Tag Archives: Julie Doiron

Julie Doiron and The Wooden Stars – Julie Doiron and The Wooden Stars

Standard

Til lyden av rasjonelt plasserte lydkjelder framfører Julie Doiron 11 melankolske og ettertenksomme sangar.

cover  Ein gang i grunge-alderen (første halvdel av 1990-åra) eksisterte det i Canada eit band som kalte seg Eric’s Trip, navnet fortel mykje om kva musikk dei spelte (Eric’s Trip er ein låt frå Sonic Youths Daydream Nation). I 1993 vart det første Canadiske band som fekk platekontrakt hos den sagnomsuste labelen Sub Pop. Det fulgte tre CD-utgivelsar, før dei i 1996 bestemte seg for å oppløyse bandet. Vokalisten og bassisten i dette bandet lydde navnet Julie Doiron. Ho hadde då allerede begynt å skrive og spele inn låtar på eigen hånd, og debuterte som soloartist med den sterkt limiterte Broken Girl i 1996, seinare har det fulgt ytterligare fire album. Dette har skjedd utan at så veldig mange vel egentlig har fått det med seg, underteikna medrekna.

Litt meir historie; Julie oppretta sin eigen label (Sappy records) for å kunne gje ut plater, hennes to siste er imidlertid gitt ut på labelen Jagjaguwar. Denne labelen har og eit program for å gjenutgje hennes plater frå Sappy-åra, og albumet som eg skal fortelja litt om nå høyrer med til denne kategorien. Det er her snakk om ei plate som første gang såg dagens lys i 1999, og er ein innspeling Julie gjorde saman med musikarane i eit band med navn Wooden Star.

Til lyden av rasjonelt plasserte lydkjelder framfører Julie Doiron 11 melankolske og ettertenksomme sangar. Gitaren er det dominerande instrumentet der den på eit sordinert sett malar sine tonar, av og til harmonisk, andre ganger meir skurrande. Stemma til Julie er på eit måte både nennsom og skarp samstundes, og på eit beherska vis maktar ho å fange oppmerksomheten. Sangane er stramt redigerte bilder som beskriver savn, lengsel og sånt. Både musikalsk og tekstmessig føyer Julie seg inn i ein rock-tradisjonen der vi også finn artistar som Hayden, Mark Eitzel og Kristin Hersh.

Som ofte i denne sjangeren kan innhaldet med det samme virka noko flatt, og tilbyr få soniske haldepunkt til å navigere etter, derfor treng ein å gå nokre rundar med låtdetektoren for å finne ut om her skulle være noko av verdi. I dette tilfellet førte søket så definitivt til fleire tiltalande oppdagelsar.

Først og fremst framheva Seven seg, som når ein får fjerna det tynne laget av utilgjengelighet åpenbarer eit skjørt stykke musikk om einsemd og rådlaushet. Sjelden vakker er og The Longest Winter, der ei litt resignert Julie Doiron konstaterer kor vanskelig det kan være å finne varmen når ein ikkje har selskap under teppet. I det country-infiserte avslutningssporet Sweeter bidrar gitarist Julien Beillard med sang, og medvirkar til å sette eit nydelig punktum.

Når sant skal seiast finnest det ikkje direkte svake øyeblikk her, sjølv om ikkje alle funna glitrar med like stor ynde, så er det meir enn nok her til at ein kan krype opp i sofakroken og ta inn over seg litt lutrande melankoli.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Julie Doiron – Broken Girl

Standard

Med ein akustisk gitar som forbundsfelle syng ho hudlause betraktningar om kjærleikens vanskelige kår.

Broken Girl Den store hop av musikkinteresserte har neppe venta i åndelaus spenning på gjenutgjevinga av Julie Doiron sin solodebut frå 1996. Strengt tatt har vel dei færraste registrert at det eksisterar ein skjør sangfugl i Canada med navnet Julie Doiron.

Saken er nå i alle fall den at labelen Jagjaguwar har fanga opp Doiron, som på 90-talet gav ut musikk på sin eigen label Sappy. I tillegg til at Jagjaguwar har stått for publiseringa av hennes to siste album (Desormais og Heart and Crime), har dei sett seg føre å gjere tilgjengelig Julie sine plater frå Sappy-tida. I oktober 2002 kom såleis EPen Will You Still Love Me? og albumet Julie Doiron & The Wooden Stars ut i Jagjaguwar sin regi. Nå er turen kommet til debutplata Broken Girl, eit album som i si tid kom i kun 1000 eksemplar, og har vore eit aldri så lite samleobjekt dei seinare åra.

Julie Doiron gav ut Broken Girl rett i etterkant av at bandet ho hadde vore vokalist og bassist i, Eric’s Trip, gjekk i oppløysing. Broken Girl var for øvrig den gang ikkje berre tittelen på plata, men også Julie sitt pseudonym, og sangane her fortel så avgjort historien om ei ung dame som er nedfor og lei seg. Ved fleire anledningar legg ho for dagen den samme ikkje-snakk-for-hardt-til-meg, eg-kan-gå-i-stykker sårbarheten som amerikanske Chan Marshall (betre kjent som Cat Power) har gjort til sitt kjennemerke.

I eit sparsommelig lydbilde malar ho sine sangar i ein skjør melodiøsitet. Med ein akustisk gitar som forbundsfelle syng ho hudlause betraktningar som Sorry Story og So Low om kjærleikens vanskelige kår. Eit snev av optimisme og håp er det imidlertid å spore her, for resultatet av ein affære (lykkelig muligens) har visst ført til at det er noko som spirer og veks fram i Julie sin mage; Waiting For Baby.

Nokre av sangane sin klangfarge får meg til å tenkje i retning Joni Mitchell sitt Blue-album. Medan når ho innimellom tar fram den elektriske gitaren minner ho meg faktisk litt om Liz Phair, men då i ein atskilleg meir tynnhuda utgåve. Men det er nettopp blant desse elgitar-drevne affærene mine favorittar på plata dukkar opp; Soon Coming Closer og Grow Smaller, er låtar som uttrykker ein gnagande uro.

Albumet er for øvrig forsynt med sju bonuskutt, henta frå to EPar (innspelt før Broken Girl), og er såleis blitt ein fin dokumentasjon over Julie sine tidlegaste merittar.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)