Rotfesta amerikansk rock med innslag av både frodige og meir ordinære tonar. Der dama er best.
Eg veit ingenting om amerikansk baseball. Men har eg forstått det vesle utdraget av ein Scott McCaughey (Young Fresh Fellows, Minus 5, REM) epistel på omslaget av Fortune rett, så stammar begrepet Mendoza Line frå ein hardtkjempande baseball spelar med namn Mario Mendoza. Det har noko med å passere ei viss grense (døypt Mendoza Line) før ein kan seie seg tilfreds. Bandet The Mendoza Line er eit av desse uttallige som har levd sitt liv blant eit glissent publikum og labert platesal, og såleis kanskje ikkje heilt føler å ha passert grensa for sitt potensiale. Ei skjebne dei deler med mange, både flinke og mindre flinke, musiserande individ ute i den store verda.
Utifrå kva underteikna har fått med seg av The Mendoza Line sine tidlegare framstøt, samt denne femte og nye Fortune, høyrer dei nok til like i underkant av grensa for å fange min fulle interesse også. Fortune inneheld ein del saker det er verdt å bruke nokre av livet sine timar på, men skiltar og med slikt som er meir freistande å lagre bakerst på roteloftet.
I frå å vere ein trio, i sin spede startfase (på midten av 90-talet), har bandet etterkvart vokse seg til ein sekstett. Dei har i denne vekstfasen også flytta hovudkvarteret sitt frå Athens, Georgia til Brooklyn, New York. Sitt viktigaste tilskot fekk Mendoza Line då Shannon McArdle arriverte på plate nummer tre (We’re All In This Alone, 2000). Denne dama gjev bandet sin loslitne og tradisjonsstøtta attityde eit friskt pust av noko meir fargerikt. Der Shannon dukkar opp er vi nærare spenstig popmelodikk enn kva som er tilfelle der dei to andre låtskrivarane Timothy Bracy og Peter Hoffman leiar an. På fem av Fortune sine tretten spor er det Shannon som er i førarsetet.
Nå skal eg ikkje ta ifrå den mannlige 5/6 av The Mendoza Line einkvar ære. Slett ikkje, for som grunnmur under den vene møy er dei ei viktig støtte. Passe grumsete og usminka, passe drivande og heftige. På det innleiande stykket Fellow Travelers, som Bracy er ansvarleg for, viser det seg også at mannen sitt komponerande arbeid gjev utslag i fruktbare saker. Skakk pianodreven og usentimental «slackercountry» om immigrantar og USA sin noko tvilsame tilstand. For øvrig ikkje det einaste sporet der meir politisk tona tilhøve verdt via merksemd. Det er likevel eit element av surrealisme i dei fleste framstillingane her, slik at tekstane gjev temmelig vide tolkingsutvegar. Humor nyttar dei også, sjølv om svartsyn og pessimisme er ein meir vanleg tilstand. Dei hardare rockande tilfella blir med unntak av dynamisk tilpassa Before I Hit the Wall i traurigaste laget. Vel, kanskje vi og lyt gjere eit unntak for den ustabile Lynyrd Skynyrd-infiserte An Architect’s Eye, mest fordi Shannon triv mikrofonen og får den til å sprudle, sånn cirka midtvegs. Mannfolka sine meir balladeprega framstøt er heller ikkje av det overvettes storarta og meloditiltalande slaget, med eit lite unntak av fine folkprega Let’s Not Talk About It.
Då står vi altså tilbake med dama sine fem. Faithful Brother (Scourge of the Land) er heftige hooks i New Pornographers terreng. Noko av det same kan og seiast om It’s a Long Line (But It Moves Quickly), men det er noko slakkare i draget enn førstnemnte, og Shannon sitt einaste litt svake spor. They Never Bat an Eye er country-injisert og pedal steel-forsynt. Ein del country er det også over Flat Feet and Western Style, men kanskje ikkje like mykje som tittelen skulle tilseie. Den er ordrik, fyldig, og varierer mellom lett pes og seig gange. I den avsluttande balladen Throw It in the Fire blir twangen blanda med litt Pretenders-slekta fargar.
Ei ferd blant både ynde og grums. Der lykka dei søkjer kanskje ligg i retning av å la dama blant dei få dominere bildet endå litt meir.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)