The Mountain Goats – We Shall All Be Healed

Standard

John Darnielle er tilbake, med sin hardt stramma akustiske gitar, sine dystre meldingar, og velskapte melodiar.

cover  Det er ein dyster verden John Darnielle teiknar konturane av på si nye plate. Vel, i grunnen er det forresten meir enn konturar han rispar inn, det er nok heller bilder i svart, brunt og raudt, malt med vannfaste fargar. Intenst, brutalt og med små behov for å pynte på realitetane, serverer mannen tirader med grovkorna meldingar. Ubehagelige situasjonar, vanskelege minner, framandgjering, forurensing (både i jord og sinn) og ein snikande paranoia-tilstand er nokre av stikkorda. Slett ikkje lettfordøyelige saker, med andre ord. Faktisk blir det slik at vi nesten lyt gripe fatt i albumet sin tittel, We Shall All Be Healed, for å få ei forståing av at mannen tross alt ser eit håp.

John Darnielle og hans laust ansatte medhjelperar i Mountain Goats er ute med sitt 12. album sidan debuten i 1995. Ein produktiv mann, altså. Underteikna har på langt nær gjort seg kjent med alle desse utgjevingane. Strengt tatt er det vel berre 2002-albumet Tallahassee eg kan seie å ha besøkt i særlig grad. Den plata var også fjellgeitene si første i litt hi-fi liknande omgjevnader. Utan at verken den eller årets framstøt kan seiast å være smøring av øyregangane til lydentusiastar av den grunn.

Darnielle er væpna med ein til brestepunktet hardt stramma akustisk gitar, som han med frenetiske fakter hamrar tonar utav. Han er også innehavar av ei nasal stemme som innbitt manar fram til tider svært så fint melodi-utstyrte utredningar. Målt mot nevnte Tallahassee varierer han kanskje uttrykket ein aning meir denne gangen. For det er faktisk eit rimelig stort sprang mellom den hardt angripande Stan Ridgway-møter-Dylan (anno 1964) saken Letter From Belgium, og den nesten stilleståande spartanske balladen Mole. Det dei imidlertid har til felles er ein krypande uhygge-stemning. Den første er ein stemningsrapport frå resignasjonen sitt tempel; «We’ve been past the point of help since early April». Og muldvarp-tilfellet er ein slesk fyr sitt sjukebesøk hos ein hjelpelaus venn, ikkje ein ballade for levande lys og hygge altså. Det er nok heller ikkje «Your Belgian Things», for sjølv om den er dekorert med fine tonar har nok få av dei involverte ført eit veldekorert liv. Det er for øvrig litt Don McLeansk over toneføringa på denne. Noko det absolutt ikkje er over garasjefolk-affæren Home Again Garden Grove. Her er det snarare jaktmarkene til den skrudde texanaren Roky Erickson som blir frekventert. Eit av albumet sine definitive høgdepunkt. Ein tittel den må dele med fortetta og dommedagvarslande Against Pollution. Samt den skurrande og sterkt stryk-infiserte Quito, som dessverre gjer sitt sorti så altfor tidleg (etter to minuttar blank).

Ein blir nok svett både i sinn og øyregangar etter tre kvarter i selskap med herr Darnielle. Det er ordrikt, intenst og litt krevande å forhalde seg til. Men det er så avgjort noko tiltrekkande med hans melodiske ordflaumar, og eg har ei kjensle av at dette kjem eg til å vende attende til ved ujevne mellomrom, slik tilfellet har vore med Tallahassee.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s