Frå slakteriet til blomsterenga, frå avgrunnen til himmelsk spurvedans. Cave er i kjempeform.
Heilt sidan eg for første gong vart oppmerksom på mannen (tidleg på 80-talet), har eg prøvd å være der kvar gong han har sett seg ned med nye kort for å spele spelet sitt. Det har mang ein gong vist seg å være lurt (djevelsk lurt). Ja, eg tek enno rett som det er turen innom og spolar tidsuret tilbake til dei lokkande flammane som oppstår når kort som Tupelo, Mercy Seat og City of Refuge vert spelt. Men det er ein del år sidan no at det verkeleg slo gnistar rundt Nick og hans medspelerar. Ti år for å være nøyaktig. Den gong han banka sin Red Right Hand i bordet, for så å røske av seg skjorta og blotte ei ildraud melding på brystet; Let Love In. Og med lengsel i blikket stirra etter ho som var Nobody’s Baby Now.
Ja, det var tider, det. Kanskje gjekk han litt tom, kanskje delte han seg sjølv for svake kort, eller kanskje var det slik at han ikkje lenger klarte å spele dei like smart (djevelsk smart). I alle fall; enten han kalte spelet mordarballadar, ein båtutleigar sitt rop, eller kom med lovnader om aldri meir å skiljast, noko av den gamle intensiteten var ikkje heilt med på laget lenger. Og riktig så gale gjekk det her for ein atten månader sidan. Då satt han der med ei særdeles svak hånd kalt Nocturama, og saman med banden sin spelte han den rett så skjødeslaust i tillegg. Derfor er det med ein del tvil eg nærmar meg spelet denne gongen. Fanden og, han har jo funne på den ville idé å dele seg sjølv to hender. Dette kan han aldri komme heilskinna frå, eller?
Eg er lettare sjokkert. Hjarta mitt dunkar og eit glis har sete seg fast midt i fjeset. For med begge hendene fulle av sikre vinnarar har Nick Cave og hans Bad Seeds nettopp gjort unna to rundar, der det infernalske har delt plass med det vakre, der det djevelske og det guddommelige har blitt parallellkobla, og der det kraftfulle og det varlege har slutta seg saman i perfekt dynamikk. Eller for å seie det litt mindre pompøst; Nick Cave har funne tonen. Den som kun glimtvis har vore på bordet dei siste ti åra.
Spelet er for så vidt det same gamle velkjente. Det er absolutt ikkje like frenetisk og overoppheita som i mannen sine yngre dagar. Men det han skulle mangle av dristige utspel tar han igjen i smart struktur, sterk melodikk og generell rutinert faenskap.
Seks månader før innspelingen tok Nick med seg tre av sine dårlige frø (Warren Ellis, Jim Sclavunos og Martyn Casey) til eit fire dagar langt vorspiel i Paris. Der spelte, leikte og improviserte dei fram ein bag full av musikk. Med dette under armen, og i bakhovudet, vitja Brighton sin mørkaste mann sitt kontor jevnlig den neste tida, og skapte ord og tonar av høg verdi. Når det så var dags for å møtast i studioet, var det ein mann som mangla. Det kanskje dårligaste frøet av dei alle, avantgarde gitar-maestro, og kvalitetssikrar mot altfor safe løysingar, den syltynne Blixa Bargeld. Men det merkelige er at når den villaste katten har reist sin veg, tek dei andre til å frese meir enn dei har gjort på mange år. Kanskje er det dei innbudte gjestene som har litt av skylda også. I lyset rett i fronten for det store spelet står nemlig London Gospel Community Choir, full av vitalitet og elegant sangglede.
La oss ta opp den venstre bunken, den som er merka Abattoir Blues. Den virkar nemlig å være mest utålmodig av seg. Og sannelig spelar gjengen ut ein vinnar med ein gong. Get Ready For Love er høgoktan gospel møter kvass gitarlyd i eit adrenalinfylt stormangrep, og blæs bordet fritt for alt svineri. Men når det er Cave som styrer sakene dukkar jo slikt fort opp igjen (svineri, altså). Allereie i Cannibal’s Hymn er tonen ein litt anna; «but if you’re gonna dine with them cannibals, sooner or later, darling, you’re gonna get eaten».
Hiding All the Way er inspirert blues i sterk melodidrakt med raffinert kortilsetjing. Den kryp, sparkar og gløder, før den forlet scena i eit monumentalt drønn, og eit gjentakande; «there is a war coming». Så neidå, den førtisju år gamle utvandra australienaren set seg ikkje tilbake og betraktar livet rundt bordet med livstrøtt nonchalanse enno. «I just want to move the world» syng han i storslåtte There She Goes My Beautiful World. Eit pretensiøst ynskje kanskje, men meir uttalt utifrå fortviling enn arroganse. Sangen er nemlig ei desperat bøn frå ein låtskrivar med idétørke. Nature Boy på si side flørtar med poptonar, Steve Harley sin Make Me Smile, og er ein hyllest til dei vakre ting (fuglar, blomar og ho som «moves among the shadows, floats upon the breeze»). Vakre saker og ting er det nok ikkje som ligg fremst på prioriteringslista til paret i tittelkuttet, ein giftig og lumsk slakteri-blues som når sitt maksimum idet Cave og gospelkoret vandrar saman over denne brua;
Everything’s dissolving, babe, according to plan
The sky is on fire, the dead are heaped across the land
I went to bed last night
and my moral code got jammed
I woke up this morning with a Frappucino in my hand
Då trur eg vi vender oss mot den høgre bunken. Kortet på toppen begynner nemlig å gje uttrykk for å ville bli snudd. The Lyre of Orpheus, som både er tittelen på første utspel og heile runden, er ein 14 vers lang Cave-vridd og ekstra dyster variant over den kjente greske mytologiske tragedien, til tonar som både bender stål og stirar ned i avgrunnen. Det skal bli noko meir venlegsinna etterkvart. Eller ganske fort, egentlig. Breathless er ein fløytedrapert calypso, melodiflott og full av håpefull lykke. Men Cave likar ikkje å være på den lyse sida for lenge. Og i den snakkesyngande Babe, You Turn Me On er det meste i ferd med å ramle i hop. Medan omgangen sitt mest fandenivoldske øyeblikk kjem når heile The Bad Seeds stemmer i med kraftfulle «Hey! Ho!» på den virile jokeren Supernaturally.
Trumfesset klaskar dei i bordet heilt til slutt. Eller klaskar er vel ikkje heilt korrekt, for det er nok meir riktig å seie at det blir ømt plassert der. O Children er langsom og vakkert vaklande lutring, som når sitt klimaks i det Cave og gospelgjengen i fruktbar samklang hoppar på «the train that goes to the kingdom» i songen sin andre og siste del.
I sanning to innhaldsrike rundar.
9/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)
Rockemusikken har vel, når alt kjem til alt, ikkje vore utsatt for altfor mange tilfeller av grensesprengande nytenking dei siste ti-tolv åra. Både av musikken som når ut til eit større publikum, og blant den delen som kun vinn åtgaum hos kritikarane, er det meste rock’n’roll-suppe kokt på ein etterkvart ganske så tynnslitt spiker. Like fullt er det eindel som klarer å lage vitale brygg av denne ingrediensen, mens andre igjen kanskje burde funne på noko heilt anna.
CVen til Steve Albini som produsent, lydmann og slikt er blant nyare rockehistorie sine mest imponerande. Pixies – Surfer Rosa, Nirvana – In Utero og Palace Music – Viva Last Blues, berre for å nemne tre. Nina Nastasia har gitt ut tre album, og alle er med Albini i produsent/teknikar-rolla. Eller dokumentator som han sjølv kanskje ville kalt seg. Nina sin debut Dogs har Albini opphøgd til ein av sine absolutte favorittar: «Dogs is a record so simultaneously unassuming and grandiose that I can’t really describe it, except in terms that would make it (and me) sound silly. Of the couple thousand records I’ve been involved with, this is one of my favourites, and one that I’m proud to be associated with.»
Det er ein dyster verden John Darnielle teiknar konturane av på si nye plate. Vel, i grunnen er det forresten meir enn konturar han rispar inn, det er nok heller bilder i svart, brunt og raudt, malt med vannfaste fargar. Intenst, brutalt og med små behov for å pynte på realitetane, serverer mannen tirader med grovkorna meldingar. Ubehagelige situasjonar, vanskelege minner, framandgjering, forurensing (både i jord og sinn) og ein snikande paranoia-tilstand er nokre av stikkorda. Slett ikkje lettfordøyelige saker, med andre ord. Faktisk blir det slik at vi nesten lyt gripe fatt i albumet sin tittel, We Shall All Be Healed, for å få ei forståing av at mannen tross alt ser eit håp.
Scott McCaughey har spelt for åtte tilhøyrarar. Scott McCaughey har også spelt for 125 000 tilhøyrarar. Scott McCaughey har spelt piano på ei plate som er selt i heile 5 millionar eksemplar. Scott McCaughey har også skreve låtar, sunge og spelt inn ei plate som har selt i skarve 450 eksemplar. Scott McCaughey har dreve med musikk sidan 70-talet. Han har vore frontfigur i Young Fresh Fellows, han har spelt i Tuatura og han har sidan midten av 90-talet vore assosiert medlem av REM. The Minus 5 er monikoren han nyttar når han inviterer kjente og mindre kjente musikkvenner på pop-party.
Eg veit ingenting om amerikansk baseball. Men har eg forstått det vesle utdraget av ein Scott McCaughey (Young Fresh Fellows, Minus 5, REM) epistel på omslaget av Fortune rett, så stammar begrepet Mendoza Line frå ein hardtkjempande baseball spelar med namn Mario Mendoza. Det har noko med å passere ei viss grense (døypt Mendoza Line) før ein kan seie seg tilfreds. Bandet The Mendoza Line er eit av desse uttallige som har levd sitt liv blant eit glissent publikum og labert platesal, og såleis kanskje ikkje heilt føler å ha passert grensa for sitt potensiale. Ei skjebne dei deler med mange, både flinke og mindre flinke, musiserande individ ute i den store verda.
Det begynner å bli nokre år sidan 1995 no. Året då Mark Olson tok farvel med The Jayhawks, Minneapolis-bandet som i si tid blei rekna som ein del av den namngjetne No Depression-bølgja. Tredje albumet deires, Hollywood Town Hall, er ein stadig like kjekk affære å vende attende til. Og oppfølgjaren Tomorrow The Green Grass, som var den siste Olson deltok på, inneheld også mykje fint stoff. The Jayhawks har vel aldri heilt klart å tangere desse to albuma etter Olson sin exit. Men når sant skal seiast har vel ikkje Olson heilt klart det med sine post-Jayhawks utgjevingar heller.
Sånn cirka 58 millionar amerikanske statsborgarar har funne det fornuftig å gjenvelge George W. Bush til sin president (og resten av verden sin sjølvutnemnte politimeister og plageånd). Dessverre var det eit par-tre millionar meir enn dei som ikkje såg noko fornuft i ei slik handling. Mark Olson, Victoria Williams og deires venner i The Creekdippers gjer det på si siste plate klinkande klart at dei ser ingen som helst fornuft i å gje Bush og hans menn kontrollen.
Norsk felebasert tradisjonsmusikk har liksom vore noko ein har tatt innover seg i mindre porsjonar. Ja, dette er faktisk første gongen eg høyrer ei plate med norsk felemusikk frå start til mål. Og no har eg høyrt den fleire gonger attpåtil. Men det har ikkje plaga meg. Ikkje det minste. Faktisk har det gleda meg. Ganske så mykje også. For det er noko usannsynleg friskt og freidig over spelestilen til denne sekstetten. Det er det. Samstundes som dei heller ikkje er det minste redde for å lure inn vemodsfulle tonar av lyrisk karakter.
Folk med stramme grenser for kor mykje tungsinn dei kan fordøye, skal være litt forsiktig med denne. The Gutter and The Garden er nemlig ganske så tettpakka med nedstemte framstillingar. Der den store majoriteten tar føre seg forhold gått i oppløysing, eller forhold det aldri vart noko av. Frå det totalt hjerteskjærande til det svakt trøystande. Alt fortald i første person. Men for den mentale helsa til Lovers sin låtskrivar og sangar Carolyn Hart Berk si skyld får ein håpe at ikkje alt er sjølvopplevd.