Ei frisk dame med ein kosmisk amerikansk mikstur på programmet.
Då Gram Parsons i si tid kom opp med sitt vidgjetne Cosmic American Music-omgrep, så var det vel mellom anna saker som dette han hadde i tankane. Ikkje det at Robinella og hennes menn matchar magien til Parsons, men måten dei miksar forskjelligarta deler av den amerikanske musikkarven inn i uttrykket sitt har så absolutt noko for seg.
Robinella, med etternamnet Contreras, er ein songar og låtskrivar frå Maryville, nær Knoxville, Tennessee. Det avgjerande startskotet gjekk av då ho i 1997 vart kjent med multi-instrumentalisten Cruz Contreras. Ho frå ein country-bakgrunn, han med jazz-studiar i emning. Dei to byrja spele bluegrass i hop, og så gifta dei seg. Under etiketten Robinella and the CCstringband kom det dei neste åra tre album. Der det siste (eit sjølvtitulert frå 2003) vart utgitt på storbedrifta Columbia Records, utan at det nådde øyregangane verken til underteikna eller så altfor mange andre av den grunn.
I dette fjerde forsøket er det den sympatiske Nashville-labelen Dualtone som er utgjevar. CCstringband er borte, men Robinella er slett ikkje aleine av den grunn. Her er flust med flittige strengetraktørar (og andre aktørar). Husbond Cruz gjer sitt på både gitar og mandolin (samt tangentar). Medan broder Billy Contreras sin fiolin, Bruce Boutoll sine pedal-steel innspel og ikkje minst produsent Doug Lancio sitt rikhaldige arsenal av lydtilførsel spelar viktige roller. I tillegg er her groove-kyndige bassistar og vitale stikke-svingarar. Ja til saman 14 namn står gravert med raude bokstavar på krediteringslista.
Tretten låtar med eit kosmisk stilspenn frå fjellfrisk country til orgeltung funk, med diverse nyansar av rock, jazz og soul innimellom. Forvirrande? Nei, trur ikkje det. Viss ein berre gjer Solace For the Lonely ein sjanse til å etablere seg vil det skiftande bilete virke interesseskapande langt meir enn springande og forsert. Waiting til dømes, ei låt Robinella har skrive saman med mannen sin, tar opp i seg både jazzblå, souldyppa og countryfarga element på heilt naturlig vis. Medan oppstemte og artige I Fall in Love as Much as I Can overtydar meg om at ei samansmelting av bluegrass og ragtime absolutt kan vere ein dugande idé.
Andre kutt lever i eit noko meir sjanger-stringent bilete. Der lever dei stort sett godt. Forførande, som ei Dolly Parton med rusk på stemmebåndet, i dei likeframme appalachian-visene Down the Mountain og Come Back My Way. Sårt og vakkert i balladen Teardrops. Og beint fram gripande i Whippin Wind, ei smertelig skildring om menneskelig undergang og død. Døden er også tema i soulpop-balladen Press On, men her er det sin eigen mortalitet Robinella skuar inn i: «See me someday sleeping softly, flowers draped across my knees».
Frå ein annan kant og i skarp kontrast til vare balladar og countryviser grev All I’ve Given seg fram som eit dampande jazz-groovande vesen. Så får det vere at dama innimellom, som når ho tar føre seg Melanie sin Brand New Key, sitt eige jazztrippande tittelspor eller det Wonder-influerte villsporet Little Boy, kanskje blir litt i grunnaste laget. Meir på feil side av Norah Jones enn på rett side av Billie Holiday for å seie det slik. Men det er ikkje der hovudinntrykket har festna seg. Slett ikkje. Det ligg nok heller og duvar der småfrekke Oh So Sexy sin felespreke countryfunk og Break It Down Baby sin jazzflørtande countrysoul gjer seg til kjenne; «hold me, squeeze me, swing and sway». Yepp.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)