Flink strenge-plukkar med preglaus stemme agerer blant anonyme låtar.
Akkurat som ein dyktig fotballspelar kan imponere med ballkontroll og tusenvis av trikse-berøringar, kan Brad Davis også imponere i sin triksing med strengene, det være seg på gitaren, mandolinen eller kontrabassen. Men akkurat som i tilfellet med fotballspelaren er det begrensa kor lenge slikt blir interessant for utanforståande. Det krevst nemlig meir enn å kunne flytte fingrane fort og korrekt på sitt strengeinstrument for å kunne kallast ein spennande musikkutøvar. Ja, faktisk er det mange ting som er atskillig viktigare enn akkurat slike akrobatiske prestasjoner. Og mange av desse tinga skortar det litt på hos herr Davis. For på områder som å snekre saman gode låtar, tilføre dei ei dynamisk kraft, synge dei med innleving og få strengeleiken til å bli eit sjelfullt innslag til beste for låta er han ikkje like mykje på heimebane som når det kjem til isolerte gitarplukkar-evner.
Brad Davis har i mange år vore ein ettertrakta strenge-utøvar hos andre musikarar. Han har spelt med relative storheter som Wille Nelson, Emmylou Harris, Warren Zevon og Billy Bob Thornton, og han har i mange år vore medlem i konsertbandet til countryartisten Marty Stuart. Her har han utført si rolle innanfor rammene av andre sine visjonar. Når han nå er ute med ei soloplate og skal uttrykke sine eigne musikalske visjonar får eg ein lei følelse av at låtane ofte berre blir ein unnskyldning for å kunne flat-plukke hurtig, heftig og «imponerande» på ulike strenger. Som sagt, slikt blir det ikkje alltid den store musikkopplevinga utav.
Nå er likevel ikkje Davis heilt utan evner til å få ting til å høyrast bra ut. Cypress Walls er ein sprek countryfolk-sak med friske dobro-innslag av ein Rob Ickes. Den gamle vandrevisa Rank Stranger blir i Brad Davis si tapning og i vokalt selskap med ei Kelly Nolf til fin countrygospel. Og den smått dramatiske Journey Through Misery glir av gårde på ein klagande men absolutt tiltalande tone, godt hjelpt av Glen Duncan si vekselvist dvelande og sprelske fele. Billy Bob Thornton gjestar som vokalist på Tell Me Son, men viser også denne gongen at han er atskillig større som skodespelar enn som countrysangar.
Hovedingrediensane er heile tida henta i grenselandet mellom country, blues, folk og bluegrass. Men han klarer altså kun unntaksvis å mikse dette i hop slik at resultatet blir noko anna enn ein bunke låtar som lyt friste tilværet i heller anonyme drakter. Så derfor; I’m Not Gonna Let My Blues Bring Me Down blir ein litt for kjedelig og dryg (over 50 minuttar lang) forestilling.
3/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)