Dressy Bessy – Little Music

Standard

Fuzzy solskinn, og slikt som omfamnar det enkle, det naive og det sorglause.

cover  Bortsett frå at byen reint geografisk er plassert ganske så midt i USA, og langt frå solfylte strender, forbind eg ikkje stort meir med Denver, Colorado enn Sixteen Horsepower og Warren Zevon sin kostelige Things to Do In Denver When You’re Dead. Her frå denne byen er det bandet Dressy Bessy har sin opprinnelse. Men utfrå musikken bandet spelar er det langt lettare å sjå dei for seg dansande langs Californias sandstrender.

For underteikna er Dressy Bessy eit heilt nytt bekjentskap. Ikkje desto mindre har dei eksistert som band sidan 1997, og har iløpet av den tida gitt ut to full-lengds CDar. Little Music er imidlertid eit slags oppsamlingsheat for sangar som ikkje er med på desse to utgjevingane. Her er 18 låtar henta frå singlar, EPar, og diverse samlingar.

Låtskrivar, vokalist og gitarist Tammy Ealom er Dressy Bessy sin soleklare frontfigur. Med seg har ho kjæresten John Hill på gitar. Ein mann som for øvrig også har traktert det samme instrumentet på fleire Apples In Stereo plater. Darren Albert og Rob Greene gjer så bandet komplett på henholdsvis trommer og bass. Det klassiske oppsettet, med andre ord.

Det er heller ingenting ultra-originalt med musikken Dressy Bessy serverer. Gitarane er hissige (nokon gonger ganske oppfuzza), vokalen i beste 60-tall «girl group» tradisjon, og rytmeseksjonen drivande, og iblant til og med litt fantasifull.

Dette er ord og tonar som omfavnar det enkle, det naive og det sorglause. Og har kanskje ikkje så mykje meir å bidra med enn øyeblikkets gleder. Men ein skal vel ikkje berre kimse av det? Det kan jo være rett ut helsebringande å ta Tammy på ordet når ho syng «Shake it, shake it» i den spreke og småfunky Live to Tell All, eller foreta småteite bevegelsar til den deilige og rytmesterke Gloria Days. Eg innrømmer også utan blygsel at det eggande drivet i Instead og All the Right Reasons gjer meg yr og glad. Medan Tammy og bandet i låtar som California og den spenstige Hangout Wonderful serverer oss lyden av solskinn.

I albumets midtre del, som omfattar bandet sin tidlegaste periode er det litt lenger mellom dei store gledene, i mine øyrer er det vel egentlig kun det sjarmerande rabalderet Fuzzy som utstrålar livfull energi. Derfor blir albumet kanskje ein litt ujevn opplevelse. Men på sitt beste sprudlar Dressy Bessy som nyservert champagne.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s