Nick Cave and the Bad Seeds – Abattoir Blues/The Lyre of Orpheus

Standard

Frå slakteriet til blomsterenga, frå avgrunnen til himmelsk spurvedans. Cave er i kjempeform.

cover  Heilt sidan eg for første gong vart oppmerksom på mannen (tidleg på 80-talet), har eg prøvd å være der kvar gong han har sett seg ned med nye kort for å spele spelet sitt. Det har mang ein gong vist seg å være lurt (djevelsk lurt). Ja, eg tek enno rett som det er turen innom og spolar tidsuret tilbake til dei lokkande flammane som oppstår når kort som Tupelo, Mercy Seat og City of Refuge vert spelt. Men det er ein del år sidan no at det verkeleg slo gnistar rundt Nick og hans medspelerar. Ti år for å være nøyaktig. Den gong han banka sin Red Right Hand i bordet, for så å røske av seg skjorta og blotte ei ildraud melding på brystet; Let Love In. Og med lengsel i blikket stirra etter ho som var Nobody’s Baby Now.

Ja, det var tider, det. Kanskje gjekk han litt tom, kanskje delte han seg sjølv for svake kort, eller kanskje var det slik at han ikkje lenger klarte å spele dei like smart (djevelsk smart). I alle fall; enten han kalte spelet mordarballadar, ein båtutleigar sitt rop, eller kom med lovnader om aldri meir å skiljast, noko av den gamle intensiteten var ikkje heilt med på laget lenger. Og riktig så gale gjekk det her for ein atten månader sidan. Då satt han der med ei særdeles svak hånd kalt Nocturama, og saman med banden sin spelte han den rett så skjødeslaust i tillegg. Derfor er det med ein del tvil eg nærmar meg spelet denne gongen. Fanden og, han har jo funne på den ville idé å dele seg sjølv to hender. Dette kan han aldri komme heilskinna frå, eller?

Eg er lettare sjokkert. Hjarta mitt dunkar og eit glis har sete seg fast midt i fjeset. For med begge hendene fulle av sikre vinnarar har Nick Cave og hans Bad Seeds nettopp gjort unna to rundar, der det infernalske har delt plass med det vakre, der det djevelske og det guddommelige har blitt parallellkobla, og der det kraftfulle og det varlege har slutta seg saman i perfekt dynamikk. Eller for å seie det litt mindre pompøst; Nick Cave har funne tonen. Den som kun glimtvis har vore på bordet dei siste ti åra.

Spelet er for så vidt det same gamle velkjente. Det er absolutt ikkje like frenetisk og overoppheita som i mannen sine yngre dagar. Men det han skulle mangle av dristige utspel tar han igjen i smart struktur, sterk melodikk og generell rutinert faenskap.

Seks månader før innspelingen tok Nick med seg tre av sine dårlige frø (Warren Ellis, Jim Sclavunos og Martyn Casey) til eit fire dagar langt vorspiel i Paris. Der spelte, leikte og improviserte dei fram ein bag full av musikk. Med dette under armen, og i bakhovudet, vitja Brighton sin mørkaste mann sitt kontor jevnlig den neste tida, og skapte ord og tonar av høg verdi. Når det så var dags for å møtast i studioet, var det ein mann som mangla. Det kanskje dårligaste frøet av dei alle, avantgarde gitar-maestro, og kvalitetssikrar mot altfor safe løysingar, den syltynne Blixa Bargeld. Men det merkelige er at når den villaste katten har reist sin veg, tek dei andre til å frese meir enn dei har gjort på mange år. Kanskje er det dei innbudte gjestene som har litt av skylda også. I lyset rett i fronten for det store spelet står nemlig London Gospel Community Choir, full av vitalitet og elegant sangglede.

La oss ta opp den venstre bunken, den som er merka Abattoir Blues. Den virkar nemlig å være mest utålmodig av seg. Og sannelig spelar gjengen ut ein vinnar med ein gong. Get Ready For Love er høgoktan gospel møter kvass gitarlyd i eit adrenalinfylt stormangrep, og blæs bordet fritt for alt svineri. Men når det er Cave som styrer sakene dukkar jo slikt fort opp igjen (svineri, altså). Allereie i Cannibal’s Hymn er tonen ein litt anna; «but if you’re gonna dine with them cannibals, sooner or later, darling, you’re gonna get eaten».

Hiding All the Way er inspirert blues i sterk melodidrakt med raffinert kortilsetjing. Den kryp, sparkar og gløder, før den forlet scena i eit monumentalt drønn, og eit gjentakande; «there is a war coming». Så neidå, den førtisju år gamle utvandra australienaren set seg ikkje tilbake og betraktar livet rundt bordet med livstrøtt nonchalanse enno. «I just want to move the world» syng han i storslåtte There She Goes My Beautiful World. Eit pretensiøst ynskje kanskje, men meir uttalt utifrå fortviling enn arroganse. Sangen er nemlig ei desperat bøn frå ein låtskrivar med idétørke. Nature Boy på si side flørtar med poptonar, Steve Harley sin Make Me Smile, og er ein hyllest til dei vakre ting (fuglar, blomar og ho som «moves among the shadows, floats upon the breeze»). Vakre saker og ting er det nok ikkje som ligg fremst på prioriteringslista til paret i tittelkuttet, ein giftig og lumsk slakteri-blues som når sitt maksimum idet Cave og gospelkoret vandrar saman over denne brua;

Everything’s dissolving, babe, according to plan
The sky is on fire, the dead are heaped across the land
I went to bed last night
and my moral code got jammed
I woke up this morning with a Frappucino in my hand

Då trur eg vi vender oss mot den høgre bunken. Kortet på toppen begynner nemlig å gje uttrykk for å ville bli snudd. The Lyre of Orpheus, som både er tittelen på første utspel og heile runden, er ein 14 vers lang Cave-vridd og ekstra dyster variant over den kjente greske mytologiske tragedien, til tonar som både bender stål og stirar ned i avgrunnen. Det skal bli noko meir venlegsinna etterkvart. Eller ganske fort, egentlig. Breathless er ein fløytedrapert calypso, melodiflott og full av håpefull lykke. Men Cave likar ikkje å være på den lyse sida for lenge. Og i den snakkesyngande Babe, You Turn Me On er det meste i ferd med å ramle i hop. Medan omgangen sitt mest fandenivoldske øyeblikk kjem når heile The Bad Seeds stemmer i med kraftfulle «Hey! Ho!» på den virile jokeren Supernaturally.

Trumfesset klaskar dei i bordet heilt til slutt. Eller klaskar er vel ikkje heilt korrekt, for det er nok meir riktig å seie at det blir ømt plassert der. O Children er langsom og vakkert vaklande lutring, som når sitt klimaks i det Cave og gospelgjengen i fruktbar samklang hoppar på «the train that goes to the kingdom» i songen sin andre og siste del.

I sanning to innhaldsrike rundar.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s