The Thermals – Fuckin A

Standard

Full fart rett fram i tett driv. Pusterom er nedprioriterte saker.

cover  Det finst ei rekkje band der ute som ikkje har stort meir enn eit tempo og ein melodi. Noko dei kan leve ei stund på, så lenge energien er livaktig og melodien er flott. Det mest klassiske eksempelet er vel The Ramones. Portland, Oregon-trioen The Thermals er ute på noko av det samme kjøret, utan å ha ein like sterk låt som Ramones i botn. Likevel klarar dei seg betre enn mange andre i samme situasjon.

Energien er så definitivt tilstades, livfull er den for så vidt også. Her er det full fres rett fram («1-2-3-forward»), tett gitardriv (fuzz og få akkordar) og driftige rytmar. Men det skortar sjølvsagt ganske mykje på dynamikk-forståinga. Slik at å delta på premissane til Fuckin A frå start til mål nok også kan bli ein litt for tett og påtrengande øvelse.

Førsteinntrykket er at låt etter låt bit kvarandre i halen, for så å halde fram i samme dur. Gjer ein imidlertid eit tappert forsøk på å komme kvar låt nærare inn på livet finn ein nyansar. Dei er ikkje utprega og gedigne, men dei er der. Slik vart eg venn med How We Know, ein Wire-på-poptripp sak, med albumet sitt beste forsøk på å skape litt lys/skygge-effekt. Let Your Earth Quake, Baby skil seg også litt ut med sitt spastiske driv. Høgdepunktet er likevel End To Begin. Ein sak med fin aksellerasjon, som når sitt topp-punkt i eit heftig refreng; «Static in a box, static in a c(l)ock, so help me crank it up, so help me crank it up».

Sangstilen til frontmann Hutch Harris er av det snakkesyngande slaget. Pågåande og intenst. Slik det blir gjort av mellom andre Bob Dylan på Subterranean Homesick Blues, Michael Stipe på It’s The End Of The World… og John Darnielle på Letter From Belgium – sjølv om Hutch nok ikkje dyrkar nyansane og pusteromma like skarpskodd som særlig dei to førstnemnte av desse karane gjer. Lyden The Thermals lagar kan vel definerast som punkrock med litt pop-preg. Sistnemnte preg er for øvrig å finne i ein noko meir sjarmerande variant hos det fabelaktige orkesteret til Thermals sin bassist Kathy Foster; All Girl Summer Fun Band (verkelig verdt å sjekke ut).

Der debuten More Parts Per Million med rette bar karakteristikken No-Fi (ein særdeles heimesnekra og grumsete affære), har Fuckin A blitt tildelt eit langt reinare lydbilde, og vinn vel egentlig på det. Like fullt, den er nok ikkje esla for Hi-Fi Klubben og deires likemenn av den grunn. Gjort som den er, utan særlig tid til flikking og ordning, på fire dagar med Chris Walla (Death Cab For Cutie) som lydsjef.

Det står oppført eit spor tretten på omslaget, kalt Thank You Goodnight. Denne dukkar aldri opp. Og eg er ikkje så sikker på om det gjer så mykje. Tolv låtar og 28 minuttar med Thermals rock er vel i grunn nok.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s