Julie Doiron – Broken Girl

Standard

Med ein akustisk gitar som forbundsfelle syng ho hudlause betraktningar om kjærleikens vanskelige kår.

Broken Girl Den store hop av musikkinteresserte har neppe venta i åndelaus spenning på gjenutgjevinga av Julie Doiron sin solodebut frå 1996. Strengt tatt har vel dei færraste registrert at det eksisterar ein skjør sangfugl i Canada med navnet Julie Doiron.

Saken er nå i alle fall den at labelen Jagjaguwar har fanga opp Doiron, som på 90-talet gav ut musikk på sin eigen label Sappy. I tillegg til at Jagjaguwar har stått for publiseringa av hennes to siste album (Desormais og Heart and Crime), har dei sett seg føre å gjere tilgjengelig Julie sine plater frå Sappy-tida. I oktober 2002 kom såleis EPen Will You Still Love Me? og albumet Julie Doiron & The Wooden Stars ut i Jagjaguwar sin regi. Nå er turen kommet til debutplata Broken Girl, eit album som i si tid kom i kun 1000 eksemplar, og har vore eit aldri så lite samleobjekt dei seinare åra.

Julie Doiron gav ut Broken Girl rett i etterkant av at bandet ho hadde vore vokalist og bassist i, Eric’s Trip, gjekk i oppløysing. Broken Girl var for øvrig den gang ikkje berre tittelen på plata, men også Julie sitt pseudonym, og sangane her fortel så avgjort historien om ei ung dame som er nedfor og lei seg. Ved fleire anledningar legg ho for dagen den samme ikkje-snakk-for-hardt-til-meg, eg-kan-gå-i-stykker sårbarheten som amerikanske Chan Marshall (betre kjent som Cat Power) har gjort til sitt kjennemerke.

I eit sparsommelig lydbilde malar ho sine sangar i ein skjør melodiøsitet. Med ein akustisk gitar som forbundsfelle syng ho hudlause betraktningar som Sorry Story og So Low om kjærleikens vanskelige kår. Eit snev av optimisme og håp er det imidlertid å spore her, for resultatet av ein affære (lykkelig muligens) har visst ført til at det er noko som spirer og veks fram i Julie sin mage; Waiting For Baby.

Nokre av sangane sin klangfarge får meg til å tenkje i retning Joni Mitchell sitt Blue-album. Medan når ho innimellom tar fram den elektriske gitaren minner ho meg faktisk litt om Liz Phair, men då i ein atskilleg meir tynnhuda utgåve. Men det er nettopp blant desse elgitar-drevne affærene mine favorittar på plata dukkar opp; Soon Coming Closer og Grow Smaller, er låtar som uttrykker ein gnagande uro.

Albumet er for øvrig forsynt med sju bonuskutt, henta frå to EPar (innspelt før Broken Girl), og er såleis blitt ein fin dokumentasjon over Julie sine tidlegaste merittar.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s