100 minuttar går som ein draum på ein Earle-konsert, men for dette live-albumet blir det litt i lengste laget.
For tredje gang i sin karriere gir Steve Earle ut eit livealbum. 100 minuttar med opptak frå konsertar helde sommaren 2003 ulike stadar i Nord-Amerika, muligens for det meste i Canada. Og Just An American Boy som den heiter, med undertittelen The Audio Documentary, har absolutt sine stunder. Likevel, som heilhet har den samme problem som livealbum flest, nemlig å bringe med seg nærværet, entusiasmen, energien og svetten frå konserten over i dette meir limiterte formatet. Det er sjølvsagt i meste laget å forlange nett det, men då ser eg det også som legitimt å la følgjande spørsmål henge i lufta; kva er det egentlig ein vil med ei slik utgjeving?
Det finst rett nok dei som har klart å overføre magien til dette formatet også: Johnny Cash, Warren Zevon, Bob Dylan og ein håndfull andre. For Just An American Boy sin del blir det nok berre med kortare sekvensar. Så kvifor gjere den dobbel? Har det noko med at ei liveplate liksom skal være minst dobbel, den? Earle og fleire med han burde istaden kanskje tatt lærdom av nevnte Zevon, som gav hunden den delen han ikkje likte.
19 låtar (derav eit studio-opptak med sonen Justin i hovedrolla; Time You Waste), samt ein del låt-introduksjonar/monologar av politisk karakter frå ein uredd og absolutt reflektert og våken Steve Earle. Låtutvalget varierer frå gitardominerte utblåsingar, via bluegrass-tonar i Hometown Blues og The Mountain, til nedtona affærer som anti-dødsstraff sangane Over Yonder (Jonathan’s Song) og Billy Austin. Ei sak han for øvrig har vore med å fronte i heimlandet.
Naturleg nok er det mannens siste studio-epos Jerusalem det blir plukka ivrigast frå, seks låtar er henta herfrå. Eit album som representerer nok ei solid utgjeving i Earle sin etterkvart rikhaldige katalog av musikk i grenselandet mellom rock, folk og country. Live-versjonane skiller seg kun marginalt frå studio-versjonane, men har litt meir brutal gitarlyd, og er litt mindre nyanserte.
Dei før nevnte monologane bør absolutt få karakteren politisk opplysningsarbeid vel verdt å få med seg. Som skildringa av det TV-overførte dramaet frå verkeligheten, der ni gruvearbeidarar frå Pennsylvania satt innesperra bak masse stein, det heile fekk som mange kanskje hugsar ein lykkelig utgang, men; «it’s really important to know that CNN had fucking nothing to do with it». Og dermed er det på sin plass å dra i gang ein mandolindreven, opprocka og inspirert utgave av Harlan Man. Inspirert er også den 10 minuttar lange seansen Christmas In Washington. Han innledar med å gjere klart at «this song ain’t about Christmas, and it damn sure ain’t about Washington, what it’s about is heroes», før han så fortel om nokre heltar som ikkje er med i sangen; blant andre Joan Baez og guvernør George Ryan. Sjølve sangen er på si side ei bønn til Woody Guthrie om å komme tilbake og hjelpe til; «Tear your eyes from paradise and rise again somehow, If you run into Jesus maybe he can help you out», før Earle tilslutt rettar den samme bønna mot dei fleste døde amerikanske frihetskjemparane.
Glansnummeret Copperhead Road om heimebrenning, smugling og dyrking av illegale planter, er som alltid livleg og fandenivoldsk. Mens versjonen av min personlige Earle-favoritt, Guitar Town, nok ikkje rekk heilt opp mot studioutgava som i si tid introduserte mannen ein gang midt på 80-talet. Nydelig er imidlertid medleyen Rex’s Blues/Ft. Worth Blues, gjort til ære for mannen Earle betraktar som den aller største låtskrivaren, Townes van Zandt. Og som avslutning drar han i gang ein frådande versjon av Nick Lowe sin popklassikar What’s So Funny «Bout Peace Love and Understanding. Og akkurat den tittelen er vel i grunnen ganske så beskrivande for Steve Earle sitt syn på korleis ein del maktmennesker oppfører seg.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)