Tag Archives: Lloyd Cole & the Commotions

Lloyd Cole – Broken Record

Standard

Det starta ganske så perfekt for over 25 år sidan, sidan har det blitt meir ordinært.

4

cover

«Are You Ready To Be Heartbroken?» spurde Lloyd Cole i 1984. «You can call me Mister Heartbreaker» syng Lloyd Cole i 2010. På si nyaste plate Broken Record. Jo, det har handla ein del om knuste hjerter i songane til Lloyd Cole. Enten det er songaren sitt, eller andre sitt. Temaet har ikkje fordunsta. Men tonane han plasserer det i er sjeldan like perfekte.

«Louise is the girl with the perfect skin, she says turn on the light otherwise it can’t be seen» song Lloyd Cole i 1984. I låta Perfect Skin. I den sterkt lada, konsist formulerte, og melodisk gåsehudframkallande opningslåta på albumet Rattlesnakes. Glasgow-studenten Lloyd Cole og hans Commotions sitt debutalbum. Ei ru og cool barytonrøyst manifesterte seg, i eit bilde av folkinspirert gitarrock, sterke låtar, og tekstar som refererte til Greta Garbo, Leonard Cohen, Simone de Beauvoir, Truman Capote, Norman Mailer, Arthur Lee og On the Waterfront. Her var ein som hadde lest bøkene, sett filmane og høyrt musikken. Og ikkje la han skjul på det. Og jaggu slapp han unna med det.

Han klarte vel aldri heilt å fylgje opp alle lovnadane som Rattlesnakes gav. Men han har vore her heile tida. Først nokre rundar til med Commotions, så berre under eige namn. Etterkvart ganske så aleine under eige namn. Som ein folksinger med gitaren, og i nokre samanhengar med computeren. Nå har han samla saman eit band igjen, og presenterer eit stykke folkpoprock av det ganske så gjennomsnittlige slaget.

Stemma har eit mjukare preg, og eit meir medtatt preg. Songane også. Det er loving & leaving, laughing & crying. Dei fleste illusjonar har gått tapt, fleire år har passert enn det det står att. Livet har fått grå kantar, og eit ikkje spesielt fargerikt innhald. Det er tomgang, velkjente reprisar, minste motstands veg, og tredje vers er identisk med første vers.

Med andre ord: «We’re starting to sound like a broken record». Eller: to sjeler, under same tak, begge kjenner på noko, men ikkje det samme. «He sees a lover, she sees another man overboard». Kva om ein var ein song? «Could a song, just a song break you down?».

Det er songar komponert og framført i eit folkpoprocksegment. Stort sett i eit pluss/minus midtempo skikt. Dei er enkle, likeframme og har verda full av slektningar. Ingen er dårlige eller flaue. Fleirtalet er høgst gjennomsnittlige. The Flipside er vakker.

The Flipside, ein varleg, vemodig og mild song. Om to hutrande sjeler som møter morgonen ihop. Og der, like før sola fargar morgongryet, «in the last remaining moments
before the sunlight sends us home, we’ll hear the flipside of That Gentle Melancholy Feeling». Den er verdt å høyre.

Men Broken Record, mannens tolvte studioalbum, er nok ikkje like vel verdt å høyre, sånn frå første til siste tone. Den har eit litt for preglaust vesen til at det blir spesielt interessant. Så bring on the Rattlesnakes heller. Og The Flipside, for all del The Flipside.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

 

Lloyd Cole – Music in a Foreign Language

Standard

10 sangar av den melankolske sorten, der Lloyd Cole si stemme og hans akustiske gitartonar er i sentrum.

cover

Witnesses have placed me at the crime scene
Forensic evidence concurs
Samples taken from under my fingernails
Support the prosecution’s case…

Det ser definitivt ut som han ikkje akkurat har bevisbyrden på si side hovedpersonen i denne historien. Men sidan han sjølv ikkje kan minnast dette grufulle, må det ha skjedd i eit anna liv. Splitta personlegdom, galskap og dunkle drifter. Jodå, det er beksvarte og uhyggelige strenger han spelar på, Lloyd Cole her. Sangen heiter My Other Life, og er i all sin dystre og kontrastfulle prakt ein sak henta frå samme gyldne skattkammer som Perfect Skin og Forest Fire i si tid kom raslande ut ifrå. Den er også høgdepunktet på mannens nye album Music In a Foreign Language. Eit album der einsame nattetanker dominerer ganske så kraftig, sjølv om det sjeldan er snakk om like uhyggelige hendelsar som i nevnte sang.

Snart 20 år er gått sidan Lloyd Cole og hans Commotions første gang dukka opp på musikkhimmelen. Med seg hadde dei albumet Rattlesnakes. Ei samling sangar i ei jangle-gitar/folkrock sfære. Med sine ordrike tekstar og sin utstrakte namedropping gjorde Cole det tydelig at her kom det ein velorientert fyr (han studerte på den tida filosofi i Glasgow). Dette hadde sjølvsagt ikkje hatt mulighet til å fungere utan mannens briljante melodisans, og lett nonchalante men udiskutabelt sjelfulle røyst. Etter denne eminente debuten har imidlertid mannen hatt problem med å levere varer av samme kaliber, både i bandsamanheng og som soloartist. Og han vil sannsynlegvis få sin plass i musikkhistorien ved sida av alle dei andre som også gjorde sine skarpaste ting i første forsøk.

Når det er sagt; Music In a Foreign Language er slett ikkje uefne saker. 10 sangar av den melankolske sorten, der Lloyd Cole si stemme og hans akustiske gitartonar er i sentrum. Her til lands hadde vi kanskje kalt det visesang. Trommefritt og spartansk som det er, blir det i alle fall nokre grader meir nedtona enn mannen har framstått før. Så her er det berre å legge henda bak hovudet og lene seg sjølvransakande tilbake i visshet om at alt som minner om soniske utskeielsar er heilt fråverande. Dette blir samstundes også litt av svakheten til albumet, for sjølv om dei fleste låtane absolutt er solide nok, blir dei og litt for like.

Men lat oss ikkje klaga, her finn vi så mange fine sangar at eg foreslår vi heller gler oss over det. Som låta om dekadensen og framandgjeringa i Los Angeles, kalt Light Night, Early Town: «Oh Los Angeles how do you sleep, you seem so full of cocaine, and self belief». Eller om kjærleik gått i vranglås i steelgitar-draperte My Alibi: «I’m freezing cold cause I’ve been out all night, I guess I left without my coat, I just get to walking round and round your block, very very rock’n’roll». Det er i det heile eit ganske så pessimistisk syn på kjærleiken og mennesket som kjem til uttrykk i mykje av det Lloyd Cole har på hjertet denne gangen. Så at han også har tatt med ein versjon av Nick Cave sin People Ain’t No Good er jo ganske høvelig. Vemodige No More Love Songs, der dei elskande har komme til ein slags einighet om at kjærleiken kanskje ikkje er så mykje å satse på likevel, har heller ikkje mykje optimisme i seg. Mens hovedpersonen i Shelf Life trass i resignasjon, prøver å halde på draumen om den gang det var verdt å elske.

Det er rett og slett mulig at Lloyd Cole med Music In a Foreign Language, trass i all sin nedslåtthet, har prestert sitt beste album sidan den før omtalte debuten.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)