Tag Archives: Peter Buck

The Minus 5 – The Minus 5

Standard

Scott McCaughey har nok ein gong invitert kjentfolk til eit poptreff av det fyrige slaget.

cover  Då Scott McCaughey nokre skjebnetunge septemberdøgn i 2001 gjekk Down With Wilco i eit Chicago-studio vart det gjeve inspirert fødselshjelp til eit album ganske så fullstappa av åndsfriske og brunstige poptonar. Ja, med ei stygt forulempa View From Below blei det i sjølvironiske ordelag slått fast at I’m Not Bitter, medan minnet prøvde å fange The Days of Wine and Booze og medynke fekk auga på The Town That Lost Its Groove Supply. Den tekstlige tematikken dvelte på skrudd vis ved dei meir resignasjonskallande og mistrøystige opplevingane livet kan by på. Det var nok ikkje utan grunn at albumet (som på grunn av plateselskapskepsis ikkje kom ut før i 2003) hadde undertittelen A Tragedy In Three Halfs. Tonane var som på tidlegare Minus 5 framstøyt sterkt farga av 60-talet og Beatles/Byrds/Beach Boys. Mykje er ved det same på oppfylgjaren også.

Dette er den sjuande gongen det dukkar opp eit album under The Minus 5 signaturen, og på tradisjonelt vis har McCaughey dratt med seg ein velrenommert gjeng i studio. Peter Buck er som vanlig med, heile Wilco er innom som sist, Ken Stringfellow er med som så ofte før, medan Colin Meloy frå The Decemberists er med for første gong. Dei går aldri i vegen for kvarandre. Dei yppar kvarandre til fruktbar strid. For all del, det er ein Pistol og definitivt ingen Revolver McCaughey og banden har lada opp, og plata er kledd i svart og kjem for all framtid til å bli titulert The Gun Album og slett ikkje The White Album, likevel, her er meir enn nok kraftkost for den popsvoltne.

Dei Beatleske referansepunkta lever og andar kanskje aller sterkast i det pianoborne opningssporet, noko ei linje som «if happiness is warm I’ll take the fur» vel også gjer sitt for å stadfeste. Det soniske parallellogrammet My Life as a Creep kjem i så måte hakk i hæl. Her møter vi forresten ein fyr som har komme noko uheldig ut med sine omgjevnader, men som ber på eit håp om at «one day you’ll understand I’m not supremely evil».

Dette er ikkje den einaste skildringa på albumet med svartmuskete tankar. På sitt vante vis smeltar McCaughey saman friske tonar med skildringar av motlause sjeler, dubiøs åtferd og omtåka tankeverksemd. Nokre gonger, som i det primitive pop-punk nummeret Aw Shit Man, tippar det vel kanskje over i det parodiske, og ein veit ikkje heilt om ein skal glise eller gremmast; «I found another girl that I had to love, aw shit man. She’s the kind of woman I’ve been so scared of, aw shit man. Now I’m going to make her mine, aw shit man».

Vidare sympatisk kan ein vel ikkje seie at opningslinja i den raffinerte boogierockaren Out There on the Maroon er heller; «I had six white Russians tonight, and two of them were people». Men idet neste line er uttalt aukar nok sympatien for den einsame skikkelsen ein god del; «It’s not pretty when your best friend is a saloon, and you’re always out there on the maroon». Premien for den største kontrasten mellom ord og tone, trur eg Twilight Distillery skal få. Her fargar harmonitette og vakre tonar ei dunkel og fordrukken scene der undergangen står og bankar på døra.

Dei fleste låtane er spelt inn i Seattle i produserande samarbeid med tidlegare Young Fresh Fellows-kompis Kurt Bloch. To låtar, Hotel Senator og det vesle melodiske trumfesset With a Gun stammar frå Chicago-seansen med Wilco. Medan den bittersøte Bought a Rope og Beat Farmers-riffande Original Luke, stammar frå ein seanse heime hos tidlegare Dharma Burns-gitarist Eric Lovre.

Den kanskje finaste songen, Cemetery Row W 14, har McCaughey overlete til Colin Moley å synge. Ein pianoboren ballade, som har visse melodiske likskapstrekk med Ian Hunter sin Irene Wilde. «Memory Lane runs in the other direction», ingenting er synd og barane stenger aldri. Så «Cemetery Row is not such a bad place – don’t you want to go?». Du skal ikkje sjå bort i frå det, nei.

Kanskje ikkje heilt der oppe (eller bør vi heller seie nede) med Down With Wilco, men ein skarpskodd seanse like fullt.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

The Long Winters – When I Pretend To Fall

Standard

Med god hjelp av halve Seattle, har Long Winters sett saman ei plate med mykje triveleg popmusikk.

cover  Bandets navn er muligens inspirert av det faktum at frontfigur John Roderick hadde sin oppvekst i Alaska. Der held han imidlertid ikkje til lenger. Han har istaden busett seg i byen som for eit drøyt tiår sidan framstod som verdens musikknavle eit lite øyeblikk. Jadå, eg snakkar om Seattle. Til si andre plate, When I Pretend To Fall, har The Long Winters fått med seg mange av byens oppegåande musikkutøverar. Neidå, vi snakkar ikkje om Pearl Jam, men om Ken Stringfellow og Jon Auer (The Posies), Chris Walla (Death Cab for Cutie), Blake Wescott (Pedro the Lion), ein av byens mest kjente innflyttarar Peter Buck (R.E.M.) og Scott McCaughey (The Young Fresh Fellows, Minus 5), berre for å nevne nokre (det er minst eit dusin til).

La oss for øvrig gripe litt fast i sistnevnte,- Scott McCaughey. Han har jo blitt tildelt noko av den samme velvillige bistanden i sine Minus 5 prosjekter. Og musikken som Long Winters møter oss med er slett ikkje så fjernt frå det McCaughey har gjort. Poprock med ein frisk og frigjort tone med andre ord. Tenk gjerne både litt Posies og Death Cab for Cutie også, og kanskje ein liten dæsj Elephant 6 pop i tillegg.

John Roderick har komponert 12 låtar der dei fleste lyt få karakteristikken trivelege saker. Og det er heller ingenting å seie på spelegleda. Nå er det jo ikkje alltid eit stort lag med vennligsinna hjelperar fører berre godt med seg. Men i Long Winters tilfelle går det som oftast vel. Det hender rett nok ved eit par høve at det blir litt for mange som skal hjelpe til på ein gong, slik at låtane får litt oksygen-mangel og dermed står i fare for å drukne. Noko som definitivt ikkje er tilfelle med det jordnære og vakre folkpop eventyret Cinnamon, der Peter Buck sine mandolintonar er med å bringe denne opp blant albumets høgdepunkter. Ein karakteristikk den lyt dele med det pågåande og fuzzy poprock-nummeret New Girl, og den elegante og skarpt svingande Blue Diamonds. Når Shapes gjer seg til kjenne er det nesten som om pop-eksentrikaren Andy Partridge og hans XTC har gjenoppstått. Mens den noko medtatte hovedpersonen i meir laidbacke Bride And Bridle lyt erkjenne at ting har endra seg iløpet av dei 10 åra han har sona sin dom.

Nå har Roderick og gjengen hans nokre meter igjen før dei blir like fargerike som det smått psykedeliske, fantasifulle og raffinerte innleggshefte dei har sett saman. Men eit hyggelig lite opptrinn er det dei tilbyr oss.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)