På menyen står instrumentell musikk som bevegar seg inn og ut av eit tålsamt og velproporsjonert repetitivt landskap.
Eg skal på ingen som helst måte prøve å gje inntrykk av at eg har den fulle oversikt over alle konstellasjonar og utgjevingar Papa M har vore ein del av. Det eg imidlertid veit er at bak signaturen Papa M skjuler multi-instrumentalisten David Pajo frå Louisville, Kentucky seg. Sidan slutten av 80-talet har han mellom andre spelt med Slint, Tortoise og The For Carnation. Som soloartist har han operert under fleire pseudonym der bokstaven M spelar ei viktig rolle. Det kan imidlertid virke som han no har slått seg litt til ro med Papa M signaturen. I alle fall har ikkje underteikna registrert nokon utgjevingar under andre navn på denne sida av årtusenskiftet.
Det er no gått drøyt to år sidan han gav ut si første plate der det sangbaserte fekk være i sentrum, 2001 sin fine Whatever, Mortal. Hole of Burning Alms er ingen direkte oppfølgjar til den, men ei samling av 12 låtar opprinnelig gitt ut som EPar, singlar og spor på samlingar i tidsrommet 1995-2000 under ulike M navn. Med tanke på at dette er sett saman av ting spelt inn over ein så pass lang periode heng det overraskande godt saman.
Albumet består i all hovedsak av instrumental musikk. Det mest toneangivande instrumentet er Pajo sin elektriske gitar. Men vi snakkar ikkje om elektriske overhøvlingar. Langt ifrå. På menyen står stort sett folk-inspirert rock som bevegar seg inn og ut av eit tålsamt og velproporsjonert repetivt landskap. CDen er tettpakka (78 minuttar), så her er det mykje musikk for penga. Kanskje litt i meste laget, til og med, utan at eg heilt klarer å finne spor eg kunne tenkt meg å skvise ut. Men det er kanskje noko med den einsarta fargen på drakta, som gjer at ein av og til kan få lyst å rope etter litt andre kolørar også.
Men nok om det, for eg har for så vidt ingen problem med å trivast i dei einsarta landskapene Pajo ferdast i frå Safeless til Xmas 1997 heller, eg. Langs ufruktbare åkrar, gjennom golde prærieområder, over karrige fjellpartier klarer Papa M i sin egale men likevel vitale omgang med tonane å finne spor av både liv og ånd. Dei ulike spora får god tid til å gje seg til kjenne, byggje seg opp, byggje seg ned, virvle litt rundt og dvele lenge ved sentrale tema. Dei som kjenner bakgrunnen til mannen veit og at han ikkje er ute på noko flinkis-kjør, men ser det heller som si oppgave å postere dynamisk søkande og melodifine lydspor langs ruta han trakkar.
Når vi kjem til spor sju trør M litt utav traséen, og gjer albumet sin einaste ordentlige songbaserte melodi, Last Caress, ein sak han har lånt av punkbandet Misfits. Men det er ikkje mykje punk-manerar over Papa M si skånsomme utgåve. Den 13 minuttar lange Travels In Constants skil seg og litt ut frå resten av tonen på albumet, spesielt det fem minuttar lange midtpartiet med hissige electro-beats.
Blant albumet sine aller friskaste tiltak finn vi Up North Kids no. 2. Med ein effektiv bassgang strålande mandolin-liknande strengeleik og eit stadig veksande lydbilde står den fram som eit driftig nummer vel verdt å besøke fleire gonger. Det samme gjeld også den 16 minuttar lange utgåva av Turn Turn Turn, som The Byrds gjorde kjent ein gong i forrige århundre. Papa M mekkar her saman Byrdsk jangle og nennsom Velvetsk droning til ei monoman men ikkje så reint lite medrivande ferd inn i eit suggesivt fantasiland.
Kort sagt, flust med musikk som fôrar det indre kinolerretet med passelige mengder dunkelt stoff. Og slikt kan ein jo like.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)