranoia og mord – ikkje særlig lystige temaer, altså. Alt sammen spelt inn på ein privat 4-spors opptakar.
Som albumtittelen så korrekt indikerer; vi er ikkje inne på eksotiske marker. Oregon-bandet Dolorean frekventerer nemlig områder mange har vitja tidlegare. Her presenterer dei ni sangar om forliste forhold og andre triste hendingar. Med enkle midler og i eit varleg, sørgmodig og litt einstonig leie dukkar dei ned i denne ofte omsungne og mørke materien. Og det viser seg ganske fort at låtskrivar og frontfigur Al James er blant dei betre i klassen når det gjeld å skape truverdige og gode tekstar frå feltet. Langt meir på det jamne er imidlertid mannen i sin melodibygging.