Ei Eels-plate som trør i kjente spor, men som har eit godt hjerte.
Gjennom fire plater (seks hvis vi og reknar med dei to første under signaturen E) har Eels skapt sin vesle og ganske så lett gjenkjennelige musikalske verden. Den baserer seg på enkle melodiar innan blues, folk og pop/rock tradisjonen, og når det måtte passe seg slik påføres det litt skeive og rare lydar og arrangement. Han har sine åndsfrendar i mellom anna California-bandet Cake og ein viss Beck Hansen, sjølv om sistnevnte nok har vist låtskrivar-egenskaper og ein sprelsk kreativitet som Eels har til gode å legge for dagen.
For dei uinnvidde; eg omtalar Eels i eintal, sidan det er eit prosjekt styrt og iscenesatt av den nå 40 år gamle Mark Oliver Everett (fortsatt populært titulert E). Han debuterte på platefronten i 1992 med albumet A Man Called (E). Medan hans nåværande signatur tralla seg inn på platemarkedet fire år seinare med albumet Beautiful Freaks.
Shootenanny!, mannens nye opus, og sjuende utspel, kjem nok ikkje til å skape så mange tumultar verken i Eels før omtalte vesle verden eller i popverdenen generelt. Den følger i kjente E spor, nyttar seg stort sett av velprøvde triks, og evner på ingen måte å by på overraskelsar.
Likevel, Shootenanny! er slett ikkje tom for dugande sangar. Og i hjertet av albumet (spor 5-8) har eg oppdaga eit firkløver som absolutt har noko for seg. Først gjennom dei såre og innbydande poptonane i Dirty Girl. I neste omgang blir det gjort langt meir brutalt med Agony, ein pinefull blues-affære med desorienterte gitarfigurar, der hovedpersonen nok har møtt veggen; «all I see is age, fear and agony». Så veldig håpefulle synspunkter har han ikkje for seg på Rock Hard Times heller, sjølv om tonefølget er noko meir oppløftande på denne. I den langsomme og nydelige/triste Restraining Order Blues tar E perspektivet til ein patetisk, plagsom og mange vil seie usympatisk skikkelse, som i sin lidenskap til ei dame har gått for langt og pådratt seg eit rettslig påbud om å halde seg vekke.
Det er også ganske lett å finne sympatiske trekk med låta Numbered Days der den dynamisk varierer mellom aktsomhet og styrke. Men så begynner det å bli meir problematisk, bluesbastarden All In A Day’s Work og den grunne Fashion Awards synest eg er lovlig svake. Dei resterande er sånn pluss minus på det jevne. Kanskje med det største plusset til avsluttande Somebody Love You, der E rett så optimistisk syng; «somebody loves you, and you’re gonna make it through».
Og det får vi jo håpe.
5/10
Først publisert på Groove.no