Dette er funky. Vellystig og fengande. Heitare enn ein mai-dag 2018. Make Me Feel er årets Kiss. Janelle Monáe har grabba til seg det tette funkdrivet til Prince-låta Kiss, og skapt ei låt av det 100% uimotståelege slaget. Om det er nokon som lurer er songen å finne på Monáe sitt fargerike album av året, Dirty Computer. Eit album der dama har mikrofonen i si makt og insisterer på å la «the vagina have a monologue». Og monolog eller ikkje, song eller rap, ho har ting på hjarta. Det handlar om fridom, fridom frå undertrykking, fridom frå moralske vaktarar, fridom til å vere den ein er, fridom til å leve eit «crazy, classic, life». Feminisme og borgarrettar og full fyr.


Den nye songen til The War on Drugs er i grunn ei nydeleg oppleving. Thinking of a Place heiter den og breier seg utover 11 minuttar, på eit varmt synth-teppe, med ein behageleg puls, i ein lett vemodig tone. Den har sin skimrande gitarsolo og sine lengtande munnspeltonar. Den er ei reise i eit ope landskap, gjennom natta, under ein skinande måne, inn i lyset. Den handlar om kjærleik, og er ikkje utan hypnotiske evner.
Høyr her…nei det er ikkje Lou Reed som er stått opp frå det døde, det er Peter Perrett som framleis er i live. Eit kanskje vel så stort under.