Eit ruinert ekteskap, ei merkelig forvandling og ein funky «fest».
Det nærmar seg tjue år sidan no at Michelle Shocked si debutplate kraup heilt til topps på dei engelske independent-listene. Med særdeles enkle midlar tok den engelske produsenten Pete Lawrence opp låtar som den då unge Texas-kvinna spelte rundt leirbålet under Kerrville Folk Festival i heimstaten sin. Spartansk, siriss-perkussivt og bålknitrande, og med meir enn dusinet fullt av eigenskrivne låtar viste The Texas Campfire Tapes (1986) fram ein tidvis løfterik og energisk artist. Michelle fylgde opp eit par år seinare med den meir konvensjonelt produserte, men kanskje vel så interessante, Short Sharped Shocked. Bitande og tonevennlig folkrock med ein gunstig snert country i årene. Og i tekstane kom ho med eit og anna utfall mot maktmenneske og systema deira, men for det meste opererte songane hennes på det mellommenneskelige og nære plan.
Som den opposisjonelle og eigenrådige dama ho var treivst ho ikkje i armane på det store plateselskapet Mercury. Og etter nokre års kamp kom ho seg i 1996 laus frå kontrakten. Etter den tid har ho sjølv hatt den heile og fulle kontrollen over utgjevingane sine.
Idet 2004 gjekk mot sin slutt fekk Michelle Shocked det fryktelig travelt med å spele inn musikk. I tidsrommet 12-31 desember spelte ho inn to plater. Og produktiviteten forsvann ikkje i løpet av nyttårshelga heller, så derfor spelte ho like godt inn ei tredje i januar. Nå er ikkje den samla speletida på platene lengre enn at låtane kunne blitt samla på eit dobbeltalbum. Når Michelle likevel vel å halde eit fokus på dei som tre separate utgjevingar (ei sanning med visse modifikasjonar, i heimlandet vart dei også tilbydd samla under vignetten Threesome) har det nok litt å gjere med at dei vart til i tre ulike studio med tre ulike produsentar. Samstundes har dei vel såpass forskjelligarta karakter at dei kanskje har det greiast kvar for seg.
Det beste albumet frå denne verksame tida er Don’t Ask Don’t Tell. Her femnar Michelle Shocked om eit relativt breitt felt av den Amerikanske musikkarven. Frå jazz via blues og country, og til ganske så heftig rockande saker. Texanaren Dusty Wakeman (som mellom anna har vore involvert i sterke plater av Lucinda Williams og Dwight Yoakam) er ansvarleg for produksjonen. Han spelar også bass, og har med seg på laget fire karar som tilsaman sikkert kan skilte med å ha deltatt på fleire hundre innspelingar. Erfaringa seier at slikt nødvendigvis ikkje treng vere det beste utgangspunktet for dei glødande seansane. Korleis det går her? Har definitivt høyrt daffare musisering. Sprekare også, men eg trur nok det går an å hevde at dei fem stort sett syter for at Michelle har ei meir enn solid nok sonisk støtte til å trekke det maksimale utav av låtane sine. Det blir aldri gjort forsøk på å bevege seg utafor oppgåtte spor, men spora blir stort sett forsert på vakent og inspirert vis.
Fleire av songane på albumet er farga av at Michelle sitt ekteskap gjekk i oppløysing like i forkant av innspelingane. Ho drar fram mange av kjensleaspekta ei slik hending kan vere årsak til. Ho gjer det utan å bli brysamt privat, sentimental eller pinlig uforsonlig. Ho gjer det med ei låtsamling ein kan finne meining i å konsultere. Men ho gjer det utan ei like dirrande nerve og storveges låtkraft som ein finn i dei verkelig store seperasjonsalbuma (Blood On the Tracks, Shoot Out the Lights, Heartbreaker).
I ein kort opningssekvens høyrer vi ei sint mannsstemme, og lyden av noko som blir knust (eit hjerte?). Ein liten kontrast er det då at låta som fylgjer i særklasse er albumet sitt mest idylliske. Jazzig og døsig skildrar Early Morning Saturday samlivslykke tidleg ein laurdagsmorgon. I eit liknande, om enn kanskje litt meir swingande jazzmønster lever også Hardly Gonna Miss Him og Goodbye. Men tekstlig er det meir smertelige ting som blir tatt opp i desse.
Heilt ned på kne finn ein aldri Michelle i desse songane. Smerta ho måtte kjenne på kontrar ho stadig vekk med små myndige stikk mot den andre parten. Som i den smygande og twangy Elaborate Sabotage. Eller den konvensjonelt poprockande Fools Like Us.
Albumet har forresten også nokre låtar med annan tematikk. Dei to som tilsaman utgjer albumet sin tittel høyrer med blant desse. Dei er også to av dei beste låtane på plata. Don’t Ask er ein coolt snikande og heit bluesy affære. Ein part Cpt. Beefheart, ein part Dr. John, og resten ei skarpt snakkesyngande Michelle. Historia ho fortel er av det noko surrealistiske slaget. Opningslinja skulle vel seie sitt; «Did I ever tell you about the time I was changed into a rabbit?».
Don’t Tell er på si side eit funky stampande R&B nummer som omhandlar konsekvensane av ein fuktig sommarfest nede ved Lake Pontchartrain. Der vertinna i ettertid blir saksøkt av ein hardt-drikkande festdeltakar for å ha neglisjert at han nesten drukna. Kva ho synst om det? «Wizzard is a gizzard, his chitlin» ain’t chit, and the whole town thinks he’s a chickenshit.»
Ho spelte inn tre, men ho kunne vel eigentlig ha nøydd seg med å gje ut denne.
5/10
(Dei tre første dagane i Michelle Shocked sin hyperaktive fase spelte ho inn 10 låtar henta frå ulike Disney-filmar. Albumet er kalla opp etter den velkjente Pinocchio-hymna Got No Strings, og er Michelle og fem medmusikantar i full sving med å flytte kjente og mindre kjente tonar, som tidlegare har levd innafor temmelig så orkestrerte former, inn i eit meir ruralt landskap. Nærare bestemt eit landskap der western swing og bluegrass er dei toneangivande uttrykksformene.
Det sjudoble utbrettscoveret som denne plata (og dei to andre) kjem i, gjer eit forsøk på å illustrere den voldsame kontrasten mellom den fargeglade og vellykka Amerikanske Disneyverda og den grå og håplause situasjonen store deler av Afrika sine barn lever under. Som den aktivisten og solidaritetsforkjemparen Michelle Shocked er, nyttar ho høvet til å fylle opp coveret med informasjon om organisasjonen Save Africa’s Children og deira arbeid mot AIDS-pandemien i Afrika.
Dette utan at den dryge halvtimen med musikk som fyller opp albumet i seg sjølv fører tankane i retning globale dimensjonar. For den er som de sikkert har skjønt tufta på lite anna enn amerikanske tonar og kultur.
Medspelarane hennes på lap-steel, banjo, fele, slide-gitar, akustisk gitar og kontrabass skaper eit heiderlig om enn litt for einsarta bilete. Ideen om å gjenskape låtane i uvanlig sonisk form er ikkje dum. Det som er dumt er at Michelle ikkje lagar ramma for korleis lyden skal bli noko breiare.
Graset er på sitt blåaste i den banjokvikke Spectrum. Fela er frisk og Michelle like så i Pinocchio-låtane Give a Little Whistle og Got No Strings. Men etterkvart døyr interessa for seansen ut. Wish Upon a Star kjem i sin ørtande versjon, swingen blir sløvare, ei kjensle av rutine meir enn inspirasjon byrjar å tre fram, og den eine låten liknar den neste meir og meir (i langt større grad enn dei gjer i sine originale lydmønster).
Så når bjørnen Baloo sin signaturlåt Bare Necessities dukkar opp i nest siste swing er vel eg i grunnen langt meir freista til å putte Jungelboka i DVD-spelaren enn å klargjere ein ny runde med Michelle og venner.)
3/10
(Mexican Standoff er plata som vart til under januardelen av innspelingane. Uttrykket Mexican Standoff blir ofte nytta for å illustrere ein fastlåst situasjon der ingen av dei involverte partane kan komme sigrande frå det. Det finst songar på plata som skildrar menneske i vanskelige situasjonar, og som Michelle sikkert kan ha tenkt tittelen i forhold til. Likevel trur eg nok den kanskje vel så mykje prøver å seie noko om dei musikalske kjeldene albumet har sprunge utav av. Mexico vs. USA, mariachi og conjunto vs. country og blues. Tex-mex.
Grovt sett kan ein seie at første halvdel av albumet hentar sin inspirasjon frå mexicansk kultur, medan andre halvdel kastar seg over den elektriske Texas-bluesen. Første halvdel er den mest varierte, og for så vidt beste. Utan at den på nokon som helst måte står klar for å gå inn i historiebøkene av den grunn. Blueshalvdelen kunne ho like godt ha gravlagd i ein grøftekant mellom Austin og Dallas for min del. Den kjem i standardiserte og konvensjonelle former, og er gitarfundert og til dels orgelfyldig. Tar føre seg den veldige elva, knallhard medisinering og like knallharde hjerter. Men den blør aldri, den bit aldri, den er berre doven og grå.
Det opnar ikkje så bra i mexicana-avdelinga heller. Det spansktestlige og brass-borne opningssporet Lonely Planet minnar for mykje om ein middelmåtig Gipsy Kings sak, og for lite om sveitt mariachi-glød til å overtyde. Ein anar ei svak betring i conjunto-balladen La Cantina el Gato Negro, utan at Michelle er heilt på heimebane her heller. Når ho kjem til spor tre, sluttar ho å synge på spansk. Fornuftig. Ho verkar med eingong mindre maniert. Wanted Man er ei enkel og habil vise om ei lovlaus sjel.
Den sentrale (og beste) låta på albumet er Picoesque. Her Michelle til veksande nesten gospel-liknande tonar gjer eit forsøk på å skildre bygningane, livet, stemninga og luktene langs Pico Boulevard i Los Angeles. Ei gate som har fått namnet sitt etter den siste Mexicanske guvernøren i California, Pio Pico (California var ein del av Mexico i tidsrommet 1822-46). Gata er også fyldig illustrert, i svart og kvitt, i albumet sitt sjudoble utbrettscover.
Det smartaste ho sannsynlegvis kunne ha gjort var å putte Picoesque inn på Don’t Ask-albumet, og latt resten av spora her gå i gløymeboka.)
2/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)