«du fela mi»
Norsk felebasert tradisjonsmusikk har liksom vore noko ein har tatt innover seg i mindre porsjonar. Ja, dette er faktisk første gongen eg høyrer ei plate med norsk felemusikk frå start til mål. Og no har eg høyrt den fleire gonger attpåtil. Men det har ikkje plaga meg. Ikkje det minste. Faktisk har det gleda meg. Ganske så mykje også. For det er noko usannsynleg friskt og freidig over spelestilen til denne sekstetten. Det er det. Samstundes som dei heller ikkje er det minste redde for å lure inn vemodsfulle tonar av lyrisk karakter.
Majorstuen er fire unge kvinner og to unge menn frå ulike hjørner av vårt landstrakte fedreland. Dei fant i hop og byrja å musisere saman medan dei studerte på Musikkhøgskulen i Oslo. Jorun Jogga er deira andre album. Deira sjølvtitulerte debut fekk dei spelemannsprisen for i 2003. Alle seks i gjengen har fela som hovudinstrument, men nokre av dei hentar titt og ofte også fram tonar frå bratsj og cello.
Andre instrument er ikkje å høyre på plata. Så dette er ikkje eit forsøk på å utvikle norsk tradisjonsmusikk ved hjelp av uvante instrumenter, elektronikk eller andre fikse påfunn. Slik til dømes Annbjørg Lien, Langsomt Mot Nord eller Gåte har gjort på ulike vis. Likevel har eg ei kjensle av at Majorstuen fører folkemusikken inn på moderne vegar. For sjølv om dette altså er reinspikka felemusikk, og komposisjonar som følgjer rimeleg tradisjonelle stiar, så angrip dei tonane på eit slikt vis at det kan virke som dei har ein meir pragmatisk innfallsvinkel til stoffet enn det norske tradisjonsmusikarar ofte virkar å ha. No kan det nok vere at andre har gjort liknande saker før (her er det at min kompetanse møter ein stor blank vegg). Då får vedkomande i tilfelle ha meg unnskyldt.
Tittelen på plata er henta frå låten som opnar seansen. Eit heftig stykkje musikk med stampande rytmikk og ertande melodiføring. Låta har sitt utgangspunkt i den einaste joggeturen til eit av bandmedlemmene. Angelica følgjer og er eit riffstyrt og ikkje altfor engleaktig nummer. Her er dei innom rocketerritorier, men utan å ty til elektrisk forsterka lyd. For å få rytmikk inn i opplegget sitt nyttar dei såkalla pizzicato teknikk (knipsing på felestrengene), eller dei klappar på fela og stampar i golvet. Liv vert det i alle fall.
Like tiltalande som dei livlegaste tilfella er dei vemodsfulle tonane. Blanc og Odense med sin lengt mot heimlege trakter. Den varlege Bleu, og ikkje minst det melodisk strålande og rytmisk seige avslutningsstykket Etterspel.
Kvar låt er utstyrt med ein liten forklarande kommentar (på engelsk). Desse kan nok vere med å setje fantasien inn på sporet av verknadsfulle bileter, sjølv om eg trur tonane åleine nok er dei aller beste distributørane for levande fantasiritt (både stillesitjande og fysisk forflyttande).
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)