Tag Archives: The Minus 5

The Baseball Project – Vol. 1: Frozen Ropes and Dying Quails

Standard

Balleik og andre sportslege aktivitetar har aldri vore eit særlig smart utgangspunkt for ein bra song.

6

cover

Det eg visste om baseball når eg fekk denne plata i henda kan vel knapt fylle tre tekstlinjer. Slåball kalla vi noko som likna i min barndom, vi synst det var for femi, og sparka fotball i staden. Sånn elles: Eg har sett eit par home run på TV, og høyrt tale om Joe DiMaggio og Willie Mays.

Det eg veit om baseball etter å ha høyrt Scott McCaughey og Steve Wynn i rett så attraktive former spreie bodskapen gjennom sitt Baseball Project, kan nok verken skrivast bøker eller ordrike artiklar om. Er likevel freista å seie som Bruce Springsteen; «I’ve learned more from a three minute record than I ever learned in Sportsrevyen».

Etter at Scott McCaughey oppløyste bandet Young Fresh Fellows på midten av nittitalet, er det slett ikkje hans innsats som andregitarist i eit stadig dovnare REM ein skal minnast. Han burde derimot få seg ein aldri så liten bauta for alle sine framstøyt under signaturen Minus 5. Der han har gjort det til ein vane å invitere med seg kjente og ukjente til små feststunder i den sprudlande popen si teneste.

Steve Wynn hadde sine aller beste stunder i dei tidlege Dream Syndicate-dagane. Etter at den gjengen vart oppløyst har han stort sett figurert under eige namn. Med vekslande resultater, men stort sett på den gunstige sida av kvalitetsskalaen.

McCaughey og Wynn møttest for første gong tidleg på nittitalet, og oppdaga raskt kvarandre si utstrakte interesse for baseball. Wynn hadde då allereie flagga dette litt forsiktig gjennom å namnedroppe eit par baseballstjerner (Mickey Mantle og Stan Musial) på solodebuten sin Kerosene Man.

Dei to herrane byrja så smått å leike med tanken på eit musikalsk baseballprosjekt. Men først i fjor byrja tanken å materialisere seg i form av låtar. Når låtane så tok til å likne på noko ein kunne gjere plate av kontakta Wynn trommeslagaren i bandet sitt (Miracle 3), Linda Pitmon. McCaughey pikka førstegitarist og Minus 5-kollaboratør Peter Buck på skuldra. Og vips var dei ein kvartett.

Eg kan ikkje garantere at du vil elske dette sjølv om du skulle ha eit lidenskapsfullt forhold til baseball. Har du derimot eit godt forhold til Minus 5 og Wynn sine sololøp kan eg ikkje skjønne anna enn at The Baseball Project vil bli omfamna med eit smil om munnen, sjølv om dine baseballkunnskapar er lik null.

Wynn og McCaughey har delt låtskrivaroppgåva jamt mellom seg. Standarden vert spikra på veggen med det popsmittande McCaughey-opuset Past Time, om hine tider vs. nye tider, utan at det vert tatt stilling til kva tider som er dei beste tider. Deretter fylgjer tolv portrett av vinnarar og taparar, føregangsmenn og juksemakarar, svarte og kvite.

Vi får servert ein saftig Wynn-rockar om skrytepaven Ted Fucking Williams. Dei tar ein Wynnfronta Byrds-sving når Jackie Robinson, den første svarte som fekk spele i Major League, får uttale seg i Jackie’s Lament. Medan McCaughey i kraftpopaffæra The Yankee Flipper fortel om Black Jack McDowell som var ein våt tur på byen saman med songaren, Dennis Diken og Mike Mills altfor nær opp til ein kamp. Han missa, vart pepen ut, viste fingeren til 50 000 fans og «filled every front page of the morning editions» dagen etterpå.

Til «ooh»-harmoniar og i countryslekta former fortel Wynn historia om Harvey Haddix, som spelte den perfekte kampen heilt til det avgjerande augeblikket, då missa han, og laget tapte. Dei gjer seg om til Los Lobos når dei på spansk fortel om Fernando Valenzuela. Medan Traveling Wilburys lurer i bakgrunnen når historia om eit fall frå stjernestatus til å bli audmjuka som dopjuksar vert fortalt i Broken Man.

Ei låt svever like fullt på ei florlett psykedelisk sky litt over alt anna her. McCaughey sin vakre popdraum Sometimes I Dream of Willie Mays. 11 år gamle Scott var der, saman med faren, på ein legendarisk kamp. Som han skriv i innleiinga «seemed like the best day ever at the time. Seems even better now».

Dette er stoff gjort med kjærleik, med glød, og med ei intens lyst til å formidle. Det er ikkje fritt for at ein blir reven litt med gitt.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

The Minus 5 – The Minus 5

Standard

Scott McCaughey har nok ein gong invitert kjentfolk til eit poptreff av det fyrige slaget.

cover  Då Scott McCaughey nokre skjebnetunge septemberdøgn i 2001 gjekk Down With Wilco i eit Chicago-studio vart det gjeve inspirert fødselshjelp til eit album ganske så fullstappa av åndsfriske og brunstige poptonar. Ja, med ei stygt forulempa View From Below blei det i sjølvironiske ordelag slått fast at I’m Not Bitter, medan minnet prøvde å fange The Days of Wine and Booze og medynke fekk auga på The Town That Lost Its Groove Supply. Den tekstlige tematikken dvelte på skrudd vis ved dei meir resignasjonskallande og mistrøystige opplevingane livet kan by på. Det var nok ikkje utan grunn at albumet (som på grunn av plateselskapskepsis ikkje kom ut før i 2003) hadde undertittelen A Tragedy In Three Halfs. Tonane var som på tidlegare Minus 5 framstøyt sterkt farga av 60-talet og Beatles/Byrds/Beach Boys. Mykje er ved det same på oppfylgjaren også.

Dette er den sjuande gongen det dukkar opp eit album under The Minus 5 signaturen, og på tradisjonelt vis har McCaughey dratt med seg ein velrenommert gjeng i studio. Peter Buck er som vanlig med, heile Wilco er innom som sist, Ken Stringfellow er med som så ofte før, medan Colin Meloy frå The Decemberists er med for første gong. Dei går aldri i vegen for kvarandre. Dei yppar kvarandre til fruktbar strid. For all del, det er ein Pistol og definitivt ingen Revolver McCaughey og banden har lada opp, og plata er kledd i svart og kjem for all framtid til å bli titulert The Gun Album og slett ikkje The White Album, likevel, her er meir enn nok kraftkost for den popsvoltne.

Dei Beatleske referansepunkta lever og andar kanskje aller sterkast i det pianoborne opningssporet, noko ei linje som «if happiness is warm I’ll take the fur» vel også gjer sitt for å stadfeste. Det soniske parallellogrammet My Life as a Creep kjem i så måte hakk i hæl. Her møter vi forresten ein fyr som har komme noko uheldig ut med sine omgjevnader, men som ber på eit håp om at «one day you’ll understand I’m not supremely evil».

Dette er ikkje den einaste skildringa på albumet med svartmuskete tankar. På sitt vante vis smeltar McCaughey saman friske tonar med skildringar av motlause sjeler, dubiøs åtferd og omtåka tankeverksemd. Nokre gonger, som i det primitive pop-punk nummeret Aw Shit Man, tippar det vel kanskje over i det parodiske, og ein veit ikkje heilt om ein skal glise eller gremmast; «I found another girl that I had to love, aw shit man. She’s the kind of woman I’ve been so scared of, aw shit man. Now I’m going to make her mine, aw shit man».

Vidare sympatisk kan ein vel ikkje seie at opningslinja i den raffinerte boogierockaren Out There on the Maroon er heller; «I had six white Russians tonight, and two of them were people». Men idet neste line er uttalt aukar nok sympatien for den einsame skikkelsen ein god del; «It’s not pretty when your best friend is a saloon, and you’re always out there on the maroon». Premien for den største kontrasten mellom ord og tone, trur eg Twilight Distillery skal få. Her fargar harmonitette og vakre tonar ei dunkel og fordrukken scene der undergangen står og bankar på døra.

Dei fleste låtane er spelt inn i Seattle i produserande samarbeid med tidlegare Young Fresh Fellows-kompis Kurt Bloch. To låtar, Hotel Senator og det vesle melodiske trumfesset With a Gun stammar frå Chicago-seansen med Wilco. Medan den bittersøte Bought a Rope og Beat Farmers-riffande Original Luke, stammar frå ein seanse heime hos tidlegare Dharma Burns-gitarist Eric Lovre.

Den kanskje finaste songen, Cemetery Row W 14, har McCaughey overlete til Colin Moley å synge. Ein pianoboren ballade, som har visse melodiske likskapstrekk med Ian Hunter sin Irene Wilde. «Memory Lane runs in the other direction», ingenting er synd og barane stenger aldri. Så «Cemetery Row is not such a bad place – don’t you want to go?». Du skal ikkje sjå bort i frå det, nei.

Kanskje ikkje heilt der oppe (eller bør vi heller seie nede) med Down With Wilco, men ein skarpskodd seanse like fullt.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

The Minus 5 – At The Organ

Standard

Mange friske tonar frå overskotslageret til eit overskotsband.

cover  Scott McCaughey har spelt for åtte tilhøyrarar. Scott McCaughey har også spelt for 125 000 tilhøyrarar. Scott McCaughey har spelt piano på ei plate som er selt i heile 5 millionar eksemplar. Scott McCaughey har også skreve låtar, sunge og spelt inn ei plate som har selt i skarve 450 eksemplar. Scott McCaughey har dreve med musikk sidan 70-talet. Han har vore frontfigur i Young Fresh Fellows, han har spelt i Tuatura og han har sidan midten av 90-talet vore assosiert medlem av REM. The Minus 5 er monikoren han nyttar når han inviterer kjente og mindre kjente musikkvenner på pop-party.

Forrige gong heitte partyet Down With Wilco. Det starta med friskt mot i Chicago 10. september 2001, og heldt fram dagane derpå i ein heller forvirra og bekymra tilstand. Ny økt fulgte nokre månader seinare. Albumet frå innspelingane såg dagens lys tidleg i 2003, og var, til trass for omstenda deler av materielet vart til under, solid spekka med spenstig popstoff.

At the Organ er ein sjuspors EP (+ ein video) der deler av materialet er henta frå Down With Wilco seansen. Her får vi 11. september-versjonen av killerlåta The Days of Wine And Booze. Hissig, skitten, bakfull og vakker. Endå betre enn versjonen som fant vegen til 2003 albumet. Det kanskje aller mest vitale nummeret på det albumet bar tittelen The Town That Lost Its Groove Supply (for ein skjebne). På denne EPen er den å finne i ei nyinnspelt og meir gitarstraigt (og Wilco-fri) utgåve. Ikkje fullt på høgde med 13 sept. 2001 gjennomføringa. Låta har også inspirert Scott Ferril og Chris Mars (han frå Replacements, ja) til å lage ein groovy video, den får ein også høve til å glane på om ein skaffar seg At the Organ.

(I’ve Got a) Lyrical Stance er ein kjapp liten poppunk-røvar, komponert av trekløveret McCaughey, Tweedy og Buck. Hotel Senator ein nyare litt Kinks-aktig og finfin sak. Formerly Hail Centurion stammar opphavlig frå den omtalte Wilco seansen. Ein fabelaktig «Alex Chilton møter Brian Wilson»-sak, som mystisk nok ikkje fekk vere med på albumet. I Film Of The Movie spenner McCaughey og tre ukjente på seg sporane og rir av gårde i frodig countryrock-drakt. Så sjølv om det Bo Diddley influerte avslutningssporet One More Bottle to Go ikkje heilt held mål kunne eg godt tenkt meg meir av Scott og hans mange venner eg (det kjem visst også, i løpet av 2005 eingong)

Har du (og set pris på) Down With Wilco, er denne EPen eit sjølvsagt supplement. Eig du ikkje Down With Wilco, ja då…

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)