«Go back to Texas you piece of snot»: Creekdippers er garantert ikkje fornøyd med resultatet av presidentvalget 2004.
Sånn cirka 58 millionar amerikanske statsborgarar har funne det fornuftig å gjenvelge George W. Bush til sin president (og resten av verden sin sjølvutnemnte politimeister og plageånd). Dessverre var det eit par-tre millionar meir enn dei som ikkje såg noko fornuft i ei slik handling. Mark Olson, Victoria Williams og deires venner i The Creekdippers gjer det på si siste plate klinkande klart at dei ser ingen som helst fornuft i å gje Bush og hans menn kontrollen.
Political Manifest er ei tydelig markering av kor i det politiske landskapet Creekdippers er å finne. Deires oppdrag kan kort samanfattast slik; «George Bush og heile hans administrasjon av skadedyr bør lengst mulig vekk frå der viktige avgjersler blir tatt». Tonane dei krydrar sine utspel med er for kjennarar av gjengen av velkjent americana-karakter.
Dei startar i bluestrakter og syng om Poor GW og hans mangel på innsikt, respekt og kunnskap. På meir folk-farga Duck Hunting er temaet rikfolk med gevær som hatar liberalerar, kommunistar, punkarar, men har veldig moro av å skyte på ender som akkurat har stavra seg utav eit trongt bur. Ellers er temaene krigen og soldaten, Palestina og endå meir George Bush.
Frå at Mark nøstar opp historien om Bush-slekta sine kyniske industrieventyr og kva det har ført med seg av helseskadar på arbeidarane. Og til han byr presidenten hansken i Portrait of a Sick America; «I’m going to punch George Bush, I’m going to stuff the sermon on the mount down his throat». Særlig tydeligare går det vel ikkje an å manifistere kva kjensler ein har for den mannen.
Det er ikkje eit langt manifest. 11 låtar som er over på ein drøy halvtime. Ni av spora er det Olson og Williams som står bak, medan to låtar er henta frå den store amerikanske musikkarven. Desse to, My Father Knows Foe og Coming, Coming, dukkar opp mot slutten og representerer ein meir håpefull vinkling. Noko dei har tilfelles med countryballaden The End of the Highway. Her er tonane vemodsfulle men orda ber i seg ei von; «That’s the end of the highway Rumsfeld, You won’t be getting any more political appointments». Eit håp som forsvant i grusen for nokre dagar sidan. Derfor kan det nok vere behov for fleire manifest både frå Creekdippers, Michael Moore og andre våkne amerikanarar i framtida også.
Sjølv om dei avgjort har funne fram til ein del ålreite melodiar, så har nok ikkje den fremste prioriteten lege i tonejakta denne gongen. Dermed blir ikkje den musikalske verdien på albumet heilt på høgde med kva Creekdippers har prestert i sine beste augeblikk. For ikkje å snakke om kva Mark Olson var med på då han var ein viktig del av Jayhawks og spelte inn fabelaktige album som Hollywood Town Hall.
På tekstfronten blir det på si side kanskje i litt for stor grad ein sånn «I’m going to punch you…» stil på tekstane. Det hadde ikkje gjort noko om dei hadde raffinert meldingane litt meir av og til. Ofte kan det nemlig være vel så mykje styrke i det som berre blir antyda. Men nå er det trass alt førstekategori kyniske maktutøverar dei tek føre seg, så det er jo ikkje så enkelt å halde vreden tilbake.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)