Emmerhoff & The Melancholy Babies – If This Darkness Lingers

Standard

Banden tar eit brutalt tak i country, folk og blues tradisjonen og flytter den over i eit meir gotisk, stormfullt landskap.

cover  Sjølv om Emmerhoff og hans melankolske venner framstår ein tanke meir laidbacke og beherska denne gongen, er det ikkje akkurat ein fredelig søndagstur i blåbærskogen dei inviterer på. Nei, det er nok heller ein tur av den meir ustø og uregjerlige sorten, og som slett ikkje alltid held seg på skinnene. Gjennom ugjestmilde og nakne ørkenområder, langs ujevne vegar, forbi søvnige byar og til bunnlause holer ber det avstad. Vi møter forhutla sjeler, fortapte hjerter, savnet, håpet, forbannelsen og begjæret, og ein gitar berusa på kaktusbrennevin som snor seg lik ein klapperslange frå tone til tone, frå låt til låt, mens den gjer uttrykk for både einsemd, galskap og von.

If This Darkness Lingers er dette Halsnøy/Bergen-bandet sitt tredje CD-framstøt i fullformat. Og dei følger opp den gode vanen dei har lagt seg til på sine to første, og leverer solide saker. Som på dei to forrige albuma, Viva Revenge (1999) og Loosebox (2002), er kjeldene til dette brygget fortsatt å finne hos band som Sixteen Horsepower, Divine Horsemen og Gun Club, for å nevne nokre. Alle band som, i likhet med Emmerhoff & The Melancholy Babies, tar eit brutalt tak i country, folk og blues-tradisjonen og flytter den over i eit meir gotisk og stormfullt landskap.

Den før omtalte gitaren, i hendene på frontfigur Gunnar Emmerhoff, forkynner sitt nærvær umiddelbart. På sitt særeigne vis dreg den i gang Caravanserai, ein country/folk affære, der versa er lett syrebehandla, mens refrenget er meir idylliske tonar om kjærleik og håp. Såleis presenterer dei eit noko meir optimistisk syn på tilværet enn kva vi har blitt vant til frå desse melankolikarane. Utan at dei på nokon måte gjer dette til ein vane, for dei fører oss ganske raskt over i meir feberheite tilfeller. Dark Horse er albumets klaraste Sixteen Horsepower-påverka låt, der banjotonane og tekstfraser som «down, down, down, down below» får hukommelsen til å hente fram scener frå Piknik Med Døden. Fortetta og ikkje så lite skrudd er Backwoods, eit nesten kriminelt lumskt nummer. Hammered Down, albumets Tor-med-hammaren-tilfelle, er unnagjort på to minuttar. Uvær er også under oppbygning i Monsoon, som er ein slags Emmerhoff-vri på Led Zeppelinsk riffrock. Meir spor etter Zeppelin er det dessutan å finne i albumets kanskje finaste stund, den uanstrengt smygande og dynamisk utførte Weightless, som for øvrig også har sine små Pink Floyd hint. Alvorlig ustødig blir det i det psykedeliserte og skranglete, men du verden så deilige tilfellet Shaky Ride. Mens bandet sine mest nedtona sider finn vi i den snedne visa Nowhere Town, den luskande Misty Trail og i countryblues-saken Stuck in the Mud. Albumet tonar så til slutt ut med tittelkuttet, i form av ein langsom melankolsk instrumental.

Dermed har Emmerhoff og bandet hans, som dei erklærte melankolikarane dei tross alt er, gjennomført nok ein musikalsk trip der livets meir tungsindige og desperate sider er blitt omtalt og tonelagt, sjølv om dei altså ikkje er heilt framande for også å uttrykke meir håpefulle syn på livet innimellom.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s