Han kom med sin Two Dollar Novels, for tjue år sidan. På Field of Crows er det meste nokså grått.
Det er for så vidt mykje bra med utgangspunktet for denne plata. Inspirert av plater som Harvest (Young) og Five Leaves Left (Drake) tok Darden Smith med seg folk i studio og spelte inn 12 låtar i noko som verkar å vere ei avslappa atmosfære. Organisk samspel og ikkje studiobasert lydbygging (ikkje det at det nødvendigvis er noko galt med det siste). Energispakt, nedstemt og med haustfarga linjer til sine inspirasjonskjelder. Men der Nick Drake fekk dei fem siste lauva til å skjelve og leve i ein magisk melankolsk bris, fell dessverre det meste av Darden Smith sitt haustlige materiale til bakken i ei heller fargelaus drakt. Årsaka til dette ligg i den grunnleggande låtkvaliteten. Han presenterer få låtar som er forma på eit engasjerande og hugtakande vis.
Det var litt annleis i 1988. Året då Darden Smith si sjølvtitulerte andreplate (den første på eit større selskap) kom til verda i ein særdeles så habil skapnad. Han var ikkje den einaste som fekk til slikt på den tida. Siste halvdel av 80-talet gav oss fleire nye friske countryinspirerte namn (Steve Earle, Dwight Yoakam, Lyle Lovett, Nanci Griffith). Med ein aldri så liten countryklassikar som Two Dollar Novels på lomma og sterke låtar som God’s Will og Little Maggie luskande hakk i hæl meldte Smith seg på i klubben. Dei komande åra skulle han nytte til å melde seg ut igjen. Han vart kompis med engelske Boo Hewerdine. Saman gav dei ut plata Evidence. Ei til tider rett så fin plate forresten, der countrytonen blir tilført ein solid dose popfeeling. Ein retning Smith førte vidare på sine neste soloplater, men med mindre hell. Etter Little Victories (1993) plasserte eg fyren på sidelinja.
Når eg no i samband med Smith sitt siste framstøyt sjekkar litt opp i kva han har drive med dei siste 12-13 åra, ser eg det har komme ei og anna plata, og at Field of Crows er hans tredje på den habile Nashville-baserte labelen Dualtone. Ein del småjazzig visesang miksa med ein del avmålt countrymønstra tonelegging er i hovudsak det han byr på i 2006. Fleirtalet av låtane blir for like, for grå, og for middelmåtige. Men nokre viser litt igjen. Mary, om ein fråskilt far langt borte frå si vesle dotter, held seg med attraktive congas-rytmar og dugande melodilinjer. Golden Age har litt meir enn tittelen sams med ei Beck-låt, der den smyg seg fram i eit oppegåande akustisk bilete, og med finfin harmonistøtte frå Eliza Gilkyson. Ei dame som også hjelper til å dytte balladen Fight For Love eit steg og to fram frå den grå masse. Nennsamt og nedpå har eg vel sagt. Aller naknast er Satisfied. Den er best også. Ei enkel countryvise som er utstyrt med albumet sine venaste tonar, og mest interesseskapande tekstlinjer; «If I could love you like Elvis, Elvis back in ’62, hips on fire, full of desire, it wouldn’t be good enough for you».
Enten Smith oppfordrar til å Talk Me Down eller svingar seg diskret i Spinning Wheel, resten av songane han presenterer har lite å by på. Dermed blir det vel neppe noko anna enn eit heller anonymt hylletilvære for Field of Crows i framtida, tenker eg.
3/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)