Endelig var Sparklehorse tilbake. Vi kjenner han att, men han vil ikkje i bås.
Sist gong Mark Linkous tok på seg Sparklehorse-habitten og spelte inn eit album, brukte han tittelen til å proklamere at livet var herlig. Det har gått fem år sidan den gongen, og påstanden han kjem med no er at han har Dreamt For Light Years in the Belly of a Mountain.
Det er vel ein viss grunn til å mistenke Linkous for at det låg eit snev av ironi bakom valet av tittel sist gong. Kva som ligg til grunn for årets noko surrealistiske tittel kan ein sikkert konstruere fleire teoriar omkring, men skal vi tru utsegn han har komme med i intervju har desse åra snarare vore prega av depresjonar, isolasjon og mord, enn av behagelige draumar i fjellet sine indre rom.
Mordgåta finn nok si løysing i dei fire personane som albumet er dedisert til; Bryan Harvey, hans kone og to barn, som så brutalt blei myrda i sin heim i januar i år. Harvey var i si tid den eine av medlemmene i duoen House of Freaks, som leverte eit par utmerka plater på slutten av 80-talet. Det andre medlemme var Johnny Hott, som spelte på Sparklehorse sine to første album, og som også deltek på eit par låtar på denne nye skiva.
Hott er ikkje den einaste som gjer sin skjerv for at det fjerde Sparklehorse-albumet også kjem ut med ein vinnande tone. Assortert medlem Scott Minor har ansvar for både rytmikk og elektroniske fintar på fleire av låtane, Steven Drozd frå Flaming Lips er innom og trommar litt, Dave Fridmann står oppført som både bassist og innspelingsansvarleg på ei handfull av spora, og Danger Mouse (Danger Doom, Gnarls Barkley, Gorillaz) får utfalde seg med sampling og tangentverksemd på tre låtar. Sjølv om det er mange innom og gjev lyd frå seg verkar denne plata å vere ei meir heimeavla affære enn It’s a Wonderful Life. Den har vel også ein litt meir uvørden og fleirfasettert omgangstone enn sin forgjengar. Kanskje det går an å seie at det er litt meir Good Morning Spider over den?
Eg har registrert ein del forsøk på å plassere Sparklehorse i alt-countrybåsen. Han er nok innom og snusar på den, men han traskar rundt og finn tonar, lydar og inspirasjon frå ganske mange andre arenaer også. I det fabelaktige opningssporet Don’t Take My Sunshine Away er det 60-talets vitale poptone som er fundamentet. Eit fundament som blir dissa på av moderne elektronisk gnistring, tirra på av smått vrengt vokal-lyd og i siste fase alvorleg skaka av eit hatsk lydangrep. Endå meir vrengt er vokalen i den klarast Danger Mouse-infiltrerte og ganske så Portishead-smitta Getting It Wrong. Den umåtelig fine Shade and Honey er på si side Linkous heilt aleine i folkland, med minimal lydknitring og sterkt melodisk fokus. Verseføtene luntar framover i noko som kan minne litt om Heroes-takt, medan refrenget smyg seg på plass i skjør falsettfasong:
May your shade be sweet
and float upon the lakes
where the sun will be
made of honey…
Eit yndig bilde. Eit anna blir sendt i veg av førnemnte Don’t Take My Sunshine Away; «Your face is like the sun, sinkin» into ocean, Your face is like watching flowers, crawling in fast motion».
Alt er ikkje like yndig, men det er likevel få spor av dei djupe depresjonane Linkous sleit med i forkant av innspelingane. For lyset er definitivt slått på i romma han ferdast i, sjølv om han søker inn i dunkle krokar til tider. Aller helst tyr han, si vane tru, til surrealistiske metaforar, involverer ei handfull mystiske fabeldyr og sper på med ein dose særeigne innfallsvinklar. Ofte gjort i ei språkform som kan minne vel så mykje om middelaldersk som postmodernistisk.
Built a fire in the kitchen
made her bed by a stove
took a walk to the graveyard
but she didn’t want to go…
Sparklehorse er i det dystrare hjørnet. Låta heiter Morning Hollow, og er ein dvelande affære med harmonitilskot frå Sophie Michelitsianos og pianoklunking av Tom Waits. Den stammar eigentlig frå It’s a Wonderful Life-sessionen. Det er veldig greitt at den får vere med her likevel. På sitt aller varaste er Sparklehorse i den såre visa Return to Me. På sitt folkpsykedelisk mest melodivinnande og svalt sommarslepande er fyren i Knives of Summertime. På sitt aller røffaste er han når han ser sin kjære som ei Ghost in the Sky, i eit lydbilde som tangerer Hüsker Dü fakter. Slått hardt og klora kraftig blir det også gjort i den noko misvisande titulerte It’s Not So Hard.
Linkous har ikkje vore heilt vekke frå musikkverda desse fem åra. Han har produsert Daniel Johnston sitt Fear Yourself-album, levert nokre låtar til filmen Laurel Canyon, og prøvd seg på eit lite samarbeid med den eksperimentelle austerrikske musikaren Christian Fennesz. Og kanskje er det sistnemnte si meir ambiente side som har inspirert Sparklehorse til å komponere det avsluttande instrumentale tittelkuttet. Ti minuttar som skil seg ganske kraftig frå resten av spora. Eit gjentakande pianotema, støtta opp av luftige lydar frå chamberlin og mellotron, og forsiktig skaka av elektronisk skurr. Eit lydspor til fredfull tankevandring.
Dreamt For Light Years in the Belly of a Mountain er eit album som malar hausten i mange fargar.
7/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)
Det er for så vidt mykje bra med utgangspunktet for denne plata. Inspirert av plater som Harvest (Young) og Five Leaves Left (Drake) tok Darden Smith med seg folk i studio og spelte inn 12 låtar i noko som verkar å vere ei avslappa atmosfære. Organisk samspel og ikkje studiobasert lydbygging (ikkje det at det nødvendigvis er noko galt med det siste). Energispakt, nedstemt og med haustfarga linjer til sine inspirasjonskjelder. Men der Nick Drake fekk dei fem siste lauva til å skjelve og leve i ein magisk melankolsk bris, fell dessverre det meste av Darden Smith sitt haustlige materiale til bakken i ei heller fargelaus drakt. Årsaka til dette ligg i den grunnleggande låtkvaliteten. Han presenterer få låtar som er forma på eit engasjerande og hugtakande vis.
Det nærmar seg tjue år sidan no at Michelle Shocked si debutplate kraup heilt til topps på dei engelske independent-listene. Med særdeles enkle midlar tok den engelske produsenten Pete Lawrence opp låtar som den då unge Texas-kvinna spelte rundt leirbålet under Kerrville Folk Festival i heimstaten sin. Spartansk, siriss-perkussivt og bålknitrande, og med meir enn dusinet fullt av eigenskrivne låtar viste The Texas Campfire Tapes (1986) fram ein tidvis løfterik og energisk artist. Michelle fylgde opp eit par år seinare med den meir konvensjonelt produserte, men kanskje vel så interessante, Short Sharped Shocked. Bitande og tonevennlig folkrock med ein gunstig snert country i årene. Og i tekstane kom ho med eit og anna utfall mot maktmenneske og systema deira, men for det meste opererte songane hennes på det mellommenneskelige og nære plan.
(Dei tre første dagane i Michelle Shocked sin hyperaktive fase spelte ho inn 10 låtar henta frå ulike Disney-filmar. Albumet er kalla opp etter den velkjente Pinocchio-hymna Got No Strings, og er Michelle og fem medmusikantar i full sving med å flytte kjente og mindre kjente tonar, som tidlegare har levd innafor temmelig så orkestrerte former, inn i eit meir ruralt landskap. Nærare bestemt eit landskap der western swing og bluegrass er dei toneangivande uttrykksformene.
(Mexican Standoff er plata som vart til under januardelen av innspelingane. Uttrykket Mexican Standoff blir ofte nytta for å illustrere ein fastlåst situasjon der ingen av dei involverte partane kan komme sigrande frå det. Det finst songar på plata som skildrar menneske i vanskelige situasjonar, og som Michelle sikkert kan ha tenkt tittelen i forhold til. Likevel trur eg nok den kanskje vel så mykje prøver å seie noko om dei musikalske kjeldene albumet har sprunge utav av. Mexico vs. USA, mariachi og conjunto vs. country og blues. Tex-mex.
Eg var vel ikkje akkurat smålåten sist gong eg skreiv om ei Shearwater-plate. Då gjaldt det utgjevinga Winged Life (2004), og det var faktisk få grunnar til ikkje å ytre seg i begeistra ordelag. Trur likevel eg tør hevde at det er her, her på Palo Santo, at Jonathan Meiburg for alvor slår ut vengene. Her driv han rundt i eit meir kontrastfylt landskap enn han har gjort før, og det gjer han med minimal hjelp frå compadre Will Sheff.
Det kan vere greitt å flytte litt på seg. Ja, for elles står ein jo i fare for å gro fast. Og det er jo nødvendigvis ikkje så altfor lurt. Om ein ikkje har eit brennande ynskje om å bli eit ærverdig tuntre eller noko slikt, då.
Sist gong vi møttest stod Dan Sartain der med eit rep om halsen og ein vaklande krakk under beina. Han kom levande frå det. Denne gongen stirar han meg med eit gnistrande blikk djupt inn i augene, og rettar revolveren mot tinningen. På veggen bak han kjem ein stor raud masse til syne. Han kjem levande frå det denne gongen også. Veldig levande.
I ein grenseoppgang mellom det sofistikerte og det livgjevande har Josh Rouse dei siste 7-8 åra kledd opp mang ein levedyktig poplåt. Frå å ha eit hovudfokus på det modererte i startfasen til at eit meir fyldig lydbilde omkransa tonane hans på seinare utgjevingar. Der den sjelfulle soft-rocken på 2003 utgjevinga 1972, og den popvitale og rikt sjatterte Nashville (2005) representerer førebelse høgdepunkt.
Etter å ha stått ved sida av Chip Taylor gjennom tre album sidan 2002, har Carrie Rodriguez no funne tida moden til å gje ut si første plate under eige namn. Med god hjelp frå folk som Bill Frisell (den sjangervandrande gitaristen), Greg Leisz (som har spelt gitar, dobro og ikkje minst steelgitar med alt frå Bad Religion og Brian Wilson til Wilco og Lucinda Williams), Victor Krauss (den litt uortodokse kontrabassistbroderen til Alison) og ikkje minst Chip Taylor, presenterer ho seg i absolutt probate former.
Då Gram Parsons i si tid kom opp med sitt vidgjetne Cosmic American Music-omgrep, så var det vel mellom anna saker som dette han hadde i tankane. Ikkje det at Robinella og hennes menn matchar magien til Parsons, men måten dei miksar forskjelligarta deler av den amerikanske musikkarven inn i uttrykket sitt har så absolutt noko for seg.
Eigenskapar som er viktige for at du skal kunne leve evig som singer/songwriter: