Tag Archives: Sgt. Petter

Sgt. Petter – A Mid-Tempo Frenzy

Standard

Kva med litt trivelig sjantis-pop sånn innimellom dei haustlege melankolibygene?

cover  Det kan vere greitt å flytte litt på seg. Ja, for elles står ein jo i fare for å gro fast. Og det er jo nødvendigvis ikkje så altfor lurt. Om ein ikkje har eit brennande ynskje om å bli eit ærverdig tuntre eller noko slikt, då.

No har vel aldri Sergeant Petter stått heilt i ro. På sine to første album bevega han seg med ledige skritt rundt omkring i eit utvida countryrock-uttrykk. Kor som er, på sitt tredje album har han flytta seg 44 museskritt vekk derifrå, og hamna inne på eit ganske så folksamt poprock-territorium. Takten han lear seg etter her varierer frå det avbalanserte til det meir oppjaga, men har eit tydelig hovudfokus på tittelen sin Mid-Tempo påstand. Men så altfor Frenzy er det ikkje. Ganske så hyggelig, vil eg no heller hevde.

Ganske så hyggelig har jo Sergeant Petter i grunnen vore heilt sidan It’s a Record sine dagar. Hyggelig, driftig, ledug og upretensiøs, med ei velutvikla evne til å fange gode melodiar. Sånn er han vel berre.

I kompaniskap med Kato Ådland, Yngve Sætre og ein liten gjeng musiserande bergensarar skaper han eit lydrikt bilde. Det er minst to måtar å skape eit slikt bilde på. Ein kan legge lag på lag med lyd for å konstruere eit overdådig bilde, eller ein kan la lydane skride fram meir etappevis og delt, og på det viset forme eit skiftande bilde. Petter og gjengen gjer som vanlig det siste. Ikkje i overpsykedeliserte eller frittflytande former, men meir etter ideen «ein banjo her, litt farfisa der, og så har jo sjeldan ei handfull munnspeltonar eller nokre steelgitar-tårer vore direkte øydeleggande heller». Eg opplever det som livgjevande krydring og næringsrikt tilskot, stort sett.

På sitt aller popfestligaste er albumet når Pulling Life by the Hair kjem i komplett ujålete, falsettsyngande og plystrande skapnad. På sitt kjappaste er det når klapping, spretne orgeltonar og popsmarte «ooh-oooh» jumpar fram i dagen og kallar seg Geeks R Cool. Og på sitt mest twangfulle er det når Petter med knekk i røysta syng I See It Clearly Now. Akustiske instrument dominerer, men det tar seg definitivt bra ut når han pluggar gitaren og skjerper strengene for Gone in a Second også.

Eit lite høgdepunkt er New Orleans-tributten Back to NOLA. Til friske men like fullt vemodsfulle countryfarga poptonar hentar Petter fram igjen eitt år gamle bilder frå «this god given town». Eit jazzy pianodriv kolorerer bakveggen saman med ein nennsam klarinett, Professor Longhair kikkar inn gjennom ein døropning i ei bule i Lake Charles, og trivselsfaktoren er for alvor i ferd med å sette seg.

Det er eit kort album, berre dryge halvtimen langt. Det rokkar ikkje grunnen under ein, eller får fram den store skjelven. Det skaper ikkje ufred, eller har stoff i seg til å bli grunnlag for dei omfattande diskusjonane. Men det skaper altså trivsel. Og av og til er det jo nett det ein treng, er det ikkje?

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Sgt. Petter – Monkey Tonk Matters

Standard

Frå ein lovande debut til ein sjelevitaliserande oppfølgjar. Sersjanten leverer eit av årets definitive norske høgdepunkt på platefronten.

cover  Hadde Monkey Tonk Matters vore ei plate gjort av ein 29 år gamal kar ifrå sørvestre deler av USA, hadde det ikkje vore uvørent å hevde at albumet var eit av dei beste med countryduft sidan Richmond Fontaine gjorde countryrocken ei stor tjeneste med sin Post To Wire seint i 2003. Nå er som kjent ikkje Sergeant Petter amerikanar. Han er nordmann, heiter egentlig Petter Folkedal og bur i Bergen. Derfor er det vel ikkje heilt lov å hevde slikt. Eller…?

Eg tar sjansen likevel. Det har absolutt kome ei og anna utmerka countryrock-plate dei siste 14 månadane, men ingen har vitalisert sjela mi like grundig som Monkey Tonk Matters.

Med debuten It’s a Record frå 2003 viste Petter at han var mann for dette å kunne smi saman skarpe tonar. Ein storarta og usymmetrisk vev av country og popfargar, men akkurat litt i største laget. Den hadde heilt sikkert tjent ein groove-g på å vere 4-5 låtar kortare. Samstundes er det noko sjarmerande over ein debutant som fyller plata med 17 spor, heilt utan å be om unnskyldning.

På Monkey Tonk Matters er mønsteret stadig usymmetrisk. Han slepp til fargar som ikkje alle i liknande ærend tør å involvere seg med. Han følgjer trådane i litt andre retningar enn det kartet fortel. Han er elegant på ein skånsellaus måte. Han er upretensiøs og frigjort. Han er ein norsk countryrockar med særpreg.

Eg skal ikkje hevde at albumet er bygd opp rundt språkleg tyngde. Eg vil imidlertid hevde at det er bygd opp rundt eit fundament av særdeles sterke låtar. Mindre melankolsk anlagt enn ein gjennomsnittleg norsk-americanar vanlegvis oppfører seg, og mindre trygt plassert innafor eit velkjent farvatn.

Så la oss sjå litt stort på det (det fortjener sersjanten). Monkey Tonk Matters har kanskje meir til felles med pionerane på sekstitalet, enn kva den har tilfelles med dei siste 15 åra sine bølgjer av No Depression/alt-country/americana. Eg skal ikkje hevde at albumet rekk opp mot Gilded Palace Of Sin (Flying Burrito Bros.), Pickin» Up the Pieces (Poco) eller Buffalo Springfield Again sitt nivå, slett ikkje. Skal heller ikkje hevde at mannen på nokon måte er ute på det same innovative kjøret. Like fullt, noko i den uanstrengte, utprøvande og mangslungne tilnærminga gjer at tankane mine flyg i retning Parsons, Furay, Young og deires like sine tidlegaste bedrifter.

Første låt ut er passande nok titulert As the Record Starts. I eit melodileie ikkje heilt ulikt før nemnte Richmond Fontaine, og med ein av dei mest vanedannande fiolinriffa sidan Beethovens 9. signert Real Ones-karen David Chelsom Vogt, vert det i positiv meining ein strykande start. Sissy Wish gjev seg også til kjenne rundt halvvegs, utan at låta tar skade av det. Meir sprek felelyd og kvinnesang blir servert i den bluegrass tangerande Way to Go! Her er det jazzsangar Heidi Torsvik som utfyller sersjanten på tiltalande vis. Frå livet lengst inni countrykroken dukkar vakre Light In October fram. The Longest Hour driv avgarde på eit holete teppe av klassiske tonar av countryrock. There’s a Man Outside er tøft rockande, med psykedeliske sidesprang. Dear Robin har slektskap med The Shins. Uh-huh som eg elskar desse sprikene, desse spranga, desse countrytaka, popsprella, rocksaltoane og psykedeliadukkertane.

Det einaste sporet eg stiller eit lite spørsmål ved er avsluttande Hong Kong Song, som blir vel la-la-la-la allsang, fyldig og baktung. Sånn ellers har Petter i samkvem med produsentparet The Sensible Twins (HP Gundersen og Kato Ådland) skapt eit ope, levande og særdeles næringsrikt lydbilde. Honky Tonk Rose er country så det svir, med knekk i røysta og ein lealaus barstol under rumpa, men og casio-dandert og popfiksert. Blant albumet sine aller sterkaste er tidlegare EP-utgjevne Spooky Spook. Tittelen indikerer det og tonefølgjet slår det fast, her vert vi invitert over i eit dunklare hjørne, i ein slags countryfisert Madrugada-stil.

Albumet sitt mest skakkøyrte tilfelle er That Child. Psykedelisk vridde poptonar, sikkert eit stykke unna hitlistene. Noko kjappare vil ein sannsynlegvis finne tonen i selskap med den hektisk rytmiske garasjepsykedeliske tangentfaen Corner of an Eye. Boren fram av dobbelt orgeldriv (farfisa og hammond) og boogiepiano.

Monkey Tonk Matters er sjølvsagt den perfekte tittel for slik ein vital og frisinna omgang med tonar som altfor ofte blir bundne fast i for stive former. Og nei, det finst ikkje mange her på berget som har leikt seg så inspirerande med denne arta av vestleg kulturimperialisme som det sersjanten gjer denne gongen.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)