Tag Archives: Victoria Williams

Mark Olson & The Creekdippers – Mystic Theatre

Standard

Mark Olson, frua og venner byr på skakke viser frå sitt vesle ørkenhjørne.

cover  Det begynner å bli nokre år sidan 1995 no. Året då Mark Olson tok farvel med The Jayhawks, Minneapolis-bandet som i si tid blei rekna som ein del av den namngjetne No Depression-bølgja. Tredje albumet deires, Hollywood Town Hall, er ein stadig like kjekk affære å vende attende til. Og oppfølgjaren Tomorrow The Green Grass, som var den siste Olson deltok på, inneheld også mykje fint stoff. The Jayhawks har vel aldri heilt klart å tangere desse to albuma etter Olson sin exit. Men når sant skal seiast har vel ikkje Olson heilt klart det med sine post-Jayhawks utgjevingar heller.

Utgjevingar er gjort under ulike konstellasjonar der Mark si kone, den smått eksentriske trubaduren Victoria Williams, som regel også har spelt ei viktig rolle. Første gong dei presenterte seg i CD-format (1997) kalte dei seg The Original Harmony Ridge Creekdippers. Etterkvart har dei moderert seg noko, så her på den sjuande utgjevinga har namnet blitt kutta ned til The Creekdippers.

Heile tida har det vore tonar henta frå folk, country, gospel og blues-tradisjonen som har stått på programmet. Kjenneteiknet har vore eit laust og ledig lydbilde. Upretensiøst, åpent og til tider nesten litt uferdig. Dei fleste platene er spelt inn i paret sitt heimestudio i legendariske Joshua Tree. Og det er vel ikkje heilt fritt for at Gram Parsons si ånd spøker både i og mellom tonane på ein del av det som blir presentert.

Platene har som oftast komme ut på små (eller ingen) selskap. Derfor har det ikkje alltid vore så lett å finne fram til utgjevingane. Mystic Theatre blir utgitt på solide Glitterhouse i Tyskland, men får visst ingen distribusjon i Creekdippers sitt heimland. Blant dei tretten låtane på plata finn vi fleire øyeblikk verdt litt åtgaum. Men innimellom dukkar det også opp spor det kan være litt verre å finne godord om. Tre av låtane er det Victoria som er sjef for (låtskrivar og sangar). Desse er spelt inn under ein annan seanse enn resten, der Mark ikkje eingong var deltakar. Fru Williams si særeigne røyst (ein stad midt mellom Marianne Faithful, Dolly Parton og kjetta Esmeralda) fortel om skjebnesvanger sjalusi i countryballaden Betsy Dupree, medan den dukkar opp i bluesdrakt i It Don’t Bother Me, og tar føre seg bade-aversjonar i den tøysete visa Bath Song.

Blant Mark sine ti songar har vi dei som gjev meg litt Basement Tapes-era Dylan-kjensler; No Water No Wood, Grand Army Of Republic. Vidare får vi servert ein hyllest til kjærleiken kalt Rockslide, ein sak ikkje heilt utan sing-a-long kvalitetar. Kvaliteter den deler med Bells of St. Mary, eit finfint «country møter gospel»-tilfelle. Men høgdepunkta på Mystic Theatre er dei to sentralt plasserte kutta Wood In Broken Hills og Thirty Miles of Petrified Logs. Førstnemnte har albumet sine sterkaste melodilinjer, og minner meg faktisk litt om dei ærverdige australienarane Black Sorrows. Petrified Logs er på si side eit meir intenst bluesy stykkje som lurer litt i utkanten av noko Johnny Dowd kunne komme opp med.

På ingen måte sommaren sitt største eventyr, men til tider absolutt trivelig nok likevel.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Mark Olson and the Creekdippers – Political Manifest

Standard

«Go back to Texas you piece of snot»: Creekdippers er garantert ikkje fornøyd med resultatet av presidentvalget 2004.

cover  Sånn cirka 58 millionar amerikanske statsborgarar har funne det fornuftig å gjenvelge George W. Bush til sin president (og resten av verden sin sjølvutnemnte politimeister og plageånd). Dessverre var det eit par-tre millionar meir enn dei som ikkje såg noko fornuft i ei slik handling. Mark Olson, Victoria Williams og deires venner i The Creekdippers gjer det på si siste plate klinkande klart at dei ser ingen som helst fornuft i å gje Bush og hans menn kontrollen.

Political Manifest er ei tydelig markering av kor i det politiske landskapet Creekdippers er å finne. Deires oppdrag kan kort samanfattast slik; «George Bush og heile hans administrasjon av skadedyr bør lengst mulig vekk frå der viktige avgjersler blir tatt». Tonane dei krydrar sine utspel med er for kjennarar av gjengen av velkjent americana-karakter.

Dei startar i bluestrakter og syng om Poor GW og hans mangel på innsikt, respekt og kunnskap. På meir folk-farga Duck Hunting er temaet rikfolk med gevær som hatar liberalerar, kommunistar, punkarar, men har veldig moro av å skyte på ender som akkurat har stavra seg utav eit trongt bur. Ellers er temaene krigen og soldaten, Palestina og endå meir George Bush.

Frå at Mark nøstar opp historien om Bush-slekta sine kyniske industrieventyr og kva det har ført med seg av helseskadar på arbeidarane. Og til han byr presidenten hansken i Portrait of a Sick America; «I’m going to punch George Bush, I’m going to stuff the sermon on the mount down his throat». Særlig tydeligare går det vel ikkje an å manifistere kva kjensler ein har for den mannen.

Det er ikkje eit langt manifest. 11 låtar som er over på ein drøy halvtime. Ni av spora er det Olson og Williams som står bak, medan to låtar er henta frå den store amerikanske musikkarven. Desse to, My Father Knows Foe og Coming, Coming, dukkar opp mot slutten og representerer ein meir håpefull vinkling. Noko dei har tilfelles med countryballaden The End of the Highway. Her er tonane vemodsfulle men orda ber i seg ei von; «That’s the end of the highway Rumsfeld, You won’t be getting any more political appointments». Eit håp som forsvant i grusen for nokre dagar sidan. Derfor kan det nok vere behov for fleire manifest både frå Creekdippers, Michael Moore og andre våkne amerikanarar i framtida også.

Sjølv om dei avgjort har funne fram til ein del ålreite melodiar, så har nok ikkje den fremste prioriteten lege i tonejakta denne gongen. Dermed blir ikkje den musikalske verdien på albumet heilt på høgde med kva Creekdippers har prestert i sine beste augeblikk. For ikkje å snakke om kva Mark Olson var med på då han var ein viktig del av Jayhawks og spelte inn fabelaktige album som Hollywood Town Hall.

På tekstfronten blir det på si side kanskje i litt for stor grad ein sånn «I’m going to punch you…» stil på tekstane. Det hadde ikkje gjort noko om dei hadde raffinert meldingane litt meir av og til. Ofte kan det nemlig være vel så mykje styrke i det som berre blir antyda. Men nå er det trass alt førstekategori kyniske maktutøverar dei tek føre seg, så det er jo ikkje så enkelt å halde vreden tilbake.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)