Tag Archives: Jason Collett

Jason Collett – Here’s to Being Here

Standard

Umoderne, lettbeint og fint i eit luftig poprockmelodisk landskap.

6

cover

Det kan virke som om Jason Collett får brukt nok av sine vanskeligaste og mest utfordrande sider når han kamperer saman med Kevin Drew og resten av gjengen i Broken Social Scene. For under eige namn er det songar framført på eit langt meir ukomplisert og lettbeint vis han byr på. Songar i eit poprock landskap der ein også kan få auge på karar som Nick Lowe, John Hiatt, Josh Rouse og den meir lettfattelige utgåva av Jeff Tweedy. Collett er ikkje den som stikk seg fram som den største originalen i flokken, men han har nok av velfunderte saker på programmet til at eg gjerne ynskjer han velkomen i stova sånn av og til. Spesielt når han har med seg stoff av det kalibere han har fullt opp sitt nyaste album med. Sitt fjerde.

Tittelen har han stole frå eit dikt av den ikkje heilt konvensjonelle poeten Paul Haines. Ein særdeles likefram tittel. Ein tittel som salutterer augeblikket og dets flyktige men også veldig livsfriske vesen. Og eg tenker at det ofte er nett der Collett er på Here’s To Being Here. Utan at han plasserer hælane trygt planta i grunnen under seg og blir ståande der, han er nok helst oppe på tærne og dansar mot neste augeblikk. Til å hjelpe seg dit får han god hjelp av sine subtilt og dynamisk handlande medhjelparar (som hovudsaklig er hans turneband Paso Mino, samt ein og annan frå Broken Social Scene). I tillegg bør det vel også nemnast at Howie Beck sin leduge, luftige og organiske produksjon er alt anna enn skadelig for det endelige resultatet.

Frigjort frå kva som måtte vere musikalske motar eller dagsaktuelle trendar syng han desse songane sine. Dei kunne vore laga i 1970, i 1990 og sikkert også i 2050. Dei er med andre ord av den sorten det alltid vil vere nokon som lagar. Enten dei kjem i kraftpop format, kallar seg Papercut Hearts, og handlar om «the stab of love» og kva det måtte føre til av kloke eller særdeles lite kloke gjerningar, eller dei kjem i dvelande balladeform, kallar seg Somehow, og handlar om indre smerter og djupfølt anger.

Det er altså kjærleiken og dens uransakelige og ikkje alltid like føremålstenlige vegar det ofte handlar om hos Collett også. Men ikkje dei aller mest krokete vegane, og i alle fall ikkje dei som fører lukt i den svartaste fordervinga. For det er skinande strimer av håp og optimisme både i og mellom linjene hans. Og denne dualismen mellom håpet og motløysa turnerer han i stor grad med velformulerte, og alltid sentimentalfrie, vendingar. Det same kan vel seiast om det eg opplever som den andre nokså framtredande tematikken på albumet; det moderne versus det umoderne.

Og eg har ein sterk mistanke om at det er det umoderne som lever nærast Collett sitt hjerte. Som når han, i det lettbeint slentrande opningssporet Roll On Oblivion, på nær Dylansk vis snerrar at «The new wine rolling down Main street, while I’m in the alley being hard to find». Før han eit par spor seinare mellom snertne «oh oh-oh oh», subtile gitarspark og haustlege regndopar hevdar å vere Out Of Time.

I den røykfylte pianoballaden Henry’s Song presenterer han oss for ein fyr som er «hopeless and romantic drunk on the blood of love» og «possessed with vision» men eclipsed by lust». At han i tillegg får karakteristikken «the happiest man on earth» må ein vel kanskje føre på kontoen «ein forbigåande tilstand».

Litt twangy stoff har Collett også på programmet. I den harmonistetta og banjo og munnspel drivne, og ikkje så lite tiltalande, No Redemption Song. Og i den lune og litt underfundige Nothing To Lose; «I got nothing to lose when I got nothing to do with you».

Men spør du meg bør du kanskje vurdere å ha eit og anna å gjere med den siste plata til Jason Collett. Det kan til og med hende at du ikkje kjem til å angre på det.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Jason Collett – Motor Motel Love Songs

Standard

Vemod, håp og bortgøymte skattar. Lite kjent kanadier søker, og gjer seg fortjent til, oppmerksomhet.

cover  Sjølv om Jason Collett har nærmare 15 år bak seg som aktiv musikar, kan ein vel ikkje seie at han har gjort seg bemerka i særlig stor grad. Mannen er i alle fall eit heilt nytt bekjentskap for underteikna, og sikkert for dei fleste andre også vil eg tru. Noko det truleg er meininga at denne utgjevinga skal rette litt på. For Motor Motel Love Songs er eit forsøk frå det vesle kanadiske plateselskapet Arts & Crafts (sannsynlegvis mest kjent for bandet Broken Social Scene, ein gjeng Jason også har spelt litt saman med) på å gjere dei beste sangane frå to tidlegare Jason Collett-album tilgjengelig for eit forhåpentligvis større publikum.

Hvis mine kjelder er av det pålitelige slaget, skulle følgjande være litt biografisk fakta: Canadieren Jason Collett har sidan ungdomsåra opphelde seg i Toronto, der han har vore ein flittig deltakar i den meir uavhengige delen av byens musikkscene. På slutten av 80-talet spelte han saman med Andrew Cash Band, og litt seinare i eit band med navn Ursula. Han forsvant så nokre år frå musikkscenen for å ta seg av to små barn. Dukkar opp igjen midt på 90-talet, og drar i gang eit band, som blant andre inkluderer Andrew Cash og eksentrikaren Hawksley Workman, dei kallar seg Bird. Jason er denne gongen den ubestridde frontfigur, og er ansvarleg for både låtskrivinga og vokalen. Dei gjer ut plata Chrome Reflection. Nokre år seinare, 2001, kjem albumet Bitter Beauty som Jason Collett gjer ut under eige navn. Det er frå desse to platene, tidlegare i stor grad kun distribuert på konsertar, dei fleste sangane på Motor Motel Love Songs er henta.

Sjølv om Jason Collett sin musikk ikkje alltid oppheld seg i trygt sertifiserte løyper, er det selvfølgelig ingenting med desse sangane som skulle tilseie at han ikkje burde hatt eit større publikum. For albumet lykkast med å stadfeste at dette er ein kar som kan kunsten å smi saman skarpsindige pop/rock låtar. Og det er jo heller slett ingen ulempe at han samstundes gjev til kjenne ei markant og uttrykksfull røyst.

Plata dras i gang med litt liflig melankoli i Bitter Beauty, der ein og kan ane spor av The Band-impulsar. Mens låtar som Little Clown, Choke Cherry og Blue Sky står fram som ein utsøkt Jason-mikstur av vemod og håp, delvis kultivert i Wilco-land, delvis snappa opp frå REMs poppige hjørne. Litt twang står også på programmet, i den nydelige countryfolk-balladen Honey I Don’t Know, med åpningstonar lånt frå REMs Sweetness Follows, og med ei Mia Sheard på harmonivokal, samt litt smygande steelgitar.

Eit par innbitte ballader i Paul Westerbergs ånd blir og servert, den håpefulle It Won’t Be Long, samt eit uannonsert spor som samstundes høyrest ut som eit tittelspor, eit noko uvanleg påfunn kanskje. Men med eit refreng som; «In your motor motel sleepness nights, your dreams all advertised, my love», og ei nerve som gjer den til platas høgdepunkt, er den i alle fall ein uvurderlig hemmelighet.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)