Scott McCaughey har nok ein gong invitert kjentfolk til eit poptreff av det fyrige slaget.
Då Scott McCaughey nokre skjebnetunge septemberdøgn i 2001 gjekk Down With Wilco i eit Chicago-studio vart det gjeve inspirert fødselshjelp til eit album ganske så fullstappa av åndsfriske og brunstige poptonar. Ja, med ei stygt forulempa View From Below blei det i sjølvironiske ordelag slått fast at I’m Not Bitter, medan minnet prøvde å fange The Days of Wine and Booze og medynke fekk auga på The Town That Lost Its Groove Supply. Den tekstlige tematikken dvelte på skrudd vis ved dei meir resignasjonskallande og mistrøystige opplevingane livet kan by på. Det var nok ikkje utan grunn at albumet (som på grunn av plateselskapskepsis ikkje kom ut før i 2003) hadde undertittelen A Tragedy In Three Halfs. Tonane var som på tidlegare Minus 5 framstøyt sterkt farga av 60-talet og Beatles/Byrds/Beach Boys. Mykje er ved det same på oppfylgjaren også.
Dette er den sjuande gongen det dukkar opp eit album under The Minus 5 signaturen, og på tradisjonelt vis har McCaughey dratt med seg ein velrenommert gjeng i studio. Peter Buck er som vanlig med, heile Wilco er innom som sist, Ken Stringfellow er med som så ofte før, medan Colin Meloy frå The Decemberists er med for første gong. Dei går aldri i vegen for kvarandre. Dei yppar kvarandre til fruktbar strid. For all del, det er ein Pistol og definitivt ingen Revolver McCaughey og banden har lada opp, og plata er kledd i svart og kjem for all framtid til å bli titulert The Gun Album og slett ikkje The White Album, likevel, her er meir enn nok kraftkost for den popsvoltne.
Dei Beatleske referansepunkta lever og andar kanskje aller sterkast i det pianoborne opningssporet, noko ei linje som «if happiness is warm I’ll take the fur» vel også gjer sitt for å stadfeste. Det soniske parallellogrammet My Life as a Creep kjem i så måte hakk i hæl. Her møter vi forresten ein fyr som har komme noko uheldig ut med sine omgjevnader, men som ber på eit håp om at «one day you’ll understand I’m not supremely evil».
Dette er ikkje den einaste skildringa på albumet med svartmuskete tankar. På sitt vante vis smeltar McCaughey saman friske tonar med skildringar av motlause sjeler, dubiøs åtferd og omtåka tankeverksemd. Nokre gonger, som i det primitive pop-punk nummeret Aw Shit Man, tippar det vel kanskje over i det parodiske, og ein veit ikkje heilt om ein skal glise eller gremmast; «I found another girl that I had to love, aw shit man. She’s the kind of woman I’ve been so scared of, aw shit man. Now I’m going to make her mine, aw shit man».
Vidare sympatisk kan ein vel ikkje seie at opningslinja i den raffinerte boogierockaren Out There on the Maroon er heller; «I had six white Russians tonight, and two of them were people». Men idet neste line er uttalt aukar nok sympatien for den einsame skikkelsen ein god del; «It’s not pretty when your best friend is a saloon, and you’re always out there on the maroon». Premien for den største kontrasten mellom ord og tone, trur eg Twilight Distillery skal få. Her fargar harmonitette og vakre tonar ei dunkel og fordrukken scene der undergangen står og bankar på døra.
Dei fleste låtane er spelt inn i Seattle i produserande samarbeid med tidlegare Young Fresh Fellows-kompis Kurt Bloch. To låtar, Hotel Senator og det vesle melodiske trumfesset With a Gun stammar frå Chicago-seansen med Wilco. Medan den bittersøte Bought a Rope og Beat Farmers-riffande Original Luke, stammar frå ein seanse heime hos tidlegare Dharma Burns-gitarist Eric Lovre.
Den kanskje finaste songen, Cemetery Row W 14, har McCaughey overlete til Colin Moley å synge. Ein pianoboren ballade, som har visse melodiske likskapstrekk med Ian Hunter sin Irene Wilde. «Memory Lane runs in the other direction», ingenting er synd og barane stenger aldri. Så «Cemetery Row is not such a bad place – don’t you want to go?». Du skal ikkje sjå bort i frå det, nei.
Kanskje ikkje heilt der oppe (eller bør vi heller seie nede) med Down With Wilco, men ein skarpskodd seanse like fullt.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)