Joe Ely – Streets of Sin

Standard

Ei røyst med like deler vemodsfulle som offensive eigenskaper, og fleire songar med ein god countrytone i seg.

cover

I’m ridin» through the middle of some god forsaken town
Dark figures from the shadows, they’re tryin» to cut me down

Det er nokre år sidan sist eg høyrde den no, røysta til Joe Ely. Det er nesten så eg hadde gløymt korleis denne mannen si følelseslada stemme kan herse med nakkehåra mine og kitle fram geléfølelsen i mellomgolvet. I alle fall når han trør til med pur levande og virile tonar som i det Butch Hancock-komponerte åpningssporet Fightin» For My Life.

Han har vore med ei stund no, den godaste Joe. Det er faktisk over 30 år sidan dei første legendariske Flatlanders innspelingane blei gjort, låtane Ely spelte inn saman med nevnte Hancock og Jimmie Dale Gilmore, men som først blei offisielt gitt ut i 1990. I 1977 debuterte Ely så som soloartist i platesamanheng. Og året etter malte han sitt mesterverk med det utsøkte albumet Honky Tonk Masquerade, ein blendande oppvisning i countryrock, western swing, tex-mex og honky tonk. I løpet av sin Europaturné 79/80 utvikla han eit vennskap med gutta i The Clash, og gjorde fleire spelejobbar saman med dei. Noko som var sterkt medverkande til at mannen nokre år på begynnelsen på 80-talet kanskje var den «riktigaste» av alle countryinfluerte artistar å namedroppe i dei rette samanhengar.

Men viktigast er det uansett at han stadig har dukka opp med album det har vore verdt å lytte til. Nå er han ute med sin 16. soloutgjeving (derav fire live-plater – mannen er ein formidabel opplevelse live), fem år etter sitt forrige studioalbum. Streets of Sin er tittelen, og Ely skuffar ikkje. Med sin vemodsfulle, skarpslepne og ganske så særeigne stemme gjer han 10 eigenkomponerte låtar og to som er ført i pennen av kompis Butch Hancock, der han som vanlig beveger seg i landskapet mellom country, folk, blues, rockabilly og heartland-rock. Eller for å seie det med ein liten lignelse; som hvis Bruce Springsteen hadde rent inni ein trailer fullstappa av Texas-musikk i eit vegkryss like utanfor Austin.

Fine øyeblikk dukkar opp som perler på ei snor, men for å halde litt på Springsteen-allegorien; melodiar som A Flood On Our Hands, All That You Need og Twisty River Bridge er i både sin tematikk – om den hardt prøvde «ordinary guy» – og i sin låtstruktur ikkje ulikt noko den meir kjente New Jersey-fyren kunne gjort i sine aller mest (men dessverre altfor sjeldne) twang-fylte stunder. Raffinert er også det innbitte og vemodige tittelsporet, om ein kar som har «brent fingrane» på storbyens lunefulle muligheter, og som helst kunne tenkt seg heim igjen til sin meir rurale opprinnelse. Mens albumets mest typiske countrylåt er den fine kjærleiks-erklæringen That’s Why I Love You Like I Do. Personlig er eg likevel kanskje aller mest svak for Carnival Bum, som er ein slags jazz-møter-country affære, der Joe snakkesyng til eit luftig og blått akkompagnement i versa, for så å gå over til full twang i refrenget – smart og verknadsfullt.

Så sjølv om det ikkje er nokon ny She Never Spoke Spanish To Me, Honky Tonk Masquerade eller Dallas her, er det meir enn nok å glede seg over for tilhengerar av rocka countrytonar.

6/10

Først publisert i Groove.no (i 2003)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s