Tag Archives: Chip Taylor

Kendel Carson – Alright Dynamite

Standard

Med ein eldre herre i ryggen entrar den unge dama manesjen, og overtar den.

7

cover

Etter å ha levd mykje av sitt vaksne liv som profesjonell gamblar, tok Chip Taylor på midten av 90-talet oppatt sitt ungdomsvirke som låtskrivar. Og låtar har han skrive, og skrive, i ein takt få kan vise til. Det er som om den aldrande herren (født i 1940) skal ta att alt han forsømte desse åra med kortstokken og filtduken. Han tek det ikkje att på lettvint vis heller, for dei er gode desse låtane hans, countrylåtane hans, veldig mange av dei i alle fall. Enten han gjer dei sjølv, eller han overlet dei til andre.

Felespelar og songar Carrie Rodriguez var hans duettpartnar nokre år. Før ho gjekk solo i 2006, med nyttig låtskrivarhjelp frå Taylor. Året etter presenterte Taylor ei ny ung dame på sin Trainwreck label; Kendel Carson. Frå Canada. Og jaggu meg spelar ho fele ho også, og syng, songar Taylor har skrive.

Sidan Taylor er så involvert som han er, blir det sjølvsagt nærliggande å stille spørsmål med kor mykje Kendel Carson dette til slutt blir. Songane sin melodiske skapnad er velkjent Taylorsk. Albumets lydbilde har dette opne, luftige og sterkt organiske som vi kjenner frå mannens produksjon. Han er også tilstades som både gitarist, korist, og duettpartnar. Og sjølv om det er dama sjølv som spelar på fela, veit vi jo at nett det er eit instrument Taylor ofte har kolorert sine tonar med. Likevel, dette er Kendel Carson si plate.

Songane er laga for henne (ved fire høve også saman med henne), og ho set sitt merke på dei. Tøft, sensuelt og pasjonert. På det to år gamle debutalbumet, Rearview Mirror Tears, kan ein innimellom få ei lita kjensle av at ho kanskje ikkje er 100 % fortrulig med opplegget. Den kjensla gjer ikkje Alright Dynamite meg. Det gjer meg kjensla av å vere eit fyrig stykke musikk, der lyst, synd, skuld og smerte dansar og snor seg om kapp med ein ikkje ubetydelig sjarm.

Ein låt har dama henta anna stads frå, det er Janis Joplin sin ikkje heilt ukjente Mercedes Benz. Kendel likar bilar, på debutalbumet heitte paradenummeret I Like Trucks. Og så likar ho cowboystøvlar. I den uimotståelige og snedig oppbygde Cowboy Boots etterlet ho seg i alle fall eit slikt inntrykk. Dama er på terapeutisk shopping, og får komplimenter frå den eine mannlige konfeksjonsdetaljisten etter den andre. «You look so pretty in lace» ytrar ein smilande luring i siste vers. «How much is the price of this sin», repliserer dama. «I don’t know, I just followed you in», lyde svaret. Kor på dama tar fyren i armen og dansar ut av butikken, syngande:

Now I think I wanna get me some cowboy boots
Don’t you wanna buy me some cowboy boots
I want, I want, I want my cowboy boots
I gotta have me some cowboy boots

Get down and put me in my cowboy boots
Get down and love me in my cowboy boots
Hot lace and some cowboy boots
Don’t you wanna get me some cowboy boots

Ho kan ha eit listig glimt i auga. Ho kan framstå som viljesterk. Ho kan framstå som sårbar. I Don’t Wanna Be Your Mother hevdar ho hardnakka i dampande countryblues omgjevnadar ein stad. «I am naked and cold … Oh baby lie down, next to me» syng ho i den smakfullt smygande opningssongen. «I just walked by the shade where we left our clothes» ytrar ho i det memorerande sporet Jesse James. Om ei kjærleiksaffære som nok ikkje enda særlig lukkeleg, for slik lyde konklusjonen: «Screw you Jesse – and the horse that you rode in, I just ran down to the stream where we did not swim».

Den overordna tonen er country. Men den blir krydra og dratt i, av blues, av rock, av jazz. Det blir variert. Stilfull balladering i Lady K (om ei moden kvinne og eit kjærkomme erotisk eventyr). Heitt, røft og blåsardekorert i Belt Buckle («Sugar sugar shiny thing – sugar sugar sexy thing»). Og gyngande og jazzy i Ooh That Dress (om begjæret etter ein spesiell kjole).

Kendel Carson var namnet, ho er verd litt merksemd.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Chip Taylor – Unglorious Hallelujah/Red Red Rose & Other Songs of Love, Pain & Destruction

Standard

Ein eldre gråsprengt herre med gode hjelparar og enkle, levande tonar.

cover  Han er blitt ein svært så produktiv mann på sine eldre dagar, den godaste Chip Taylor. Unglorious Hallelujah er mannen si niande utgjeving sidan han gjorde sitt comeback på midten av 90-talet. Den heiter forresten ikkje berre Unglorious Hallelujah, men også Red, Red Rose & Other Songs of Love, Pain and Destruction. Og ja, det er ein dobbel ein.

For dei som skulle vere ukjent med den 62 år gamle mannen sine bravadar kan det kanskje vere greitt med ein minibiografisk gjennomgang: I ungdommen ein lovande golf-spelar. På 60-talet ein ettertrakta låtskrivar og mellom anna mannen bak den råbarske hitlåta Wild Thing. På 70-talet ein heller anonym countrysongar. På åtti talet og halve nittitalet profesjonell gambler, før han altså fant vegen tilbake til countrymusikken. Når han i ei låt på si siste plata refererer til James Wesley Days, er det si eiga fortid han tar for seg. Hans eigentlige namn er nemlig James Wesley Voight, og ja, han er bror til den ikkje heilt ukjente skodespelaren Jon Voight.

Sine tre føregåande utgjevingar har Chip gjort i nært kompaniskap med den felespelande og stundom syngande Carrie Rodrigues. Ho dukkar opp som harmonerande partnar ved fleire høve her også, men eit par steg lenger bak og utan fela denne gongen. Ho spelar like fullt ei viktig rolle. Det gjer også dei fire andre musikarane Chip har tatt med seg inn i eit lite New York studio for «nokre timar med musikalsk terapi» (for å bruke Chip sine eigne ord). I lag får dei fram det beste i desse 24 songane. På skånsamt vis og med ein genuin kjærleik og nærleik til stoffet. Ja ein får nesten ei kjensle av at dei sit saman med Chip borte i eit hjørne av stova og held ein liten privat konsert for oss.

Tema som blir tatt opp i dei 12 låtane på Unglorious Hallelujah kan ein litt omtrentlig dele inn i to kategoriar. Politisk lada antikrigs-viser, og meir eller mindre sjølvbiografiske historier. Ei av to låtar som dett litt utafor desse rammene er den sorgtunge og vakre balladen What Would Townes Say About That. Her vender Chip seg i tur og orden til sine musikalske heltar (Townes Van Zandt, John Prine, Lucinda Williams, Guy Clark og Steve Earle) for å få råd i forhold til den evige problematikken kring utfordringane i dei mellommenneskelige relasjonane.

Idet siste tone frå Unglorious Hallelujah legg seg til ro, står det temmelig klart for ein at Chip Taylor aldri vil stille seg i første rekke for å hylle den krigerske åtferda til den noverande administrasjonen i det kvite hus. I Don’t Believe In That hevdar han i friskt tonefall, og siktar nettopp til ideen om å drepe for å gjere verda til ein betre stad. I den lågmælte og delvis resiterande Jackknife er mantraet «I don’t wanna kill nobody» og desertøren er den store helten. Medan Taylor i tittelkuttet tillegg enkelte farlige gjenstandar meir samvit enn menneska; «the bullet told the pistol everything, he said if I had a will of my own I would surely sing …. unglorious hallelujah».

Tidvis utopisk, naivt og litt banalt, vil det kanskje gå an å hevde. Skal ikkje gå krumnakka inn for å motseie det, men Chip har dette ektefølte med seg som gjer at ein og annan floskel får passere utan å legge igjen spor av verken irritasjon eller flau smak.

Frå dei sjølvpåførte og sjølvopplevde sfærar fortel Chip om alkoholisme (I Need Some Help With That), si skuldkjensle overfor ein avdød uteliggar (Michael’s Song) og konsekvensane av ein fatal køyretur (Christmas In Jail). Verken i desse eller nokon av dei andre låtane fører Taylor lyttaren inn på musikalske nybrotsmarker. Han lar ferda gå der Prine, Clark og Kristoffersen har vandra både med han og før han. Men det er ikkje tonar som vil visne hen i morgon han har plukka opp (stort sett ikkje i alle fall). Det er vel helst slike som fører lyttaren i klisteret, i alle fall denne lyttaren

Plate to held kva tittelen lovar. Først kjem ein sorgmunter sak om gåvedryssing og svik (Red, Red Rose), etterpå er det tett med kjærleikserklæringar til Chip sin kjære Joan. Og innimellom fyller han på med både litt smerte og undergang. Bandet har tatt eit steg lenger fram og skrudd opp lyden, om enn langt unna Spinal Tap-høgder. Medan tonevala, i alle fall tidvis, kanskje blir litt meir rutineprega og dovne enn i første del. Best er han når han tar for seg tristesse med eit lite smil om munnen i Little Darts, og når han syng den friske og humørfylte visa The Trouble With Scientists. Den siste er til broren Barry, ein vitenskapsmann som visstnok har funne opp ein formel for å kunne føresjå vulkanutbrot.

Soulballaden If I Stop Loving You gjer til kjenne at Chip si rustne stemme nok ikkje heilt maktar å handtere skalaen i si fulle breidde. Candi Staton hadde sannsynlegvis fått meir utav denne. Men når det kjem til likefram formidling av dei enkle tonar er Chip ein dugandes kar.

Ein særdeles dugandes kar.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Carrie Rodriguez – Seven Angels On a Bicycle

Standard

Med sin tidlegare partner in crime, Chip Taylor, luskande i bakgrunnen, solo-debuterer Carrie Rodriguez med countrytonar det er verdt å lytte til.

cover  Etter å ha stått ved sida av Chip Taylor gjennom tre album sidan 2002, har Carrie Rodriguez no funne tida moden til å gje ut si første plate under eige namn. Med god hjelp frå folk som Bill Frisell (den sjangervandrande gitaristen), Greg Leisz (som har spelt gitar, dobro og ikkje minst steelgitar med alt frå Bad Religion og Brian Wilson til Wilco og Lucinda Williams), Victor Krauss (den litt uortodokse kontrabassistbroderen til Alison) og ikkje minst Chip Taylor, presenterer ho seg i absolutt probate former.

Neidå, Chip Taylor er ikkje så langt unna denne gongen heller. Han står oppført som opphavsmann til dei aller fleste låtane her. Nokre skrivne saman med Carrie, men fleire aleine. Og han har sett sin velsigna leduge, modeste og organiske produsentsignatur på sakene (saman med Carrie).

På platene ho gjorde med Chip var Carrie vel så mykje felespelar som duettpartnar. Her er ho mykje meir songar enn felespelar. Litt dumt, kanskje, for hennar forfriskande omgang med felestrengene har nok meir karakter og særpreg enn det stemma hennar har. Utan at albumet flatar ut og forsvinn inn i anonymiteten sitt grå rike av den grunn. Slett ikkje.

Dette er countrymusikk som er blitt til langt unna Nashville sitt velsmurte maskineri. Det er countrymusikk som trør nærare der Lucinda Williams og Nanci Griffith har vandra enn der Shania Twain og hennar oljeglatte søstrer svevar rundt. Det er countrymusikk som kanskje ikkje alltid berre er countrymusikk, men også litt folksy, litt jazzy og litt funky.

Tittelkuttet kjem først, og kan vel seiast å vere albumet sitt høgdepunkt. Det er lengsel, men også lidenskap i røysta til Carrie når ho her heidrar minnet etter ein venn som omkom i ei trafikkulykke førre året; «Brooklyn Bridge on a bicycle, don’t he look good?»

Instrumenta snakkar med kvarandre, gjer plass for kvarandre, og skaper ei sindig og næringsrik samværsform. Ei form som også gjer opningar for at ein av dei kan stikke hovudet litt fram innimellom og vere i fokus. Som når Carrie sin ektemann Javier Vercher malar det siste minuttet av tittellåta med varme blåtonar frå saksofonen sin.

Med eit lite unnatak for den ertande og bluegrass-influerte Never Gonna Be Your Bride og den småsveitte og eggande ’50s French Movies held Carrie det stort sett gåande i eit makelig tempo. Seigt bakoverlent i bluesy I Don’t Want to Play House Anymore, eller med varleg strengetouching i melankolivakre He’s Already Gone.

Nokre av låtane har ein attråverdig og gruggen miks av religion, synd, lengsel og forakt. I den varleg dampande He Ain’t Jesus hevdar Carrie at elskaren er ingen frelsar og ho er ingen jomfru Maria, og at alle orda for kjærleik har ho pugga i ordboka berre for å tilfredsstille han. Medan ho i den ikkje heilt syndefrie St. Peter’s fortel at ho «went down to St. Peter’s last night, and throw myself on the knees in the dark».

Når ho avslutningsvis, i eit uannonsert ekstraspor, lar fela spele ei like viktig rolle som stemma, kjenner eg på meg at eg nok kunne tenkt meg litt meir av den sorten. Kanskje neste gong. Til dess kan det godt vere at eg slenger meg på baksetet og blir med Carrie og englane nokre turar til.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Chip Taylor & Carrie Rodriguez – Red Dog Tracks

Standard

Eit samarbeid over generasjonskløftene, med grøderike låtar på programmet.

cover  Den gongen på 60-talet, då den no gråsprengte eldre New Yorkaren Chip Taylor komponerte ein hit og fem var hans samarbeidspartnar dei siste fire åra, den fagre Carrie Rodriguez, endå mange år unna sin fødsel. Men aldersskilnaden har på ingen måte hindra dei to i å lage eit aldri så lite hat trick av livskraftig countrymusikk. Han skriv låtane og klimprar på sin akustiske gitar, medan ho drar friske tonar utav fela si. Begge syng. Ingen av dei har 24 karat gull i strupen, men stemmene deira står særdeles godt til kvarandre og hentar på vinnande vis det beste utav låtane. Enten det er snakkesynging som i den stridfulle samtalen Private Thoughts, eller det er yndigare stemmebruk som i den vare balladen The Wonder of You.

60-talet ja, ein kan vel ikkje omtale Chip Taylor utan å nemne hans aller mest kjente låt. For dei fleste som har lånt eit øyra eller to til rock’n roll har nok fått med seg Wild Thing. Låta The Troggs gjorde til sin, og som Jimi Hendrix fekk til å gnistre frå scenekanten. Og som sidan den gongen har dukka opp både i reklamar, filmar og som lydspor til mang ein TV-reportasje. Det var Taylor som komponerte den. Litt mindre kjent, men likefullt ein hit, er balladen Angel of the Morning (sjekk ut Nina Simone sin versjon av denne). Og Try (Just a Little Bit Harder), som Janis Joplin vrengte sjela si på, er også ein Chip Taylor-låt.

I åra før han gjorde suksess som låtskrivar for andre, hadde Chip Taylor smakt litt på countrymusikken. På 70-talet tok han opp igjen denne hansken, og spelte inn fleire album under eige namn. Men idet tiåret gjekk til sin ende trakk Taylor seg tilbake frå musikken og byrja i staden ein karriere som profesjonell gamblar. Først på midten av 90-talet vendte han tilbake til livet som utøvande musikar, og nye plater med country- og folk inspirert musikk dukka opp.

Ein slags ny vår skulle det så bli når Carrie Rodriguez kom inn i manesjen. Aktivitetsnivået har vore rimelig høgt, og kvaliteten på stoffet smyg seg galant innunder kategorien næringsrikt. Red Dog Tracks er duoen si tredje plate saman, og er ei kjelde til hugnad og sjelevarming. Der ein hos mange av Chip sine samtidige etterkvart har byrja å merke musikalske gikt-tilstander, friskar den 65 år gamle New Yorkaren til med tonar heilt fri for sjukelege tendensar. Æra for den tilstanden må Chip og Carrie denne gongen dele med det vitale innbodne laget av musikarar. For sterke bidragsytarar til det ledige og oksygenrike soniske biletet er Kenny Wollesen med sitt dynamiske trommespel, Jim Whitney sine stabile men leikne kontrabassytringar, Richie Stearn sine friske banjotonar, og ikkje minst gitarist par excellence Bill Frisell sine kjælande og kjenslelada innslag. Dei spelar på lag, gjer kvarandre plass. Dei viser nærleik til stoffet og har ein leiken innstilling.

Dei aller fleste låtane er nylaga Taylor-originalar. Balladar som blør og lengtar. Vakrast i den klassen er Big Moon Shining. Ei låt som kjælar med liknande ord og tonar som det ein avdød texanar ofte var innom; «I’m some sweet words from the sky – floatin» down from av van Zandt star». Det er også meir temposterke saker. Frampå og fint fluktande i så måte er opningssporet Must Be the Whiskey. Det er kanskje ikkje stoff som vil hamne blant countrymusikken sitt aller mest kanoniserte materiale, men meir enn fint nok til å kunne fungere både som vemodig nakkestøtte og varmande sjelemassasje.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)