Eit heilt album der steel-gitaren står i sentrum. Trur du det blir kjedelig?
Eit heilt album der steel gitaren står i sentrum. Du trur kanskje slikt blir kjedelig? Ikkje når Jon Rauhouse frå Phoenix, Arizona styrer showet, ser du. Når han i tillegg har henta med seg mange av kollegaene sine på Bloodshot records, samt nokre eksentriske typar til frå Arizona, ligg jo forholdene brukbart til rette for ein rodeo-oppvisning der ein både vil fornemme lukta av svidd kjøtt, og få ein dose sandsmak i munnen.
På Jon Rauhouse’s Steel Guitar Rodeo er det 18 spor, sånn cirka jevnt fordelt mellom instrumentalar og nummer med vokale innslag. På fire av låtane er det nokre damer frå den alternative sida av countryverda som trer fram åt mikrofonen. Der byr dei, i selskap med Rauhouse og hans øvrige innleigde musikantar, på sangar frå eldre tider. Kelly Hogan gjer eit sterkt inntrykk både på Prisoner of Love, og ikkje minst gjennom sin slepne sang til tobakksrøyken si ære i Smoke Rings («puff, puff, puff»). Sally Timms frå The Mekons deltar med lågmælt vokal på ein nennsom versjon av Vera Lynn klassikaren White Cliffs of Dover. Og fabelaktige Neko Case gjer seg sjølvsagt på ingen måte bort med sin vemodig sang på River of No Return (ein låt Marilyn Monroe i si tid også hadde på programmet).
Jon Rauhouse sin næraste kompanjong er Tommy Connell, ein kar som utfyller Rauhouse sin strengeleik med tonar frå både akustiske og straumforsynte gitarar. Ellers dunkar John Convertino frå Calexico trommer på nær halvparten av spora, medan kompanjongen Joey Burns spelar bass og cello på eit par kutt. Og då er sjølvsagt Howe Gelb i nærleiken også. Han medverkar på Indian Love Call, ein affære der heftige trommer og kåte trompet-tonar utfordrar steelgitaren, før Gelb croonar inn på banen på sitt skakke vis. Rauhouse prøver seg også sjølv som sangar på nokre av låtane. Tilbakelente Wishin» og hyllesten til eit ekte cowboymåltid Corn & Coffee er i så måte virile tilfeller i ein Western Swing tradisjon. Meir over i eit skittent lende har han flytta seg når han syng lovprisingen til lediggang og latskap titulert Work Work (lagt til eit melodiregister ikkje heilt ulikt klassikaren Sixteen Tons).
Men det er steelgitaren og dens løp i ulike retningar som dominerer showet. Enten den er klangfull og jazzig som i Widowmaker og Roaches to Room Service, eller er ute på meir hektiske og svette utflukter som i den intrikate Powerhouse (ein melodi henta frå teiknefilm-land). Eller når Rauhouse tar for seg Perry Mason-temaet, og om ikkje gjer ein oppklarande versjon, så i alle fall ein spenstig ein. Hawaii-gitaren blir også dradd fram og sprer sine lengselsfulle tonar i Hamma Hamma Hula og Moa Lei» a’i. Medan Jennifer’s Breakdown er ein liten bluegrass-luring.
Jon Rauhouse er blitt leigd inn som musikar på ei rekkje plater dei siste 10 åra, helst i country-sjangeren. Steel Guitar Rodeo er den andre plate der det er han som styrer showet (den første bar tittelen Steel Guitar Air Show). Og ein flott mikstur av tradisjonsrik musikk er det han presenterer. Gjort på eit spenstig og medrivande vis.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)