Med tonar rota i rocken sin gullalder skaper unge Stenseng eit rufsete, vitalt og rimelig personlig bilde.
Med eit raft riff smugla ut av gitarkofferten til Keith Richards entrar Einar Stenseng podiet. Når den unge mannen drygt tre kvarter seinare tonar ut med eit brunstig «let’s dance» har han på vitalt vis svinga seg gjennom ei velkjent rock’n roll-løype.
Stenseng har sikkert fleire gode grunnar for å ha gjort plata i Berlin, den viktigaste er sannsynlegvis den at han bur der (og har gjort det i tre år om biografien talar sant). Historia seier at der dyrkar han bohemlivet, og dei gleder, plager og kreative stunder som det har å by på. Skal eg halde den ferske plata hans opp som eit sanningsvitne må det ha vore ein bra del av det siste.
I Claustrophobia lydstudio i Berlin har Stenseng i samkvem med ein internasjonal styrke miksa eit brygg der hovudingrediensane er vellagra tonar frå 1965, 1975 og årstala derimellom. Som dei fleste vel veit er det mykje gromt å spore der. Det underteikna tydeligast meinar å merke seg, når eg no har supa i meg ganske så dugelige dosar av brygget, er at hyllene der Rolling Stones og særlig Bob Dylan-stoffet er å finne må ha vore flittig frekventert.
Stenseng er som kjent ikkje den einaste som har forsynt seg frå desse hyllene. Ein annan som har gjort det både titt og ofte er Nikki Sudden. Ein fyr Stenseng har hatt mange barkonferansar med under sitt eksil i Berlin. Sudden var slett ikkje heilt fråverande under innspelingane av plata hans heller. Han er medprodusent, spelar gitar på fleire spor, og har låtskrivaransvar for eit par.
Stenseng høyrer ikkje med blant dei smålåtne eller spesielt nedtrykte av låtskrivarar og songarar. Han er vel meir fyren med pretensjonar og løfta hovud. Ein svermar, men og ein kynikar, ein dyrkar av myter og det frie og ansvarslause liv. Ein som kan både sin rock’n roll historie og sin litteratur historie. Erfaringa mi er at mange av hans slag har ein tendens til å gjennomføre opplegget sitt med lånt eller påtatt røyst. Det er ikkje særlig tillitsvekkande. Ein bør finne si eiga. Noko Stenseng gjer, stort sett. Og den er ung, men moden. Og den er fryktlaus. Den ropar «let’s drink to our love», og den hevdar kjekt at «you’re the sunsine of my life, but right now I need something a little more dim». Han er fyren med det halvfulle og ikkje det halvtomme glaset. Ein som neppe vil mumle eit ”this broken glass, and this broken heart is all this broken man has left”.
Ikkje det at han ikkje har sitt å stri med. Men det er det at når han går ned på kne eller står der som ein «clown in life’s great menagerie», ja så har eg samstundes ei sterk kjensle av at han kjem seg opp i ståande stilling igjen snart, eller at den nedverdigande rolla berre er eit forbigåande problem. For som han konkluderer den Ian Hunter-smitta (og ikkje Townes Van Zandt-stolne) balladen Columbine med; «have no fear for me my dear, I was not born to drown».
I det Stones-påverka opningskuttet Ride the Flood ser hovudpersonen sin kjære bli tatt av bølgjene midt under eit prosaisk pizzamåltid. Med sirenene frå Highway 61 Revisited ulande i bakgrunnen går Stenseng rett så aggressivt til verket i Dirty Girl. Ein tanke meir audmjuk er han i sine utfall til den attråverdige men akk så vanskelige Constance, sjølv om heller ikkje ho kjem frå det utan eit par ufine gloser i bagasjen. Låta har forresten ei form, melodisk òg tematisk, som vekker tankar om både Sara og Blood on the Tracks i meg.
I den umoralske og på kokepunktet sydande Oh, My Baby støyter vi på ein omtåka begersvingar på rømmen bort frå både kvinna, smerta og dagslyset. Medan vi i den kvasse balladen Leaving Jerusalem møter ein bannlyst fyr som ser sviket og umoralen komme krypande frå søppeldynga i Gehenna mot bymurane i den heilage stad. Konklusjonen er nådelaus: «I’m leaving Jerusalem, and I’m never coming back».
Men Stenseng kjem igjen, får vi håpe. La oss heve absint-begeret og skåle for det.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)