Matt Elliott – The Mess We Made

Standard

Atmosfærisk og dystert, der kvar komposisjon er som ein liten novelle med fleire intermesso.

cover  Før pleidde Matt Elliott å uttrykke seg musikalsk under signaturen Third Eye Foundation, her gav han oss ravnsvarte og tungt fordøyelige verk som Ghost, men også rett nok dystre men atskilleg meir smakfulle album som Little Lost Soul. Hans medium for å nå ut til verden var computeren, der han skapte sine ambiente komposisjonar ofte krydra med drum’n’bass-element. I 2000 meddelte han at Third Eye Foundation var historie, og han var usikker på når eller om han ville komme tilbake med ny musikk.

Med The Mess We Made har Matt Elliott for første gong valgt å gje ut musikk under sitt eige navn, og det er blitt ei plata som er ganske så forskjellig frå hans tidlegare utgjevingar. Først og fremst ved at organiske instrument som piano, gitar og cello er blitt meir dominerande i lydbildet, i tillegg er drum’n’bass-elementene borte. Samstundes er her meir bruk av vokalinnslag, mest frå Matt sjølv, men han får innimellom hjelp frå ei kvinnestemme (Sabine Chaouch).

Det er atmosfærisk og stemningskapande, og kvar komposisjon er som ein liten novelle med fleire intermesso. I bakgrunnen høyrer vi eit ulmande lydteppe, i front spelar pianoet eller gitaren melodiøst, og innimellom dukkar det opp seige vokalfraseringar. Orda som blir sunge er ikkje lett å oppfatte, men eg trur eg veit kva dette handlar om allikevel:
Historiane er henta frå eit mørkt havnekvartal ein plass i Europa. I fuktige kjellarar, på segneferdige loft, i trange dunkle smug, og i slitne kneiper lever og dør det mennesker. Mennesker som fortsatt trur, mennesker som har gitt opp, og mennesker som er på flukt. På flukt frå livet, på flukt frå døden, og på flukt frå sine private spøkelser. Slik det til dømes blir skildra i den vakre Also Ran. Den startar med at Matt kviskre-syng i samklang med melodiøse pianotonar, vokalen blir stadig meir forvrengt, og plutselig tek stykket ein annan retning ved at det dukkar opp nokre kjappe og hissige beats (kanskje vi skal kalle dei stemningsskakande), før den avslutningsvis igjen glir over i vare pianotonar. Eller som lyden av sur vind, guffent regn og ei knirkande dør i The Sinking Ship Song, ei dyster sjømannsvise som til slutt går under saman med det fortapte skipet. Avslutningsvis skimtar vi imidlertid spor av håp, for Forty Days er vakre akustiske gitartonar i tilsynelatande harmonisk samklang med eit englekor, men det hadde ikkje vore Matt Elliott viss han ikkje hadde forpurra dette håpet med litt forvrengingar heilt til slutt.

I motsetning til mange andre som syslar med ambient musikk (og som ofte endar opp med å lage begivenhetslaus muzak) så maktar Matt Elliott å skape musikk som får ein til å lytte, som stimulerer fantasien, og som dermed skjenker lyttaren ein opplevelse. Vi kallar det ambient-blues, tenkjer eg.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s