Tag Archives: Sparklehorse

Sparklehorse – Dreamt For Light Years in the Belly of a Mountain

Standard

Endelig var Sparklehorse tilbake. Vi kjenner han att, men han vil ikkje i bås.

cover  Sist gong Mark Linkous tok på seg Sparklehorse-habitten og spelte inn eit album, brukte han tittelen til å proklamere at livet var herlig. Det har gått fem år sidan den gongen, og påstanden han kjem med no er at han har Dreamt For Light Years in the Belly of a Mountain.

Det er vel ein viss grunn til å mistenke Linkous for at det låg eit snev av ironi bakom valet av tittel sist gong. Kva som ligg til grunn for årets noko surrealistiske tittel kan ein sikkert konstruere fleire teoriar omkring, men skal vi tru utsegn han har komme med i intervju har desse åra snarare vore prega av depresjonar, isolasjon og mord, enn av behagelige draumar i fjellet sine indre rom.

Mordgåta finn nok si løysing i dei fire personane som albumet er dedisert til; Bryan Harvey, hans kone og to barn, som så brutalt blei myrda i sin heim i januar i år. Harvey var i si tid den eine av medlemmene i duoen House of Freaks, som leverte eit par utmerka plater på slutten av 80-talet. Det andre medlemme var Johnny Hott, som spelte på Sparklehorse sine to første album, og som også deltek på eit par låtar på denne nye skiva.

Hott er ikkje den einaste som gjer sin skjerv for at det fjerde Sparklehorse-albumet også kjem ut med ein vinnande tone. Assortert medlem Scott Minor har ansvar for både rytmikk og elektroniske fintar på fleire av låtane, Steven Drozd frå Flaming Lips er innom og trommar litt, Dave Fridmann står oppført som både bassist og innspelingsansvarleg på ei handfull av spora, og Danger Mouse (Danger Doom, Gnarls Barkley, Gorillaz) får utfalde seg med sampling og tangentverksemd på tre låtar. Sjølv om det er mange innom og gjev lyd frå seg verkar denne plata å vere ei meir heimeavla affære enn It’s a Wonderful Life. Den har vel også ein litt meir uvørden og fleirfasettert omgangstone enn sin forgjengar. Kanskje det går an å seie at det er litt meir Good Morning Spider over den?

Eg har registrert ein del forsøk på å plassere Sparklehorse i alt-countrybåsen. Han er nok innom og snusar på den, men han traskar rundt og finn tonar, lydar og inspirasjon frå ganske mange andre arenaer også. I det fabelaktige opningssporet Don’t Take My Sunshine Away er det 60-talets vitale poptone som er fundamentet. Eit fundament som blir dissa på av moderne elektronisk gnistring, tirra på av smått vrengt vokal-lyd og i siste fase alvorleg skaka av eit hatsk lydangrep. Endå meir vrengt er vokalen i den klarast Danger Mouse-infiltrerte og ganske så Portishead-smitta Getting It Wrong. Den umåtelig fine Shade and Honey er på si side Linkous heilt aleine i folkland, med minimal lydknitring og sterkt melodisk fokus. Verseføtene luntar framover i noko som kan minne litt om Heroes-takt, medan refrenget smyg seg på plass i skjør falsettfasong:

May your shade be sweet
and float upon the lakes
where the sun will be
made of honey…

Eit yndig bilde. Eit anna blir sendt i veg av førnemnte Don’t Take My Sunshine Away; «Your face is like the sun, sinkin» into ocean, Your face is like watching flowers, crawling in fast motion».

Alt er ikkje like yndig, men det er likevel få spor av dei djupe depresjonane Linkous sleit med i forkant av innspelingane. For lyset er definitivt slått på i romma han ferdast i, sjølv om han søker inn i dunkle krokar til tider. Aller helst tyr han, si vane tru, til surrealistiske metaforar, involverer ei handfull mystiske fabeldyr og sper på med ein dose særeigne innfallsvinklar. Ofte gjort i ei språkform som kan minne vel så mykje om middelaldersk som postmodernistisk.

Built a fire in the kitchen
made her bed by a stove
took a walk to the graveyard
but she didn’t want to go…

Sparklehorse er i det dystrare hjørnet. Låta heiter Morning Hollow, og er ein dvelande affære med harmonitilskot frå Sophie Michelitsianos og pianoklunking av Tom Waits. Den stammar eigentlig frå It’s a Wonderful Life-sessionen. Det er veldig greitt at den får vere med her likevel. På sitt aller varaste er Sparklehorse i den såre visa Return to Me. På sitt folkpsykedelisk mest melodivinnande og svalt sommarslepande er fyren i Knives of Summertime. På sitt aller røffaste er han når han ser sin kjære som ei Ghost in the Sky, i eit lydbilde som tangerer Hüsker Dü fakter. Slått hardt og klora kraftig blir det også gjort i den noko misvisande titulerte It’s Not So Hard.

Linkous har ikkje vore heilt vekke frå musikkverda desse fem åra. Han har produsert Daniel Johnston sitt Fear Yourself-album, levert nokre låtar til filmen Laurel Canyon, og prøvd seg på eit lite samarbeid med den eksperimentelle austerrikske musikaren Christian Fennesz. Og kanskje er det sistnemnte si meir ambiente side som har inspirert Sparklehorse til å komponere det avsluttande instrumentale tittelkuttet. Ti minuttar som skil seg ganske kraftig frå resten av spora. Eit gjentakande pianotema, støtta opp av luftige lydar frå chamberlin og mellotron, og forsiktig skaka av elektronisk skurr. Eit lydspor til fredfull tankevandring.

Dreamt For Light Years in the Belly of a Mountain er eit album som malar hausten i mange fargar.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)