Tag Archives: Dan Sartain

Dan Sartain – Join Dan Sartain

Standard

Ein ustyrleg og fryktlaus ungfole frå Alabama sparkar og bit ifrå seg.

cover  Sist gong vi møttest stod Dan Sartain der med eit rep om halsen og ein vaklande krakk under beina. Han kom levande frå det. Denne gongen stirar han meg med eit gnistrande blikk djupt inn i augene, og rettar revolveren mot tinningen. På veggen bak han kjem ein stor raud masse til syne. Han kjem levande frå det denne gongen også. Veldig levande.

Det er ikkje fordi han ladar med lauskrut eller knyte svake knutar. Neida. Det er fordi den vaklande krakken trass alt heldt seg på beina. Det er fordi han brått rettar revolvermunningen mot taket og skyt eit spøkelse. Det er fordi Sartain, bakom desse to coverbilda, eigentlig ikkje er spesielt suicidal. Snarare er han vel heller fyren som går i strupen på problema enn han som lar dei blåse ut livslysta.

Dan Sartain er også fyren som aldri tek omvegane eller dei taktfulle sidespora. «I’m not the kind of boy who deals with nonsense» proklamerer han. Og eg trur han. Ja, du verden som eg trur han, der han kjem harvande mot ein heilt utan reserveløysingar i bagasjen. Kva som er taktisk lurt, eller politisk og sosialt korrekt affiserer ikkje jyplingen frå Alabama i særlig grad. I alle fall ikkje før han har ein sjalu ektemann etter seg. Då byrjar han å bli heimsøkt av ekle draumar, og ein viss anger tek til å melde seg. For korleis skal han komme heilskinna frå det ventande basketaket berre væpna med ein kniv så lenge den forsmådde ektemannen veivar rundt med ein pistol. Gun vs. Knife heiter låta. Det er tøft, og det er ukultivert.

Det er fleire av dei. Usminka, brennande og primitive. Med gitarstrengane spent strammare enn bogen til Einar Tambarskjelve og like desperat som ein svolten ulv i bur går Sartain til eit sonisk åtak væpna med melodiar inspirert av så vel Bo Diddley sine feststunder som skrotete garasjeparty på 60-talet og Jonathan Richman sine enkle og effektive tonetokt. Og så krydrar han med eit par avstikkarar til sørsida av Rio Grande.

15 låtar gjort unna på 37 minuttar. Det er med andre ord ikkje tid til å bryte treminuttars grensa her i garden. Vel, ein gong gjer han det. Med 1 sekund. Og då er vi komme til Shenanigans. Ein seig og barsk luring der Sartain kjekt hevdar at han ser ingen grunn til at kvinnemennesket sine narrestrekar skal bli tilgitt, for «it won’t hurt me, like it’s gonna hurt you».

Ein kan absolutt stille spørsmål med fyren sin sjelelige tilstand ved eit par høve. Som når han i den halslause sing-a-long saken Indian Ink gjev ordre om å «bring in the virgins and make the lights dim». Eller når han i det litt Pixies-slekta opningssporet Drama Queens slenger fram eit djevelsk «I’m happy that he died, ha-ha» for så nokre sekund seinare å endre det til eit sviande «tell him that I died, ha-ha».

Så det er vel ikkje ein komplett suspekt påstand å hevde at ein hos unge Sartain kan ane konturane av den same sørstatsgalskapen som har ridd folk som Roky Erickson og Reverend Horton Heat. Kanskje er det noko meir suspekt å hevde at galskapen er interesseskapande? Men det er den. I alle fall så lenge den kjem i songform og ikkje sprellar rundt i bukselommene i meir handfaste former.

I den melodisk grovkorna Second Coming slenger han på seg kjortelen til Jesus og hevdar at «it will be nice to walk upon the water, to talk again, with angels at my side». Medan han ein annan stad, i lite vennligsinna ordelag, syng ut om sine erfaringar med Young Girls; «young girls are stupid and they’re cruel, but I still want them, what am I gonna do?».

Han blandar det uforsonlige og det paranoide i den nådelause Hangers On. Og han har funne eit barskt gitar-riff på ei branntomt i nabolaget til You Really Got Me og You’re Gonna Miss Me, som han så har nytta til å gjere Thought It Over til eit drivande bøllefrø.

Vel, eg skal ikkje skravle meir, gakk heller hen og Join Dan Sartain.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Dan Sartain – Dan Sartain vs. The Serpientes

Standard

Med punkattityde, garasjelukt og ein solid porsjon sterke låtar presenterer den unge amerikanaren seg på eit primitivt og overtydande vis.

cover Scene 1 (platecoveret): Ein ung tynn fyr står på tå hev midt i trappeoppgangen med repet stramt rundt halsen, og med ei kriblande uro frå øvst i rockabilly-sveisen til innerst i eit par sveitte sko.

Scene 2 (songane): Med punkattityde, garasjelukt og ein solid porsjon sterke låtar i ryggen kuttar fyren repet og kastar seg ut i ein febrilsk dans i selskap med upålitelige kvinner og lumske slangar. Ja, full av ungdommelig råskap og frenetisk pågangsmot serverer jyplingen ein sprek (om enn ved nokre få høve litt melodisk tvilsam) kombinasjon av Eddie Cochran stimulert rockabilly, The Stooges egga garasjeglød, Modern Lovers influert punkminimalisme og Violent Femmes jagande folkpunk. Det er til å bli yr, vill og ung igjen av.

Dan Sartain kjem frå Birmingham, Alabama og er i byrjinga av 20-åra. Han har vore oppslukt av gitardriven musikk heilt sidan første gong han høyrte lyden av den, og har allereie to sjølvutgjevne album på CV’en sin. Det tredje kjem her sprelsk rockande via den vitale garasjepunkaren John Reis (Rocket From the Crypt og Hot Snakes) sin label Swami. Heilt ferskt er det rett nok ikkje. Det har berre tatt litt tid før det har nådd fram til steinrøysa vår. Vs. The Serpientes er nemlig sett saman av låtar frå dei nemnte sjølvutgjevne platene samt nokre nyare innspelingar gjort i 2003.

Primitivt kan vel vere ein slags fellesnemnar for det meste fyren har på programmet. Han kastar seg uti det med gitaren i usikra stilling og røysta som tennvæske, og tett bakom i knoklete men effektiv stil pressar rytmikken seg på. Her blir det gått direkte til verket både i toneframferd og tekstlig utforming, pynta omvegar blir aldri tatt i bruk. Og det er ting som tyder på at han allereie har opplevd ein overdose trøbbel i sitt unge liv. Sentralt i så måte står det eg velgjer å titulere som Kobra-trilogien. Tre låtar med uforsonlige trekk der fokuset blir retta mot svik, einsemd, mismot og hemntankar. Walk Among the Cobras (pt. I) buktar seg skarpt fram i punkabilly fasong, og gjer råd om «to scream instead of holler».

Cobras (pt. II) tar få melodiske omvegar, og legg heller ingen tekstlige lokk på kva for tankar som står fremst på agendaen; «I figure out a way to hang you by your neck». Medan Cobras (pt. III) har ei meir tilbakelent melodisk form, men touchar kjente og beiske Dylanske utsegn når det i refrenget blir forfekta at «you don’t know what it’s like to be alone, no baby, you don’t know how it feels to have the cobra snappin» at your heels».

Før vi er framme ved Kobra-trilogien har Sartain sparka, stønna, tralla og bjeffa seansen i gang med energiske Tryin» to Say, fylgt opp med like energiske P.C.B 98, og roa seg litt ned med den angerfulle I Could Have Had You. Ikkje fullt så tett med upolerte perler kjem ramlande i albumet sin andre halvdel. Dei litt Pixies-aktige tilfella Love Is Crimson og Leeches (pt. I) strevar i melodisk motbakke, og kjellarbluesen Romance blir i hjelpelausaste slaget.

Metropolis derimot skal få tildelt solid plusskarakter, rytmisk velskapt og melodisk raffinert som den er, i eit vagt latinslekta lende. Sartain viser også at han meistrar dei straumlause formene i dei to akustisk-gitar draperte visene Place to Call My Home og Got That Feeling. I den første fyller han ut biletet med skeive pumpeorgel-tonar, og den andre glir inn i eit blått hornparti midtvegs. I det heile er andre halvdel meir avbalansert, men såleis heller ikkje like spenningsfull som den første.

Rykta fortel at Sartain i desse dagar er i gong med å spele inn rykande ferske låtar for ei 2006 utgjeving. Skulle han der utvikle låtskrivar-åtferda og dei eigenarta rock’n roll manerane sine ytterligare kan det fort vise seg å bli ein av neste år sine meir kjærkomne musikkopplevingar.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)