Category Archives: 2004

Jon Rauhouse – Steel Guitar Rodeo

Standard

Eit heilt album der steel-gitaren står i sentrum. Trur du det blir kjedelig?

cover  Eit heilt album der steel gitaren står i sentrum. Du trur kanskje slikt blir kjedelig? Ikkje når Jon Rauhouse frå Phoenix, Arizona styrer showet, ser du. Når han i tillegg har henta med seg mange av kollegaene sine på Bloodshot records, samt nokre eksentriske typar til frå Arizona, ligg jo forholdene brukbart til rette for ein rodeo-oppvisning der ein både vil fornemme lukta av svidd kjøtt, og få ein dose sandsmak i munnen.

På Jon Rauhouse’s Steel Guitar Rodeo er det 18 spor, sånn cirka jevnt fordelt mellom instrumentalar og nummer med vokale innslag. På fire av låtane er det nokre damer frå den alternative sida av countryverda som trer fram åt mikrofonen. Der byr dei, i selskap med Rauhouse og hans øvrige innleigde musikantar, på sangar frå eldre tider. Kelly Hogan gjer eit sterkt inntrykk både på Prisoner of Love, og ikkje minst gjennom sin slepne sang til tobakksrøyken si ære i Smoke Rings («puff, puff, puff»). Sally Timms frå The Mekons deltar med lågmælt vokal på ein nennsom versjon av Vera Lynn klassikaren White Cliffs of Dover. Og fabelaktige Neko Case gjer seg sjølvsagt på ingen måte bort med sin vemodig sang på River of No Return (ein låt Marilyn Monroe i si tid også hadde på programmet).

Jon Rauhouse sin næraste kompanjong er Tommy Connell, ein kar som utfyller Rauhouse sin strengeleik med tonar frå både akustiske og straumforsynte gitarar. Ellers dunkar John Convertino frå Calexico trommer på nær halvparten av spora, medan kompanjongen Joey Burns spelar bass og cello på eit par kutt. Og då er sjølvsagt Howe Gelb i nærleiken også. Han medverkar på Indian Love Call, ein affære der heftige trommer og kåte trompet-tonar utfordrar steelgitaren, før Gelb croonar inn på banen på sitt skakke vis. Rauhouse prøver seg også sjølv som sangar på nokre av låtane. Tilbakelente Wishin» og hyllesten til eit ekte cowboymåltid Corn & Coffee er i så måte virile tilfeller i ein Western Swing tradisjon. Meir over i eit skittent lende har han flytta seg når han syng lovprisingen til lediggang og latskap titulert Work Work (lagt til eit melodiregister ikkje heilt ulikt klassikaren Sixteen Tons).

Men det er steelgitaren og dens løp i ulike retningar som dominerer showet. Enten den er klangfull og jazzig som i Widowmaker og Roaches to Room Service, eller er ute på meir hektiske og svette utflukter som i den intrikate Powerhouse (ein melodi henta frå teiknefilm-land). Eller når Rauhouse tar for seg Perry Mason-temaet, og om ikkje gjer ein oppklarande versjon, så i alle fall ein spenstig ein. Hawaii-gitaren blir også dradd fram og sprer sine lengselsfulle tonar i Hamma Hamma Hula og Moa Lei» a’i. Medan Jennifer’s Breakdown er ein liten bluegrass-luring.

Jon Rauhouse er blitt leigd inn som musikar på ei rekkje plater dei siste 10 åra, helst i country-sjangeren. Steel Guitar Rodeo er den andre plate der det er han som styrer showet (den første bar tittelen Steel Guitar Air Show). Og ein flott mikstur av tradisjonsrik musikk er det han presenterer. Gjort på eit spenstig og medrivande vis.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Quinimine – Like Pistons For Engines

Standard

Montreal-kvartett utan hastverk. Tålsame og fine tonar gjort med ynde og stille kraft.

cover  Eit tåkelagt Montreal ein grå seinsommardag. Ut av disen kjem ein lyd. Ein langsom og tålsam lyd. Men høyrer vi godt etter finst her nyansar og rikdom i lyden. Det er Quinimine idet dei gjer seg klar til å fargeleggje den første haustdagen. Varleg og vakkert. Fargesettet heiter Beauty Pills. Pillene er klimprande og stadig meir dirrande gitartonar, og det er ei herre- og damestemme i dempa men intens samsang. Dei syng om olje, våpen, pengar som skiftar eigar, i ein kynisk og kaotisk menneskeskapt verden, som langsomt tar pusten frå oss;

Beauty Pills wash over,
breathing in and out,
and out again…

Vi er i byen. Blant betong og asfalt. Blant det vakre og det stygge, det gode og det vonde. Blant dans og strid. Medan seige stempelslag held den store motoren så vidt i gang, sit vi her og føler oss framandgjorte og nokså makteslause i vårt eige kaos.

Det er altså ikkje den stor optimismen å spore. Men der sommarfuglane framleis lever og der det vakre enno får utvikle seg (les musikk, dans, poesi, kunst og kjærleik) er det alltid eit håp. Midt i dette forsiktige håpet framfører Quinimine med ynde og stille kraft sine flotte tonar.

Dei varierer ikkje uttrykket sitt så mykje, desse fire canadierane. I femti minuttar og gjennom sju komposisjonar malar dei med langsame strøk eit vemodig bilde. Det er likevel i dei aller fleste feltene av bildet tiltrekkande tonar som blir nytta. Eit av desse felta ber tittelen Filaments og er ein orgel-dreven og xylophone-infiltrert affære som både gløder og duvar mens den med utsøkte tonar talar om «filaments and dusty colored eyes». Police Station Blues har cello-strøk og vag ørkenstemning. For Ribbons har slikt trist fiolin-krydder som underteikna nesten aldri får nok av. Nydelige fiolinpartier er albumet sitt melodiøse høgdepunkt Cold Monsoon også utstyrt med. I melodilinjer som nesten touchar country-terreng syng Gary Jansz med litt hjelp frå Alice Cantine om storbyen, om arkitekturen, om kaldt stål, hard betong, bruer og høge bygningar i vill uorden, og om «the cooooooooooooooold monsoon». Temaer dei tar med seg vidare inn i den avsluttande instrumentalen They Built Bridges To Build Skyscrapers.

Så vidt eg har klart å finne ut må Like Pistons For Engines være bandet sin første full-lengds-CD (den tretti minuttar lange EPen Filaments (2002) trur eg er det einaste dei har gitt ut tidlegare). Viss det då ikkje skulle være slik at dei har lurt ut noko via særdeles hemmelige kanalar ein eller fleire gonger sidan starten i 1998. Gary Jansz står fram som den mest sentrale skikkelsen i prosjektet. Han har ansvaret for låtskrivinga, all gitarlyd, samt hovedvekta av det vokale. På det siste feltet slepp han imidlertid til tangent-betrudde Alice Cantine ved enkelte høve. På stilt flytande That’s How We Learned to Dance får dama si yndige men skjøre røyst lov å spele hovedrolla, ellers blir det som tiltalande harmoni-deltakar ho dukkar opp.

Kven dei kan minne om? Eit litt livlegare Low eller Spokane. Eller kanskje eit litt meir dvelande Cowboy Junkies. Dynamikk og eit luftig uttrykk innanfor dei noko avgrensa rammene klarar dei også å få til.

Musikk for attletne auger og fredfulle stunder.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Grant-Lee Phillips – Virginia Creeper

Standard

Ein fin sangar med hyggelige tonar, men ikkje alltid like engasjerande.

cover  Den tidlegare frontfiguren i det fine rockebandet Grant Lee Buffalo er for tredje gong på banen med eit soloalbum. For underteikna vil Grant Lee Buffalo sin debut Fuzzy (1993) bli ståande som ein av det tidlege nitti-talet sine mest utsøkte opplevingar. Folkrock i eit stort bilde. Eit Waterboys frå den amerikanske prærien, med frontfigur Grant-Lee Phillips si sterke røyst som viktigaste bidragsytar. I mine øyrer klarte imidlertid aldri bandet heilt å følge opp denne debuten. Dynamikken, leiken og spenningen vart ikkje fullt så godt haldt i hevd på dei tre neste utgjevingane. Det er eit problem som og ser ut til å vare ved i mannen sin solokarriere. I alle fall er dette mitt ankepunktet i forhold til Virginia Creeper. Den har ingen direkte svake låtar, men spensten og variasjonen i melodiføring og arrangement blir oftare enn eg likar for liten til at det blir den store opplevinga eg hadde håpa på.

Albumet er fullt opp med ein bunke låtar som stryk medhårs. Det er dyktig spelt, knirkefritt og absolutt hyggelig. Men cirka halvparten av spora blir så hyggelige at dei nesten forsvinn inn i anonymiteten.

Ikkje det at eg har noko imot den akustiske og bortimot «straumlause» sfæren mannen oppheld seg i her (akustisk gitar, fiolin, steel, dobro og sånt). Det har mang ein gong komme livskraftig og storveges musikk med slikt eit utgangspunkt. Men Grant-Lee sine ord og melodi framstøt klarar, i si dempa tonedrakt, altså kun stundevis å kitle sjela. For å trekke ein parallell til ein som har operert i det samme lendet, Ryan Adams, kan vi kanskje seie at det blir for mykje Gold, og dessverre for lite Heartbreaker.

Tydelegast kjem desse problema til syne i plata sin første halvdel. Lily-A-Passion er unntaket, her kjenner ein nemlig igjen Phillips sin raffinerte melodiføring frå Fuzzy-tida. Ein lealaus men elegant affære. Sangen oppkalt etter western legenden Calamity Jane er ein frisk og ganske så trivelig sak som fører oss over i andre avdeling. Og her har faktisk alle låtane, bortsett frå litt tafatte Fat End of the Night, noko å by på. Den banjodrevne Josephine of the Swamps er både litt gyngande bluesy og litt countrymystisk, og ein solid låt. Susanna Little er ein pianoballade om Grant-Lee si indianske tippoldemor. Ein opprivande tekst med eit tiltalande tonefølge. Wish I Knew er herr Phillips i eit leikande hjørne, ein inspirert litt jazzig shuffle sak, i grenselandet mellom noko Van Morrison og nevnte Waterboys kunne funne på. Han avsluttar med den nydelige Gram Parsons låta Hickory Wind. Ein låt det nesten ikkje går an å feile med, og det gjer heller på ingen måte Grant-Lee.

Så når alt kjem til alt kryp det heile seg faktisk på plass til slutt, berre synd at ein måtte gjennom litt dødvann i starten.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Britta Phillips & Dean Wareham – L’Aventura

Standard

Luna frontmannen i tospann med sin bassist serverer svale tonar. Fint, men kanskje ikkje så mykje meir.

cover  Det går absolutt an å seie fine ting om Britta Phillips og Dean Wareham si første plate som duo. Men å flytte det meste her opp på Lee Hazlewood og Nancy Sinatra nivå, slik eg ser presseskrivet prøver seg på, blir kanskje litt vel drøyt. Det blir også litt feil i forhold til at det kun er dei to første spora som er regelrette sang-duettar. På resten av plata byttar Dean og Britta på rolla som berande vokalist, medan den andre trekker seg i bakgrunnen og hjelper til med litt «anonym» kor-innsats. Duett-sang av den fine sorten får vi imidlertid oppleve når åpningsporet Night Nurse presenterar seg i strykarsterk og lysten Some Velvet Morning-liknande drakt (jadå, Lee og Nancy koblinga er ikkje heilt fjern akkurat her). Det neste sporet, den maskintromme-drevne poplåta Ginger Snaps, kan og vise til driftig duettering. Men når Dean overtar mikrofonen åleine i ei lett smygande utgåve av Madonna-låta I Deserve It (frå Music), er han atskilleg nærmare sitt gamle Luna enn vokal-duettantar frå 60-talet.

Luna-frontmannen og hans syngande bassist Britta Phillips har altså latt band være band for ei stund og laga ei lita, og slett ikkje heilt ueffen, duo-plate. Ei plate der drøyt halvparten av låtane er cover-versjonar. I tillegg til nevnte Madonna-tilfelle, prøver dei seg på både The Doors sin Indian Summer (litt slapp utgåve), Silver Jews-låta Random Rules (i nøktern framstilling), ein gammal Buffy Sainte Marie-sang kalla Moonshot (melodifin folkrock) og Mazzy Star-forgjengarane Opal sin Hear the Wind Blow (fin nok, men manglar litt av originalen sin intensitet). Den heftigaste av coverlåtane er Threw It Away, ein sang henta frå repertoaret til ei for meg ukjent dame med navn Angel Corpus Christi. I Dean sine hender blir den ein straight men avgjort sympatisk gitarbasert poprock-sak. Litt Television (sånn à la Adventure) og litt Lloyd Cole (sånn à la Rattlesnakes).

Når vi først er så godt i gang med å ramse opp låtane, kan vi jo like godt nevne dei tre siste, og Britta Phillips sungne. Out Walking og Your Baby er habile seint på kvelden slørete greier som Britta sjølv har komponert. Endå djupare inni slike stemningar er Dean Wareham skrevne Knives From Barbaria der Britta kviskre-syng i sensuelle vendingar, rundt eit pågåande la-la-la refreng. Alle tre er for øvrig forsynt med stilfulle vibrafoninnslag av ein Sean McCaul.

Sjølv om L’Avventura har sin håndfull med spor det er problemfritt å utrope som fine stunder, tenderer den og opp mot det meir animerte andre stader. Den modererte framstillingen og det tildels monomane lydbildet skapar ikkje hjertebank av det hastige slaget, akkurat. Men det finst jo absolutt tidspunkt der slik tone-framferd har sin misjon også.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Papa M – Hole Of Burning Alms

Standard

På menyen står instrumentell musikk som bevegar seg inn og ut av eit tålsamt og velproporsjonert repetitivt landskap.

cover  Eg skal på ingen som helst måte prøve å gje inntrykk av at eg har den fulle oversikt over alle konstellasjonar og utgjevingar Papa M har vore ein del av. Det eg imidlertid veit er at bak signaturen Papa M skjuler multi-instrumentalisten David Pajo frå Louisville, Kentucky seg. Sidan slutten av 80-talet har han mellom andre spelt med Slint, Tortoise og The For Carnation. Som soloartist har han operert under fleire pseudonym der bokstaven M spelar ei viktig rolle. Det kan imidlertid virke som han no har slått seg litt til ro med Papa M signaturen. I alle fall har ikkje underteikna registrert nokon utgjevingar under andre navn på denne sida av årtusenskiftet.

Det er no gått drøyt to år sidan han gav ut si første plate der det sangbaserte fekk være i sentrum, 2001 sin fine Whatever, Mortal. Hole of Burning Alms er ingen direkte oppfølgjar til den, men ei samling av 12 låtar opprinnelig gitt ut som EPar, singlar og spor på samlingar i tidsrommet 1995-2000 under ulike M navn. Med tanke på at dette er sett saman av ting spelt inn over ein så pass lang periode heng det overraskande godt saman.

Albumet består i all hovedsak av instrumental musikk. Det mest toneangivande instrumentet er Pajo sin elektriske gitar. Men vi snakkar ikkje om elektriske overhøvlingar. Langt ifrå. På menyen står stort sett folk-inspirert rock som bevegar seg inn og ut av eit tålsamt og velproporsjonert repetivt landskap. CDen er tettpakka (78 minuttar), så her er det mykje musikk for penga. Kanskje litt i meste laget, til og med, utan at eg heilt klarer å finne spor eg kunne tenkt meg å skvise ut. Men det er kanskje noko med den einsarta fargen på drakta, som gjer at ein av og til kan få lyst å rope etter litt andre kolørar også.

Men nok om det, for eg har for så vidt ingen problem med å trivast i dei einsarta landskapene Pajo ferdast i frå Safeless til Xmas 1997 heller, eg. Langs ufruktbare åkrar, gjennom golde prærieområder, over karrige fjellpartier klarer Papa M i sin egale men likevel vitale omgang med tonane å finne spor av både liv og ånd. Dei ulike spora får god tid til å gje seg til kjenne, byggje seg opp, byggje seg ned, virvle litt rundt og dvele lenge ved sentrale tema. Dei som kjenner bakgrunnen til mannen veit og at han ikkje er ute på noko flinkis-kjør, men ser det heller som si oppgave å postere dynamisk søkande og melodifine lydspor langs ruta han trakkar.

Når vi kjem til spor sju trør M litt utav traséen, og gjer albumet sin einaste ordentlige songbaserte melodi, Last Caress, ein sak han har lånt av punkbandet Misfits. Men det er ikkje mykje punk-manerar over Papa M si skånsomme utgåve. Den 13 minuttar lange Travels In Constants skil seg og litt ut frå resten av tonen på albumet, spesielt det fem minuttar lange midtpartiet med hissige electro-beats.

Blant albumet sine aller friskaste tiltak finn vi Up North Kids no. 2. Med ein effektiv bassgang strålande mandolin-liknande strengeleik og eit stadig veksande lydbilde står den fram som eit driftig nummer vel verdt å besøke fleire gonger. Det samme gjeld også den 16 minuttar lange utgåva av Turn Turn Turn, som The Byrds gjorde kjent ein gong i forrige århundre. Papa M mekkar her saman Byrdsk jangle og nennsom Velvetsk droning til ei monoman men ikkje så reint lite medrivande ferd inn i eit suggesivt fantasiland.

Kort sagt, flust med musikk som fôrar det indre kinolerretet med passelige mengder dunkelt stoff. Og slikt kan ein jo like.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Nick Cave and the Bad Seeds – Abattoir Blues/The Lyre of Orpheus

Standard

Frå slakteriet til blomsterenga, frå avgrunnen til himmelsk spurvedans. Cave er i kjempeform.

cover  Heilt sidan eg for første gong vart oppmerksom på mannen (tidleg på 80-talet), har eg prøvd å være der kvar gong han har sett seg ned med nye kort for å spele spelet sitt. Det har mang ein gong vist seg å være lurt (djevelsk lurt). Ja, eg tek enno rett som det er turen innom og spolar tidsuret tilbake til dei lokkande flammane som oppstår når kort som Tupelo, Mercy Seat og City of Refuge vert spelt. Men det er ein del år sidan no at det verkeleg slo gnistar rundt Nick og hans medspelerar. Ti år for å være nøyaktig. Den gong han banka sin Red Right Hand i bordet, for så å røske av seg skjorta og blotte ei ildraud melding på brystet; Let Love In. Og med lengsel i blikket stirra etter ho som var Nobody’s Baby Now.

Ja, det var tider, det. Kanskje gjekk han litt tom, kanskje delte han seg sjølv for svake kort, eller kanskje var det slik at han ikkje lenger klarte å spele dei like smart (djevelsk smart). I alle fall; enten han kalte spelet mordarballadar, ein båtutleigar sitt rop, eller kom med lovnader om aldri meir å skiljast, noko av den gamle intensiteten var ikkje heilt med på laget lenger. Og riktig så gale gjekk det her for ein atten månader sidan. Då satt han der med ei særdeles svak hånd kalt Nocturama, og saman med banden sin spelte han den rett så skjødeslaust i tillegg. Derfor er det med ein del tvil eg nærmar meg spelet denne gongen. Fanden og, han har jo funne på den ville idé å dele seg sjølv to hender. Dette kan han aldri komme heilskinna frå, eller?

Eg er lettare sjokkert. Hjarta mitt dunkar og eit glis har sete seg fast midt i fjeset. For med begge hendene fulle av sikre vinnarar har Nick Cave og hans Bad Seeds nettopp gjort unna to rundar, der det infernalske har delt plass med det vakre, der det djevelske og det guddommelige har blitt parallellkobla, og der det kraftfulle og det varlege har slutta seg saman i perfekt dynamikk. Eller for å seie det litt mindre pompøst; Nick Cave har funne tonen. Den som kun glimtvis har vore på bordet dei siste ti åra.

Spelet er for så vidt det same gamle velkjente. Det er absolutt ikkje like frenetisk og overoppheita som i mannen sine yngre dagar. Men det han skulle mangle av dristige utspel tar han igjen i smart struktur, sterk melodikk og generell rutinert faenskap.

Seks månader før innspelingen tok Nick med seg tre av sine dårlige frø (Warren Ellis, Jim Sclavunos og Martyn Casey) til eit fire dagar langt vorspiel i Paris. Der spelte, leikte og improviserte dei fram ein bag full av musikk. Med dette under armen, og i bakhovudet, vitja Brighton sin mørkaste mann sitt kontor jevnlig den neste tida, og skapte ord og tonar av høg verdi. Når det så var dags for å møtast i studioet, var det ein mann som mangla. Det kanskje dårligaste frøet av dei alle, avantgarde gitar-maestro, og kvalitetssikrar mot altfor safe løysingar, den syltynne Blixa Bargeld. Men det merkelige er at når den villaste katten har reist sin veg, tek dei andre til å frese meir enn dei har gjort på mange år. Kanskje er det dei innbudte gjestene som har litt av skylda også. I lyset rett i fronten for det store spelet står nemlig London Gospel Community Choir, full av vitalitet og elegant sangglede.

La oss ta opp den venstre bunken, den som er merka Abattoir Blues. Den virkar nemlig å være mest utålmodig av seg. Og sannelig spelar gjengen ut ein vinnar med ein gong. Get Ready For Love er høgoktan gospel møter kvass gitarlyd i eit adrenalinfylt stormangrep, og blæs bordet fritt for alt svineri. Men når det er Cave som styrer sakene dukkar jo slikt fort opp igjen (svineri, altså). Allereie i Cannibal’s Hymn er tonen ein litt anna; «but if you’re gonna dine with them cannibals, sooner or later, darling, you’re gonna get eaten».

Hiding All the Way er inspirert blues i sterk melodidrakt med raffinert kortilsetjing. Den kryp, sparkar og gløder, før den forlet scena i eit monumentalt drønn, og eit gjentakande; «there is a war coming». Så neidå, den førtisju år gamle utvandra australienaren set seg ikkje tilbake og betraktar livet rundt bordet med livstrøtt nonchalanse enno. «I just want to move the world» syng han i storslåtte There She Goes My Beautiful World. Eit pretensiøst ynskje kanskje, men meir uttalt utifrå fortviling enn arroganse. Sangen er nemlig ei desperat bøn frå ein låtskrivar med idétørke. Nature Boy på si side flørtar med poptonar, Steve Harley sin Make Me Smile, og er ein hyllest til dei vakre ting (fuglar, blomar og ho som «moves among the shadows, floats upon the breeze»). Vakre saker og ting er det nok ikkje som ligg fremst på prioriteringslista til paret i tittelkuttet, ein giftig og lumsk slakteri-blues som når sitt maksimum idet Cave og gospelkoret vandrar saman over denne brua;

Everything’s dissolving, babe, according to plan
The sky is on fire, the dead are heaped across the land
I went to bed last night
and my moral code got jammed
I woke up this morning with a Frappucino in my hand

Då trur eg vi vender oss mot den høgre bunken. Kortet på toppen begynner nemlig å gje uttrykk for å ville bli snudd. The Lyre of Orpheus, som både er tittelen på første utspel og heile runden, er ein 14 vers lang Cave-vridd og ekstra dyster variant over den kjente greske mytologiske tragedien, til tonar som både bender stål og stirar ned i avgrunnen. Det skal bli noko meir venlegsinna etterkvart. Eller ganske fort, egentlig. Breathless er ein fløytedrapert calypso, melodiflott og full av håpefull lykke. Men Cave likar ikkje å være på den lyse sida for lenge. Og i den snakkesyngande Babe, You Turn Me On er det meste i ferd med å ramle i hop. Medan omgangen sitt mest fandenivoldske øyeblikk kjem når heile The Bad Seeds stemmer i med kraftfulle «Hey! Ho!» på den virile jokeren Supernaturally.

Trumfesset klaskar dei i bordet heilt til slutt. Eller klaskar er vel ikkje heilt korrekt, for det er nok meir riktig å seie at det blir ømt plassert der. O Children er langsom og vakkert vaklande lutring, som når sitt klimaks i det Cave og gospelgjengen i fruktbar samklang hoppar på «the train that goes to the kingdom» i songen sin andre og siste del.

I sanning to innhaldsrike rundar.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

New Black – New Black

Standard

Ein drøy halvtime rytmesterk og balstyrig virilitet som tar kvelartak på dei fleste krav om fornyande framferd.

cover  Rockemusikken har vel, når alt kjem til alt, ikkje vore utsatt for altfor mange tilfeller av grensesprengande nytenking dei siste ti-tolv åra. Både av musikken som når ut til eit større publikum, og blant den delen som kun vinn åtgaum hos kritikarane, er det meste rock’n’roll-suppe kokt på ein etterkvart ganske så tynnslitt spiker. Like fullt er det eindel som klarer å lage vitale brygg av denne ingrediensen, mens andre igjen kanskje burde funne på noko heilt anna.

Ved første gjennomhøyring noterte eg også New Black på sistnemnte liste. Så viser det seg altså, etter litt fleire rundar, at det var ein litt forhasta slutning. For her er det absolutt kraftige spor av heftig rock’n’roll søl. Slett ikkje originale tonar og takter, men eit pågåande og friskt selskap. Hadde plata komme ut på tampen av 70-talet kunne den nok til og med ha funne sin plass i rekka av den tida sine små seinpunk og New Wave bragder. Wire, Blondie, B52’s, Siouxsie & the Banshees, lista er lang. 25 år og haugevis av kvasse tonar seinare blir det kanskje ikkje fullt så blendande. Men ein drøy halvtime rytmesterk og balstyrig virilitet tar likevel kvelartak på dei fleste krav om fornyande framferd.

New Black er ein kvartett frå Chicago som består av to damer og to menn. Aller mest utav seg gjer gitarist og vokalist Patti Gran, som med ei stemme i Siouxsie Sioux/P.J. Harvey-leie piskar låtane pasjonert og energisk avstad. Ho er ikkje heilt åleine om å synge i bandet, bassist Liam Kimball tar og sin tørn i så måte. Kanskje ikkje fullt så overbevisande, men effektivt nok. I begge samanhengar er det imidlertid mykje kjensler frå eit kaotisk kjærleksliv som blir detonert. Rachel Shindelman sitt hissige keyboard-spel, og Nick Kraska sine fyndige angrep med trommestikkene gjer og sitt til at bandet sin albumdebut blir dette relativt skarpskodde opptrinnet.

Av låtane høyrer den Pixies-i-kamp-med-B52’s saken Last Wave, og det funky frontalangrepet Booze Olympics til i fremste rekke. Dei følger like i hælane på det lidenskapelige glansnummeret Twisted Lips. Ein gloheit affære der det kan virke som om gjengen har snoka litt i 70-tals sakene til Patti Smith. Med utgangspunkt i låtoppbygginga og i tittelen sin likskap med Smith vendingar som «twiste-lettes» går i alle fall underteikna rundt og ser på den som ei slags primitiv utgave av legendariske Land.

I det heile skaper kvartetten eit lydbilde som ber i seg mykje frenetisk dynamikk. Låtar som heile tida er på veg mot noko, og som i sin kvilelause og driftige fasong stadig utfører både temposkifter, volumskifter og sceneskifter. Slike lyd-pusherar er det sjeldan kjedelig å være i selskap med.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Nina Nastasia – Dogs

Standard

Sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel.

cover  CVen til Steve Albini som produsent, lydmann og slikt er blant nyare rockehistorie sine mest imponerande. Pixies – Surfer Rosa, Nirvana – In Utero og Palace Music – Viva Last Blues, berre for å nemne tre. Nina Nastasia har gitt ut tre album, og alle er med Albini i produsent/teknikar-rolla. Eller dokumentator som han sjølv kanskje ville kalt seg. Nina sin debut Dogs har Albini opphøgd til ein av sine absolutte favorittar: «Dogs is a record so simultaneously unassuming and grandiose that I can’t really describe it, except in terms that would make it (and me) sound silly. Of the couple thousand records I’ve been involved with, this is one of my favourites, and one that I’m proud to be associated with.»
Store ord med tanke på alt den karen har hatt fingrane borti. Men, slett ikkje ufortjent.

Nina Nastasia flytta frå Los Angeles til New York på midten av 90-talet. Låtane på Dogs vart til over ein femårsperiode. Dei vart spelt inn på tampen av forrige årtusen, og frå tidleg i 2000 distribuert gjennom Nina sin eigen label Socialist Records. Lageret på 2000 eksemplarer gjekk i løpet av eit års tid tomt, og eit nytt blei aldri trykt opp. Nina fekk så kontrakt med Touch and Go Records, og gav dei neste åra ut albuma The Blackened Air (2002) og Run to Ruin (2003) på denne labelen. Og nå i 2004 gjer Touch and Go så debuten tilgjengelig på nytt att, til glede for alle oss som gjekk glipp av den i første runde.

Nina er ein sjeldan fugl i dagens musikkverden. Ein singer/songwriter med sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel. Ei dame som ikkje skuar i retning vedtatte normer for låtoppbygging, som tør å leve litt på sida av det gjennomsnittlege og sjølvsagt vinn mykje på det. Først og fremst fordi dei ulike angrepsvinklane ho nyttar seg av gang på gang skapar praktfull dynamikk. Der ute på kanten, der det nennsomme rett som det er blir utfordra av det desperate. I det eine augneblinket kjempar ho mot lumske kastevindar, i det neste lener ho seg tilbake ei stille morgonstund, for så kanskje like etter å vitje skuggane i skumringstimen. På det tekstmessige plan er det vel sistnemnte tilstand som oftast blir frekventert. For Nina lar oss ofte møte kvinner og menn som stirar katastrofen i augene, som har eit hjarta innkapsla av bitande og angstfylte gifttrådar, som har mista grepet på tilværet, og der utfallet sjeldan ser ut til å bli av det gode. Siste setning i eit utval songar:

«I’m in oblivion, I’m dead»
«He wipes his brow and steps inside to play within the rules»
«I tried to stay, but curiosity kills me»
«There’s no one to help her, no machine can keep her»
«But I don’t think I’ll stick around this time»
«He doesn’t see me»
«All your life, you couldn’t win»

Det er aldri snakk om overforbruk av ord i tekstane til Nina. Ho teiknar minimalistiske bilder, skrelt fri for forstyrrande elementer. Nokon gonger er ho direkte, andre gonger er det meir diffust og antydande. Det er vel heller ikkje tilfeldig at albumet heiter Dogs, då nettopp dette dyret dukkar opp både i eigen skikkelse og i meir metaforiske samanhengar ved fleire høve. Mest sentralt i A Dog’s Life, som er ei gjenfortelling av ein surrealistisk og ikkje heilt behagelig draum. Ubehag i våken tilstand blir skildra i Underground; «I’m awake, I know ’cause I’m afraid of every little thing, It makes me think of you». Ein låt som også er eit skuleeksempel på korleis Nina raffinert dempar dei siste orda i verset, før ho, med hjelp av cello og fiolin, set inn fullt angrep i refrenget. Vi blir utsett for raffinerte musikalske krumspring om øydelagte kjensler i praktfulle Stormy Weather. Og resignerte ytringar i sjelfull innpakning i den lågmælte og intense All Your Life. I Judy’s In the Sandbox nyttar ho metaforar frå barndommen sitt rike for å illustrere tilhøve som nok er vel så aktuelle blant vaksne. Og Stephen Day filar fram ein del skitne tonar frå celloen sin, sånn for riktig å understreke den beiske stemninga. Og nett herr Day saman med Juliann Klopotic på fiolin er viktige for resultatet på Dogs. Deres vekselsvis tonale og atonale ferder sender mange av låtane i retningar dei nok ikkje hadde fått vore med på med eit meir ordinært gitar, bass, tromme oppsett. Eit element som rett nok er endå sterkare tilstades på hennes siste verk Road To Ruin.

No er alt som kjent relativt, men Dogs ligg nok derfor litt nærare eit konvensjonelt singer/songwriter-mønster enn Nastasias to neste album. Samstundes er melodistyrken i låtane minst like solid her som på hennes seinare utgjevingar. Gitarplukkande Nina-aleine tilfeller som Too Much In Between og 4yrs har avgjort kraft så dei klarer seg, kun på grunn av sine fine melodilinjer. Den tradisjonelt gitar/bass/tromme utrusta, lindrande og faktisk litt optimistiske The Long Walk har heller ikkje noko problem med å falle i smak. Men det er i meir uortodokse nummer som Smiley at Nina Nastasia verkelig trollbind. To instrumenter; Nina sin elektriske gitar og Joshua Carlebach sitt trekkspel. Ingen fiksfakserier, veldig enkelt. Nina slår ein akkord på gitaren, og mens ekkoet frå denne gradvis døyr ut syng ho verselinja. I det som kanskje kan kallast eit refreng (hos Nina står ikkje slike begrep nødvendigvis på programmet) smyg Carlebach seg med.

Forførande vemod.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

The Mountain Goats – We Shall All Be Healed

Standard

John Darnielle er tilbake, med sin hardt stramma akustiske gitar, sine dystre meldingar, og velskapte melodiar.

cover  Det er ein dyster verden John Darnielle teiknar konturane av på si nye plate. Vel, i grunnen er det forresten meir enn konturar han rispar inn, det er nok heller bilder i svart, brunt og raudt, malt med vannfaste fargar. Intenst, brutalt og med små behov for å pynte på realitetane, serverer mannen tirader med grovkorna meldingar. Ubehagelige situasjonar, vanskelege minner, framandgjering, forurensing (både i jord og sinn) og ein snikande paranoia-tilstand er nokre av stikkorda. Slett ikkje lettfordøyelige saker, med andre ord. Faktisk blir det slik at vi nesten lyt gripe fatt i albumet sin tittel, We Shall All Be Healed, for å få ei forståing av at mannen tross alt ser eit håp.

John Darnielle og hans laust ansatte medhjelperar i Mountain Goats er ute med sitt 12. album sidan debuten i 1995. Ein produktiv mann, altså. Underteikna har på langt nær gjort seg kjent med alle desse utgjevingane. Strengt tatt er det vel berre 2002-albumet Tallahassee eg kan seie å ha besøkt i særlig grad. Den plata var også fjellgeitene si første i litt hi-fi liknande omgjevnader. Utan at verken den eller årets framstøt kan seiast å være smøring av øyregangane til lydentusiastar av den grunn.

Darnielle er væpna med ein til brestepunktet hardt stramma akustisk gitar, som han med frenetiske fakter hamrar tonar utav. Han er også innehavar av ei nasal stemme som innbitt manar fram til tider svært så fint melodi-utstyrte utredningar. Målt mot nevnte Tallahassee varierer han kanskje uttrykket ein aning meir denne gangen. For det er faktisk eit rimelig stort sprang mellom den hardt angripande Stan Ridgway-møter-Dylan (anno 1964) saken Letter From Belgium, og den nesten stilleståande spartanske balladen Mole. Det dei imidlertid har til felles er ein krypande uhygge-stemning. Den første er ein stemningsrapport frå resignasjonen sitt tempel; «We’ve been past the point of help since early April». Og muldvarp-tilfellet er ein slesk fyr sitt sjukebesøk hos ein hjelpelaus venn, ikkje ein ballade for levande lys og hygge altså. Det er nok heller ikkje «Your Belgian Things», for sjølv om den er dekorert med fine tonar har nok få av dei involverte ført eit veldekorert liv. Det er for øvrig litt Don McLeansk over toneføringa på denne. Noko det absolutt ikkje er over garasjefolk-affæren Home Again Garden Grove. Her er det snarare jaktmarkene til den skrudde texanaren Roky Erickson som blir frekventert. Eit av albumet sine definitive høgdepunkt. Ein tittel den må dele med fortetta og dommedagvarslande Against Pollution. Samt den skurrande og sterkt stryk-infiserte Quito, som dessverre gjer sitt sorti så altfor tidleg (etter to minuttar blank).

Ein blir nok svett både i sinn og øyregangar etter tre kvarter i selskap med herr Darnielle. Det er ordrikt, intenst og litt krevande å forhalde seg til. Men det er så avgjort noko tiltrekkande med hans melodiske ordflaumar, og eg har ei kjensle av at dette kjem eg til å vende attende til ved ujevne mellomrom, slik tilfellet har vore med Tallahassee.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

The Minus 5 – At The Organ

Standard

Mange friske tonar frå overskotslageret til eit overskotsband.

cover  Scott McCaughey har spelt for åtte tilhøyrarar. Scott McCaughey har også spelt for 125 000 tilhøyrarar. Scott McCaughey har spelt piano på ei plate som er selt i heile 5 millionar eksemplar. Scott McCaughey har også skreve låtar, sunge og spelt inn ei plate som har selt i skarve 450 eksemplar. Scott McCaughey har dreve med musikk sidan 70-talet. Han har vore frontfigur i Young Fresh Fellows, han har spelt i Tuatura og han har sidan midten av 90-talet vore assosiert medlem av REM. The Minus 5 er monikoren han nyttar når han inviterer kjente og mindre kjente musikkvenner på pop-party.

Forrige gong heitte partyet Down With Wilco. Det starta med friskt mot i Chicago 10. september 2001, og heldt fram dagane derpå i ein heller forvirra og bekymra tilstand. Ny økt fulgte nokre månader seinare. Albumet frå innspelingane såg dagens lys tidleg i 2003, og var, til trass for omstenda deler av materielet vart til under, solid spekka med spenstig popstoff.

At the Organ er ein sjuspors EP (+ ein video) der deler av materialet er henta frå Down With Wilco seansen. Her får vi 11. september-versjonen av killerlåta The Days of Wine And Booze. Hissig, skitten, bakfull og vakker. Endå betre enn versjonen som fant vegen til 2003 albumet. Det kanskje aller mest vitale nummeret på det albumet bar tittelen The Town That Lost Its Groove Supply (for ein skjebne). På denne EPen er den å finne i ei nyinnspelt og meir gitarstraigt (og Wilco-fri) utgåve. Ikkje fullt på høgde med 13 sept. 2001 gjennomføringa. Låta har også inspirert Scott Ferril og Chris Mars (han frå Replacements, ja) til å lage ein groovy video, den får ein også høve til å glane på om ein skaffar seg At the Organ.

(I’ve Got a) Lyrical Stance er ein kjapp liten poppunk-røvar, komponert av trekløveret McCaughey, Tweedy og Buck. Hotel Senator ein nyare litt Kinks-aktig og finfin sak. Formerly Hail Centurion stammar opphavlig frå den omtalte Wilco seansen. Ein fabelaktig «Alex Chilton møter Brian Wilson»-sak, som mystisk nok ikkje fekk vere med på albumet. I Film Of The Movie spenner McCaughey og tre ukjente på seg sporane og rir av gårde i frodig countryrock-drakt. Så sjølv om det Bo Diddley influerte avslutningssporet One More Bottle to Go ikkje heilt held mål kunne eg godt tenkt meg meir av Scott og hans mange venner eg (det kjem visst også, i løpet av 2005 eingong)

Har du (og set pris på) Down With Wilco, er denne EPen eit sjølvsagt supplement. Eig du ikkje Down With Wilco, ja då…

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)