Stars – Set Yourself On Fire

Standard

Flammane, døden, kjærleiken og revolusjonen: Endå eit Montreal-band med lettennelige tonar.

cover  Det første inntrykket ein får av ei plate får ein frå coveret. Og desse covera kan jo vere så mangt – gode, dårlige, informative, uforståelige, skumle eller latterlige. Uansett, eit eller anna inntrykk gjer dei alltid. På coveret til Stars si siste plate er det bilete av ei dame med naken overkropp, fiolett finlandshette og ein molotovcocktail i handa. Ho ser ned, prøver å dekke seg til. Over magen står platetittelen, Set Yourself On Fire. Dette må vere eit opprørsk band som har ynskje om å utfordre og vekkje merksemd, er den første tanken. Vidare flyg tankane raskt i retning: terrorist, sjølvmord, muslim, utilslørt. Provokative trekk i forskjellige retningar, skulle ein tru. [Interessant nok er USA-coveret helt annerledes og langt mindre kontroversielt. Red.] Men før eg får tenkt særlig meir gjennom det er plata på plass i spelaren, og ei mannsrøyst rett frå siste Hamlet-framsyning treff meg med følgjande korte og skånsellause melding:

When there is nothing left to burn, you have to set yourself on fire.

Kan dette bli noko anna enn eit kraftfullt ord- og toneåtak, der menneskeslekta generelt og dei maktkåte spesielt får høyre kva dei er laga av? Der det heile endar i eit massivt krav om å vakne før verda sin tilstand har nådd det punkt at det einaste som finst att å fortære er oss sjølv. Kammerpoptonar med ein gnagande cello tar over, ein mann startar å synge; «God, that was strange to see you again…» Det handlar om eit tilfeldig møte mellom to som har vore elskarar ein gong. Møtet slår ikkje nye gnistar, men stadfestar berre det uvegerlige. Det var, det er ikkje lenger, men vi skal ikkje angre av den grunn;

I’m not sorry I met you,
I’m not sorry it’s over,
I’m not sorry there’s nothing to say
I’m not sorry there’s nothing to save

Låta ber den glimrande tittelen Your Ex-Lover Is Dead. Mannen som syng heiter Torquil Campbell. Han syng ikkje åleine. Amy Millan syng også. Duett, samtale, tankar som kryssar kvarandre, ord som ikkje vert sagt. Melodifølgjet er til å omfamne, der det bygger, driver, kjæler, dveler og skin. Det er rakrygga, catchy og har evig verdi. Ein framifrå poplåt altså, og nå er det tid for revurdering. Tittelkuttet dukkar nemlig opp i stram, melodisk, synthdreven og gitarskarp drakt, og ein byrjar å tenkje på New Order og på Belle & Sebastian. I alle fall heilt til det kjappe drivet bråstoppar og låta går inn i ein to minuttar lang hymnefinale. Der det sentrale mantraet er «20 years asleep before we sleep… forever.»

Dette stoffet verkar nok å vere litt på kant med kva eg hadde sett føre meg, ja. Dei syng om kjærleik. Dei syng om ungdom, håp og forelsking, men også om nederlag, fortviling og død. Dei har i det heile perspektivet stort sett retta mot dei nære ting. Og tonen, ja den er heimla i melodifokuserte pop og rock-distrikt.

Som så mange av dei beste banda gjer for tida kjem også Stars ifrå Montreal. Set Yourself On Fire er deira tredje album. Hadde eg fått med meg dei to første i forkant ville forventningane sannsynlegvis vore litt annleis idet kammerpop-moduset gjorde seg til kjenne. Plukka opp det førre, Heart (2003), her om dagen, og jodå det er popmusikk inspirert av 60-talet sin soul, 80-talet sin engelske postpunk og synthpop. Det er dette albumet også, men låtane er hakket sterkare, synth-bruken meir viril og substansen frodigare.

Ageless Beauty lever inni ein overkommelig gitarvegg. Der smeltar den hjerter med Amy sin yndige song. Samstundes får den meg til å tenkje på både Breeders og Belly, og å seie hei, Tanya Donelly! Den engelske smitten er kanskje aller lettast å oppdage i gitarvandrande Reunion og heftige What I’m Trying to Say. Den første, som mest av alt minnar om noko Morrissey kunne komme opp med, er ei bøn om å få berre ein sjanse til. I den andre prøver hovudpersonen å få fram tre vesentlige ord (det er ikkje alltid så lett): «I am trying to say, what I want to say, without having to say – I love you.» Ein del er sagt, mykje er gjort, og endå meir har endra seg for fyren som ser tilbake i den kvikke, melodismarte og litt Magnetic Fields slekta The First Five Times. Og det er nett det han siktar hovudfokuset inn mot, dei fem første gongene ho og han gjorde det. I ein bakgard, på ein fest, i ein trappeoppgang, den gongen han fekk alt, og så endelig på soverommet hennes. Men det er ei stund sidan no, lykka er ikkje like stor lenger.

Dei ni første låtane handlar altså om slike ting. Kjærleik som vaknar, kjærleik som sloknar, kjærleik som lever og kjærleik som dør. Så skiftar brått fokus. He Lied About Death er eit krast og primitivt angrep på George W. Bush. Tonen er barsk og skjellsorda sitte laust; «What gives you the right to fuck with our lives?… You are the shadow of fear, you scare the love out of here.» Celebration Guns er retta mot same målet, men i balladeform er tonen blitt litt meir avmålt (pasifisme i staden for frontalangrep). Stars sin revolusjon kjem nemlig som ein Soft Revolution. Torquill fører ordet i nok eit popsmart nummer. Her er det ut på gatene, for å redde verda med kjærleik à la Jesus, og med musikk og fest heile natta:

The revolution wasn’t bad
we hit the streets with all we had
a tape recording with the sound
of the Velvet Underground

Når vi no nærmar oss slutten kan vi jo ta fram coverbiletet igjen. No ser eg ei ung sky dame som trykke flammen til sitt bryst. Litt pompøst sagt er det vel dette Stars helst vil sette lyset på; flammen skal brenne nær hjarta, og ikkje ned husa og åkrane. Elden skal symbolisere livet og ikkje døden.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s