Monthly Archives: desember 2013

The Captain & Me – Leave Your Friends and Family

Standard

Med innsamla tonar frå fjern og nær som nyanseskapande drivstoff, omfamnar reisekameratane harmonisongens livsfriske krefter.

6

cover

Eklektisk åtferd kan få fleire utfall. Du har dei som i sin iver etter å plukke vidt og fordomsfritt reint forskrevar seg, og gløymer bort å gje seg sjølv både retning og eigenart. Du har dei som blir for opptatt av å vere korrekte og respektfulle, og dermed endar opp stivbeinte og identitetslause. Du har dei som vil vere så festlige og snodige at dei i staden oppleves fjasete og slitsame. Og så har du artistar som The Captain & Me.

Ein norsk duo som debuterte i albumformat for drygt to år sidan. Med ei blanding av balkanske folketonar, appalachian strengetukting og harmonisong i vital west-coast tradisjon. Ei ganske så herlig blanding.

Herlig fordi dei i all sin iver ikkje gløymte bort å skape ein dynamikk som førte dei til hamns med ein eigen signatur. Og ikkje som eit samansurium av andre ting. Denne signaturen synst eg er endå tydeligare forma på deira ferske framstøyt Leave Your Friends and Family.

Rett nok har dei reist enno vidare. Forbi Bosporusstredet, og fylgt Silkevegen til den myteomspunne byen Samarkand. Og med innhyra blåsarar har dei søkt sørover frå Californiakysten, inn i Mexico, og vidare. Men til trass for at kompassnåla dansar vilt til tider, fer dei ikkje vill. Dei destillerer i staden inspirasjonen frå den vide verda inn i eit uttrykk som er overraskande homogent.

Det tøyleslause vågemotet frå debuten er blitt litt temja. Samstundes som overgangane og retningsendringane er mindre skarpkanta og brå, meir raffinerte. Utan at duoen endar opp som mindre inspirerte og vitale. Nei heller litt meir tilfredsstillande, og haldbare.

Slik det høver seg når ein inviterer på tur, vert det først oppfordra til å pakke. I denne samanhengen også til å sale opp hestane. På to og eit halvt minutt har opningssporet Saddle Up The Horses både varleg akustisk strengespel ispedd fløytetonar, klikketi-klakketi perkussive overgangar, brunstige «alle instrument gje lyd» parti, og ikkje minst eit sterkt melodisk og harmoniflott folkpopmønster. Eit mønster den deler med storparten av låtane som fylgjer etter. Eit mønster som dansar av garde ein eller annan stad mellom The Decemberists og Beirut. Med dei songharmoniske stamfedrane i Crosby, Stills, Nash and Young som fremste ledestjerner.

Det er tvillaust noko oppglødd og gladlynt over tonane til duoen. Samstundes som fleire av historiene dei fortel har meir preg av strev og vemod enn framgang og lykke. Roadhouse By the Sea, til dømes, er ein Poe-slekta spøkelseshistorie, om å søke ly i eit hus på kanten av eit stup, som viser seg å vere overfylt av «ghosts and undead». Medan avstanden er rimelig stor frå den lysande harmonitonen til tekstens undergangstematikk i Give Up; «give up, we’re all gonna die».

Døydde gjorde også Franz Mesmer. Men han gav ikkje opp. Sjølv om han ofte kjempa i motvind for å overtyde sine samtidige, på slutten av 1700-talet, om dei legande kreftene i animalsk magnetisme. The Captain & Me har laga ein liten episk hyllest til mannen. Der han får føre ordet sjølv; «I am Franz Mesmer, I aim to mesmerize». Slik blei austerrikaren opphavsmann til eit engelsk ord.

Sidan vi no først er inne på hypnotiske forhold. See the Sun skimrar i retning av noko slikt noko. Og fortel ei historie om audmjuk takksemd til trass for motgang og faenskap. Medan Samarkand viser fram balladesida til bandet. Ei låt om å finne, og ikkje finne, seg sjølv, eller sin kjære. Ein duett der Therese Aune er kvinnestemma.

Ho er som de sikkert har skjøna ikkje den einaste innhyra samarbeidspartnaren. For rett nok spelar kapteinen og meg (alias Morten Krane og Even Vaa) på fleire instrument enn eg har kunnskap om, men for å skape eit såpass stort sound dei har gjort her har dei også hatt med seg ein god gjeng. Sånn cirka ti i talet, som spelar på alt frå steelgitar, via fløyte til saksofon og trompet.

Skulle eg ha nokre innvendingar på det dei innhyra og dei to ved roret har føre seg, så er det at enkelte instrumentale parti kan verka litt vel stressa og oppkava. Men det er ikkje ei stor innvending. Hovudinntrykket handlar mest om raffinert vellydd, dynamisk entusiasme og ein smittande gjennomgangstone.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Bönkers – Time To Harvest

Standard

Countryfolkrockarane frå Oppdal er omsider tilbake. Litt modnare og lunare i steget. Men minst like gode på harmonisong.

5

cover

Det vart fort veldig stille i Bönkersleiren. Dei kom i 1997. Med ein EP dei fekk velvillig omtale for heilt borte i No Depression-land. Sony fanga dei opp, og gav ut debutalbumet Opp. Det var i 1999. Albumet selde sine 3000 eksemplar. Og så høyrde vi ikkje meir frå dei.

Rykta dukka opp ved eit par høve. At det skulle vere nytt Bönkersstoff på veg. Utan at dei materialiserte seg i realitetar. Ikkje før no. Og etter lyden å dømme er det nesten som om tida har stått stille.

Nesten. For den ungdommelige friskleiken som hadde eit dugande tak i Opp er nok til ein viss grad blitt erstatta av ein noko modnare leik. Utan at det får ein til å tenke nedtur. Til det har Time to Harvest for mykje fint å by på.

Dei harmoniske krefter er framleis sterkt til stades, og låtskrivarevna rimelig intakt. Denne gongen med god hjelp av überaktive Martin Hagfors. Han har skrive teksten til ti av dei elleve låtane. Mot ein ved førre korsveg; Jessica Lange. Og nett ein slik liten friskus finn eg ikkje denne gongen. Men eg finn anna eg kan like.

Eg finn, ganske så fort, Dark Horse. Låta Hagfors ikkje har hatt noko med å gjere. Men som har ein countryrockskapnad slett ikkje ulik den Home Groan har. Om ein outsider, og eit vennskap tufta på lidenskapen for å føre musikktradisjonar vidare.

Eg finn Flavorland. Ei lita soge om «a twisted nightshift guy» Bygd opp kring dei gode vestkystharmoniar og nattlegg countryknekk.

Eg finn tittellåta. Ei oversetting til engelsk av eit dikt skrive av nordmøringen Hans Hyldbakk. Eit dikt Henning Sommero tidlegare har sett tone til og sunge saman med Vårsøg; E Slåttåtæja. Tonane Bönkers gjev desse orda har nok meir sams med Heartlandtonar frå andre sida av Atlanteren. Men det er godt dugande tonar, ser du. Orgeldriv får dei også med på ferda.

Eg finn My Life’s Song. Ei semi-akustisk vise, der både mandolinen og trekkspelet kjem til sin rett. Ein kortversjon av eit liv. Eit liv som handla om å vente. Kanskje ikkje eit heilt lukkeleg liv. Men siste vers vert ikkje songe. Så kanskje likevel?

Og eg finn, heilt til slutt, Where Are You. Ein sår ballade med lengt i både rygg og bryst.

Eg høyrer Gaute O. Øien si tiltalande røyst. Ei sånn ei med lun twang, og varmande evner lik knusktørr bjørkeved. Og så høyrer eg harmonisong. Av amerikansk vestkystleg opphav. Tileigna, og framført i varleg lidenskapelige former. Bönkers kanskje fremste varemerke.

Eg finn og høyrer saker eg ikkje heilt synst om også. Eg skal ikkje dvele så mykje med det. Det er låtar som blir for identitetslause. Har eit litt mangelfullt dynamisk vesen. Skin I Shed er ein slik ein. Journey To the Brink blir ein slik ein, etter fjellfriske opningstakter. Medan Open Heart Aches ber litt for mykje preg av å skulle tilfredsstille folk som berre fer forbi. Dei treng ikkje tilfredsstillast.

Men først og fremst vil eg ynskje gjengen velkommen tilbake. Har ingenting imot om det tek noko mindre enn ti år til neste gong.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

The Broken Family Band – Please and Thank You

Standard

Ukomplisert og gitarfiksert rock’n roll, rimelig fri for utfordrande tendensar.

5

cover

Etter platetittelen å dømme er det eit audmjukt og elskverdig innstilt Broken Family Band som entrar manesjen denne gongen. Realiteten er nok noko annleis. På sitt mest optimistiske handlar Please and Thank You om å ikkje kaste inn handkle sjølv om utsiktene er ganske tilskya. Men vel så ofte blir det trakka rundt i heller desillusjonert sørpe, eller det blir gjort freidige forsøk på ytringar av det meir sarkastiske slaget. Ikkje så heilt ulikt det vi har høyrt frå denne kanten før, altså.

Med ryggen til dei akademiske salane i heimbyen Cambridge har dei forma stoffet i eit ukomplisert og gitarfiksert rock’n roll bilde. Eit lydbilde som har fjerna seg ein god del frå der dei var den gongen dei starta opp, for sju-åtte år sidan.

Då var dei inspirert av ein Texas-tur, skaffa seg banjo og steel-gitar, la om til amerikansk aksent, og lot det stå til. På sitt beste riktig så friskt og sjarmerande. Langs vegen har dei gradvis funne tilbake til den engelske aksenten, tatt i bruk meir elektrisk kraft, og tona ned countryfaktene. Til dei i dag står her heilt utan banjo og steel-gitar, og høyrest ut som om dei nett har komme ut av garasjen.

Men evna til å foreine tonar i eit melodisk sett dugande mønster har dei ikkje lagt av seg. Den viser dei fram i denne forma også. Om enn ikkje heile vegen til endes.

Den er der i det beiske opningssporet. Der songaren, Steven Adams, ber ein livsfjern kompis, med barten full av kokain, om å heller komme seg tilbake til hotellsenga; «and please yourself». Den er der i Salivating, der det velkjente temaet «borte bra men heime best» blir lagt på bordet i rimelig illeluktande og botferdig fylde. Og den er der i Cinema vs House, ei låt der problematikken om kor den beste staden for ein date er, blir tatt opp til vurdering; heime hos deg, heime hos meg, eller kanskje på kino («but that’s two hour without speaking»).

På grensa til plumpt blir det i St. Albans, der vi møter ein fyr som har reist nokre mil for å få seg eit knull. «But no one wants to fuck you in this town». Og på grensa til kvinnefiendtlig blir det i The Girls In This Town, der songaren skildrar damene i byen som ansvarslause, promiskuøse og utan framtid.

To elektriske gitarar er ganske så skarpslipte og blir nytta til både effektfull riffing og korte eksplosive orgiar. Bassen pumpar langt framme i bildet, og det blir slått hardt på trommeskinna. Låtane er bygd mykje over same lest, så er du på utkikk etter ein smule utfordring og variasjon er det sjølvsagt ikkje hit du skal.

Men skulle du vere lysten på likefram småkynisk engelsk gitarrock funkar dette ganske så greitt det. I alle fall fram til det blir sunge «don’t bury us until we’re dead» for n’te gong i spor åtte. Deretter er det vel strengt tatt slutt på sigarane.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Bonnie Prince Billy – Beware

Standard

Djupare inn i countryen enn nokon gong. Men tru ikkje at han sviktar. 

8

cover

Coveret er i svart og litt kvitt. Slik det også var då Bonnie Prince Billy for alvor meldte sitt kome med I See A Darkness. Den gongen med eit bilde av ein hovudskalle. Denne gongen med eit bilde av ein annan skalle. Opphavsmannens eigen. Henta rett ut av ei novelle av Edgar Allan Poe. Slik kan det i alle fall sjå ut. Tittelen, Beware, gjer ikkje så mykje for å dempe på det inntrykket. Men tonane frå den runde dingsen innafor dempar på inntrykket.

For dette er ikkje Billy stirande inn i dei mørkaste krokar. Dette er derimot Billy i sitt mest countryprega modus til dags dato. Og sjølv om country sjølvsagt handlar om vonde tap og verkande sakn, omfamnar Billy også fryden det er å kjenne blodet spele gjennom kroppen.

Det har aldri vore ein framand tanke hos Billy å arrangere møter mellom motstridande kjensler. Snarare tvert om, han har ofte gjort dei til dansepartnarar. Kanskje ikkje velvillige og sterkt synkroniserte partnarar. Men like fullt partnarar. Usikre partnarar. Stridige partnarar. Nedstemte partnarar. Og ved førre korsveg, Lie Down in the Light, også rimelig oppstemte partnarar.

Slik også på Beware. Her er smerter og tungsinn, lyster og skjemt. Han syng fram åtvaringar: «If you listen to me, you are lost». Og han syng om lammande sakn: «The more I am without you, the less I am a man». Men han gjev også uttrykk for at det er greitt å ikkje bli elska, berre ho klenger seg til han «all through the night». Eller han kan til livfulle tonar halde fram avskjeden som «the end of something wonderful».

Det har aldri vore ein idé hos Billy å drukne ord og tonar i eit lydrikt bilde. Langt i frå. Det spartanske og luftige har vore hans greie. På Beware er det meir lyd enn vanlig. Instrumenta er mange, og dei slepp til. Laussloppe og utan stramme taumar gjev albumet meg omlag dei same vibbane som det Dylan & The Band si Basement Tapes innspeling gjev meg. Og det er jo vibbar eg kan like å få.

Meir eller mindre harmonisk samsong pregar Beware i større grad enn noko anna album av mannen. Ved nokre høve, som på opningssporet Beware Your Only Friend og det folkrock-jazza avslutningssporet Afraid Ain’t Me, trør songarane til i oppildna og animerte midnattskor-former. Men oftare inntar dei ei noko meir skånsam rolle i bildet. Heldigvis, trur eg vi seier. Det kler liksom songane til Billy betre det.

Og det er på ingen måte dårlige songar han har komme opp med denne gongen heller. Sjølv om det knappast er nokon her som vil makte å snike seg inn på lista over hans ti aller mest minneverdige. Men så er no det ei særdeles gullkanta liste også då. Nærast an til noko slikt måtte i tilfelle den finstemte og leduge balladen Without Work, You Have Nothing vere. Der fiolinen kitlar, hornet sukkar, akustiske strenger varmar, og harmonitonen er gåsehud; «work, baby».

Vert å omfamne er også Heart’s Arms. Ein ballade som bygger seg frå nennsam til voluminøs. Ein ballade der hovudpersonen i pasjonerte ordelag etterlyser nokre skrivne ord frå den han elskar. Men han vert ikkje bønnhøyrt. Songens fortvilte maksimum kjem når e-posten endå ein gong viser seg å vere utan ord frå henne; «I open this awful machine, to nothing».

Countrytonen er klassisk i I Don’t Belong To Anyone. Av den sorten som kunne ha vore henta direkte frå The Louvin Brothers sin Tragic Songs of Life. Banjoen talar om lengsel, og songaren gjer likeså. Ikkje ein lengt retta mot ein spesifikk person denne gongen. Men ein lengt etter eit anna liv. Eit liv saman med ei kvinne, og nokon som kan kalle han pappa. Refrenget finn på subtilt vis sin plass i «freedom’s just another word for nothing left to lose»-tradisjonen:

«there’s no one who’ll take care of me,
it’s kind of easy to have some fun,
when you don’t belong to anyone»

Av andre songar verdt å nemne har vi den oppstemte og handklappa You Don’t Love Me, og den steelgitar-losa You Can’t Hurt Me Now. Vi har også I Won’t Ask Again med sitt refreng plukka frå songboka til Crosby, Stills, Nash & Young, den litt intrikate My Life’s Work, og den Nick Cave-slekta balladen You Are Lost.

Og sjå der du, då gløymte eg nesten (utan nokon som helst god grunn) den praktfullt refrengharmonerte Death Final, den smått oppspelte I Am Goodbye, og Nick Drake-blå There Is Something I Have To Say.

Då er vi komme dit hen at det berre står att å sette to strekar under svaret. Eit svar som handlar om at eg ikkje har oppdaga eit einaste svakt spor. Det skulle vel gjere Beware til eit album verdt å merke seg, skulle eg tru. I så måte held Bonnie Prince Billy ein no ti år gammal tradisjon vel i hevd.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Andrew Bird – Noble Beast

Standard

Så fabelaktig kan popmusikk vere. Om ein slepp til ein Bird med riktige idear, fager røyst og nystemt fiolin.

9

cover

Sjølvglødande hype eller uanstendige reklamebudsjett har aldri blitt Andrew Bird til del dei gongene han har hatt ei ny plate på trappene. Sakte men sikkert har det likevel vokse fram ein trufast fanskare som ser fram til hans neste framstøyt med von, og eit smått bankande hjerta. Det er det gode grunnar for. Andrew Bird har nemlig lagt seg til den fordelaktige vanen å servere popmusikk ein ikkje berre plasserer i hylla og gløymer. Så sjølv om hans plass i spaltene helst er av det diskret slaget, vil musikken hans leve lenge etter at førre vekes hype er på god veg inn i anonymitetens grå rekker.

Det er ikkje mykje grått over tonane til Andrew Bird. Tonar han har tappa frå mang slags kjelder. Og som derfor lyt finne seg i å dele rom med klangar og lydar dei ikkje har for vane å leve så altfor tett innpå. Men Bird fører dei saman med stø hand, og får det til å låte som om dei har vore dansepartnarar i ualminnelige tider.

Andrew Bird kom til popmusikken frå ein klassisk studert ståstad. Med fiolin som sitt hovudinstrument byrja han søke mot jazzige og folkfarga tonar av gammal årgang. Førkrigsårgang. Saman med eit band han døypte Bowl of Fire gav han på slutten av nittitalet ut albuma Thrill og Oh! The Grandeur. Før han fullendte bandsamarbeidet med meisterverket The Swimming Hour (i 2001). Eit album der han førte bluesen, soulen, jazzen, countryen og sigøynertonane saman til eit vitalt kraftpoputtrykk som var veldig hans eige.

Etter den spenstige symjetimen sa han farvel til bandet og byrja gje ut plater som berre Andrew Bird. Alle har dei dette eklektiske og idérike poputtrykket. Med den konsekvens at vegen inn til dei byr på visse utfordringar. Men langt i frå uoverkommelige utfordringar.

Berre ein fylgjer med.

Då vil ein rå med svingar ein ikkje er førebudd på, og kryssande tonar som er dårlig varsla. Og synst helst berre det er spennande at ei låt kan smalne til i enden av eit breitt refreng. For ein oppdagar at Bird sine soniske vegval ikkje har ei ekskluderande form. Han driv ikkje med skrudde ting for skrudde tings skuld. Han serverer tonar med ein hjertelig invitasjon til lyttaren om å bli med innafor. Og heile vegen tillendes.

Når det er sagt. Plata han nett nylig har levert frå seg, Noble Beast, er mindre forsynt av intrikat åtferd enn noko anna Bird-album. Den er i grunn ganske så lett å komme på talefot med. Ganske så lett å like. Utan at den mister glansen etter nokre rundar. Nei fanken, den skin berre meir og meir.

Å trampe fram med tunge skritt har aldri vore Bird si greie. Å la dei soniske påfunna krangle om merksemda har han også passa seg vel for å legge opp til. Det er det romslige, det luftige og det organiske han søker. Og finn fram til. Kvar gong. Denne gongen også. Spesielt denne gongen. For stort meir lett på tå gjennom ei luftig sfære enn det Noble Beast er blir ikkje popmusikk. Samstundes som den er slynga inn i eit varmt og nærast heilakustisk lydbilde ein vanskelig kan føle anna enn sterk velvilje overfor.

Eit av Andrew Bird sine varemerke er plystringa. Den er til stades på Noble Beast med. Ikkje i overdriven grad sjølvsagt. Mannen veit jo å avgrense seg. Han likar heller ikkje å virke repeterande. Det er vel kanskje derfor han ikkje bygger opp songane sine innafor heilt konvensjonelle popstrukturelle rammer. Joda, han har vers, han har refreng, og han har bruer. Men ver ikkje sikker på at han syng refrenget fleire gonger. Rekn med at han gjev versa litt forskjelligarta medfart. Sjå ikkje bort i frå at han kan ta ein liten Coltrane-runde med fiolinen. Og sjølvsagt kan det tenkast alternative måtar å forsere ei bru på.

Det er plystretonar som fører Noble Beast i gang. Om opningslåta Oh No har Bird sjølv sagt at inspirasjonen kom til han på ein flytur. Han satt i nærleiken av ei mor med eit lite barn som absolutt ikkje ville sitte på flyet. Barnet sitt gjentakande klagande og smått terroriserande «oh no» levde i øyregangane hans enno lenge etter at turen var over. At dette i neste omgang skulle føre til at han kom opp med eit suspekt sjarmerande sing-a-long refreng er på ingen måte sjølvsagt. Men det har han gjort:

Oh arm in arm we are the harmless sociopaths
Arm in arm with all the harmless sociopaths

Sjølve songen kan nok likevel tolkast å handle om heilt andre ting enn barns ulyst til å sitte i ro på eit flysete. Utan at eg kan seie eg sit med ei klar meining om kva det skulle vere. Verken når det gjeld denne, eller nokon som helst Birdsong. Han likar å uttrykke seg vagt. Han likar ordspel, klangen av ord, og gjerne vanskelige ord. Det er ikkje kvar dag ein må hanskast med ord og omgrep som calcified arythmatists, translucent alabaster eller innocuous plecostomus i popsongar.

Slikt fordrar kanskje tankar om at vi har å gjere med ein mann med vel høge pretensjonar. Tankar som glatt forsvinn i takt med kor raffinert og naturleg orda fell på plass i tonebildet. Det er heller ikkje på noko vis nødvendig med kunnskapar om kva ein Anthurium Lacrimae måtte vere, for å ha glede av Natural Disaster. Denne utsøkte songen der Bird får fram bilde av både evolusjon og undergang. Om våren som lurer under isen. Men også om utålelige dufter, og ein ulv med lungesjukdom. Økologisk popmusikk. Jepp. Både i ord og lyd.

Naturen, og det som lever, andar, døyr, og vaknar til liv att der, verkar vere eit slags gjennomgangstema på Noble Beast. Masterswarm til dømes, blir invadert av mikroskopiske skapningar med gode og mindre gode hensikter. At låta i tillegg har ein kriblande kravlande rytmikk dempar ikkje det inntrykket. Tittelen i mangefasetterte Anonanimal blir på si side fort til eit ikkje-dyr. Til ei vakker men lumsk sjø-anemone. Medan det i vemodige Nomenclature blir stilt spørsmål med om det ikkje er på tide å spørje havet, for å få eit litt anna perspektiv på tilstanden.

På sitt mest vemodstunge er Bird i balladen Effigy. Fiolinen let mest som ei fele, og det handlar om einsemd og ikkje heilt enkle mellommenneskelige tilhøve. Med bilde tilbake til tradisjonen å sette fyr på eksakte kopiar av personar ein ikkje hadde noko til overs for (- det vil i det minste halde flugene vekke, insinuerer songaren). Optimistiske tankar blir heller ikkje formidla i Souverian. Vakre Souverian. Det er noko vesentlig som er til hinder for det. For sjølv om våren er i emning og fuglane syng; «my lover won’t return to me». Så då blir det vel heller til at tistlane rispar han opp.

I eit meir catchy hjørne finn ein Bird når han serverer smart pop i Fitz and the Dizzyspells, fortel om merkelige draumar, og gjer substantiv om til verb; «so soldier on, soldier on». Popdynamikk av det uimotståelige slaget er også kva The Privateers byr på. Håp har den også. Eit haustleg håp; «now all the leaves are fallen dear… so carry me to Mecca, with what you my divine».

Det lette blir aldri lettvint. Det tunge blir aldri trykkande. Og tonane dansar så elegant. Noble Beast er popmusikk så levande, og så feiande flott, at alle elskarar av slikt noko burde omfamne det med sine hjerteligaste famntak. Prompte.

PS. I eit limitert opplag av albumet kan ein finne ein ekstra CD lagt ved. Ein ni-spors instrumentalsak titulert Useless Creatures, som Andrew Bird har spelt inn i trioformat, med Todd Sickafoose på kontrabass og Wilco-medlem Glenn Kotche på perkusjon. Det er kortare og lengre ambiente nummer. Det er ein kenyansk folkemelodi. Det er stoff som tenderer mot det klassiske lydfeltet. Og ikkje minst er det eit fint jazzgroove over mykje av stoffet. Høgdepunktet er det ti-minuttar lange kuttet Carrion Suite. Der Bird svingar bogen i både klassiske og jazza former, medan hans to medsamansvorne lar groovet gå.
Den er slett ikkje dum å ta med seg den heller.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Bibio – Vignetting the Compost

Standard

Plukkande gitartonar og varleg elektronisk gnissel på utflukt i eit grønt landskap.

5

cover

Ein mann, ein engelskmann, Stephen James Wilkinson, her kalla Bibio, sit på rommet sitt og plukkar tonar på den akustiske gitaren sin. Skaper små tema som han gjentar, og gjentar. Ein mann, her kalla Bibio, krydrar sine gjentakande gitartema med lydar frå elektroniske kjelder, feltopptak, og ved nokre få høve litt song. Det er vel i korte trekk kva Vignetting the Compost handlar om. Folktronica var det nokon som for nokre år sidan tenkte ut at dei kunne kalle slikt som dette.

Det skjer ikkje så altfor mykje på denne plata. Den er her vel mest for å skildre ein tilstand. Ein tilstand som gror fram av dødt og visna liv. Ein vårleg tilstand. Det vert rota litt rundt i rotlandskapet, men mest, mest ser ein og høyrer ein lyden av sindig vekst, og vakker natur. Eller for å sitere Bibio i ein av dei få sungne strofene på plata:

«A story tells me there is a couple there,
buried «neath the twisted roots,

their bones are tangled in that tree,
side by side and holding hands,
and that’s the reason why that tree is beautiful».

Langt oftare enn menneskesong, kan ein høyre fuglesong. Og elva som renn, langsamt. Eller ense ei floge, kalla Bibio, i enden av eit snøre, og ein fisk som kanskje bit. Og frosten som smeltar, og byr grønt liv om å spire fram. Utan ord.

Amongst the Bark and Fungus: Fremst og øvst rår eit monotont gitartema, under roterer skurrande elektronisk avfall. Odd Paws: To lyriske gitartema filtrerer seg i hop, og ein elektronisk bris duvar dunkelt i bakgrunnen. Dopplerton: Smått lystige gitarfigurar, og elektroniske motsatsar fargar bildet psykedeliagrønt. Weekend Wilfire: Høgdepunktet, med sitt frodige gitartema og sin perkussive snert, rik på sprudlande vårkjensle.

Og så ei lita gåtefull vise, Great Are the Piths, som sår eit visst mismot; «there’s a mist in a wood somewhere, it never leaves even in the arrid sun».

Dynamikken er subtil, eller fråverande. Overgangane er glidande, og mosaikken nyansesvak.

I ein heil time. Det blir kanskje litt for mykje. Litt for mykje av det same. Litt for mykje rundt i det same bildet. Litt redigering kunne derfor kanskje gjort seg. Ein halv time kunne kanskje vore nok.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Annbjørg Lien & Bjørn Ole Rasch – Come Home

Standard

Ein duo inviterer lyttaren inn i sin midte med enkle middel, og god meloditeft.

6

cover

– Du må slutte med disse synthesizerane, og få deg eit trøorgel mann, var folkemusikklegenda Halvard Kvåle si melding til Bjørn Ole Rasch, etter ein konsert med Bukkene Bruse i 1998. Så trøorgel vart det. Eit gamalt svensk eitt, som sidan har vore med Rasch nesten kvar gong han har spelt inn musikk. Denne gongen også. Ja veldig denne gongen, saman med felene til Annbjørg Lien.

Denne Rasch har ein lang og brokete bakgrunn som musikarar. Han starta ut med å skolere seg innan klassisk musikk, har sidan laga musikk for teater, spelt i jazz/prog/rock band, vore utstrakt nytta som studiomusikar, og var med då Secret Garden hausta ein Melodi Grand Prix-siger midt på nittitalet. Sidan den gong har han for det meste spelt i ulike folkemusikk-konstellasjonar.

I gruppa Bukkene Bruse saman med mellom andre Annbjørg Lien. Ei dame som i over tjue år no, på frodig og frilyndt vis, har traktert felene sine innafor folkemusikk tradisjonen. Med ein uttalt ambisjon om å dra den utav tronge båsar, og over proteksjonistiske grenser.

Denne gongen er det berre dei to, og ingen andre. Frå ei innspeling i deira eige studio i Kongshavn. Her skaper dei lyden av nærleik. For slik er desse tonane arrangert at ein får kjensla av å vere midt i blant dei. Men overmannande er dei ikkje. Dei opnar gluggar og slepp inn luft. Godt med luft. Og det vert gjeve rom for tramp, for klapp, og for knirk. Mykje knirk.

Frå den motsette sida av kompleksitet og lydrikdom kjem dei til oss med få middel. Utan å ende opp som ein einstonig duo. Langt i frå. Rasch er akkompagnatøren. Orgelet hans ligg litt bakom, derifrå gjev det frå seg tonar, eller utfører ei meir perkussiv teneste. Dei melodiske hovudlinjene spelar Annbjørg Lien. På hardingfele, eller andre feler. Og ved eitt høve syng ho.

Tittellåta, Kom Heim, er ei salme frå tradisjonen. Om den villfarne, som vert kalla heim. Dama syng bra ho, og mannen harmonerer forsiktig. Det er no likevel som instrumentalistar dei verkelig fyrer opp. Frå heftig og funky, til ære for eit minnerikt Redwood Tree, i Funk Trunk, til lyrisk og vemodig lågande i Hans Brimi-slåtten Tusseliten.

Innimellom desse har dei laga det meste sjølv. Hässleholm, ei oppstemt og vårleg hyllest til staden der orgelet hans Rasch vart laga. Phelia/Januar, ei sindig og tidvis smått intrikat affære til ære for gode vener, og ein bror. Woody’s Bounce, ein hastig sak med spanske taktslag. Og inspirert av ei gamal folkevogn har The Old Car blitt eit friskt og raudlett høgdepunkt tufta på solid melodisk teft.

Det er titlar på norsk, og titlar på engelsk. Tonane har nok likevel hovudsaklig sitt utspring frå ein norsk tradisjon, sjølv om dei tidvis også kan vere farga av amerikanske fjelltonar med ein litt meir ymse bakgrunn. Det kan høyrast i nemnte The Old Car, og endå meir i Tusshallingen/The Buckin» Mule, der siste sekvens er henta frå repertoaret til Old-time ambassadøren Bruce Molsky.

Viktigare enn kva dette er, er no likevel den kjensla av ekte varme som spreier seg i tjømda av desse flotte tonane.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Wolf Parade – At Mount Zoomer

Standard

Paraden går med litt stødigare skritt gjennom eit meir komplekst landskap denne gongen, men energien er der, og den melodiskapande evna med.

7

cover

Den første lange paraden var etter seiande full av Apologies to the Queen Mary, men dens fremste kjennemerke var no like fullt at den hadde form som ein vilter og ikkje alltid like fokusert sparringskamp mellom dei to frontmennene Boeckner og Krug. Når denne åtferda i tillegg fekk kraftfull backup av deira medmarsjerande, ja så vart det heile til eit nokså tøyleslaust opptog. Tøyleslaust og hektisk, men definitivt med eit vinnande vesen.

Når gjengen no i desse dagar er ute og paraderer att har dei justert ein del på bevegelsesmønsteret. Den hektiske sparringa er erstatta av meir samordna, om enn ikkje alltid like enkle, dansetrinn. Førre gong hadde dei sine balansevanskar. Denne gongen har dei eit stødigare ganglag. Ja ein kan vel enkelt seie at dei har modnast ein del. Vekke er mykje av det ungdommelige pågangsmotet og den unektelige sjarmfaktoren. Fram på avenyen kjem i staden ein gjeng med større kompleksitet i uttrykket, og ei hakket skarpare utvikla melodiskapande evne.

Eg var aldri inne på tanken å definere Wolf Parade som ei prog-akt førre gong. Langt i frå. Men tanken har meir enn streifa meg denne gongen. Det spretne og popslekta i store deler av melodimønsteret deira, samt eit tidvis nesten manisk postpunkslekta sinnelag, forpurrar imidlertid dei fleste tankar på at det er det dei først og fremst har blitt. Eg tenker vel helst på dei som eit orkester som mitt oppe i sitt mangslungne opplegg ikkje har gløymt bort verdien av å gje hovudrolla til den melodiske grunntonen.

Wolf Parade har sine eigenrådige trekk, men dei driv ikkje med innovasjon. Dei ferdast der andre har vore før. Aller oftast finn ein dei i det stormande landskapet der Built to Spill og Modest Mouse ofte plar gjere opp sine rekneskap. Men dei er heller ikkje framande for å ta ein Bowie her og der. Og i opningssporet liknar dei sannelig meir på Television enn noko anna. Utan å skjemme seg bort av den grunn.

Nei då, Soldier’s Grin er eit inspirert stykke musikk det, som startar ut i drivande former før den halvvegs skaper seg om til ein seigare trave. Vokalisten syng ein desillusjonert soldat sin song, og vokalisten heiter Dan Boeckner. Noko han heiter på om lag halvparten av albumet. På den andre halvparten kan vi høyre den noko meir strangulerte røysta til Spencer Krug. Overgangane dei to imellom har eit mindre divergerande vesen på At Mount Zoomer enn kva som var tilfelle på debuten. Eg tykkjer ikkje det er noko minus.

Blant Spencer Krug sine bidrag utmerkar den skarpsindig varierte California Dreamer seg. Låta har lite tilfelles med tonar vi helst forbind med den staten. Med sine sprang frå det tandre til det pågåande er den vel snarare albumet sin fremste eksponent for lys/skygge effekten. Og så har den eit refreng som er fullstendig «postpunk-1979»; Oh I think I might have heard you on the radio, but the radio waves were like snow.

Albumet sitt mest catchy spor er det Boeckner-fronta «Bowie via Jarvis Cocker»-tilfellet The Grey Estates. Tett fulgt av Krug sin kåte og popfunky Bang Your Drum, nok ein gong med eit refreng som markerer seg; oh do they beat that drum to get you back home, or do they beat it to keep you away?

Til slutt slår dei to seg heilt og fullstendig saman i eit episk opplegg kalla Kissing the Beehive (som på eit tidspunkt også var tiltenkt som tittel for albumet). Her duetterar og duellerar dei i pasjonerte og fasetterte former. Om høgt heva overmot og armodsfull anger; «you held your cap in the air and called it a guitar, you put your face on the glass and called it good cinema».

At Mount Zoomer kjennes kanskje litt brattare å entre enn debuten, men har endå litt meir å by på. Så eit par litt fargelause spor til trass (Call It a Ritual og Language City), ingen grunn til å la ulvane paradere forbi utan å slenge seg med denne gongen heller.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Lucinda Williams – Little Honey

Standard

Før i tida hadde Lucinda Williams for å vane å lage meisterlige plater. Men det var før i tida.

4

cover

West skuffa. Kapitalt. Ei særdeles uvanleg oppleving når det kom til Lucinda Williams. No, etter ein del rundar med Little Honey sitt eg og grunnar over om uinteressante album er den nye stilen til Lucinda. For det er ikkje stort betre enn West dette her heller.

Men Real Love er bra. Opningssporet Real Love. Elektrisk, Stones-groovy og dunstande av openhjartig kjærleik til ein fyr «standing up behind an electric guitar».

Lucinda har visst funne sin store kjærleik. Så seier i alle fall Real Love. Og så seier den raude, men ikkje spesielt glødande, tråden som bender seg albumet igjennom. Lite på Little Honey tyder på at kjærleiken har spora henne til å skape dei meisterlige songane som pleidde dominere platene hennar frå 1988 sin sjølvtitulerte og fram til World Without Tears (2003). Snarare tvert om, dristar eg meg til å tenke. Utan at eg veit det minste vesle grann om kva som er årsaka bak Lucinda sitt fall frå uovervinnelig til høgst middelmåtig.

Men Circles and X’s er bra. Med sprukken røyst og i voggande countryskapnad fortel Lucinda om dagleglivets gjentakande hendingar. Det vante, det kjære, det keisame. Og så den vesle viktige x-faktoren. Låta vart skriven heilt tilbake i 1985. Hadde den fått plass på 88-utgjevinga ville den nok ikkje stått fram i fremste rekke. Her skin den. Litt.

Lucinda hadde for vane å lage låtar som sette merke etter seg. Med velartikulerte tekstlinjer i ei lidenskapelig atmosfære. No skrantar det på slikt. Tonane går på tomgang. Tekstane er flate og lettvinte. Og det sjelfulle har vandra heden.

Men If Wishes Was Horses er bra. Best. Den einaste her som bankar på døra til Lucinda sitt skattkammer av klassiske låtar. Passe dvelande, melodisk vinnande, og med ulmande legning. Ei bønn om å få ein ny sjanse, etter at fleire er brukt opp. Og den sentrale metaforen «if wishes were horses, I’d have a ranch» blir veldig greitt godtatt, i alle fall her i garden.

Susanna Hoffs og Matthew Sweet yte harmonisk hjelp på tre av spora. God harmonisk hjelp. På nemnte Real Love, og så er dei med og løfter Little Rock Star frå veldig gjennomsnittleg til ei låt det går an å ha eit høvelig forhold til. På countrytrippande Well Well Well harmonerer legendariske Charlie Louvin. Han har ikkje lenger røysta han hadde den gongen han for alvor hevda at Satan Is Real. Men innsatsen er dugande, og låta likeså. Det same har eg vanskelig for å seie om Elvis Costello sin innsats i Jailhouse Tears. Affektert og patetisk trur eg heller er meir nærliggande å kalle den.

Men ikkje like patetisk som Honey Bee. Ein vammel bluesrockar som lett fortener karakteristikken Lucinda Williams sitt mest håplause augeblikk. Bluesen Tears Of Joy er ikkje stort betre. Plump som den er. Og korleis ho i all verda har fått for seg at AC/DC-klassikaren It’s a Long Way to the Top skulle vere noko for henne er ei gåte eg har ingen intensjonar om å finne svaret på.

Eg foldar heller henda og ynskjer meg tilbake til den gongen Lucinda tok seg tid. Så please Lucinda, la det gå seks år no, til neste gong vi høyrer frå deg. Eg lovar å leve i håpet.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

 

Teddy Thompson – A Piece of What You Need

Standard

Det er meir Orbison og Lowe enn det er årgangs-Thompson å spore i opplegget til Teddy. Det er i grunn veldig så greitt.

7

cover

Gjennom to album med haustfarga og folkprega popmusikk, samt eitt med coverversjonar av countrylåtar, har Teddy Thompson vist at han har noko meir enn berre namnet å fare med. Han har synt fram ei varm og flott røyst og låtskrivarevner av det godt dugande slaget. Her på sitt fjerde album er det mindre folkpreg over sakene. Tonane han vartar opp med er like fullt som oftast godt eldre enn han sjølv, utan at det hindrar han i å få det til å låte purt, friskt og flott.

Til å produsere sakene har Teddy fått med seg Marius de Vries, ein mann som har hatt den same rolla for folk som Björk, Madonna og Rufus Wainwright. Hans knotteskruing har heilt klart gjort sitt til at A Piece of What You Need er blitt eit endå meir raffinert og velsmurt album enn Teddy sine tidlegare. Dansande pop’n’roll i eit Orbison/Holly-møter-vårt-årtusen-via-Lowe/Isaak lune, med effektfulle brassinnslag og andre små subtile påfunn. Ja albumet er så smart og så riktig at ein av og til lurer på om det kanskje blir for perfekt.

Men det blir med luringa, for unge Thompson, de Vries og resten av bidragsytarane veit kva popdynamikk er. Dei veit at luft og rom er like viktig som sonisk rikdom. Og dei veit at sveisne svingar, hektande refreng og eit sterkt melodisk ganglag er sentrale element for å lukkast. Så dei gjennomfører det så godt som heile plata igjennom. På utsøkt vis. Men ein stad meir utsøkt enn nokon annan stad. Den heiter In My Arms, og er eit enkelt og fabelaktige lite popbyggverk, som når sitt toppunkt midtvegs idet de Vries startar pumpe ut fyrrige orgeltonar frå keyboardet sitt. Ein lysande hit (i alle fall i stova mi).

I Wanna See the Bright Lights Tonight song foreldra hans eit par år før han vart født. Eit noko klarare lys enn kva han har operert under tidlegare kan det òg virke som at Teddy har prøvd å finne fram til denne gongen. Eit meir sorglaust uttrykk. «This is a happy record» uttalar han sjølv. Før han modererer seg noko. «Well, maybe not happy, but upbeat. Actually, maybe not upbeat, but it does have some up-tempo songs». Heilt korrekt det Teddy, heilt korrekt.

For ein kan vel neppe kalle det skildring av lykke når han i The Things I Do fortel om eit psykiatrisk kasus som har store problem med å leve med seg sjøl og det han driv med. Og det er verken fryd eller sonisk tempo som dominerer den slepande balladen Where To Go From Here, der hovudpersonen står rimelig paralysert og ventar «at the edge of life». Einsemda som vandraren i den cinematiske balladen Slippery Slope (Easier) kjenner på er vel heller ikkje av det godgjerande slaget. Medan fyren som vaknar opp til ein New York-morgon «bright as Rapper’s Delight» i den snedige smygaren Turning the Gun On Myself, byrjar etterkvart som smerta melder seg og storbybråket tiltar å fundere på om han ikkje bør rette pistolen mot seg sjølv, og få ei slutt på lidinga.

Nå blir den siste der levert med ein god dose Thompsonsk svart humor mellom linjene, og håpløysa er vel sånn generelt sett sjeldan større enn at den ikkje kan legast på eit eller anna vis. Samstundes som dei fleste teikn på medgang og gode tider ofte blir mistenkeliggjorte. Sånn i eit Thompsonsk småsarkastisk ordelag. Utan at ein lykkelig slutt nødvendigvis blir slukt av nattemørket av den grunn.

«Oh shit, oh shit, am I happy or something» oppdagar han nærast sjokkert i What’s This?!!. Ei dame er i ferd med å flytte inn. Kva gjer ein då. Spolerer det, eller applauderer det? «Funny that I seem to care, usually I’m running scared, and I would, but it’s all to good».

Det avsluttande tittelkuttet (det vil seie, det som kjem før den etterkvart obligatoriske «hemmelige» coverversjonen av ei Everly Brothers-låt, The Price of Love heiter den denne gongen) er ei brasspynta og spretten ode til musikk med substans. Substans kontra det lettvinte og kortlevde. Thompson si oppfordring er som fylgjer; «Stop getting everything you want, and get a piece of what you need». Eg tippar at Thompson har eit sterkt håp om å vere leverandør av den sistnemnte sorten. Det er han vel også. For sjølv om ein heilt sikkert kan leve eit fullverdig og godt liv utan tonane til Thompson, er dei absolutt med og krydrar det litt om ein skulle vere så smart å plukke dei opp. Så gjer det.

Så får vi heller tilgje han, denne gongen, for at han (og plateselskapet) har vore særdeles knipne og lite smarte i si coverutforming. Det er tynt, og så godt som fritt for informasjon. Songtekstar, krediteringar og slikt er i staden å finne i fine former på heimesida hans på nettet. Det er neppe slik ein får selt ferdiginnspelte CDer framfor å bli utsett for fildelt nedlasting. I ein kommentar på den nemnte heimesida les eg at dette faktum har gått opp for Teddy også. Han beklagar påfunnet.

Først publisert på Groove.no (i 2008)