Tag Archives: Live

Delbert McClinton – Live

Standard

Ein hardtarbeidande og god songar byr på eit litt for langt dokument frå ein sveitt kveld i Bergen.

cover  Blues. Den kanskje viktigaste stamfaren til det meste av dagens oppegåande rockemusikk. Men nytta i sin mest skjematiske og rigide form, og i henda på andre enn dei mest visjonære innan sjangeren (Robert Johnson, Howlin Wolf, Muddy Waters og nokre titals til) har den i innspelt tilstand ofte ein lei tendens til å bli ganske så kjedelig. Live derimot kan sjølv dei mest ordinære av utøvarane få bluesen til å virke, og til å gje publikum i alle fall illusjonen av å ha opplevd brukbar musikalsk agering.

Sjølv om han kanskje ikkje høyrer til blant sjangerens aller ypperste utøverar, så er definitivt ikkje Delbert McClinton dusinvare heller. Mannen har igjennom ein lang karriere vist seg som ein inspirert sangar og låtskrivar. Han krydrar sin blues med både countrytonar og ikkje minst hentar mange element frå soulmusikken, samstundes som han og har røter direkte tilbake til rock’n’rollen sin fødsel på 50-talet.

Ein sein aprildag i 2003, entra 62-åringen frå Lubbock, Texas, scenen i Teatergarasjen i Bergen. NRK var tilstades og foreviga det heile. Delbert og hans menn var så fornøyd med dette opptaket at dei no velger å gje det ut som offisiell Live-plate på New West Records.

Det var heilt sikkert ein svett og fin kveld i Bergen. Det frammøtte publikum gjekk nok heim med våte T-skjorter og eit fornøyd glis om munnen. Men så er det dette med å forvandle slikt over på eit audio-dokument som i neste omgang skal tilfredsstille innanfor huset sine ikkje fullt så mottakelige vegger, då. Det maktar nok ikkje dette opptaket til fulle heller. For sjølv om, som før nemnt, bluesen i denne forma først og fremst er live-musikk, taper den seg på ei slik forvandling.

Nå er likevel ikkje gode gamle McClinton den som er verst ute å kjøre, for det 90 minuttar lange opptaket har fleire øyeblikk som klarer å få fram gode følelsar også i godstolen framfor stova si lydmaskin. Spesielt gjeld dette sangane som er litt annleis enn Delbert sine tempo-blues affærer.

For å ta det siste først. Godt over halvparten av låtane er nemlig bygd rundt meir eller mindre den samme lest. Gitardriv, energiske blåsarar, boogie-woogie piano og eit tett og pågåande groove. Så sjølv om fleire av tilfella i seg sjølv absolutt er heftige nok, kan det bli noko trøttande og einsarta i lengden, spesielt saksofonen til Don Wise. Då blir det nærmast som ein liten oase når Delbert sitt 7-mannslag set ned tempoet og rykker inn med meir moderate takter. Som i den sjelfulle utgåva av Otis Redding balladen I’ve Got Dreams To Remember. Eller når han i countrylåta When Rita Leaves reint musikalsk besøker grensetraktende mot Mexico. Aller best likar eg meg imidlertid i selskap med albumet sine to lengste kutt, dei nesten ni minuttar lange I Want To Love You og B-Movie Boxcar Blues. Her blir det gitt meir plass til luft og leik enn kva som ellers er tilfelle. Særlig sistnevnte, ein av Delbert sine eldste låtar, er eit inspirert og dynamisk tiltak, som jumpar frå det heilt neddempa til det langt meir uryddige, og med heftige soloar både frå trompetist Terry Townson og frå Delbert sitt munnspel. Låta blei for øvrig i si tid brukt av McClinton-fan John Belushi i Blues Brothers-samanheng. Det kunne også godt vore tilfelle med Delbert sitt kanskje mest kjente og beste nummer, den funky og særs forlokkande soulpop-låta Givin» It Up For Your Love.

Så om ikkje Delbert høyrer til blant dei store innovatørar, er han i alle fall ein hardt arbeidande og fin sangar det absolutt går an å kjøpe plater av. Men dette konsertopptaket ville eg kanskje ha venta med til eg hadde sikra meg at plater som Second Wind frå 1978 og The Jealous Kind frå 1980 først var komme i hus.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Steve Earle – Just an American Boy (Live)

Standard

100 minuttar går som ein draum på ein Earle-konsert, men for dette live-albumet blir det litt i lengste laget.

cover  For tredje gang i sin karriere gir Steve Earle ut eit livealbum. 100 minuttar med opptak frå konsertar helde sommaren 2003 ulike stadar i Nord-Amerika, muligens for det meste i Canada. Og Just An American Boy som den heiter, med undertittelen The Audio Documentary, har absolutt sine stunder. Likevel, som heilhet har den samme problem som livealbum flest, nemlig å bringe med seg nærværet, entusiasmen, energien og svetten frå konserten over i dette meir limiterte formatet. Det er sjølvsagt i meste laget å forlange nett det, men då ser eg det også som legitimt å la følgjande spørsmål henge i lufta; kva er det egentlig ein vil med ei slik utgjeving?

Det finst rett nok dei som har klart å overføre magien til dette formatet også: Johnny Cash, Warren Zevon, Bob Dylan og ein håndfull andre. For Just An American Boy sin del blir det nok berre med kortare sekvensar. Så kvifor gjere den dobbel? Har det noko med at ei liveplate liksom skal være minst dobbel, den? Earle og fleire med han burde istaden kanskje tatt lærdom av nevnte Zevon, som gav hunden den delen han ikkje likte.

19 låtar (derav eit studio-opptak med sonen Justin i hovedrolla; Time You Waste), samt ein del låt-introduksjonar/monologar av politisk karakter frå ein uredd og absolutt reflektert og våken Steve Earle. Låtutvalget varierer frå gitardominerte utblåsingar, via bluegrass-tonar i Hometown Blues og The Mountain, til nedtona affærer som anti-dødsstraff sangane Over Yonder (Jonathan’s Song) og Billy Austin. Ei sak han for øvrig har vore med å fronte i heimlandet.

Naturleg nok er det mannens siste studio-epos Jerusalem det blir plukka ivrigast frå, seks låtar er henta herfrå. Eit album som representerer nok ei solid utgjeving i Earle sin etterkvart rikhaldige katalog av musikk i grenselandet mellom rock, folk og country. Live-versjonane skiller seg kun marginalt frå studio-versjonane, men har litt meir brutal gitarlyd, og er litt mindre nyanserte.

Dei før nevnte monologane bør absolutt få karakteren politisk opplysningsarbeid vel verdt å få med seg. Som skildringa av det TV-overførte dramaet frå verkeligheten, der ni gruvearbeidarar frå Pennsylvania satt innesperra bak masse stein, det heile fekk som mange kanskje hugsar ein lykkelig utgang, men; «it’s really important to know that CNN had fucking nothing to do with it». Og dermed er det på sin plass å dra i gang ein mandolindreven, opprocka og inspirert utgave av Harlan Man. Inspirert er også den 10 minuttar lange seansen Christmas In Washington. Han innledar med å gjere klart at «this song ain’t about Christmas, and it damn sure ain’t about Washington, what it’s about is heroes», før han så fortel om nokre heltar som ikkje er med i sangen; blant andre Joan Baez og guvernør George Ryan. Sjølve sangen er på si side ei bønn til Woody Guthrie om å komme tilbake og hjelpe til; «Tear your eyes from paradise and rise again somehow, If you run into Jesus maybe he can help you out», før Earle tilslutt rettar den samme bønna mot dei fleste døde amerikanske frihetskjemparane.

Glansnummeret Copperhead Road om heimebrenning, smugling og dyrking av illegale planter, er som alltid livleg og fandenivoldsk. Mens versjonen av min personlige Earle-favoritt, Guitar Town, nok ikkje rekk heilt opp mot studioutgava som i si tid introduserte mannen ein gang midt på 80-talet. Nydelig er imidlertid medleyen Rex’s Blues/Ft. Worth Blues, gjort til ære for mannen Earle betraktar som den aller største låtskrivaren, Townes van Zandt. Og som avslutning drar han i gang ein frådande versjon av Nick Lowe sin popklassikar What’s So Funny «Bout Peace Love and Understanding. Og akkurat den tittelen er vel i grunnen ganske så beskrivande for Steve Earle sitt syn på korleis ein del maktmennesker oppfører seg.

5/10

Først publisert på Groove.no (i  2003)