Author Archives: Oddmund Berge

Ukjend's avatar

About Oddmund Berge

musikk, rock, pop, psykedelia, punk, postpunk, funk, garasjerock, hiphop, country, soul, folk, kraut, jazz, blues, viser, americana, litteratur, romanar, noveller, poesi, groove, og slikt.

Julie Doiron – Broken Girl

Standard

Med ein akustisk gitar som forbundsfelle syng ho hudlause betraktningar om kjærleikens vanskelige kår.

Broken Girl Den store hop av musikkinteresserte har neppe venta i åndelaus spenning på gjenutgjevinga av Julie Doiron sin solodebut frå 1996. Strengt tatt har vel dei færraste registrert at det eksisterar ein skjør sangfugl i Canada med navnet Julie Doiron.

Saken er nå i alle fall den at labelen Jagjaguwar har fanga opp Doiron, som på 90-talet gav ut musikk på sin eigen label Sappy. I tillegg til at Jagjaguwar har stått for publiseringa av hennes to siste album (Desormais og Heart and Crime), har dei sett seg føre å gjere tilgjengelig Julie sine plater frå Sappy-tida. I oktober 2002 kom såleis EPen Will You Still Love Me? og albumet Julie Doiron & The Wooden Stars ut i Jagjaguwar sin regi. Nå er turen kommet til debutplata Broken Girl, eit album som i si tid kom i kun 1000 eksemplar, og har vore eit aldri så lite samleobjekt dei seinare åra.

Julie Doiron gav ut Broken Girl rett i etterkant av at bandet ho hadde vore vokalist og bassist i, Eric’s Trip, gjekk i oppløysing. Broken Girl var for øvrig den gang ikkje berre tittelen på plata, men også Julie sitt pseudonym, og sangane her fortel så avgjort historien om ei ung dame som er nedfor og lei seg. Ved fleire anledningar legg ho for dagen den samme ikkje-snakk-for-hardt-til-meg, eg-kan-gå-i-stykker sårbarheten som amerikanske Chan Marshall (betre kjent som Cat Power) har gjort til sitt kjennemerke.

I eit sparsommelig lydbilde malar ho sine sangar i ein skjør melodiøsitet. Med ein akustisk gitar som forbundsfelle syng ho hudlause betraktningar som Sorry Story og So Low om kjærleikens vanskelige kår. Eit snev av optimisme og håp er det imidlertid å spore her, for resultatet av ein affære (lykkelig muligens) har visst ført til at det er noko som spirer og veks fram i Julie sin mage; Waiting For Baby.

Nokre av sangane sin klangfarge får meg til å tenkje i retning Joni Mitchell sitt Blue-album. Medan når ho innimellom tar fram den elektriske gitaren minner ho meg faktisk litt om Liz Phair, men då i ein atskilleg meir tynnhuda utgåve. Men det er nettopp blant desse elgitar-drevne affærene mine favorittar på plata dukkar opp; Soon Coming Closer og Grow Smaller, er låtar som uttrykker ein gnagande uro.

Albumet er for øvrig forsynt med sju bonuskutt, henta frå to EPar (innspelt før Broken Girl), og er såleis blitt ein fin dokumentasjon over Julie sine tidlegaste merittar.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Dolorean – Not Exotic

Standard

Med enkle midler og i eit varleg, sørgmodig og litt einstonig leie dukkar også Dolorean ned i melankolien sine kjellarlokaler.

cover  Som albumtittelen så korrekt indikerer; vi er ikkje inne på eksotiske marker. Oregon-bandet Dolorean frekventerer nemlig områder mange har vitja tidlegare. Her presenterer dei ni sangar om forliste forhold og andre triste hendingar. Med enkle midler og i eit varleg, sørgmodig og litt einstonig leie dukkar dei ned i denne ofte omsungne og mørke materien. Og det viser seg ganske fort at låtskrivar og frontfigur Al James er blant dei betre i klassen når det gjeld å skape truverdige og gode tekstar frå feltet. Langt meir på det jamne er imidlertid mannen i sin melodibygging.

Not Exotic er Dolorean sin debut i albumformat. Ein debut med stunder av gripande og stimulerande format. Men og ein debut med noko meir grå og anonyme sider. Her kan vi få oppleve sterke saker som The Light Behind My Head, med sine svale mandolin-linjer, funklande pianopartier og små, fine sangharmoniske innslag. Medan melodibildet dessverre er meir fargelaust i tilfeller som Sleeperhold og i Al James sine noko reserverte refleksjonar over temaet So You Want To Be A Rock’n Roll Star, kalt So You’re a Touring Band Now.

Dolorean virkar først og fremst å være nemnte Al James sitt prosjekt, men han har med seg fire viktige samarbeidspartnarar på innspelingane. Jay Clarke (The Standand) er ansvarleg for all lyd som dukkar opp frå piano og orgel, og det er ein god del. Ben Nugent kostar meir enn han slår på trommeskinnene. I tillegg til å ta seg av produksjonen bidrar Jeff Saltzmann med basstonar samt litt gitar og mandolin spel. Medan Skip Von Kuske stryk fram fine cello-tonar ved ymse høve. Klarast og tristast dei første tretti sekundane av albumet. Morningwatch er nemlig velsigna med ein cello-intro som set vemodige spor etter seg. Og saman med sin etterfylgjar Traded For Fire utgjer den ein utmerka åpningsduo. Morningwatch med sine lavmælte forbannelsar omkring temaet søvnvanskar. Medan Traded For Fire på si side driv av gårde med fyndige pianoanslag i ein duvande stil. Og stort meir fortvila og sjølvdestruktiv enn hovedpersonen på denne er det vel knapt mulig å verta; «and father forgive me because I knew what I was doing, I set a snare for myself and fell headlong into ruin…»

Personleg kunne eg nok ønskt at Al og hans menn hadde tydd til litt meir snuskete tonar innimellom. Lydbildet blir i lengden litt for velordna, og står såleis i ein slags kontrast til dei uordna skjebnene som blir omtalt her. Kor som er, intensiteten i framføringa blir stort sett halde i hevd. Særlig gjeld dette på albumet sitt episke høgdepunkt Hannibal, Mo. Ein dyster affære med eit visst slektskap både tekstmessig og i melodiføring til Springsteen sin Nebraska-periode. Om den unge mannen som ikkje klarer å godta at hans elskede skal reise frå småbyen og søke utdanning, og tar henne med på ein symjetur der han forlet henne i hjelpelaus tilstand. Han blir satt inn for drap, og utanfor murane ventar jenta sin far med lovnad om hemn.

Not Exotic blir gitt få sjanser til å komme opp å puste inn optimismen sine friskare dufter. Men i si ferd gjennom dei mørke gangane utrettar den såpass til fengslande saker at ein sikkert kan gjere lurt i å merke seg dens opphavsmenn.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Ani DiFranco – Evolve

Standard

Sidan ho CD debuterte i 1989 har Ani Di Franco vore ein ubøyelig leverandør av stridslysten musikk.

cover

Capitalism is the devil’s wet dream
so just give me my judy garland drugs
and let me get back to work
’cause the Empire State Building
is the tallest building in New York

Disse linjene er eit lite utdrag frå den over 10 minuttar lange Serpentine, eit episk politisk dikt, og eit viltveksande akustisk nummer, som buktar seg av stad mens Ani snakkar/syng/maner fram eit mylder av kommentarar til situasjonen her på kloden. Sitatet, og sangen i sin heilhet, viser oss at vi har å gjere med ei både modig og fandenivoldsk dame, som ikkje kvir seg det minste for å seie ifrå der ho synest slikt er nødvendig.

Sidan ho CD debuterte i 1989 har Ani DiFranco vore ein ubøyelig leverandør av stridslysten musikk. Varemerket hennes har vore eit fyrverkeri av ein akustisk gitar, og soleklare meldingar både på det personlige og det politiske plan. Som ein frenetisk kvinnelig utgave av Woody Guthrie har ho levert sin funky punk-folk. Heile tida har ho gitt ut musikken sin på eige plateselskap (Righteous Babe), og dermed hatt full kontroll over karrieren sin. Dette har ho for øvrig gjort i eit tempo og i ei mengd som er ganske så uvanlig i dagens musikkverden, hvis eg har rekna rett så er Evolve hennes 15. plate. Denne produktiviteten er imponerande, men viser seg vel og samstundes å være ein av hennes svakheter. Platene hennes har ein tendens til å være litt ujevne, dei er aldri heilt fri for ein del spor av mindre interesse. Eit mindre intensivt utgivelsestempo, fulgt opp av ei strammare redigering, kunne nok ha endra noko på den situasjonen.

Dei siste årene har ho innført eit nytt element i musikken sin, nemlig eit meir eller mindre fast band, der spesielt innslaget av blåsarar har vore med å utvikle stilen hennes i ein meir jazz-infisert retning. Ho har imidlertid annonsert at Evolve blir svanesangen for denne delen av hennes musikalske prosjekt, og at ho nå velger å gå vidare aleine med sin gitar. Så får tida vise om det blir tilbake til fortida, eller om årene med bandet har vore med på å utvikla uttrykket. Ho foretar for øvrig ein liten tjuvstart på løpet vidare her, for i tillegg til nevnte Serpentine framfører ho også tittelkuttet aleine kun akkompagnert av sin funky gitar, og begge disse ber i alle fall bud om at framtida kan vise seg å stå i utviklinga sitt teikn.

Evolve er blitt eit verdig punktum for samarbeidet. Frå åpningsballaden Promised Land sine blå jazztonar til den dynamisk og sjelfylte avslutningen Welcome To: Bandet framstår som ein leikande einhet og bidrar til ei foredling av melodiane enten det er jazz-fornemmelser, funky soul-saker eller latin-inspirert. Det er på mange måtar ei meir moden Ani DiFranco vi får oppleve på denne plata, så får det være opp til den einskilde lyttar om dette er å betrakte som ei positiv utvikling.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Brad Davis – I’m Not Gonna Let My Blues Bring Me Down

Standard

Flink strenge-plukkar med preglaus stemme agerer blant anonyme låtar.

cover  Akkurat som ein dyktig fotballspelar kan imponere med ballkontroll og tusenvis av trikse-berøringar, kan Brad Davis også imponere i sin triksing med strengene, det være seg på gitaren, mandolinen eller kontrabassen. Men akkurat som i tilfellet med fotballspelaren er det begrensa kor lenge slikt blir interessant for utanforståande. Det krevst nemlig meir enn å kunne flytte fingrane fort og korrekt på sitt strengeinstrument for å kunne kallast ein spennande musikkutøvar. Ja, faktisk er det mange ting som er atskillig viktigare enn akkurat slike akrobatiske prestasjoner. Og mange av desse tinga skortar det litt på hos herr Davis. For på områder som å snekre saman gode låtar, tilføre dei ei dynamisk kraft, synge dei med innleving og få strengeleiken til å bli eit sjelfullt innslag til beste for låta er han ikkje like mykje på heimebane som når det kjem til isolerte gitarplukkar-evner.

Brad Davis har i mange år vore ein ettertrakta strenge-utøvar hos andre musikarar. Han har spelt med relative storheter som Wille Nelson, Emmylou Harris, Warren Zevon og Billy Bob Thornton, og han har i mange år vore medlem i konsertbandet til countryartisten Marty Stuart. Her har han utført si rolle innanfor rammene av andre sine visjonar. Når han nå er ute med ei soloplate og skal uttrykke sine eigne musikalske visjonar får eg ein lei følelse av at låtane ofte berre blir ein unnskyldning for å kunne flat-plukke hurtig, heftig og «imponerande» på ulike strenger. Som sagt, slikt blir det ikkje alltid den store musikkopplevinga utav.

Nå er likevel ikkje Davis heilt utan evner til å få ting til å høyrast bra ut. Cypress Walls er ein sprek countryfolk-sak med friske dobro-innslag av ein Rob Ickes. Den gamle vandrevisa Rank Stranger blir i Brad Davis si tapning og i vokalt selskap med ei Kelly Nolf til fin countrygospel. Og den smått dramatiske Journey Through Misery glir av gårde på ein klagande men absolutt tiltalande tone, godt hjelpt av Glen Duncan si vekselvist dvelande og sprelske fele. Billy Bob Thornton gjestar som vokalist på Tell Me Son, men viser også denne gongen at han er atskillig større som skodespelar enn som countrysangar.

Hovedingrediensane er heile tida henta i grenselandet mellom country, blues, folk og bluegrass. Men han klarer altså kun unntaksvis å mikse dette i hop slik at resultatet blir noko anna enn ein bunke låtar som lyt friste tilværet i heller anonyme drakter. Så derfor; I’m Not Gonna Let My Blues Bring Me Down blir ein litt for kjedelig og dryg (over 50 minuttar lang) forestilling.

3/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Jason Collett – Motor Motel Love Songs

Standard

Vemod, håp og bortgøymte skattar. Lite kjent kanadier søker, og gjer seg fortjent til, oppmerksomhet.

cover  Sjølv om Jason Collett har nærmare 15 år bak seg som aktiv musikar, kan ein vel ikkje seie at han har gjort seg bemerka i særlig stor grad. Mannen er i alle fall eit heilt nytt bekjentskap for underteikna, og sikkert for dei fleste andre også vil eg tru. Noko det truleg er meininga at denne utgjevinga skal rette litt på. For Motor Motel Love Songs er eit forsøk frå det vesle kanadiske plateselskapet Arts & Crafts (sannsynlegvis mest kjent for bandet Broken Social Scene, ein gjeng Jason også har spelt litt saman med) på å gjere dei beste sangane frå to tidlegare Jason Collett-album tilgjengelig for eit forhåpentligvis større publikum.

Hvis mine kjelder er av det pålitelige slaget, skulle følgjande være litt biografisk fakta: Canadieren Jason Collett har sidan ungdomsåra opphelde seg i Toronto, der han har vore ein flittig deltakar i den meir uavhengige delen av byens musikkscene. På slutten av 80-talet spelte han saman med Andrew Cash Band, og litt seinare i eit band med navn Ursula. Han forsvant så nokre år frå musikkscenen for å ta seg av to små barn. Dukkar opp igjen midt på 90-talet, og drar i gang eit band, som blant andre inkluderer Andrew Cash og eksentrikaren Hawksley Workman, dei kallar seg Bird. Jason er denne gongen den ubestridde frontfigur, og er ansvarleg for både låtskrivinga og vokalen. Dei gjer ut plata Chrome Reflection. Nokre år seinare, 2001, kjem albumet Bitter Beauty som Jason Collett gjer ut under eige navn. Det er frå desse to platene, tidlegare i stor grad kun distribuert på konsertar, dei fleste sangane på Motor Motel Love Songs er henta.

Sjølv om Jason Collett sin musikk ikkje alltid oppheld seg i trygt sertifiserte løyper, er det selvfølgelig ingenting med desse sangane som skulle tilseie at han ikkje burde hatt eit større publikum. For albumet lykkast med å stadfeste at dette er ein kar som kan kunsten å smi saman skarpsindige pop/rock låtar. Og det er jo heller slett ingen ulempe at han samstundes gjev til kjenne ei markant og uttrykksfull røyst.

Plata dras i gang med litt liflig melankoli i Bitter Beauty, der ein og kan ane spor av The Band-impulsar. Mens låtar som Little Clown, Choke Cherry og Blue Sky står fram som ein utsøkt Jason-mikstur av vemod og håp, delvis kultivert i Wilco-land, delvis snappa opp frå REMs poppige hjørne. Litt twang står også på programmet, i den nydelige countryfolk-balladen Honey I Don’t Know, med åpningstonar lånt frå REMs Sweetness Follows, og med ei Mia Sheard på harmonivokal, samt litt smygande steelgitar.

Eit par innbitte ballader i Paul Westerbergs ånd blir og servert, den håpefulle It Won’t Be Long, samt eit uannonsert spor som samstundes høyrest ut som eit tittelspor, eit noko uvanleg påfunn kanskje. Men med eit refreng som; «In your motor motel sleepness nights, your dreams all advertised, my love», og ei nerve som gjer den til platas høgdepunkt, er den i alle fall ein uvurderlig hemmelighet.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Lloyd Cole – Music in a Foreign Language

Standard

10 sangar av den melankolske sorten, der Lloyd Cole si stemme og hans akustiske gitartonar er i sentrum.

cover

Witnesses have placed me at the crime scene
Forensic evidence concurs
Samples taken from under my fingernails
Support the prosecution’s case…

Det ser definitivt ut som han ikkje akkurat har bevisbyrden på si side hovedpersonen i denne historien. Men sidan han sjølv ikkje kan minnast dette grufulle, må det ha skjedd i eit anna liv. Splitta personlegdom, galskap og dunkle drifter. Jodå, det er beksvarte og uhyggelige strenger han spelar på, Lloyd Cole her. Sangen heiter My Other Life, og er i all sin dystre og kontrastfulle prakt ein sak henta frå samme gyldne skattkammer som Perfect Skin og Forest Fire i si tid kom raslande ut ifrå. Den er også høgdepunktet på mannens nye album Music In a Foreign Language. Eit album der einsame nattetanker dominerer ganske så kraftig, sjølv om det sjeldan er snakk om like uhyggelige hendelsar som i nevnte sang.

Snart 20 år er gått sidan Lloyd Cole og hans Commotions første gang dukka opp på musikkhimmelen. Med seg hadde dei albumet Rattlesnakes. Ei samling sangar i ei jangle-gitar/folkrock sfære. Med sine ordrike tekstar og sin utstrakte namedropping gjorde Cole det tydelig at her kom det ein velorientert fyr (han studerte på den tida filosofi i Glasgow). Dette hadde sjølvsagt ikkje hatt mulighet til å fungere utan mannens briljante melodisans, og lett nonchalante men udiskutabelt sjelfulle røyst. Etter denne eminente debuten har imidlertid mannen hatt problem med å levere varer av samme kaliber, både i bandsamanheng og som soloartist. Og han vil sannsynlegvis få sin plass i musikkhistorien ved sida av alle dei andre som også gjorde sine skarpaste ting i første forsøk.

Når det er sagt; Music In a Foreign Language er slett ikkje uefne saker. 10 sangar av den melankolske sorten, der Lloyd Cole si stemme og hans akustiske gitartonar er i sentrum. Her til lands hadde vi kanskje kalt det visesang. Trommefritt og spartansk som det er, blir det i alle fall nokre grader meir nedtona enn mannen har framstått før. Så her er det berre å legge henda bak hovudet og lene seg sjølvransakande tilbake i visshet om at alt som minner om soniske utskeielsar er heilt fråverande. Dette blir samstundes også litt av svakheten til albumet, for sjølv om dei fleste låtane absolutt er solide nok, blir dei og litt for like.

Men lat oss ikkje klaga, her finn vi så mange fine sangar at eg foreslår vi heller gler oss over det. Som låta om dekadensen og framandgjeringa i Los Angeles, kalt Light Night, Early Town: «Oh Los Angeles how do you sleep, you seem so full of cocaine, and self belief». Eller om kjærleik gått i vranglås i steelgitar-draperte My Alibi: «I’m freezing cold cause I’ve been out all night, I guess I left without my coat, I just get to walking round and round your block, very very rock’n’roll». Det er i det heile eit ganske så pessimistisk syn på kjærleiken og mennesket som kjem til uttrykk i mykje av det Lloyd Cole har på hjertet denne gangen. Så at han også har tatt med ein versjon av Nick Cave sin People Ain’t No Good er jo ganske høvelig. Vemodige No More Love Songs, der dei elskande har komme til ein slags einighet om at kjærleiken kanskje ikkje er så mykje å satse på likevel, har heller ikkje mykje optimisme i seg. Mens hovedpersonen i Shelf Life trass i resignasjon, prøver å halde på draumen om den gang det var verdt å elske.

Det er rett og slett mulig at Lloyd Cole med Music In a Foreign Language, trass i all sin nedslåtthet, har prestert sitt beste album sidan den før omtalte debuten.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Cinnamoon – Cinnamoon

Standard

Norske Cinnamoon sin debut i albumformat er ei heftig ørkenvandring blant givande tonar.

cover  Cinnamoon vakte i fjor ein viss oppsikt med å gje ut ein singeltrilogi (tre singlar på tre veker). Underteikna valgte bort å skaffa seg disse. Nå viser det seg at det antakelig var eit famøst mistak, for dei overbeviser noko voldsomt her på sitt debutalbum.

Cinnamoon er for dei som ikkje veit det eit norsk band, nærmare bestemt frå Oslo. Dei har nå holdt det gåande i rundt fem år og har gjort ca. 100 spelejobbar. Ryktene seier forresten at dei skal være eit gnistrande liveband. Deira debut i albumformat er ein fødsel i vilterheten, storheten og smerten sitt tegn. Eller som dei sjølv syng i låta No Shame: «the perfect fear of being born».

Med Cinnamoon i førersetet er vi invitert på tur i det storslåtte men akk så golde ørkenlandskapet, i baksetet kan vi skimte skyggen av Grant Lee Buffalo sammen med Gun Club og Meat Puppets, og utanfor mellom dei mektige kaktusane svever ånden til Gram Parsons.

Musikken på plata minner meg litt om fleire amerikanske band som spelar sin rock med eit snev av både country- og folk-elementer. Men her snakkar me på ingen måte om ein blåkopi, tvert imot har Cinnamon funne sin eigen plass i dette åpne og luftige rock’n’roll lendet. Dei er veldig flinke til å variere og skape små uventa brudd i strukturen på kvar enkelt låt. Det svinger frå kraftfull monumental styrke over i skjør akustikk. Dei utfordrar og leikar seg med motsetningane, med lyset i møte med skyggen, og det heile resulterer i eit særdeles dynamisk lydbilde.

Albumet har mange høgdepunkt. Her får me høyre rikt fasetterte folkrockarar som Dogtown og Tomorrow. Platas popalibi er Head ’em Up, ein gitardreven og skarpskodd låt. På The Forest smeltar det maniske og det leikande saman til ei høgare eining. Suveren låtoppbygging får me være vitne til i Dry og No Shame. Glansnummeret er kanskje Drumhead Trail der dei koblar eit brutalt grep i ein bekmørk rockelåt. Stemmebruken til vokalist Joakim Åkerstrøm forsterkar på ein glimrande måte stemningen i sangen. River Black & Rock Full står ikkje mykje tilbake den heller, i all sin spastiske intensitet, der den bevegar seg mot ein avslutning som er ingenting mindre enn ein vegg av lyd.

Eg innrømmer og gjerne at eg lar meg henføre av den nesten litt sentimentale balladen Madman, og av den country-inspirerte sistelåten Roll On som blir ein stemningsfull og vakker avslutning.

Så får me berre håpe at denne utgivelsen ikkje druknar i all den oppmerksomheten som blir ein del andre artistar til del nett no i disse tider. Mens eg lyt ut på jakt, singeljakt, for det finst tre stykker som eg gjerne skulle hatt tak i.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Vic Chesnutt – Silver Lake

Standard

Chesnutts mest varierte, og definitivt blant hans beste til nå.

cover  14 dagar tok det å spele inn Silver Lake, Vic Chesnutt sitt ellevte album. Etter hans standard er det rimelig lang tid, når ein tenker på at hans debut Little (1990) blei festa til tape på ein dag, og fleire av utgivelsane etterpå har heller ikkje vore prega av flikking og polering i platestudioet. Denne gangen hadde imidlertid Vic ambisjonar om å lage eit meir orkestrert og produsert verk. Noko som har resultert i ei plate som er mannens mest varierte, og definitivt blant hans beste til nå.

Innspelingen er gjort i ein herskapsbolig (Paramour Mansion) på ein høgd overfor Silver Lake (derav platetittelen) i Los Angeles traktene, her ligg platestudioet Real Music Studios. Produsent har vore Mark Howard, og eit knippe erfarne studiomusikarar har bidratt, deriblant gitaristen Doug Pettibone. Litt interessant er det at desse to også har ytt dei samme tjenesten på Lucinda Williams si siste plate, som kom ut nå omtrent samstundes med Vic Chesnutt sin. Så parallellt med at eg har gjort meg kjent med Silver Lake har også Lucindas World Without Tears vore ein flittig musikalsk gjest her i stova. Nå er kanskje ikkje dette den rette samanheng for å halde dei opp mot kvarandre, men målt mot Lucinda så når nok ikkje Vic heilt opp, men kven gjer nå egentlig det?

Låtane på Silver Lake har ein dynamikk som ikkje alltid har vore tilstades på tidlegare Chesnutt-produksjonar. Så, det er slett ikkje alltid ein flink produsent og litt tid berre fører galt avstad. Rett nok saknar ein kanskje litt av den rå nerva som var tilstades på mykje av materialet på plater som Little og Is The Actor Happy?, nokre av melodiane på Silver Lake blir litt slappe og tannlause. Noko som avgjort ikkje gjeld første halvdel av albumet, for det er seks låtar på strak arm som alle påkallar begeistring.

Frå den intense balladen I’m Through, om eit forhold som er blitt for vanskelig å håndtere, til den opprivande og ulmande Styrofoam festar Vic grepet. Kanskje aller best i denne sekstetten av sangar er Band Camp, historien om jenta Vic møtte, og som han i ettertid ser at han helst burde ha halde seg unna; «if I knew then what I know now».

Dei fire neste spora klarar eg ikkje å bli like komfortabel med. Blant desse finn vi også platas lengste låt, den over åtte minuttar lange Sultan, So Mighty, ein episk historie om intriger i Sultanens harem, sett frå ein evenukk sitt hjørne. Vic syng historien med falsettstemme for å gjere den mest mulig autentisk, men sjølve melodilinjene blir for anonyme, og heile affæren manglar framdrift i mine øyrer.

Avslutningslåta In My Way, Yes trur eg derimot er den flottaste sangen Vic nokon gong har festa til tape. Ein sang om livet og kjærligheten gjort i langt meir optimistiske ordelag enn kva vi er vant til frå denne kanten. Den når sitt absolutte klimaks i refrenget, som er ein spørsmål/svar sekvens mellom dei øvrige musikarane på plata og Vic sjølv; gåsehud.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Central Falls – Love and Easy Living

Standard

Legg beina på bordet, for her kjem dei upretensiøse, leikande og tilbakelendte Central Falls med musikk du kan late deg litt i selskap med.

cover  Central Falls er berre eit av prosjektene til denne gjengen frå Chicago, der brødrene Adam og Ben Vida fyller dei mest sentrale rollene. Men der dei andre banda stort sett oppheld seg på den meir eksperimentelle og støyande delen av rock-skalaen, er Central Falls eit langt meir beherska og tilbakelent foretak. Ja dette kan rett og slett karakteriserast som skikkelig sløv popmusikk, der ein lett kan forestille seg dei involverte behagelig plassert i kvar sin fluktstol, mens dei lar sine makelige tonar sveve av gårde på gjennomsiktige skyer fylte av flyktige psykedeliserte draumar. Draumar som i neste omgang tar bolig hos lyttarar med dårlig immunforsvar mot slike hypnotiserande miksturar.

Laidbacke opplevelsar som det Love and Easy Living representerer kan ofte ha ein tendens til å påkalle likegyldighet, om ikkje frå start til mål, så dukkar det i alle fall ofte opp spor og faser der dette er tilfellet. Med sin totalt upretensiøse haldning og leikande tilnærmingsmåte klarer Central Falls stort sett å styre unna slike problem. OK, så får eg av og til lyst å sparke beinet under ein fluktstol, liksom berre for å gje beskjed om at eg kunne ynskje litt meir temperatur. Men det er som om bandet også skjønar det, og skaper litt meir eldfullhet i samme sekund, kanskje ved å spele ein litt skrudd tone, eller ved å hente inn litt fyldigare lyd frå blåsarar og orgel, eller kanskje rett og slett ved å foreta eit uventa taktskifte som bringer det heile ut av balanse for nokre sekundar. Adam Vida si røyst (ofte i harmoni med broder Ben), ikkje ulik stemmene til folk som Neil Young og Lars Lillo-Stenberg, gjer også sitt til at dette blir ein organisk og frisk opplevelse i all sin slentrande daffhet. Det nokon sikkert vil karakterisere som begrensa sangressursar, vil eg hevde berre er med på å understreke ytterligare den uanstrengte innstillingen dette prosjektet er tufta på.

Det går også an å problematisere at låtane på albumet blir for like. Noko eg slett ikkje skal hevde er heilt usant, sjølv om alle spora skaffer seg meir og meir personlegdom for kvar runde dei gjer. Uansett, dette oppfattar eg først og fremst som ein drøyt 40 minuttar lang «beina på bordet»-symfoni om kjærleiken og det enkle livet, der dei ni enkeltståande sangane blir satsane i denne symfonien. Frå den jazzinfluerte vårdraumen Springtime til den nakne, men samstundes orgelmektige klagesangen Wrapped Up In Gold er Love and Easy Living ein studie i mild, litt rar og veldig tålmodig popmusikk. Der det skarpaste øyeblikket er når dei i den brass-påførte akustiske visa Weekenders kjem med følgande vesle kraftsalve «Weekenders fuck off, I am here forever». Tekstane er for øvrig, i den grad eg oppfattar dei, meir fragmenterte observasjonar enn historiar, og meir flyktig melankoli enn djupfølt fortvilelse.
Og støttar såleis fint oppunder seansen sin milde grunntone.

6/10

Først publisert på Groove (i 2003)

Johnny Cash – At Folsom Prison

Standard

I kategorien legendariske livealbum høyrer Johnny Cash si Folsom-innspeling så definitivt med til dei aller mest legendariske.

cover  Det skjedde i dei dagar då Vietnamkrigen var på sitt heitaste. Siste års «summer of love» var så avgjort over. Ei fargerik og forførande psykedelisk tåke låg som eit roterande slør over popverda. Og countrymusikk var det mest reaksjonære ein kunne finne på å stemme opp gitaren til.

Ja nett i dei dagar. Nærare bestemt den 13. januar 1968, spaserte Johnny Cash og hans vesle følgje inn porten til California-fengselet Folsom Prison. For å spele ein konsert som skulle vise seg å sette minst like kraftige spor etter seg i musikkhistoria som både den psykedeliske tåka og mantra om at «All You Need Is Love».

Det var ikkje første gong Cash var i fengsel. For å spele. Men det var første gong han gjorde det med plateselskapet sitt, Colombia Records, sitt innspelingsutstyr på plass. Det hende medan Bob Johnston, ein fyr som hadde hatt alle fingrane sine borte i Dylan-klassikarar som Highway 61 Revisited og Blonde on Blonde, var ein av dei mest tiltrudde produsentane i selskapet. Han fall for ideen til Cash om at eit livealbum frå eit fengsel sannsynlegvis kunne fange ei atmosfære ingen livealbum før hadde gjort. Så saman overtydde dei to ei særdeles sterkt tvilande leiargruppe i selskapet. Dei skulle ikkje bli straffa for det.

For som Johnny Cash sjølv sa det då han satt der med den ferdige innspelinga i fanget: «Here’s the proof. Listen closely to this album and you hear in the background the clanging of the doors, the shrill of the whistle, the shout of the men – even the laughter from men who had forgotten how to laugh. But mostly you’ll feel the electricity and hear the single pulsation of two thousand heartbeats in men who have had their hearts torn out, as well as their minds, their nervous systems, and their souls». Ikkje småtteri altså. Men eg går ikkje rundt med planar om å spikre mannen til ein stolpe og hardnakka hevde at han ikkje har dekning for sine ord. Ikkje etter å ha høyrt plata. Sånn cirka trettitre gonger.

«How’s that grab you Bob?» spør ein ertande Cash etter å ha fortalt sitt lydhøyre publikum at konserten vil bli gitt ut på plate av Colombia Records, så «you can’t say hell or shit or anything like that». Ein uttale som, saman med nokre andre utsegn av same slag, vart sensurert med nokre ukledelige bip gjennom mange års utgåver. Ja heilt til ei reutgjeving såg dagens lys på nittitalet ein gong. Ei reutgjeving som også hadde med eit par-tre spor som ikkje hadde fått plass på den originale utgjevinga. I årets Legacy Edition utgåve har endå meir fått plass. Eller for å seie det som det er; alt har fått plass. Utan at nett det nødvendigvis gjer dette til ei endå større oppleving.

Johnny Cash gjorde to konsertar i fengselet denne januarføremiddagen. Det aller meste som har vore med på tidlegare utgåver er henta frå den første konserten. Denne gongen er også heile konsert to med. Eg har ikkje vanskar med å skjøne kvifor Johnston valte å plukke flittigast frå nummer ein. For det er utan tvil her nerven er sterkast og formen til Cash er på sitt mest vitale. Nummer to har nok litt meir lyden av eit pliktløp over seg. Og pliktløp går det som kjent an å klare seg utan. Så CD-2 kan nok dei fleste derfor trygt lavere å putte i spelaren, utan å gå glipp av dei heilt essensielle opplevingane. Særlig sidan den på to spor nær, I Got Stripes og Give My Love To Rose, ikkje har nokon låtar som ikkje CD-1 også har.

I tillegg til Cash sitt hovudshow er det på begge CD’ane gitt plass til oppvarmingsjobbane til Carl «Blue Suede Shoes» Perkins og The Statler Brothers. Ikkje saker som kan få karakteristikken essensiell lytting. Men sikkert av interesse for musikkarkeologar. Dei sistnemnde, og underteikna, og sannsynlegvis ein del andre vil imidlertid finne mykje hugnad i den tredje vesle dingsen som følgjer med denne utgjevinga. Ein dokumentarisk DVD om innspelinga. Bakgrunnen for den, og kva den gjorde for Cash, og minst to av dei som opplevde konserten frå salen. Den eine av dei heiter Millard Dedmon. Han fortel at for han og dei andre fangane var dette ei særdeles minneverdig oppleving. Og så fortel han at det har gått han vel i livet etter at han vart lauslaten nokre år etter konserten. Så vel gjekk det ikkje med den andre fangen som får mykje plass i denne dokumentaren. Meir om han nokre avsnitt lengre nede.

Johnny Cash spelte sin aller første fengselskonsert i Huntsville i 1957, og han hadde også vore og spelt i Folsom tidlegare. Gjennom desse åra innafor murane hadde han arbeidd fram eit repertoar som i stor grad bestod av andre ting enn hans mest kjente låtar. Så ingen I Walk the Line, Big River eller Ring Of Fire. I staden presenterer han ei rekke med songar omhandlande forbrytelse og straff, anger og lengsel, desperasjon og galgenhumor. Noko har han laga sjølv, men dei fleste har han henta hos andre.

Opningsnummeret gav seg sjølvsagt sjølv. Folsom Prison Blues. Ein av mannens aller første komposisjonar. Ein togrytmisk klassikar om lengselen mot utsida og dens langt meir handlingsrike kvardag, frå mannen som «shot a man in Reno, just to watch him die». Då den strofa kjem over Cash sine lepper stig jubelen i Folsom Prison. Eller gjorde den eigentlig det? Casharkeolog Michael Streissguth fann ut for nokre år sidan då han gjekk gjennom innspelinga at akkurat den jubelen nok er noko produsent Johnston har lagt på i ettertid. Eg innrømmer at albumet fekk seg ei aldri så lita ripe i lakken då eg høyrde det. Og kanskje burde dei ansvarlege ha nytta høvet til å viske vekk den ripa denne gongen? Det har dei ikkje gjort.

Vel, vel. Det som går føre seg på albumet gjer ikkje pusterom for å dvele lenge ved denne vesle innseiinga. For dette er stoff som nektar å passere i anonyme former. Dette er upolert, rått og saliggjerande underprodusert. Her er ei nerve kombinert med ein djupfølt respekt mellom hovudaktør og tilhøyrarar ein sjeldan klarer å fornemme på ei live-innspeling. Og Cash slepp seg laus på eit vis ein vel aldri verken før eller seinare har opplevd mannen i svart gjere.

Han syng Dark as a Dungeon med alvorstyngd røyst, men må flire litt då nokre fangar klappar på ein litt uventa plass. Han flirer omtrent heile vegen til galgen i låta som må vere sjølve inkarnasjonen på galgenhumor, 25 Minutes to Go. Han gjer ein særdeles uflidd og djevelsk sterk versjon av Cocaine Blues. Og han legg seg fryktlaust i sentimentalitetens famn i triste Send A Picture of Mother.

Han har ein sekvens der han set seg lengst framme på scenekanten og syng berre akkompagnert av sin eigen akustiske gitar. Om eit skjebnesvangert rømmingsforsøk (The Wall), om menneskets beste venn (Dirty Old Egg-sucking Dog), og om korleis ein ganske så brutalt kan bli sagt opp på kjærleiksfronten (Flushed From the Bathroom of Your Heart).

Elles er backingbandet Tennessee Three ein viktig del av lyden. Med sin velkjende boom-chicka rytme, og salige Luther Perkins sin enkle men særdeles karakteristiske omgang med den elektriske gitaren. Og så dukkar jammen meg June Carter opp mot slutten også. Ho resiterer eit fjollete dikt, og ho hyv seg uti Jackson saman med sin kommande ektemann; «We got married in a fever, hotter than a pepper sprout».

Til slutt blir seansen avslutta i andektige og harmonifulle former med songen om Greystone Chapel. Den vesle grå kyrkja midt inne i Folsom Prison. Ei låt komponert av Glen Sherley, som på den tida var ein av dei innsette ved Folsom Prison. Cash øvde inn songen dagen før, og seier lett nervøst før han set igang, «we hope we do your song justice, Glen». Det var i følgje komponisten sjølv den største opplevinga i livet hans. Større enn at han blei lauslaten nokre år seinare, og større enn at han fekk fleire jobbar som oppvarmar for Johnny Cash. Sherley takla ikkje livet på utsida av dei tjukke murane. Han ende sine dagar som ein einsam, fattig og alkoholisert mann, og tok livet sitt i mai 1978. Sherley er den andre fangen som får mykje merksemd på den før nemnte DVD’en.

Johnny Cash At Folsom Prison er kalla eit viktig album. Viktig for Johnny Cash. Viktig for fangane ved Folsom Prison, og for fangar i andre amerikanske fengsel. At det var viktig for Cash kan ein vel vanskelig underslå. Albumet vart ein suksess, og brakte han fram att i eit rampelys han på den tida var i ferd med å skli bort i frå. Kor viktig det var for fangane, sånn utover at det var ei minneverdig og høgelektrisk stund i ein sal i Folsom Prison, bør ein nok vere meir varsam med å hevde i altfor sterke ordelag..

Johnny Cash hadde opprørske idear. Johnny Cash var The Man In Black som talte dei svake og dei utstøytte si sak. Johnny Cash trudde på sin Gud. Men Johnny Cash var ingen frelsar. Så Johnny Cash evna nok ikkje å gjere den store forskjellen. Men kven evnar no eigentlig det? Om ein ikkje er den fødde frelsar då. Visst det då i det heile finst nokon som med rette kan kalle seg noko slikt?

Nei, til sjuande og sist har ein kanskje gjort noko langt viktigare om ein går inn på scena, og på ektefølt og audmjukt vis spelar tjue ukompliserte låtar, og lar det vere med det. Enn om ein i staden (eller i tillegg) forleiar nokon til å tru at ein har frelsande evner gjennom omfangsrike anthem, vidløftige ord og storarta gjerningar.

Ja, slik trur eg vi seier det.

10/10

Først publisert på Groove.no (i 2008)