Tag Archives: Steve Albini

Nina Nastasia – Dogs

Standard

Sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel.

cover  CVen til Steve Albini som produsent, lydmann og slikt er blant nyare rockehistorie sine mest imponerande. Pixies – Surfer Rosa, Nirvana – In Utero og Palace Music – Viva Last Blues, berre for å nemne tre. Nina Nastasia har gitt ut tre album, og alle er med Albini i produsent/teknikar-rolla. Eller dokumentator som han sjølv kanskje ville kalt seg. Nina sin debut Dogs har Albini opphøgd til ein av sine absolutte favorittar: «Dogs is a record so simultaneously unassuming and grandiose that I can’t really describe it, except in terms that would make it (and me) sound silly. Of the couple thousand records I’ve been involved with, this is one of my favourites, and one that I’m proud to be associated with.»
Store ord med tanke på alt den karen har hatt fingrane borti. Men, slett ikkje ufortjent.

Nina Nastasia flytta frå Los Angeles til New York på midten av 90-talet. Låtane på Dogs vart til over ein femårsperiode. Dei vart spelt inn på tampen av forrige årtusen, og frå tidleg i 2000 distribuert gjennom Nina sin eigen label Socialist Records. Lageret på 2000 eksemplarer gjekk i løpet av eit års tid tomt, og eit nytt blei aldri trykt opp. Nina fekk så kontrakt med Touch and Go Records, og gav dei neste åra ut albuma The Blackened Air (2002) og Run to Ruin (2003) på denne labelen. Og nå i 2004 gjer Touch and Go så debuten tilgjengelig på nytt att, til glede for alle oss som gjekk glipp av den i første runde.

Nina er ein sjeldan fugl i dagens musikkverden. Ein singer/songwriter med sterke låtar, personleg stemme og ein original innfallsvinkel. Ei dame som ikkje skuar i retning vedtatte normer for låtoppbygging, som tør å leve litt på sida av det gjennomsnittlege og sjølvsagt vinn mykje på det. Først og fremst fordi dei ulike angrepsvinklane ho nyttar seg av gang på gang skapar praktfull dynamikk. Der ute på kanten, der det nennsomme rett som det er blir utfordra av det desperate. I det eine augneblinket kjempar ho mot lumske kastevindar, i det neste lener ho seg tilbake ei stille morgonstund, for så kanskje like etter å vitje skuggane i skumringstimen. På det tekstmessige plan er det vel sistnemnte tilstand som oftast blir frekventert. For Nina lar oss ofte møte kvinner og menn som stirar katastrofen i augene, som har eit hjarta innkapsla av bitande og angstfylte gifttrådar, som har mista grepet på tilværet, og der utfallet sjeldan ser ut til å bli av det gode. Siste setning i eit utval songar:

«I’m in oblivion, I’m dead»
«He wipes his brow and steps inside to play within the rules»
«I tried to stay, but curiosity kills me»
«There’s no one to help her, no machine can keep her»
«But I don’t think I’ll stick around this time»
«He doesn’t see me»
«All your life, you couldn’t win»

Det er aldri snakk om overforbruk av ord i tekstane til Nina. Ho teiknar minimalistiske bilder, skrelt fri for forstyrrande elementer. Nokon gonger er ho direkte, andre gonger er det meir diffust og antydande. Det er vel heller ikkje tilfeldig at albumet heiter Dogs, då nettopp dette dyret dukkar opp både i eigen skikkelse og i meir metaforiske samanhengar ved fleire høve. Mest sentralt i A Dog’s Life, som er ei gjenfortelling av ein surrealistisk og ikkje heilt behagelig draum. Ubehag i våken tilstand blir skildra i Underground; «I’m awake, I know ’cause I’m afraid of every little thing, It makes me think of you». Ein låt som også er eit skuleeksempel på korleis Nina raffinert dempar dei siste orda i verset, før ho, med hjelp av cello og fiolin, set inn fullt angrep i refrenget. Vi blir utsett for raffinerte musikalske krumspring om øydelagte kjensler i praktfulle Stormy Weather. Og resignerte ytringar i sjelfull innpakning i den lågmælte og intense All Your Life. I Judy’s In the Sandbox nyttar ho metaforar frå barndommen sitt rike for å illustrere tilhøve som nok er vel så aktuelle blant vaksne. Og Stephen Day filar fram ein del skitne tonar frå celloen sin, sånn for riktig å understreke den beiske stemninga. Og nett herr Day saman med Juliann Klopotic på fiolin er viktige for resultatet på Dogs. Deres vekselsvis tonale og atonale ferder sender mange av låtane i retningar dei nok ikkje hadde fått vore med på med eit meir ordinært gitar, bass, tromme oppsett. Eit element som rett nok er endå sterkare tilstades på hennes siste verk Road To Ruin.

No er alt som kjent relativt, men Dogs ligg nok derfor litt nærare eit konvensjonelt singer/songwriter-mønster enn Nastasias to neste album. Samstundes er melodistyrken i låtane minst like solid her som på hennes seinare utgjevingar. Gitarplukkande Nina-aleine tilfeller som Too Much In Between og 4yrs har avgjort kraft så dei klarer seg, kun på grunn av sine fine melodilinjer. Den tradisjonelt gitar/bass/tromme utrusta, lindrande og faktisk litt optimistiske The Long Walk har heller ikkje noko problem med å falle i smak. Men det er i meir uortodokse nummer som Smiley at Nina Nastasia verkelig trollbind. To instrumenter; Nina sin elektriske gitar og Joshua Carlebach sitt trekkspel. Ingen fiksfakserier, veldig enkelt. Nina slår ein akkord på gitaren, og mens ekkoet frå denne gradvis døyr ut syng ho verselinja. I det som kanskje kan kallast eit refreng (hos Nina står ikkje slike begrep nødvendigvis på programmet) smyg Carlebach seg med.

Forførande vemod.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Nina Nastasia – Run To Ruin

Standard

8 langsamt gnagande og intenst melodirike songar innhylla i til tider uregjerlige arrangement. «I’m not ordinary, friend».

cover  Nina Nastasia malar med mørke fargar her på sin tredje utgjeving, den veldig så presist titulerte Run To Ruin. I åtte langsomme og intenst melodirike songar innhylla i til tider uregjerlige arrangement, fortel ho fragmenterte historier om utilstrekkelighet og lengsel.

Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedtegnelsar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. I likhet med kva tilfellet var på hennes to første album er det den smått legendariske Steve Albini som har produsert, eller dokumentert som mannen sjølv foretrekker å seie det. Resultatet er blitt ei rikhaldig og spenningsfull liten (31 minuttar) plate.

Nina sin komprimerte poesi, der like mykje skjer i det usagte (mellom linjene) som i det sagte, blir her ytterligare forsterka og utfordra av den instrumentelle bearbeidinga dei ulike låtane blir tildelt av medspelarane hennes. For det er her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar albumets sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.

Det som i første omgang kan virke som ei einstonig messe til mørket, viser seg etterkvart å spenne over eit langt rikare og ikkje minst meir gåtefullt register. Når ho allerede i første linje snakkar om «the thing we witnessed» blir uroen sådd. Det kjem aldri fram kva paret har vore vitne til, men vi får følelsen av at det er ein ganske så ubehagelig hemmelighet dei ber på. Sangen heiter We Never Talked og er ein krypande klagesang, der tonane frå ein cello og ein fiolin gneg seg fast. Kommunikasjonsvanskane som blir brakt på banen i denne låta, viser seg for øvrig å være eit slags gjennomgangstema i denne ferda mot øydeleggelse. Ei ferd som når sin, i alle fall temporære, finale med While We Talk, der øydeleggelsen blir manifistert gjennom at hovedpersonen finn ei slags manisk meining i å betrakte partnaren mens denne fortærer ei kake; «Flying bits, I begin to count them».

Før vi kjem så langt har vi imidlertid vore gjennom seks andre brokete historiar, fortalt gjennom Nina sitt nakne og nådelause språk. Som i den konfliktfylte beretningen You Her and Me, ein melodi som bevegar seg frå kun å være ein einsom akustisk gitar, til å bli ein voldsom batalje med mellom anna ein forstyrra cello. Dramatisk er også I Say That I Will Go som etter ein forsiktig og nennsom utgang gradvis bygger seg opp til å bli ein brutal vegg av praktfull dissonans. Noko som også gjentar seg på den innbitte On Teasing, blant anna gjennom Nina sine «ha-ha haa» i hektisk samtale/duell med fiolin og cello.

Høgdepunktet her er likevel den mest konvensjonelt oppbygde affæren, nemlig Superstar. Ein usedvanlig vakker ballade, som sender solide frysningar oppover ryggraden mens Nina fleire ganger gjentar «I know what you said. Look at me. I am a mess», før ho til slutt konkluderar med at «I am a superstar. I’m not ordinary, friend».

For sjølv om ho ikkje er ei superstjerne i ordets opprinnelige betydning, viser Nina Nastasia med denne utgjevinga at ho har meir å fare med enn dei fleste, og står definitivt fram som noko for seg sjølv.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)