Tag Archives: Jimmie Dale Gilmore

The Flatlanders – Wheels of Fortune

Standard

Dei tre velrenommerte veteranane frå Texas leverer sakene nok ein gong.

cover  Dei tre Texas-veteranane Joe Ely, Butch Hancock og Jimmie Dale Gilmore har funne saman i platestudioet igjen, kun to år etter den store «reunion». Resultatet heiter Wheels of Fortune, og er nok ei Flatlanders-plate spekka med frodige countrytonar.

The Flatlanders har sin historie heilt tilbake til tidleg på syttitalet, men Wheels of Fortune er likevel berre bandet sin tredje studio-innspeling. Saken er nemlig den at då trioen hadde spelt inn materialet til si debutplate i 1972, endte tapen opp som støvsamlar hos plateselskapet i staden for å få sjansen som støvblåsar hos oppegåande country-entusiastar. I løpet av dei neste åra fekk så både Butch, Joe og etterkvart Jimmie i gang eigne karrierar. Legenden om innspelingane dei hadde gjort saman begynte imidlertid å veksa, og i 1980 kom dei ut under tittelen One More Road. I 1990 tok så Rounder hånd om sakene og gav det ut på CD for første gang. Albumet bar nå den svært så passande tittelen More a Legend Than a Band. Og aller viktigast, det musikalske innhaldet frå desse innspelingane er av den briljante sorten. Så, tolv år etter denne hendinga, og som ei tredve-års markering av den gangen dei gjorde sine første forsøk i eit platestudio, tok dei opp tråden, kom saman, spelte inn albumet Now Again, og viste at det fortsatt var gnist i gamle legender. Og nå har dei tydeligvis fått blod på tann, for her er dei altså alt klar med oppfølgaren.

Wheels of Fortune er laga heilt utan press frå noko som helst hald. Det var berre dei tre karane med litt tid til overs, gnisten etter Flatlanders-turnéen fortsatt i behold, og mange sangar å ta av. Eit veldig godt utgangspunkt for å spele inn musikk, med andre ord. Og dei har på ingen måte skjemt seg ut. Dei fleste låtane er ting som vart komponert på 70-talet, nokre har blitt spelt inn før i ulike solo-samanhengar. Medan andre aldri har blitt presentert i innspelt fasong tidlegare. Dei tre deler på vokalistjobben, men heilt på tvers av kven som har komponert låtane (karane har i alle sine år som soloartistar alltid nytta låtmateriale frå sine Flatlanders-kompisar). Det heile har ein liketil og hjarteleg tone, det er ingen som prøver å overgå kvarandre, men berre tre musikarar på snart 60 år som har det veldig kjekt i hop. Når så låtmaterialet dei har plukka fram held ein rimelig høg standard, kan jo ikkje Wheels of Fortune bli noko særlig anna enn den tredje vellykka av tre mulige frå trioen.

Som vanlig sper dei ut countryen sin med litt blues, litt rock og litt folk, men aldri slik at resultatet blir ei fortynna blanding. Neidå, her snakkar vi snarare vitalt kraft-tilskudd. Åpninga Baby Do You Love Me Still? er ein mid-tempo countryrockar i eit slags Dylan-landskap, med Butch som vokalist. På tittelkuttet er det Jimmie si tenor-stemme som får leia an, i noko som er ein velsmakande ballade. Ei anna oppleving av den tiltalande sorten blir levert når samme mann stemmer i på Hancock komposisjonen Wishin» For You, ei låt med forlokkande Mexico-feeling. Medan den Ely sungne I’m Gonna Strangle You Shorty er eit artig og swingande 50-tals inspirert rocketilfelle. Fart er det også over den friskt accordion-draperte Go to Sleep Alone. Og countryblues-taktene i Whistle Blues er på ingen måte noko ein bør forakte. Det mest skjellsettande tilfellet er likevel Ely sin ballade Neon of Nashville, om sangerinna som går under; «someone said they saw her, years later at the bottom of Main, fifth of whiskey in her hand, codeine in her brain».

Eg har ingenting imot ei fjerde plate heller, eg.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Joe Ely – Streets of Sin

Standard

Ei røyst med like deler vemodsfulle som offensive eigenskaper, og fleire songar med ein god countrytone i seg.

cover

I’m ridin» through the middle of some god forsaken town
Dark figures from the shadows, they’re tryin» to cut me down

Det er nokre år sidan sist eg høyrde den no, røysta til Joe Ely. Det er nesten så eg hadde gløymt korleis denne mannen si følelseslada stemme kan herse med nakkehåra mine og kitle fram geléfølelsen i mellomgolvet. I alle fall når han trør til med pur levande og virile tonar som i det Butch Hancock-komponerte åpningssporet Fightin» For My Life.

Han har vore med ei stund no, den godaste Joe. Det er faktisk over 30 år sidan dei første legendariske Flatlanders innspelingane blei gjort, låtane Ely spelte inn saman med nevnte Hancock og Jimmie Dale Gilmore, men som først blei offisielt gitt ut i 1990. I 1977 debuterte Ely så som soloartist i platesamanheng. Og året etter malte han sitt mesterverk med det utsøkte albumet Honky Tonk Masquerade, ein blendande oppvisning i countryrock, western swing, tex-mex og honky tonk. I løpet av sin Europaturné 79/80 utvikla han eit vennskap med gutta i The Clash, og gjorde fleire spelejobbar saman med dei. Noko som var sterkt medverkande til at mannen nokre år på begynnelsen på 80-talet kanskje var den «riktigaste» av alle countryinfluerte artistar å namedroppe i dei rette samanhengar.

Men viktigast er det uansett at han stadig har dukka opp med album det har vore verdt å lytte til. Nå er han ute med sin 16. soloutgjeving (derav fire live-plater – mannen er ein formidabel opplevelse live), fem år etter sitt forrige studioalbum. Streets of Sin er tittelen, og Ely skuffar ikkje. Med sin vemodsfulle, skarpslepne og ganske så særeigne stemme gjer han 10 eigenkomponerte låtar og to som er ført i pennen av kompis Butch Hancock, der han som vanlig beveger seg i landskapet mellom country, folk, blues, rockabilly og heartland-rock. Eller for å seie det med ein liten lignelse; som hvis Bruce Springsteen hadde rent inni ein trailer fullstappa av Texas-musikk i eit vegkryss like utanfor Austin.

Fine øyeblikk dukkar opp som perler på ei snor, men for å halde litt på Springsteen-allegorien; melodiar som A Flood On Our Hands, All That You Need og Twisty River Bridge er i både sin tematikk – om den hardt prøvde «ordinary guy» – og i sin låtstruktur ikkje ulikt noko den meir kjente New Jersey-fyren kunne gjort i sine aller mest (men dessverre altfor sjeldne) twang-fylte stunder. Raffinert er også det innbitte og vemodige tittelsporet, om ein kar som har «brent fingrane» på storbyens lunefulle muligheter, og som helst kunne tenkt seg heim igjen til sin meir rurale opprinnelse. Mens albumets mest typiske countrylåt er den fine kjærleiks-erklæringen That’s Why I Love You Like I Do. Personlig er eg likevel kanskje aller mest svak for Carnival Bum, som er ein slags jazz-møter-country affære, der Joe snakkesyng til eit luftig og blått akkompagnement i versa, for så å gå over til full twang i refrenget – smart og verknadsfullt.

Så sjølv om det ikkje er nokon ny She Never Spoke Spanish To Me, Honky Tonk Masquerade eller Dallas her, er det meir enn nok å glede seg over for tilhengerar av rocka countrytonar.

6/10

Først publisert i Groove.no (i 2003)