Author Archives: Oddmund Berge

Ukjend's avatar

About Oddmund Berge

musikk, rock, pop, psykedelia, punk, postpunk, funk, garasjerock, hiphop, country, soul, folk, kraut, jazz, blues, viser, americana, litteratur, romanar, noveller, poesi, groove, og slikt.

Einar Stenseng – Einar Stenseng

Standard

Med tonar rota i rocken sin gullalder skaper unge Stenseng eit rufsete, vitalt og rimelig personlig bilde.

cover  Med eit raft riff smugla ut av gitarkofferten til Keith Richards entrar Einar Stenseng podiet. Når den unge mannen drygt tre kvarter seinare tonar ut med eit brunstig «let’s dance» har han på vitalt vis svinga seg gjennom ei velkjent rock’n roll-løype.

Stenseng har sikkert fleire gode grunnar for å ha gjort plata i Berlin, den viktigaste er sannsynlegvis den at han bur der (og har gjort det i tre år om biografien talar sant). Historia seier at der dyrkar han bohemlivet, og dei gleder, plager og kreative stunder som det har å by på. Skal eg halde den ferske plata hans opp som eit sanningsvitne må det ha vore ein bra del av det siste.

I Claustrophobia lydstudio i Berlin har Stenseng i samkvem med ein internasjonal styrke miksa eit brygg der hovudingrediensane er vellagra tonar frå 1965, 1975 og årstala derimellom. Som dei fleste vel veit er det mykje gromt å spore der. Det underteikna tydeligast meinar å merke seg, når eg no har supa i meg ganske så dugelige dosar av brygget, er at hyllene der Rolling Stones og særlig Bob Dylan-stoffet er å finne må ha vore flittig frekventert.

Stenseng er som kjent ikkje den einaste som har forsynt seg frå desse hyllene. Ein annan som har gjort det både titt og ofte er Nikki Sudden. Ein fyr Stenseng har hatt mange barkonferansar med under sitt eksil i Berlin. Sudden var slett ikkje heilt fråverande under innspelingane av plata hans heller. Han er medprodusent, spelar gitar på fleire spor, og har låtskrivaransvar for eit par.

Stenseng høyrer ikkje med blant dei smålåtne eller spesielt nedtrykte av låtskrivarar og songarar. Han er vel meir fyren med pretensjonar og løfta hovud. Ein svermar, men og ein kynikar, ein dyrkar av myter og det frie og ansvarslause liv. Ein som kan både sin rock’n roll historie og sin litteratur historie. Erfaringa mi er at mange av hans slag har ein tendens til å gjennomføre opplegget sitt med lånt eller påtatt røyst. Det er ikkje særlig tillitsvekkande. Ein bør finne si eiga. Noko Stenseng gjer, stort sett. Og den er ung, men moden. Og den er fryktlaus. Den ropar «let’s drink to our love», og den hevdar kjekt at «you’re the sunsine of my life, but right now I need something a little more dim». Han er fyren med det halvfulle og ikkje det halvtomme glaset. Ein som neppe vil mumle eit ”this broken glass, and this broken heart is all this broken man has left”.

Ikkje det at han ikkje har sitt å stri med. Men det er det at når han går ned på kne eller står der som ein «clown in life’s great menagerie», ja så har eg samstundes ei sterk kjensle av at han kjem seg opp i ståande stilling igjen snart, eller at den nedverdigande rolla berre er eit forbigåande problem. For som han konkluderer den Ian Hunter-smitta (og ikkje Townes Van Zandt-stolne) balladen Columbine med; «have no fear for me my dear, I was not born to drown».

I det Stones-påverka opningskuttet Ride the Flood ser hovudpersonen sin kjære bli tatt av bølgjene midt under eit prosaisk pizzamåltid. Med sirenene frå Highway 61 Revisited ulande i bakgrunnen går Stenseng rett så aggressivt til verket i Dirty Girl. Ein tanke meir audmjuk er han i sine utfall til den attråverdige men akk så vanskelige Constance, sjølv om heller ikkje ho kjem frå det utan eit par ufine gloser i bagasjen. Låta har forresten ei form, melodisk òg tematisk, som vekker tankar om både Sara og Blood on the Tracks i meg.

I den umoralske og på kokepunktet sydande Oh, My Baby støyter vi på ein omtåka begersvingar på rømmen bort frå både kvinna, smerta og dagslyset. Medan vi i den kvasse balladen Leaving Jerusalem møter ein bannlyst fyr som ser sviket og umoralen komme krypande frå søppeldynga i Gehenna mot bymurane i den heilage stad. Konklusjonen er nådelaus: «I’m leaving Jerusalem, and I’m never coming back».

Men Stenseng kjem igjen, får vi håpe. La oss heve absint-begeret og skåle for det.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Sparklehorse – Dreamt For Light Years in the Belly of a Mountain

Standard

Endelig var Sparklehorse tilbake. Vi kjenner han att, men han vil ikkje i bås.

cover  Sist gong Mark Linkous tok på seg Sparklehorse-habitten og spelte inn eit album, brukte han tittelen til å proklamere at livet var herlig. Det har gått fem år sidan den gongen, og påstanden han kjem med no er at han har Dreamt For Light Years in the Belly of a Mountain.

Det er vel ein viss grunn til å mistenke Linkous for at det låg eit snev av ironi bakom valet av tittel sist gong. Kva som ligg til grunn for årets noko surrealistiske tittel kan ein sikkert konstruere fleire teoriar omkring, men skal vi tru utsegn han har komme med i intervju har desse åra snarare vore prega av depresjonar, isolasjon og mord, enn av behagelige draumar i fjellet sine indre rom.

Mordgåta finn nok si løysing i dei fire personane som albumet er dedisert til; Bryan Harvey, hans kone og to barn, som så brutalt blei myrda i sin heim i januar i år. Harvey var i si tid den eine av medlemmene i duoen House of Freaks, som leverte eit par utmerka plater på slutten av 80-talet. Det andre medlemme var Johnny Hott, som spelte på Sparklehorse sine to første album, og som også deltek på eit par låtar på denne nye skiva.

Hott er ikkje den einaste som gjer sin skjerv for at det fjerde Sparklehorse-albumet også kjem ut med ein vinnande tone. Assortert medlem Scott Minor har ansvar for både rytmikk og elektroniske fintar på fleire av låtane, Steven Drozd frå Flaming Lips er innom og trommar litt, Dave Fridmann står oppført som både bassist og innspelingsansvarleg på ei handfull av spora, og Danger Mouse (Danger Doom, Gnarls Barkley, Gorillaz) får utfalde seg med sampling og tangentverksemd på tre låtar. Sjølv om det er mange innom og gjev lyd frå seg verkar denne plata å vere ei meir heimeavla affære enn It’s a Wonderful Life. Den har vel også ein litt meir uvørden og fleirfasettert omgangstone enn sin forgjengar. Kanskje det går an å seie at det er litt meir Good Morning Spider over den?

Eg har registrert ein del forsøk på å plassere Sparklehorse i alt-countrybåsen. Han er nok innom og snusar på den, men han traskar rundt og finn tonar, lydar og inspirasjon frå ganske mange andre arenaer også. I det fabelaktige opningssporet Don’t Take My Sunshine Away er det 60-talets vitale poptone som er fundamentet. Eit fundament som blir dissa på av moderne elektronisk gnistring, tirra på av smått vrengt vokal-lyd og i siste fase alvorleg skaka av eit hatsk lydangrep. Endå meir vrengt er vokalen i den klarast Danger Mouse-infiltrerte og ganske så Portishead-smitta Getting It Wrong. Den umåtelig fine Shade and Honey er på si side Linkous heilt aleine i folkland, med minimal lydknitring og sterkt melodisk fokus. Verseføtene luntar framover i noko som kan minne litt om Heroes-takt, medan refrenget smyg seg på plass i skjør falsettfasong:

May your shade be sweet
and float upon the lakes
where the sun will be
made of honey…

Eit yndig bilde. Eit anna blir sendt i veg av førnemnte Don’t Take My Sunshine Away; «Your face is like the sun, sinkin» into ocean, Your face is like watching flowers, crawling in fast motion».

Alt er ikkje like yndig, men det er likevel få spor av dei djupe depresjonane Linkous sleit med i forkant av innspelingane. For lyset er definitivt slått på i romma han ferdast i, sjølv om han søker inn i dunkle krokar til tider. Aller helst tyr han, si vane tru, til surrealistiske metaforar, involverer ei handfull mystiske fabeldyr og sper på med ein dose særeigne innfallsvinklar. Ofte gjort i ei språkform som kan minne vel så mykje om middelaldersk som postmodernistisk.

Built a fire in the kitchen
made her bed by a stove
took a walk to the graveyard
but she didn’t want to go…

Sparklehorse er i det dystrare hjørnet. Låta heiter Morning Hollow, og er ein dvelande affære med harmonitilskot frå Sophie Michelitsianos og pianoklunking av Tom Waits. Den stammar eigentlig frå It’s a Wonderful Life-sessionen. Det er veldig greitt at den får vere med her likevel. På sitt aller varaste er Sparklehorse i den såre visa Return to Me. På sitt folkpsykedelisk mest melodivinnande og svalt sommarslepande er fyren i Knives of Summertime. På sitt aller røffaste er han når han ser sin kjære som ei Ghost in the Sky, i eit lydbilde som tangerer Hüsker Dü fakter. Slått hardt og klora kraftig blir det også gjort i den noko misvisande titulerte It’s Not So Hard.

Linkous har ikkje vore heilt vekke frå musikkverda desse fem åra. Han har produsert Daniel Johnston sitt Fear Yourself-album, levert nokre låtar til filmen Laurel Canyon, og prøvd seg på eit lite samarbeid med den eksperimentelle austerrikske musikaren Christian Fennesz. Og kanskje er det sistnemnte si meir ambiente side som har inspirert Sparklehorse til å komponere det avsluttande instrumentale tittelkuttet. Ti minuttar som skil seg ganske kraftig frå resten av spora. Eit gjentakande pianotema, støtta opp av luftige lydar frå chamberlin og mellotron, og forsiktig skaka av elektronisk skurr. Eit lydspor til fredfull tankevandring.

Dreamt For Light Years in the Belly of a Mountain er eit album som malar hausten i mange fargar.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Darden Smith – Field Of Crows

Standard

Han kom med sin Two Dollar Novels, for tjue år sidan. På Field of Crows er det meste nokså grått.

cover  Det er for så vidt mykje bra med utgangspunktet for denne plata. Inspirert av plater som Harvest (Young) og Five Leaves Left (Drake) tok Darden Smith med seg folk i studio og spelte inn 12 låtar i noko som verkar å vere ei avslappa atmosfære. Organisk samspel og ikkje studiobasert lydbygging (ikkje det at det nødvendigvis er noko galt med det siste). Energispakt, nedstemt og med haustfarga linjer til sine inspirasjonskjelder. Men der Nick Drake fekk dei fem siste lauva til å skjelve og leve i ein magisk melankolsk bris, fell dessverre det meste av Darden Smith sitt haustlige materiale til bakken i ei heller fargelaus drakt. Årsaka til dette ligg i den grunnleggande låtkvaliteten. Han presenterer få låtar som er forma på eit engasjerande og hugtakande vis.

Det var litt annleis i 1988. Året då Darden Smith si sjølvtitulerte andreplate (den første på eit større selskap) kom til verda i ein særdeles så habil skapnad. Han var ikkje den einaste som fekk til slikt på den tida. Siste halvdel av 80-talet gav oss fleire nye friske countryinspirerte namn (Steve Earle, Dwight Yoakam, Lyle Lovett, Nanci Griffith). Med ein aldri så liten countryklassikar som Two Dollar Novels på lomma og sterke låtar som God’s Will og Little Maggie luskande hakk i hæl meldte Smith seg på i klubben. Dei komande åra skulle han nytte til å melde seg ut igjen. Han vart kompis med engelske Boo Hewerdine. Saman gav dei ut plata Evidence. Ei til tider rett så fin plate forresten, der countrytonen blir tilført ein solid dose popfeeling. Ein retning Smith førte vidare på sine neste soloplater, men med mindre hell. Etter Little Victories (1993) plasserte eg fyren på sidelinja.

Når eg no i samband med Smith sitt siste framstøyt sjekkar litt opp i kva han har drive med dei siste 12-13 åra, ser eg det har komme ei og anna plata, og at Field of Crows er hans tredje på den habile Nashville-baserte labelen Dualtone. Ein del småjazzig visesang miksa med ein del avmålt countrymønstra tonelegging er i hovudsak det han byr på i 2006. Fleirtalet av låtane blir for like, for grå, og for middelmåtige. Men nokre viser litt igjen. Mary, om ein fråskilt far langt borte frå si vesle dotter, held seg med attraktive congas-rytmar og dugande melodilinjer. Golden Age har litt meir enn tittelen sams med ei Beck-låt, der den smyg seg fram i eit oppegåande akustisk bilete, og med finfin harmonistøtte frå Eliza Gilkyson. Ei dame som også hjelper til å dytte balladen Fight For Love eit steg og to fram frå den grå masse. Nennsamt og nedpå har eg vel sagt. Aller naknast er Satisfied. Den er best også. Ei enkel countryvise som er utstyrt med albumet sine venaste tonar, og mest interesseskapande tekstlinjer; «If I could love you like Elvis, Elvis back in ’62, hips on fire, full of desire, it wouldn’t be good enough for you».

Enten Smith oppfordrar til å Talk Me Down eller svingar seg diskret i Spinning Wheel, resten av songane han presenterer har lite å by på. Dermed blir det vel neppe noko anna enn eit heller anonymt hylletilvære for Field of Crows i framtida, tenker eg.

3/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Michelle Shocked – Don’t Ask Don’t Tell

Standard

Eit ruinert ekteskap, ei merkelig forvandling og ein funky «fest».

cover  Det nærmar seg tjue år sidan no at Michelle Shocked si debutplate kraup heilt til topps på dei engelske independent-listene. Med særdeles enkle midlar tok den engelske produsenten Pete Lawrence opp låtar som den då unge Texas-kvinna spelte rundt leirbålet under Kerrville Folk Festival i heimstaten sin. Spartansk, siriss-perkussivt og bålknitrande, og med meir enn dusinet fullt av eigenskrivne låtar viste The Texas Campfire Tapes (1986) fram ein tidvis løfterik og energisk artist. Michelle fylgde opp eit par år seinare med den meir konvensjonelt produserte, men kanskje vel så interessante, Short Sharped Shocked. Bitande og tonevennlig folkrock med ein gunstig snert country i årene. Og i tekstane kom ho med eit og anna utfall mot maktmenneske og systema deira, men for det meste opererte songane hennes på det mellommenneskelige og nære plan.

Som den opposisjonelle og eigenrådige dama ho var treivst ho ikkje i armane på det store plateselskapet Mercury. Og etter nokre års kamp kom ho seg i 1996 laus frå kontrakten. Etter den tid har ho sjølv hatt den heile og fulle kontrollen over utgjevingane sine.

Idet 2004 gjekk mot sin slutt fekk Michelle Shocked det fryktelig travelt med å spele inn musikk. I tidsrommet 12-31 desember spelte ho inn to plater. Og produktiviteten forsvann ikkje i løpet av nyttårshelga heller, så derfor spelte ho like godt inn ei tredje i januar. Nå er ikkje den samla speletida på platene lengre enn at låtane kunne blitt samla på eit dobbeltalbum. Når Michelle likevel vel å halde eit fokus på dei som tre separate utgjevingar (ei sanning med visse modifikasjonar, i heimlandet vart dei også tilbydd samla under vignetten Threesome) har det nok litt å gjere med at dei vart til i tre ulike studio med tre ulike produsentar. Samstundes har dei vel såpass forskjelligarta karakter at dei kanskje har det greiast kvar for seg.

Det beste albumet frå denne verksame tida er Don’t Ask Don’t Tell. Her femnar Michelle Shocked om eit relativt breitt felt av den Amerikanske musikkarven. Frå jazz via blues og country, og til ganske så heftig rockande saker. Texanaren Dusty Wakeman (som mellom anna har vore involvert i sterke plater av Lucinda Williams og Dwight Yoakam) er ansvarleg for produksjonen. Han spelar også bass, og har med seg på laget fire karar som tilsaman sikkert kan skilte med å ha deltatt på fleire hundre innspelingar. Erfaringa seier at slikt nødvendigvis ikkje treng vere det beste utgangspunktet for dei glødande seansane. Korleis det går her? Har definitivt høyrt daffare musisering. Sprekare også, men eg trur nok det går an å hevde at dei fem stort sett syter for at Michelle har ei meir enn solid nok sonisk støtte til å trekke det maksimale utav av låtane sine. Det blir aldri gjort forsøk på å bevege seg utafor oppgåtte spor, men spora blir stort sett forsert på vakent og inspirert vis.

Fleire av songane på albumet er farga av at Michelle sitt ekteskap gjekk i oppløysing like i forkant av innspelingane. Ho drar fram mange av kjensleaspekta ei slik hending kan vere årsak til. Ho gjer det utan å bli brysamt privat, sentimental eller pinlig uforsonlig. Ho gjer det med ei låtsamling ein kan finne meining i å konsultere. Men ho gjer det utan ei like dirrande nerve og storveges låtkraft som ein finn i dei verkelig store seperasjonsalbuma (Blood On the Tracks, Shoot Out the Lights, Heartbreaker).

I ein kort opningssekvens høyrer vi ei sint mannsstemme, og lyden av noko som blir knust (eit hjerte?). Ein liten kontrast er det då at låta som fylgjer i særklasse er albumet sitt mest idylliske. Jazzig og døsig skildrar Early Morning Saturday samlivslykke tidleg ein laurdagsmorgon. I eit liknande, om enn kanskje litt meir swingande jazzmønster lever også Hardly Gonna Miss Him og Goodbye. Men tekstlig er det meir smertelige ting som blir tatt opp i desse.

Heilt ned på kne finn ein aldri Michelle i desse songane. Smerta ho måtte kjenne på kontrar ho stadig vekk med små myndige stikk mot den andre parten. Som i den smygande og twangy Elaborate Sabotage. Eller den konvensjonelt poprockande Fools Like Us.

Albumet har forresten også nokre låtar med annan tematikk. Dei to som tilsaman utgjer albumet sin tittel høyrer med blant desse. Dei er også to av dei beste låtane på plata. Don’t Ask er ein coolt snikande og heit bluesy affære. Ein part Cpt. Beefheart, ein part Dr. John, og resten ei skarpt snakkesyngande Michelle. Historia ho fortel er av det noko surrealistiske slaget. Opningslinja skulle vel seie sitt; «Did I ever tell you about the time I was changed into a rabbit?».

Don’t Tell er på si side eit funky stampande R&B nummer som omhandlar konsekvensane av ein fuktig sommarfest nede ved Lake Pontchartrain. Der vertinna i ettertid blir saksøkt av ein hardt-drikkande festdeltakar for å ha neglisjert at han nesten drukna. Kva ho synst om det? «Wizzard is a gizzard, his chitlin» ain’t chit, and the whole town thinks he’s a chickenshit.»

Ho spelte inn tre, men ho kunne vel eigentlig ha nøydd seg med å gje ut denne.

5/10

cover  (Dei tre første dagane i Michelle Shocked sin hyperaktive fase spelte ho inn 10 låtar henta frå ulike Disney-filmar. Albumet er kalla opp etter den velkjente Pinocchio-hymna Got No Strings, og er Michelle og fem medmusikantar i full sving med å flytte kjente og mindre kjente tonar, som tidlegare har levd innafor temmelig så orkestrerte former, inn i eit meir ruralt landskap. Nærare bestemt eit landskap der western swing og bluegrass er dei toneangivande uttrykksformene.
Det sjudoble utbrettscoveret som denne plata (og dei to andre) kjem i, gjer eit forsøk på å illustrere den voldsame kontrasten mellom den fargeglade og vellykka Amerikanske Disneyverda og den grå og håplause situasjonen store deler av Afrika sine barn lever under. Som den aktivisten og solidaritetsforkjemparen Michelle Shocked er, nyttar ho høvet til å fylle opp coveret med informasjon om organisasjonen Save Africa’s Children og deira arbeid mot AIDS-pandemien i Afrika.

Dette utan at den dryge halvtimen med musikk som fyller opp albumet i seg sjølv fører tankane i retning globale dimensjonar. For den er som de sikkert har skjønt tufta på lite anna enn amerikanske tonar og kultur.

Medspelarane hennes på lap-steel, banjo, fele, slide-gitar, akustisk gitar og kontrabass skaper eit heiderlig om enn litt for einsarta bilete. Ideen om å gjenskape låtane i uvanlig sonisk form er ikkje dum. Det som er dumt er at Michelle ikkje lagar ramma for korleis lyden skal bli noko breiare.

Graset er på sitt blåaste i den banjokvikke Spectrum. Fela er frisk og Michelle like så i Pinocchio-låtane Give a Little Whistle og Got No Strings. Men etterkvart døyr interessa for seansen ut. Wish Upon a Star kjem i sin ørtande versjon, swingen blir sløvare, ei kjensle av rutine meir enn inspirasjon byrjar å tre fram, og den eine låten liknar den neste meir og meir (i langt større grad enn dei gjer i sine originale lydmønster).

Så når bjørnen Baloo sin signaturlåt Bare Necessities dukkar opp i nest siste swing er vel eg i grunnen langt meir freista til å putte Jungelboka i DVD-spelaren enn å klargjere ein ny runde med Michelle og venner.)

3/10

cover  (Mexican Standoff er plata som vart til under januardelen av innspelingane. Uttrykket Mexican Standoff blir ofte nytta for å illustrere ein fastlåst situasjon der ingen av dei involverte partane kan komme sigrande frå det. Det finst songar på plata som skildrar menneske i vanskelige situasjonar, og som Michelle sikkert kan ha tenkt tittelen i forhold til. Likevel trur eg nok den kanskje vel så mykje prøver å seie noko om dei musikalske kjeldene albumet har sprunge utav av. Mexico vs. USA, mariachi og conjunto vs. country og blues. Tex-mex.

Grovt sett kan ein seie at første halvdel av albumet hentar sin inspirasjon frå mexicansk kultur, medan andre halvdel kastar seg over den elektriske Texas-bluesen. Første halvdel er den mest varierte, og for så vidt beste. Utan at den på nokon som helst måte står klar for å gå inn i historiebøkene av den grunn. Blueshalvdelen kunne ho like godt ha gravlagd i ein grøftekant mellom Austin og Dallas for min del. Den kjem i standardiserte og konvensjonelle former, og er gitarfundert og til dels orgelfyldig. Tar føre seg den veldige elva, knallhard medisinering og like knallharde hjerter. Men den blør aldri, den bit aldri, den er berre doven og grå.

Det opnar ikkje så bra i mexicana-avdelinga heller. Det spansktestlige og brass-borne opningssporet Lonely Planet minnar for mykje om ein middelmåtig Gipsy Kings sak, og for lite om sveitt mariachi-glød til å overtyde. Ein anar ei svak betring i conjunto-balladen La Cantina el Gato Negro, utan at Michelle er heilt på heimebane her heller. Når ho kjem til spor tre, sluttar ho å synge på spansk. Fornuftig. Ho verkar med eingong mindre maniert. Wanted Man er ei enkel og habil vise om ei lovlaus sjel.

Den sentrale (og beste) låta på albumet er Picoesque. Her Michelle til veksande nesten gospel-liknande tonar gjer eit forsøk på å skildre bygningane, livet, stemninga og luktene langs Pico Boulevard i Los Angeles. Ei gate som har fått namnet sitt etter den siste Mexicanske guvernøren i California, Pio Pico (California var ein del av Mexico i tidsrommet 1822-46). Gata er også fyldig illustrert, i svart og kvitt, i albumet sitt sjudoble utbrettscover.

Det smartaste ho sannsynlegvis kunne ha gjort var å putte Picoesque inn på Don’t Ask-albumet, og latt resten av spora her gå i gløymeboka.)

2/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Shearwater – Palo Santo

Standard

Ein nestkommanderande tar for alvor over roret og lar ferda gå både i stille farvatn og på opprørt hav.

cover  Eg var vel ikkje akkurat smålåten sist gong eg skreiv om ei Shearwater-plate. Då gjaldt det utgjevinga Winged Life (2004), og det var faktisk få grunnar til ikkje å ytre seg i begeistra ordelag. Trur likevel eg tør hevde at det er her, her på Palo Santo, at Jonathan Meiburg for alvor slår ut vengene. Her driv han rundt i eit meir kontrastfylt landskap enn han har gjort før, og det gjer han med minimal hjelp frå compadre Will Sheff.

For dei som skulle vere uvitande om det, så har altså Meiburg vore ein av Sheff sine næraste medsamansvorne i fleire glødande tokter opp og ned Okkervil River. Shearwater har vore eit litt mildare stemt prosjekt frå dei to si side, der Meiburg sine idear har fått meir plass, men der likevel to/tre Sheff-låtar kvar gong kanskje har vist seg som dei sterkaste. På Palo Santo har ikkje Sheff komponert ein einaste tone. Det gjer ingenting, ikkje så lenge Meiburg stiller opp si sterkaste låtrekke nokonsinne.

Det er folkrock. Folkrock som i tone og vesen nok lener seg sterkast mot den engelske tradisjonen. Men det er meir enn som så, langt meir, for Meiburg stikk hovudet inn på andre territorium også. Skulle eg komme drassande med nokre referansar, ja så vil vel Spirit of Eden (Talk Talk) og Amsterdam Stranded (Midnight Choir) vere to av dei mest nærliggande albuma å trekkje fram. Hudlaust og desorientert, luftig og truande, der fundamentet er vakre og vanedannande melodiske løysingar framifrå kolorert med organiske lydmotiv. Meiburg si stemme kan dirre på kanten av å breste, som den skjøraste streng, for så nokre takter seinare å kaste seg inn i kampen med frenetisk styrke. Av og til er den klar og tydelig andre gonger skeiner den ut i utydelig uttale eller druknar og blir til ein bit av den instrumentale strukturen. Slik blir tonar og ord vevd saman til eit heile.

Jimmy Page snakka om lys og skygge, andre har snakka om dag og natt, støy og harmoni, stillstand og kraft, vakkert og stygt. Kontrastar som mykje av den beste musikken er bygd opp rundt. Det er i dette spenningsfeltet Shearwater driv rundt på Palo Santo, og det altså i sterkare grad enn på tidlegare framstøyt. Jonathan Meiburg forklarar seg slik (i eit intervju med See You In The Pit): «It sounds to me like we’re heading for something, aiming at someplace, somewhere otherwordly and lovely and a little bit evil, and that we’re closer now than before». Etter å ha vore midt blant tonane på Palo Santo nokre veker no, er det vanskelig å ikkje vere einig med han.

«Something is breathing in the air, something is moving in the water.» Med ei skjør tenorrøyst tett på øyra, og knitrande elektrisitet i det fjerne melder La Dame Et La Licorne sin komme. Brått ropar songaren i desperat fortviling «bring back my baby», og ein får det første bodet om at Shearwater har endå meir smerte å slite med og meir uvørden energi å halde styr på enn kva ein har vore vant med. Ein får erfare at varlige bølgjeskvulp ofte har ein storm på lur, og at eit audmjukt vesen av og til kan møte veggen og komme i retur som eit uforsonlig mareritt.

Det nemnte opningssporet set standarden, men Red Sea, Black Sea kjem ganske så fort drivande inn frå venstre og utfordrar den. Frisk banjoplukking blir overdøyvd av eit pågåande keyboard-tema, og eit Pixies-aktig refreng dyttar både lys og mørke inn på eit fargesprakande spor. White Waves seglar fram på eit smart el-gitarriff, og har ei melodisk form ikkje heilt ulik den Richard Thompson har meisla ut gjennom ein lang karriere. Medan den piano-bastante Seventy Four, Seventy Five får meg til å tenkje på John Cale sine Paris 1919 dagar. Tittelsporet er på si side ein stille flytande liten triumf, med gitarplukking i Bert Jansch-ånd. I same forsiktige kategori lever også Nobody og avslutningssporet Going Is Song, men med ein om mulig kanskje endå vakrare melodisk aksent.

Dei skarpast kvesste og mest vridde soniske øvingane dukkar opp i siste halvdel. Failed Queen vaklar og gneg seg fram med smattande perkusjon og såre fiolintonar i eit psykedelisk folkrock-bilde. Medan Hail, Mary går frå introvert fortviling over i ilskne åtak og tilbake igjen før den endar sine fem minuttar i eit glødande atonalt kaos.

Varleg og voldsamt, men framfor alt vakkert.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Sgt. Petter – A Mid-Tempo Frenzy

Standard

Kva med litt trivelig sjantis-pop sånn innimellom dei haustlege melankolibygene?

cover  Det kan vere greitt å flytte litt på seg. Ja, for elles står ein jo i fare for å gro fast. Og det er jo nødvendigvis ikkje så altfor lurt. Om ein ikkje har eit brennande ynskje om å bli eit ærverdig tuntre eller noko slikt, då.

No har vel aldri Sergeant Petter stått heilt i ro. På sine to første album bevega han seg med ledige skritt rundt omkring i eit utvida countryrock-uttrykk. Kor som er, på sitt tredje album har han flytta seg 44 museskritt vekk derifrå, og hamna inne på eit ganske så folksamt poprock-territorium. Takten han lear seg etter her varierer frå det avbalanserte til det meir oppjaga, men har eit tydelig hovudfokus på tittelen sin Mid-Tempo påstand. Men så altfor Frenzy er det ikkje. Ganske så hyggelig, vil eg no heller hevde.

Ganske så hyggelig har jo Sergeant Petter i grunnen vore heilt sidan It’s a Record sine dagar. Hyggelig, driftig, ledug og upretensiøs, med ei velutvikla evne til å fange gode melodiar. Sånn er han vel berre.

I kompaniskap med Kato Ådland, Yngve Sætre og ein liten gjeng musiserande bergensarar skaper han eit lydrikt bilde. Det er minst to måtar å skape eit slikt bilde på. Ein kan legge lag på lag med lyd for å konstruere eit overdådig bilde, eller ein kan la lydane skride fram meir etappevis og delt, og på det viset forme eit skiftande bilde. Petter og gjengen gjer som vanlig det siste. Ikkje i overpsykedeliserte eller frittflytande former, men meir etter ideen «ein banjo her, litt farfisa der, og så har jo sjeldan ei handfull munnspeltonar eller nokre steelgitar-tårer vore direkte øydeleggande heller». Eg opplever det som livgjevande krydring og næringsrikt tilskot, stort sett.

På sitt aller popfestligaste er albumet når Pulling Life by the Hair kjem i komplett ujålete, falsettsyngande og plystrande skapnad. På sitt kjappaste er det når klapping, spretne orgeltonar og popsmarte «ooh-oooh» jumpar fram i dagen og kallar seg Geeks R Cool. Og på sitt mest twangfulle er det når Petter med knekk i røysta syng I See It Clearly Now. Akustiske instrument dominerer, men det tar seg definitivt bra ut når han pluggar gitaren og skjerper strengene for Gone in a Second også.

Eit lite høgdepunkt er New Orleans-tributten Back to NOLA. Til friske men like fullt vemodsfulle countryfarga poptonar hentar Petter fram igjen eitt år gamle bilder frå «this god given town». Eit jazzy pianodriv kolorerer bakveggen saman med ein nennsam klarinett, Professor Longhair kikkar inn gjennom ein døropning i ei bule i Lake Charles, og trivselsfaktoren er for alvor i ferd med å sette seg.

Det er eit kort album, berre dryge halvtimen langt. Det rokkar ikkje grunnen under ein, eller får fram den store skjelven. Det skaper ikkje ufred, eller har stoff i seg til å bli grunnlag for dei omfattande diskusjonane. Men det skaper altså trivsel. Og av og til er det jo nett det ein treng, er det ikkje?

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Dan Sartain – Join Dan Sartain

Standard

Ein ustyrleg og fryktlaus ungfole frå Alabama sparkar og bit ifrå seg.

cover  Sist gong vi møttest stod Dan Sartain der med eit rep om halsen og ein vaklande krakk under beina. Han kom levande frå det. Denne gongen stirar han meg med eit gnistrande blikk djupt inn i augene, og rettar revolveren mot tinningen. På veggen bak han kjem ein stor raud masse til syne. Han kjem levande frå det denne gongen også. Veldig levande.

Det er ikkje fordi han ladar med lauskrut eller knyte svake knutar. Neida. Det er fordi den vaklande krakken trass alt heldt seg på beina. Det er fordi han brått rettar revolvermunningen mot taket og skyt eit spøkelse. Det er fordi Sartain, bakom desse to coverbilda, eigentlig ikkje er spesielt suicidal. Snarare er han vel heller fyren som går i strupen på problema enn han som lar dei blåse ut livslysta.

Dan Sartain er også fyren som aldri tek omvegane eller dei taktfulle sidespora. «I’m not the kind of boy who deals with nonsense» proklamerer han. Og eg trur han. Ja, du verden som eg trur han, der han kjem harvande mot ein heilt utan reserveløysingar i bagasjen. Kva som er taktisk lurt, eller politisk og sosialt korrekt affiserer ikkje jyplingen frå Alabama i særlig grad. I alle fall ikkje før han har ein sjalu ektemann etter seg. Då byrjar han å bli heimsøkt av ekle draumar, og ein viss anger tek til å melde seg. For korleis skal han komme heilskinna frå det ventande basketaket berre væpna med ein kniv så lenge den forsmådde ektemannen veivar rundt med ein pistol. Gun vs. Knife heiter låta. Det er tøft, og det er ukultivert.

Det er fleire av dei. Usminka, brennande og primitive. Med gitarstrengane spent strammare enn bogen til Einar Tambarskjelve og like desperat som ein svolten ulv i bur går Sartain til eit sonisk åtak væpna med melodiar inspirert av så vel Bo Diddley sine feststunder som skrotete garasjeparty på 60-talet og Jonathan Richman sine enkle og effektive tonetokt. Og så krydrar han med eit par avstikkarar til sørsida av Rio Grande.

15 låtar gjort unna på 37 minuttar. Det er med andre ord ikkje tid til å bryte treminuttars grensa her i garden. Vel, ein gong gjer han det. Med 1 sekund. Og då er vi komme til Shenanigans. Ein seig og barsk luring der Sartain kjekt hevdar at han ser ingen grunn til at kvinnemennesket sine narrestrekar skal bli tilgitt, for «it won’t hurt me, like it’s gonna hurt you».

Ein kan absolutt stille spørsmål med fyren sin sjelelige tilstand ved eit par høve. Som når han i den halslause sing-a-long saken Indian Ink gjev ordre om å «bring in the virgins and make the lights dim». Eller når han i det litt Pixies-slekta opningssporet Drama Queens slenger fram eit djevelsk «I’m happy that he died, ha-ha» for så nokre sekund seinare å endre det til eit sviande «tell him that I died, ha-ha».

Så det er vel ikkje ein komplett suspekt påstand å hevde at ein hos unge Sartain kan ane konturane av den same sørstatsgalskapen som har ridd folk som Roky Erickson og Reverend Horton Heat. Kanskje er det noko meir suspekt å hevde at galskapen er interesseskapande? Men det er den. I alle fall så lenge den kjem i songform og ikkje sprellar rundt i bukselommene i meir handfaste former.

I den melodisk grovkorna Second Coming slenger han på seg kjortelen til Jesus og hevdar at «it will be nice to walk upon the water, to talk again, with angels at my side». Medan han ein annan stad, i lite vennligsinna ordelag, syng ut om sine erfaringar med Young Girls; «young girls are stupid and they’re cruel, but I still want them, what am I gonna do?».

Han blandar det uforsonlige og det paranoide i den nådelause Hangers On. Og han har funne eit barskt gitar-riff på ei branntomt i nabolaget til You Really Got Me og You’re Gonna Miss Me, som han så har nytta til å gjere Thought It Over til eit drivande bøllefrø.

Vel, eg skal ikkje skravle meir, gakk heller hen og Join Dan Sartain.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Josh Rouse – Subtitulo

Standard

Tilbakelente tonar frå ein kvitmalt og solfylt veranda.

cover  I ein grenseoppgang mellom det sofistikerte og det livgjevande har Josh Rouse dei siste 7-8 åra kledd opp mang ein levedyktig poplåt. Frå å ha eit hovudfokus på det modererte i startfasen til at eit meir fyldig lydbilde omkransa tonane hans på seinare utgjevingar. Der den sjelfulle soft-rocken på 2003 utgjevinga 1972, og den popvitale og rikt sjatterte Nashville (2005) representerer førebelse høgdepunkt.

I år sit han på ein kvitmalt veranda i den vesle spanske havnelandsbyen Puerto de Santa Maria og berre nyt livet. Ny dame, sola varmar, Sangeriaen smakar friskt og roen rår. Det sorglause opningssporet Quiet Town luntar døsig av garde og prisar det late og stille livet i høvelige akustiske og vagt latinofarga former. Ja, det kan dukka opp Summertime-minner av mindre. Josh han «remember cigarettes, tube socks, sun burns and long blonde hair, watermelon, fingerbangin», Purple Rain and bein» cool». I det minna glir ut til venstre, dukkar dorske bossanova rytmar opp frå nabolaget. Det er sommar.

Subtitulo er ikkje Josh Rouse sitt beste album. Til det blir det vel litt for flyktig og skyfritt. På den andre sida, det er sommar. Og når det er sommar kan eg godt like å høyre ei låt som Jersey Clowns. Ei strykar og orgel drapert varleg vise om den hardtarbeidande fyren som kjem heim til den svikefulle dama si. Når eg tenkjer meg om trur eg faktisk eg kan synast om å høyre denne songen vinterstid også. It Looks Like Love derimot har ein meir sommaravgrensa tekstur. Ein sånn ein som høver til varme veranda-dagar i selskap med ein Shangriloe, men som står i fare for å komme litt til kort i andre samanhengar. Stramme rytmar, popfrisk og falsettyndig, og med eit stjerne-refreng: «There goes that melancholy feelin» again, it looks like love is gonna find a way».

Så sig ein kanskje vel godt på plass i fluktstolen etterkvart, og døser litt av. Men hei, der dukka det jammen meg opp ei damestemme. Paz Suay heiter ho visst. Saman med Josh syng ho om The Man Who Doesn’t Know How to Smile. Ein hardt prøva stakkar, men i det sommaren blir til haust får mannen faktisk noko å glede seg over. Fint. Eit endå litt skarpare drag av haust kjem duvande sånn heilt til slutt, i tilbakelente El Otro Lado. Vagt countryfarga tonar med lindrande evner.

Det er kanskje ikkje så mykje evigvarande substansiell profitt å hente utav Subtitulo, men akkurat no, no er det sommar.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Carrie Rodriguez – Seven Angels On a Bicycle

Standard

Med sin tidlegare partner in crime, Chip Taylor, luskande i bakgrunnen, solo-debuterer Carrie Rodriguez med countrytonar det er verdt å lytte til.

cover  Etter å ha stått ved sida av Chip Taylor gjennom tre album sidan 2002, har Carrie Rodriguez no funne tida moden til å gje ut si første plate under eige namn. Med god hjelp frå folk som Bill Frisell (den sjangervandrande gitaristen), Greg Leisz (som har spelt gitar, dobro og ikkje minst steelgitar med alt frå Bad Religion og Brian Wilson til Wilco og Lucinda Williams), Victor Krauss (den litt uortodokse kontrabassistbroderen til Alison) og ikkje minst Chip Taylor, presenterer ho seg i absolutt probate former.

Neidå, Chip Taylor er ikkje så langt unna denne gongen heller. Han står oppført som opphavsmann til dei aller fleste låtane her. Nokre skrivne saman med Carrie, men fleire aleine. Og han har sett sin velsigna leduge, modeste og organiske produsentsignatur på sakene (saman med Carrie).

På platene ho gjorde med Chip var Carrie vel så mykje felespelar som duettpartnar. Her er ho mykje meir songar enn felespelar. Litt dumt, kanskje, for hennar forfriskande omgang med felestrengene har nok meir karakter og særpreg enn det stemma hennar har. Utan at albumet flatar ut og forsvinn inn i anonymiteten sitt grå rike av den grunn. Slett ikkje.

Dette er countrymusikk som er blitt til langt unna Nashville sitt velsmurte maskineri. Det er countrymusikk som trør nærare der Lucinda Williams og Nanci Griffith har vandra enn der Shania Twain og hennar oljeglatte søstrer svevar rundt. Det er countrymusikk som kanskje ikkje alltid berre er countrymusikk, men også litt folksy, litt jazzy og litt funky.

Tittelkuttet kjem først, og kan vel seiast å vere albumet sitt høgdepunkt. Det er lengsel, men også lidenskap i røysta til Carrie når ho her heidrar minnet etter ein venn som omkom i ei trafikkulykke førre året; «Brooklyn Bridge on a bicycle, don’t he look good?»

Instrumenta snakkar med kvarandre, gjer plass for kvarandre, og skaper ei sindig og næringsrik samværsform. Ei form som også gjer opningar for at ein av dei kan stikke hovudet litt fram innimellom og vere i fokus. Som når Carrie sin ektemann Javier Vercher malar det siste minuttet av tittellåta med varme blåtonar frå saksofonen sin.

Med eit lite unnatak for den ertande og bluegrass-influerte Never Gonna Be Your Bride og den småsveitte og eggande ’50s French Movies held Carrie det stort sett gåande i eit makelig tempo. Seigt bakoverlent i bluesy I Don’t Want to Play House Anymore, eller med varleg strengetouching i melankolivakre He’s Already Gone.

Nokre av låtane har ein attråverdig og gruggen miks av religion, synd, lengsel og forakt. I den varleg dampande He Ain’t Jesus hevdar Carrie at elskaren er ingen frelsar og ho er ingen jomfru Maria, og at alle orda for kjærleik har ho pugga i ordboka berre for å tilfredsstille han. Medan ho i den ikkje heilt syndefrie St. Peter’s fortel at ho «went down to St. Peter’s last night, and throw myself on the knees in the dark».

Når ho avslutningsvis, i eit uannonsert ekstraspor, lar fela spele ei like viktig rolle som stemma, kjenner eg på meg at eg nok kunne tenkt meg litt meir av den sorten. Kanskje neste gong. Til dess kan det godt vere at eg slenger meg på baksetet og blir med Carrie og englane nokre turar til.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Robinella – Solace For the Lonely

Standard

Ei frisk dame med ein kosmisk amerikansk mikstur på programmet.

cover  Då Gram Parsons i si tid kom opp med sitt vidgjetne Cosmic American Music-omgrep, så var det vel mellom anna saker som dette han hadde i tankane. Ikkje det at Robinella og hennes menn matchar magien til Parsons, men måten dei miksar forskjelligarta deler av den amerikanske musikkarven inn i uttrykket sitt har så absolutt noko for seg.

Robinella, med etternamnet Contreras, er ein songar og låtskrivar frå Maryville, nær Knoxville, Tennessee. Det avgjerande startskotet gjekk av då ho i 1997 vart kjent med multi-instrumentalisten Cruz Contreras. Ho frå ein country-bakgrunn, han med jazz-studiar i emning. Dei to byrja spele bluegrass i hop, og så gifta dei seg. Under etiketten Robinella and the CCstringband kom det dei neste åra tre album. Der det siste (eit sjølvtitulert frå 2003) vart utgitt på storbedrifta Columbia Records, utan at det nådde øyregangane verken til underteikna eller så altfor mange andre av den grunn.

I dette fjerde forsøket er det den sympatiske Nashville-labelen Dualtone som er utgjevar. CCstringband er borte, men Robinella er slett ikkje aleine av den grunn. Her er flust med flittige strengetraktørar (og andre aktørar). Husbond Cruz gjer sitt på både gitar og mandolin (samt tangentar). Medan broder Billy Contreras sin fiolin, Bruce Boutoll sine pedal-steel innspel og ikkje minst produsent Doug Lancio sitt rikhaldige arsenal av lydtilførsel spelar viktige roller. I tillegg er her groove-kyndige bassistar og vitale stikke-svingarar. Ja til saman 14 namn står gravert med raude bokstavar på krediteringslista.

Tretten låtar med eit kosmisk stilspenn frå fjellfrisk country til orgeltung funk, med diverse nyansar av rock, jazz og soul innimellom. Forvirrande? Nei, trur ikkje det. Viss ein berre gjer Solace For the Lonely ein sjanse til å etablere seg vil det skiftande bilete virke interesseskapande langt meir enn springande og forsert. Waiting til dømes, ei låt Robinella har skrive saman med mannen sin, tar opp i seg både jazzblå, souldyppa og countryfarga element på heilt naturlig vis. Medan oppstemte og artige I Fall in Love as Much as I Can overtydar meg om at ei samansmelting av bluegrass og ragtime absolutt kan vere ein dugande idé.

Andre kutt lever i eit noko meir sjanger-stringent bilete. Der lever dei stort sett godt. Forførande, som ei Dolly Parton med rusk på stemmebåndet, i dei likeframme appalachian-visene Down the Mountain og Come Back My Way. Sårt og vakkert i balladen Teardrops. Og beint fram gripande i Whippin Wind, ei smertelig skildring om menneskelig undergang og død. Døden er også tema i soulpop-balladen Press On, men her er det sin eigen mortalitet Robinella skuar inn i: «See me someday sleeping softly, flowers draped across my knees».

Frå ein annan kant og i skarp kontrast til vare balladar og countryviser grev All I’ve Given seg fram som eit dampande jazz-groovande vesen. Så får det vere at dama innimellom, som når ho tar føre seg Melanie sin Brand New Key, sitt eige jazztrippande tittelspor eller det Wonder-influerte villsporet Little Boy, kanskje blir litt i grunnaste laget. Meir på feil side av Norah Jones enn på rett side av Billie Holiday for å seie det slik. Men det er ikkje der hovudinntrykket har festna seg. Slett ikkje. Det ligg nok heller og duvar der småfrekke Oh So Sexy sin felespreke countryfunk og Break It Down Baby sin jazzflørtande countrysoul gjer seg til kjenne; «hold me, squeeze me, swing and sway». Yepp.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)