Tom Waits – Real Gone

Standard

Meir mørk og lumsk primal blues, kubist funk, grøftekant-balladar og intoksikert jazz frå Waits, men…

cover  Det store spranget gjorde Tom Waits i 1983. Etter ti år som låtskrivar og crooner av den noko uortodokse sorten skapte han seg eit heilt nytt forum. Swordfishtrombones, som var først ute, og Rain Dogs, som fylgde to år seinare, utgjer klassikarduoen i dette skrangleforumet av grøftekant-balladar, nede i kjellaren-blues, skrothaug-symfoniar, intoksikert jazz, og ein del andre krumsprang litt utanom det vanlege. Seinare har det med ujamne mellomrom dukka opp nye innspelingar frå det same hjørnet. Tonen har nok variert litt frå gong til gong, men aldri pensa inn på heilt nye spor. Det har vore sterke album som Bone Machine og Mule Variations, men og mindre heldige affærer som Black Rider. No, to år etter simultanutgjevinga av Alice og Blood Money er Waits klar med nye tonar frå dei skrå breidder.

Og på Real Gone balanserer han lenger ute på tippen enn nokon gong før. Ja han er så langt ute at hans kjære piano (som har vore med heilt sidan han entra podiet tidleg på 70-talet) har tippa utføre og blitt borte. Tilbake står han så med sitt mest strippa og usminka lydbilde til dags dato. Det er mørkt, det er kaldt, og det er skarpe lydar. Rytmane enten dei gjer seg til kjenne som nådelaus tromming, skitne og skranglete percussion lydar, eller er røysta til Waits på ein rytmeboks (boom-chicka-boom) ligg langt framme i lydbildet.

Blant skuggane, bakom barske hjørner eller på slitne motel lever, elskar, hatar, syndar, strevar, svindlar og dør desse skikkelsane Waits stadig finn plass til i sine songar: Skinny Bones Jones, Piggy Knowles, Sing Sing Tommy Shay, Joel Tornabene, Knocky Parker, Bowlegged Sal, Everett Lee, Saginaw Calinda, Horse Face Ethel, One Eyed Myra, Funeral Wells. Og innimellom dukkar også ånda av skikkelsar som opprinnelig gav seg til kjenne i eldre skrifter opp; Abel og Kain, Djevelen, Gud og Jesus of Nazareth.

Eksistensielle saker blir tatt opp frå eit perspektiv der balansenerva er litt meir i utakt enn godt er. Feberen rår, svetten dryp, rottene luskar, spøkelsa kviskrar og det er meir enn berre røyken som stenger for sola. Langt nærare det ultimate mareritt enn rosenraude dagdraumar, altså, og ved sida av Bone Machine Waits sitt mørkaste verk. Men albumet klarar ikkje å fange meg like solid som Bone Machine gjorde. Primalbluesen blir ofte for einstonig til at den klarer å finne vegen frå skrothaugen sine lumske gangar og inn i interesse-sfæren til ein som står litt på sidelinja. Slik som på det tonlause, kavande og beint fram kjedelige åpningssporet Top of the Hill. Eller på Shake It som slett ikkje gjer kva tittelen antydar. Og den over ti minuttar lange Sins of the Father er ein godt fortald historie, men plassert i eit heller uinteressant melodiselskap.

På den andre side har vi Metropolitan Glide, ein djevelsk skarp, original og herlig støyande bluesaffære der Waits spyttar, spyr, stammar og manar fram bilder frå ein vilter happening. Fristande å vandre saman med er mannen også når han, med god hjelp av tiltalande tonar frå Marc Ribot sin gitar, hinkar over i ein buldrande sjømannsvise-verden og innbitt gauler Hoist That Rag. Solid inne på lista over slikt vi likar finn vi og den slepande, jazzige tragedien Dead and Lovely, og den djupt smertefulle balladen Make It Rain.

Heilt til slutt kjem så den varlege og vakre Day After Tomorrow, og her har Waits bevega seg bort frå skrothaugen og midt inn i den politiske kvardag. Lagt i munnen på ein ung amerikansk soldat blir det fortalt, utan banalitet og føleri, om (Irak)krigen sine absurditeter, løgner og redsler. Ein personlig betraktning, men med klar adresse til stupide krigshissarar både på Waits sin heimebane og andre stader i verden.

Neidå, Waits er slett ikkje utgått, det er berre det at skoa blir litt vel trange ved enkelte høve denne gongen.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s