Tag Archives: Soft Boys

Robyn Hitchcock – Tromsø, Kaptein

Standard

Ein ekte engelskmann tek ein liten norsk avstikkar, men er like engelsk og bra for det.

6

cover

Den sympatiske engelske eksentrikaren Robyn Hitchcock har vore i Norge før. I 1982 var han her med Motor Boys Motor som backingband. Bandet som etterkvart skulle bli til Screaming Blue Messiahs og gje ut eit par smått legendariske plater dei følgjande åra. Det er ein annan historie. Denne her skal først og fremst handle om Robyn Hitchcock. Mannen som ikkje lenge etter at han hadde oppløyst sitt fabelaktige Soft Boys altså var i Norge av alle plasser. Og køyrte landet på kryss og tvers. Over fjell og djuv, langs fjordar og skrentar. Og spelte for ignorantar og tre-fire fan. Tåka og alkoholen fanst overalt. Ein gong blei den servert som heimebrent av ein naken mann med pilotlue, kl 7.42 om morgonen. Hitchcock gjorde det ikkje til ein umiddelbar vane å besøke dette landet. Men noko med det sette seg fast i han. Og dei siste fem-seks åra har han komme på regelmessige visittar.

Goodnight Oslo var tittelen på plata han kom med i 2009. Tromsø, Kaptein er endå meir norsk. Ideen blei fanga i fjor. Hitchcock var saman med si fotografkone i ishavsbyen nokre dagar, før reisa gjekk til visefestivalen i Egersund. Popkongen i dei traktene Frode Strømstad fekk Hitchcock til å tenne på ideen å gje ut eit album på hans Hype City-label. Nå er ideen fullbrakt. Plata er ute, førebels berre i Norge. Ein stolt tittel har den fått, ramma inn i Hitchcock-mala fjordlandskap er den, og stotrande nynorske gloser gjer den til kjenne i sin solnedgang.

Men Robyn Hitchcock er nå først og fremst ein uforbederlig engelskmann. Det verken kan han, eller prøver han å springe i frå når han lagar songar for norske øyrer heller. Han er den han er, den eg kjenner, den eg likar. Med Tromsø, Kaptein serverer han på ingen måte eit sensasjonelt album. Men heller ikkje på nokon måte berre eit pliktløp for å oppfylle ein lovnad. Ingen parentes. Han har nok ein gong snekra i hop ein bunke gode låtar, og serverer ei plate på høgde med det meste i sin etterkvart nokså omfangsrike solo-katalog. Det er imponerande nok det.

Hitchcock hevdar sjølv å ha søkt inn i eit fjordfokus då han laga desse songane. Der har han nok meir funne sitt vanlige eg, enn ein eim av norsk natur og sjel, vil eg hevde. Sjølv om det absolutt går an å tenke seg at han er i norske farvatn når han syng «I feel ok when the skies are grey» i Dismal City, eller når han erklærar at «the sea is in your blood» i August In Hammersmith. Men Hammersmith er jo på ingen måte i Norge, og Dismal City kan nok like vel vere byen der Hammersmith er. Og Hitchcock syng uansett mest om mellommenneskelige tilhøve som kan finne stad både i London og Tromsø. Slik han vel i grunn alltid har gjort.

«I wanna destroy you» song han ein gong i tida. Det syng han ikkje i dag. Litt smågiftig og sarkastisk kan han nå like fullt vere, og synge slikt som «I love it when it all goes wrong». Men han kan også kle seg i rolla til den såra og utrygge og forkynne at «there’s no safety in your eyes». Det gjer han i Light Blue Afternoon. Det harmonivakre og akustisk fundert opningssporet. Eit sonisk vesen songen deler med dei fleste på plata. Eit sonisk vesen som ikkje minst inkluderer den cellospelande Jenny Adejayan, og hennar skumringsfarga tonar.

To andre kvinner er der for å synge harmonisong, og gjer gagnlige løft til songane på det viset. Enten det er «ba-ba-ba» og «oooo-oooh» i frodige Savannah, eller eit responderande «just one thing baby, you forgot my heart» i bistre Raining Twilight Coast. Ein av to låtar her som har vore ute før. Den andre var tittellåt på Goodnight Oslo, men heiter nå Godnatt Oslo. Gjendikta i nynorsk språkdrakt av Anne Lise Frøkedal. Songe med tvilsam artikulasjon av Hitchcock sjølv. Meir pussig enn direkte interesseskapande. Han skulle kanskje heller latt gjendiktaren ha sunge denne?

Men altså, endå ei god Hitchcock plate. Som sikkert vil leve eit elska og anonymt liv i den vesle popskuggen der dei tretti andre platene hans held til. Finn gjerne fram til den skuggen, og gjer den litt større.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Kimberley Rew – Essex Hideaway

Standard

Tjue år etter at han vandra på solskinn leverer Kimberley Rew stadig anstendige låtar.

cover  For 20 år sidan var Kimberley Rew den vesentligaste bylgja i Katrina & the Waves. Kven av oss som opplevde 80-talet har ikkje sunge med til låtar som Que Te Quiero, Going Down to Liverpool og Walking On Sunshine? Alle er dei komponert av Kimberley Rew. Eit drøyt tiår etter sin glansperiode gjekk bandet til topps i Melodi Grand Prix med Kimberley Rews Love Shine a Light, utan at det kanskje auka mannen sin kredibilitet. Kredibilitet så det held har derimot det første bandet Rew vann åtgaum ihop med. Hans ringande og glødande gitartonar spelte ei viktig rolle i det fabelaktige Robyn Hitchcock-leia garasje/ folkpsykedelia/ powerpop-bandet The Soft Boys. Deira andrealbum Underwater Moonlight frå 1980 er ein rock-klassikar god som nokon, og ei viktig inspirasjonskjelde for amerikanske band som R.E.M, Rain Parade, Dream Syndicate og The Replacements.

Medan hans eksentriske Soft Boys-kompis Robyn Hitchcock har vore ganske så produktiv på soloartist-fronten (minst 20 utgjevingar bak seg), er det først etter årtusenskiftet at Kimberley Rew har stabla ein solokarriere på beina. Essex Hideaway er hans tredje album sidan 2000. Før det var hans einaste soloframstøt den forlengst utgåtte Bible of Bop, gjort i 1982 i vakuumet mellom Soft Boys og Katarina & the Waves.

Framleis opererer Rew innafor det vide poprock-området, utan å legge seg så altfor tett opp til lyden av sine tidlegare band. Det er to andre namn som dukkar langt klarare fram i bryninga når ein høyrer på Essex Hideaway. To eksentriske engelskmenn; Ray Davies og Steve Harley. Det er Village Green-era Kinks, det er Judy Teen og Make Me Smile-egga Harley. Det er noko veldig engelsk, både i aksent og kjensle. Det er ein Rew som kastar skrå blikk på tilværet, kjentfolk og seg sjølv, som flirer og viser fram eit relativt lyst sinnelag.

Seansen vert innleia og avslutta i St. Bartholomew’s Church. Det er orgel, Rew og fire venner som i andaktsfull stil ber; Bless This Album, og takkar nesten like andaktsfullt; Epilogue. Mellom desse «høgtidelege» aktene får vi servert ti popstykker av større og mindre interesse. To låtar om hårklipp, den første (Short Smart Haircut) er vuggande, plystrande, music hall-aktig og artig, den andre (Even Shorter Haircut) er kraftpoppig men litt meloditrang. Dei barske poprockarane Phoenixstowe og Ballad of the Lone Guitarist nyttar han til å briljere litt på den elektriske gitaren sin. I melodifine Tourist of Insanity ser han tilbake på eigen og muligens også Robyn Hitchcock og Syd Barrett sin skjebne (Soft Boys og Pink Floyd har begge sine røter i frå same by, Cambridge); «Be anything you want to be, psychedelic, folk rock or James Last, just make sure your records, aren’t buried in the past». Han presenterer ein sang om attenhundretals forfattaren Jerome K Jerome, ei toneferd nesten like vital som Jerome si skildring av ein båttur på Themsen (Tre Menn I En Båt). Vakrast tonelagt er nå likevel tittelkuttet, ein gitar frisk og orgel dreven soulpop sak i nærleiken av slikt Van Morrison har dreve mykje med.

Eit for så vidt hyggelig gjenhøyr, sjølv om Essex Hideaway nok aldri kjem til å bli spelt i nærleiken like ofte som Underwater Moonlight, eller Waves anno 1985.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)