Ein fin sangar med hyggelige tonar, men ikkje alltid like engasjerande.
Den tidlegare frontfiguren i det fine rockebandet Grant Lee Buffalo er for tredje gong på banen med eit soloalbum. For underteikna vil Grant Lee Buffalo sin debut Fuzzy (1993) bli ståande som ein av det tidlege nitti-talet sine mest utsøkte opplevingar. Folkrock i eit stort bilde. Eit Waterboys frå den amerikanske prærien, med frontfigur Grant-Lee Phillips si sterke røyst som viktigaste bidragsytar. I mine øyrer klarte imidlertid aldri bandet heilt å følge opp denne debuten. Dynamikken, leiken og spenningen vart ikkje fullt så godt haldt i hevd på dei tre neste utgjevingane. Det er eit problem som og ser ut til å vare ved i mannen sin solokarriere. I alle fall er dette mitt ankepunktet i forhold til Virginia Creeper. Den har ingen direkte svake låtar, men spensten og variasjonen i melodiføring og arrangement blir oftare enn eg likar for liten til at det blir den store opplevinga eg hadde håpa på.
Albumet er fullt opp med ein bunke låtar som stryk medhårs. Det er dyktig spelt, knirkefritt og absolutt hyggelig. Men cirka halvparten av spora blir så hyggelige at dei nesten forsvinn inn i anonymiteten.
Ikkje det at eg har noko imot den akustiske og bortimot «straumlause» sfæren mannen oppheld seg i her (akustisk gitar, fiolin, steel, dobro og sånt). Det har mang ein gong komme livskraftig og storveges musikk med slikt eit utgangspunkt. Men Grant-Lee sine ord og melodi framstøt klarar, i si dempa tonedrakt, altså kun stundevis å kitle sjela. For å trekke ein parallell til ein som har operert i det samme lendet, Ryan Adams, kan vi kanskje seie at det blir for mykje Gold, og dessverre for lite Heartbreaker.
Tydelegast kjem desse problema til syne i plata sin første halvdel. Lily-A-Passion er unntaket, her kjenner ein nemlig igjen Phillips sin raffinerte melodiføring frå Fuzzy-tida. Ein lealaus men elegant affære. Sangen oppkalt etter western legenden Calamity Jane er ein frisk og ganske så trivelig sak som fører oss over i andre avdeling. Og her har faktisk alle låtane, bortsett frå litt tafatte Fat End of the Night, noko å by på. Den banjodrevne Josephine of the Swamps er både litt gyngande bluesy og litt countrymystisk, og ein solid låt. Susanna Little er ein pianoballade om Grant-Lee si indianske tippoldemor. Ein opprivande tekst med eit tiltalande tonefølge. Wish I Knew er herr Phillips i eit leikande hjørne, ein inspirert litt jazzig shuffle sak, i grenselandet mellom noko Van Morrison og nevnte Waterboys kunne funne på. Han avsluttar med den nydelige Gram Parsons låta Hickory Wind. Ein låt det nesten ikkje går an å feile med, og det gjer heller på ingen måte Grant-Lee.
Så når alt kjem til alt kryp det heile seg faktisk på plass til slutt, berre synd at ein måtte gjennom litt dødvann i starten.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)