New Black – New Black

Standard

Ein drøy halvtime rytmesterk og balstyrig virilitet som tar kvelartak på dei fleste krav om fornyande framferd.

cover  Rockemusikken har vel, når alt kjem til alt, ikkje vore utsatt for altfor mange tilfeller av grensesprengande nytenking dei siste ti-tolv åra. Både av musikken som når ut til eit større publikum, og blant den delen som kun vinn åtgaum hos kritikarane, er det meste rock’n’roll-suppe kokt på ein etterkvart ganske så tynnslitt spiker. Like fullt er det eindel som klarer å lage vitale brygg av denne ingrediensen, mens andre igjen kanskje burde funne på noko heilt anna.

Ved første gjennomhøyring noterte eg også New Black på sistnemnte liste. Så viser det seg altså, etter litt fleire rundar, at det var ein litt forhasta slutning. For her er det absolutt kraftige spor av heftig rock’n’roll søl. Slett ikkje originale tonar og takter, men eit pågåande og friskt selskap. Hadde plata komme ut på tampen av 70-talet kunne den nok til og med ha funne sin plass i rekka av den tida sine små seinpunk og New Wave bragder. Wire, Blondie, B52’s, Siouxsie & the Banshees, lista er lang. 25 år og haugevis av kvasse tonar seinare blir det kanskje ikkje fullt så blendande. Men ein drøy halvtime rytmesterk og balstyrig virilitet tar likevel kvelartak på dei fleste krav om fornyande framferd.

New Black er ein kvartett frå Chicago som består av to damer og to menn. Aller mest utav seg gjer gitarist og vokalist Patti Gran, som med ei stemme i Siouxsie Sioux/P.J. Harvey-leie piskar låtane pasjonert og energisk avstad. Ho er ikkje heilt åleine om å synge i bandet, bassist Liam Kimball tar og sin tørn i så måte. Kanskje ikkje fullt så overbevisande, men effektivt nok. I begge samanhengar er det imidlertid mykje kjensler frå eit kaotisk kjærleksliv som blir detonert. Rachel Shindelman sitt hissige keyboard-spel, og Nick Kraska sine fyndige angrep med trommestikkene gjer og sitt til at bandet sin albumdebut blir dette relativt skarpskodde opptrinnet.

Av låtane høyrer den Pixies-i-kamp-med-B52’s saken Last Wave, og det funky frontalangrepet Booze Olympics til i fremste rekke. Dei følger like i hælane på det lidenskapelige glansnummeret Twisted Lips. Ein gloheit affære der det kan virke som om gjengen har snoka litt i 70-tals sakene til Patti Smith. Med utgangspunkt i låtoppbygginga og i tittelen sin likskap med Smith vendingar som «twiste-lettes» går i alle fall underteikna rundt og ser på den som ei slags primitiv utgave av legendariske Land.

I det heile skaper kvartetten eit lydbilde som ber i seg mykje frenetisk dynamikk. Låtar som heile tida er på veg mot noko, og som i sin kvilelause og driftige fasong stadig utfører både temposkifter, volumskifter og sceneskifter. Slike lyd-pusherar er det sjeldan kjedelig å være i selskap med.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s