Sons of Kemet – Your Queen Is A Reptile

Standard

Jazz er funky…og dette tar av.

Bilderesultat for sons of kemet your queen is reptile  Er du ute etter fred å ro, gå ein annan stad. Her er det knapt med fred å få. Your Queen Is A Reptile er non-stop bevegelse. Your Queen Is A Reptile er ein 55 minuttar lang groove-fest.

Your Queen Is A Reptile er det tredje albumet til jazzkvartetten Sons Of Kemet. Det er ikkje ein heilt tradisjonelt samansett kvartett. Her er to trommeslagarar, og du verden, det kan høyrast. Her er ein som spelar tuba, i rolla ein bassist vanlegvis har. Og så er det saksofonisten då, Shabaka Hutchings, kvartettens leiarfigur og ein mann med mange jern i elden. Han frontar to band til. Det Sør-Afrika baserte prosjektet Shabaka & The Ancestors og spacejazz-trioen The Comet Is Coming. Frilyndt svinging mellom sjangrar og kulturar verkar å vere eit mantra hos London-innbyggjaren Shabaka Hutchings.

Hutchings stammar frå Karibien, Barbados. Han tar seg fridomen å stille eit gedigent spørsmål med visse eldgamle britiske symbol og tradisjonar. På vegne av minoritetar, innvandrarar, barn av innvandrarar, etterkomarar av koloniserte hevdar han rimeleg tydeleg at «your queen is not our queen». Han syng ikkje dette i låtane på albumet. Han syng ikkje i låtane på albumet, der spelar han forførande på saksofonen sin. Han skriv om dronninga. I eit ganske så glødande lite tekststykke inne i LP-coveret. Han har lite til overs for ei dronning som har komme til sin posisjon i kraft av blodsband, og til eit historisk bakteppe av brutale landevinningar, undertrykking og rasisme. Han slår eit slag for andre dronningar. «Our queens walked among us» skriv han, «our queens made bright futures out of cruel and unfair pasts» skriv han. «Your Queen is a Reptile» slår han snerrande fast til slutt, og døyper albumet med dei same orda. Låtane, det er ni stykker av dei, har han tileigna verdige dronningar.

My Queen is Ada Eastman heiter låta som startar festen. Dronninga er Hutchings eigen oldemor. Rytmen er lausleg og særdeles hendingsrik, tubaen går bassgangen, saksofontonar smyg rundt i melodisk-tapping, calypsoen er ein ikkje altfor fjern slektning, og midtvegs dukkar Joshua Idehen opp. Ein poet med ting på hjarta. Han resiterer/rappar fram linjer i ånda til album-tittelen. Som «Burn UKIP, fuck the Tories, fuck the fascists, end of story». Som «I’ll be here when your banks stop selling debt, and all your leaders stop selling death, and you’ve lost all relevance».

Joshua Idehen dukkar opp på eit spor til. Det siste, My Queen is Doreen Lawrence. «Don’t wanna hear that racist claptrap» formanar han, «to approach the killer of your child, demand the respect» melder han. I 1993 blei sonen til Doreen Lawrence drepen, rasistisk motivert. Politiet gjorde ei elendig etterforsking, og mora tok opp kampen. I dag er Doreen Lawrence ei av Storbritannia sine mest respekterte kvinner. Hutchings saksofontonar er mangfaldige. Melodiske, iltre, viltre. Dei to trommeslagarane har fått selskap av ein tredje, det blir skapt suggererande rytmisk villskap. Og mannen med tubaen, Theon Cross, finn tonar djupare ned i det røffe enn nokon annan stad.

Hutchings ærar sju andre dronningar. Han og bandet. Aldri på ubetydeleg vis. Heile tida sterkt påkopla. Heile tida med tonar og rytmikk det sprutar glør frå. My Queen is Angela Davis. Sjølvsagt. Ein av dei toneangjevande borgarrettskjemparane frå 60-talet og seinare anerkjent professor. Hutchings og Cross går inn i eit tidvis tett samspel, rytmikken er ein opprørsk dans. Det blir til ein sonisk brann. Når afrikanske størrelsar som Yaa Asantewaa og Albertina Sisulu blir heidra er det naturleg at det rytmiske nærar energien sin frå det afrikanske kontinentet. I låta til førstnemnte har Hutchings forresten invitert med seg ein ekstra saksofonist, og dei to kokar saman ein bra dialog, som spenner frå det melodiske til frijazz.

Nancy of the Maroons er ei jamaicansk heltinne frå 1700-talet. Men tonen kvartetten legg an i låta til henne er ikkje noko eg koplar sterkt mot jamaicanske tonar. Det er derimot albumets mest lyriske og varsame spor. Med eit enkelt gjentakande rytmemønster som dreg denne lyttaren inn i ein nærast hypnotisk tilstand. Mamie Phipps Clark er ein amerikansk psykolog som på 1950-talet påviste kor alvorlege skadeverknader den amerikanske raseskilje-politikken hadde. I låta som heidrar henne er tonen frå Jamaica, veldig Jamaica. Reggae og dub og ei vitjing av reggae/jungle/rapparen Congo Natty. Hei som det gyngar.

For eit tiltalande og sprelsk album dette er. Bein og fingrar dansar i sikksakk berre med tanken på det, her eg sitt og skriv om det. Så eg får slutte med det, og slenge plata på tallerken i staden…

9/10

TIDAL: SONS OF KEMET – YOUR QUEEN IS A REPTILE

Wussy – What Heaven Is Like

Standard

Eit Wussy i bra, men ikkje sitt beste, slag.

  Å nytte Gloria som songtittel er ikkje ei spesielt ny oppfinning. Det trur eg ikkje affiserer Wussy det minste. Dei er ikkje her for å presentere nye oppfinningar. Men dei er her. Og det er bra. Med sitt rock-groove, sine elektriske gitarar og sin sympatiske pasjon for det upretensiøse skapar kvintetten eit godt grumsete psykedelisk garasjebråk, samstundes som dei held eit bra tak i det melodiske.

Bandet frå Cincinatti har helde det gåande ei tid nå, og What Heaven Is Like er deira sjuande album. Det plasserer seg ganske så greitt midt i det soniske feltet bandet har vore desse åra. Ikkje fullt så sterkt og overtydande som på dei to føregåande albuma (Attica! og Forever Sounds) men med ei handfull låtar som avgjort vinn fram.

Og då kanskje først og fremst Gloria. Ein song inspirert av hovudpersonen i Fargo, sesong tre, Gloria Burgle. Ei ubestikkeleg kvinne som søker sanninga i ei verd som bognar over av løgn og faenskap. Ein vemodstung og skingrande ballade som søker nokon, ei kraft, som kan vere til hjelp i «the darkness that surrounds» oss. «Her name is Gloria» syng Wussy sin kvinnelege songar Lisa Walker, og eg har gjort meg tankar om at det nærast er noko religiøst over songen. Men det er det ikkje. Snarare høyrer eg ein song som hyllar mot og humanisme, og slik sett vel er ganske så aktuell, i ei tid farga av mistru, fundamentalisme, narsissisme, twitter-skrål og alternative sanningar.

One Per Customer syng Wussy sin mannlege songar Chuck Cleaver. Den nå 59 år gamle mannen som kalla sitt andre band Wussy (hans første heitte Ass Pony) fordi han tenkte namnet ville ta seg bra ut på ei t-skjorte. Ein fyr med ei røyst som har sine knirk, som renn på som ei krokete elv, men som viser seg å ha full kontakt med tonen, med melodien. One Per Customer er ein klassisk Wussy-song i godt melodisk og rockdynamisk slag. Ein song om svunne tider og tapte sjansar. Sjansar verkar å stå på spel i Tall Weeds også. Ein duett mellom dei to vokalistane om det å frenetisk prøve å søke opp ein fredeleg plett litt utanfor skotlinja. På det soniske plan er songen ein slags miks av klassisk americana-rock og shoegaze.

Av dei ti låtane på plata er det to coverlåtar. Aliens In Our Midst frå det nokså obskure California-bandet The Twinkiez, og Kath Bloom-låta Oblivion. Dugande versjonar, men ikkje slike som går inn i historia. Det kan nok seiast om fleire av dei sjølvkomponerte her også. Så: ikkje ei openbaring av ei plate, ord eg godt kunne ha funne på å nytta om bandets to føregåande, men velkomen er den.

7/10

TIDAL: WUSSY – WHAT HEAVEN IS LIKE

Rolling Blackouts Coastal Fever – Hope Downs

Standard

Det er rastlaust, det er godmelodisk, det kan kallast tøff gitarpop, og det kjem frå Australia.

Bilderesultat for rolling blackouts coastal fever hope downs  Samkøyrt eller ikkje samkøyrt? Nei, eg skal ikkje hevde at det er det store spørsmålet. Det er berre ein liten tanke eg har grunna litt over. Nokre gonger. Når eg har vitja Hope Downs. Eit debutalbum frå eit band, ein kvintett, frå Melbourne. Eg lurte først på om eg eigentleg likte dette albumet. Om ikkje det var litt uforløyst. Samstundes som eg så å seie frå første sekund vera at det var noko der, definitivt noko velkjent, men hakket viktigare: noko friskt og frodig.

Eg er ikkje av den meining at å kalle bandet sitt noko såpass omstendeleg som Rolling Blackouts Coastal Fever er eit friskt og frodig påfunn. For ein gammal mann er det eit slit å lære seg slikt eit namn. Historia bak namnet er for så vidt ikkje heilt uvanleg. Dei kalla seg først Rolling Blackouts. Men så var det at eit amerikansk band hadde komme på den ideen først, og byrja sende varslar om tiltak om ikkje gjengen frå Melbourne fant på noko anna, å kalle seg. Så då gjorde dei det. Det amerikanske bandet kjem vi sikkert ikkje til å høyre så mykje meir til, men noko seier meg, etter å ha gått nokre rundar med Hope Downs, og forandra grubleri om noko uforløyst til ei strålande oppdaging av full forløysing, at Rolling Blackouts CF ikkje berre er på sporet av noko attraktivt, dei har allereie kledd seg i lyden av slikt.

Tromme, bass og tre gitarar. Eg toler det. At bandet med desse reiskapane skapar songar, melodiar, og ein lyd som vekker til liv nostalgiske kjensler toler eg også. La meg kort utdjupe: Det er langt meir enn det faktum at dei kjem frå Australia som bringe tankane mot ærverdige The Go-Betweens. Det ligg også meir enn geografiske forhold til grunn for at New Zealandske gitarpop-band som The Clean og The Chills dukkar opp i tankane. Skal eg så vere litt mindre søkt, enn å namnedroppe desse geografisk sett nærliggande referansepunkta, så kan eg jo dra The Feelies opp av hatten. For er det ikkje noko med rytmikken, med energien her som har ei liknande nerve som det gjengen frå Hoboken kunne vise til i sine tidlegaste år? Jo det er det, ikkje fullt så crazy, men solid framoverlena er den.

Og kanskje er det groovet som fører lyden av Rolling Blackouts CF ut av ein mogeleg nostalgisk tripp og inn i eit tidlaust bilde? Vel, det gjer i alle fall sitt. I låt etter låt opererer trommis Marcel Tussie med beat per minutt godt over det gjennomsnittlege. Og i låt etter låt tar bassist Joe Russo eit godt høyrbart og effektivt grep om sakene. I lag dannar dei to eit konsist og tett rytmisk kompaniskap. Dei tre andre i gjengen spelar altså gitar, og syng, og skriv låtar. Dei gjer sjølvsagt sitt dei også. Det skulle berre mangle.

Gitarbildet løyser dei stort sett med ein akustisk og to elektriske. Den akustiske er i kompet, dei to elektriske vandrar ikring. Samkøyrte eller ikkje samkøyrte? Ja sei det du. Stundom tenker eg at no driv dei to el-gitarane på med kvar sine greier, talar kvar sitt språk, kranglar, går i sirkel rundt kvarandre. Eg kan vel ikkje seie anna enn at eg likar uroa dette fører med seg. I hop med den før nemnte rytmikken blir det slik skapt ti låtar som har eit kvilelaust vesen, som ikkje kjæler med seg sjølve, som heile tida vil vidare.

Men bandet gløymer ikkje det melodiske. På ingen måte. Dei femnar varmt kring det. Her er vers og refreng som ganske så beinveges openberrar eit catchy vesen. Og her er slikt som treng meir tid før attraktive melodiske linjer gjer seg til kjenne. Frå førstnemnte kategori er det nærliggande å trekke fram Talking Straight. Ein song med mykje sterkt skimmer i seg, og eit refreng for sånn cirka evigheita, der songaren Joe White uttrykke eit ynskje om å få vite «where the silence comes from». Noko som vel kjem seg frå at han i songen teiknar eit kortfatta om enn ikkje klinkande klart bilde av einsemd. Frå kategorien «songar som treng litt meir tid på seg» kjem An Air Conditioned Man. I selskap med gitarlinjer som kan kallast intrikate syng songaren Fran Keaney om ein mann som er i ferd med å miste grepet på tilværet. Ein stad mellom desse to tar Mainland seg fram. I ei litt større sonisk form. (Ein assosiasjon: The Triffids møter Kurt Vile). Songaren Tom Russo formidlar observasjonar gjort eit godt stykke unna Melbourne. Frå eit fastland i Middelhavet. Om flyktningar som kjem i skrale fartøy over havet, med «the wind of fortune» blåsande frå usikkert hald.

Tre songarar og låtskrivarar altså. Dei dreg ikkje plata i all slags retningar. Dei er til stades i kvarandre sine songar. Dei køyrer saman, jepp det gjer dei. Og serverer ti låtar som utan unntak veks seg gode.

At eg samstundes med at eg oppdaga dette albumet også oppdaga to minialbum bandet har gitt ut tidlegare har gjort det heile ekstra triveleg. For om ikkje Talk Tight og The French Press (som utgjevingane heiter) er heilt av same kaliber som Hope Downs, har dei definitivt sin dose med grom gitarpop å by på dei med.

8/10

TIDAL: ROLLING BLACKOUTS COASTAL FEVER – HOPE DOWNS

Father John Misty – God’s Favorite Customer

Standard

Misty møter Tillman i døra

Bilderesultat for father john misty god's favourite customer  Gud sin favorittkunde flytta for ei tid sidan inn på hotell for eit par månadar. Noko i livet hadde gått i stå. Ei depresjon hadde fata tak i han. Han skreiv seg inn under sitt eigentlege namn, Josh Tillman. Så når hotellresepsjonisten vender seg til han seier han «Mr. Tillman». Som i songen Mr. Tillman. Singelen som dukka opp nokre månader før albumet. Ein definitivt frisk nok popsong om ein ikkje heilt frisk Tillman. Med ein bra dose sjølvironi innbakt er det hotellresepsjonisten songaren lar sleppe til i dei to relativt lange versa. I vennlege ordelag, men med ein undertrykt irritasjon skinande gjennom, prøver resepsjonisten å rettleie den noko fortumla hotellgjesten. Med utsegn av typen: «just a reminder about our policy: Don’t leave your mattress in the rain if you sleep on the balcony». Gjesten, altså Tillman, nyttar så refrenget til å overtyde den bekymra om at han har det heilt fint han, der han lever i «a cloud above an island in my mind». Eg vil kalle det ein ganske så kosteleg liten song. Eg vil ikkje nødvendigvis seie det same om albumet som heilskap.

Ikkje alle, men ein del av songane på God’s Favorite Customer, handlar om ein fyr som slit ganske så tungt, og det er ikkje noko moro med det. Eg vil heller kalle det desperasjon det som flyt fram i til dømes pianoballaden Please Don’t Die. Desperasjon og sjølvmordstankar. Og han har altså forskansa seg på eit hotell. Eller «The Palace» som hans kjære har døypt det. I songen med det namnet, eit spartansk nummer med ikkje mykje meir enn hustrige pianotonar som akkompagnement, syng han om å vere «in over my head» og at han absolutt ikkje vil forlate dette palasset med romservice, hushjelp og speed-levering på døra.

Men Father John Misty nyttar ikkje albumet til å berre synge om desse månadane på hotellet. Han syng også eit lite småfunky nummer kalla Date Night om å vere ein sjarmør, kanskje litt ein sjarlatan, om å bli framstilt som noko ein ikkje tenker ein er. Om den dunkle avstanden mellom den ein er og den ein opptrer som. Father John Misty versus Josh Tillman versus God’s Favorite Customer. I tittelkuttet tilkallar han ein gud han i barndomen lærte fanst. Han har ikkje handla hos han på lenge. Han har for lengst slått fast at det ikkje er noko å hente i den butikken. Men desperate tider kan føre til desperate påfunn, så: «Speak to me» ber han, «Don’t you remember me?» spør han. Og Natalie Mering (Weyes Blood) korar, og eit vagt saktegåande gospelgroove kan fornemmast.

Det soniske, det melodiske, songane sin struktur, og slikt, er kledd i den folkrockfarga vestkystdrakta vi kjenner som Father John Misty si. Ei drakt det tre album til ende har vore givande å tumle rundt i. Eg opplever det litt mindre givande denne gongen. Eg opplever ein del av songane som noko mattare utgåver av tidlegare arriverte songar. Men eg tenker at det er ei plate eg er glad for at er her. Ikkje minst på grunn av den særdeles attraktive psykedeliske poplåta Disappointing Diamonds Are the Rarest of Them All. Der Misty slår eit slag for skavankane. Syng om at kjærleiken nødvendigvis ikkje er så forbanna perfekt, så spesiell og så stor, og kjem opp med eit eineståande refreng:

Disappointing diamonds are the rarest of them all
And a love that lasts forever really can’t be that special
Sure we know our roles, and how it’s supposed to go
Does everybody have to be the greatest story ever told?

På eit album som altså har sitt i gje, berre litt mindre enn kva Misty har skjemt meg bort med på sine tre førre.

7/10

FATHER JOHN MISTY – GOD’S FAVORITE CUSTOMER

Parquet Courts – Wide Awake!

Standard

Vakent, vakent, særdeles vakent.

RT0001LP Rough Trade Parquet Courts Wide Awake! (LP)  «Savage is my name because savage is how I feel» syng Andrew Savage, eller snakkesyng, eller snerrar, eller spyttar han harmfullt ut, som ei av ei rekke linjer i ein song om vald i Amerika. Violence er songens konsise tittel. Rundt han dansar ei groovy basslinje i loop, og ei basslinje til. Eg kjenner eit suggererande gyng feste taket i meg. Samstundes høyrer eg eit trommemønster utan tolmod. Eg høyrer ein elektrisk gitar komme innom og skingre. Eg høyrer punk full av funk, og ein songar full av ord.

Violence is the fruit of unreached understanding
that flower from the lips of scoundrels
It is a forest so dense and rooted in our past
It tempts us to become lost in its darkness

Det er songens innleiing. Savage tar ikkje derifrå vegen inn i det slagordprega. Han serverer eit komplekst senario. Med eit hovudtrykk på korleis heimlandets svarte befolkning står mest i fare for å bli ramma av valden. Og «in this pornographic spectacle of black lives» som han yndar å kalle det plasserer han seg i hopen av dei privilegerte. I dette landet der «violence is daily life», som dei syng dei tre andre i bandet, i refrenget, som om det er noko ein ikkje bryr seg så nøye om, fordi det er noko som berre er der, kvar dag. Ein kjensgjerning som verkeleg slepp laus den indre villmannen i Savage. Og inn frå venstre kjem George Clinton. I alle fall ei bassig røyst som minner om den gamle funk-kongen. «It’s hard to get used to getting used to violence» ytrar han, røysta. Eg kan ane ei viss motløyse i tonelaget.

Parquet Courts er komme fram til sitt Wide Awake. Eit album som er deira fjerde, femte, sjette eller sjuande. Alt etter kva som skal reknast som offisielle Parquet Courts-utgjevingar. Uansett, frå debutalbumet Light Up Gold såg dagens lys for cirka fem år sidan har dei vore blant dei vaknaste rockebanda der ute. På Wide Awake er dei forsyne meg vaknare enn nokon gong.

«Gjer det sjølv» verkar å ha vore eit mantra for bandet. Dei har invitert få andre i studio når dei har spelt inn plater. Frå speling til produksjon til albumdesign, dei har tatt seg av det sjølve. Denne gongen har dei plassert Danger Mouse i produsentstolen. Ein definitivt renommert kar i så måte. Som ein, nok ikkje heilt utan grunn, kunne frykte ville fjerne noko av gnisten til Parquet Courts. Det har han ikkje gjort. Han har derimot, sannsynlegvis med heilhjarta støtte frå bandet, injisert eit funkelement som ikkje gjer anna enn godt.

Høyr berre på tittelkuttet. Ja høyr og kast deg uti ein dans til tittelkuttet. Og syng gjerne med: «Movin» and groovin» and I ain’t ever losin» the pace». Det er ikkje noko særleg mindre enn ein fest unnagjort på drygt to og eit halvt minutt.  Så laust, så ledig, så funky. Ein dose punkfunk utan andre baktankar enn å begeistre. Full siger.

Det er to låtskrivarar i Parquet Courts. Det vil seie, alle fire i bandet er kreditert på kvar einaste låt. Men det er nå Andrew Savage og Austin Brown som har hovudansvaret. På tidlegare utgjevingar har det av og til vore ganske tydeleg kva som er ei Brown-låt og kva som er ei Savage-låt, medan det andre gonger har vore mindre tydeleg. Denne gongen er det veldig tydeleg. Av albumets tretten låtar er heile ti Savage-komposisjonar. Kvasse, røffe, groovy Savage-komposisjonar. Dei tre til Austin Brown er atskilleg mjukare. Dei har ein psykedelisk faktor, ein skakk melodiøsitet, og eit snev av Lee Hazlewood. Dei handlar om kjærleik, død, og sakn, og er spreidd jamt utover plata. Dei utgjer ei slags motvekt til Savage sine langt meir pågåande saker.

Eit utprega optimistisk bilde av tilstanden kring oss er det ikkje som blir teikna på albumet. Men det opnar med ein song som i alle fall formidlar eit forslag til ei løysing på korleis menneska bør samhandle for å ha det rimeleg godt med kvarandre. Tittelen Total Football har Savage henta frå den Nederlanske 70-tals måten å tenke fotball på. Ideen om at alle skulle kunne handtere alle posisjonar på banen. «Rebels, teachers, strikers, sweepers, better protected, whenever collected» konstaterer Savage, og hevdar at «collectivism and autonomy are not mutually exclusive». Ja ganske så glødande, for ikkje å seie brølande, let han vel i grunn etter seg liten tvil om at dette er noko han verkeleg meiner. I ei langt meir popmelodisk form er han innom noko av det same i avslutningssporet Tenderness. Ein song der fengande pianotonar gjer ein bra jobb, og der Savage reint songteknisk nærmast startar i ei crooner-form for så å ende i full flamme i refrenget. Ein song der han talar nihilismen og materialismen rakt imot, og heilt til slutt slår fast at han treng eit «fix of a little tenderness». Vakkert det.

Direkte vakker skal eg ikkje hevde at Almost Had To Start A Fight/In and Out of Patience er. Men eg merkar den. Med gjentaking som våpen får Savage fram eit nesten botnlaust sinne mot morbid politisk tankegang, mot valden (igjen), mot det urokkelege marerittet som stadig heimsøke han. Tre minutt og femten sekund med pur punk. NYC Observation er eit drygt minutt med pur punk. Meir tid treng ikkje Parquet Courts til å klistre eit tydeleg bilde av klasseskillet i heimbyen New York opp på veggen.

Freebird II er ikkje ei punklåt. Den er heller ikkje ein oppfylgjar av den gamle Lynyrd Skynyrd låta. Tittelen får ein kanskje plassere på humorkontoen, men songen er ikkje vidare humoristisk. Den handlar om omsorgssvikt. Om ein som ser tilbake på ein oppvekst med ei mor som var fråverande, som var meir i rusen enn i livet til son sin. Men det er ikkje ein bitter son som ser tilbake, det er ein mann som er blitt vaksen, som har klart seg, som vender seg til mora og slår fast at «I feel free like you promised I’d be».

Den aller første linja Andrew Savage syng på albumet lyder slik: «We are conductors of sound, heat and energy». Og du verden som Parquet Courts lever opp til det manifestet dei neste 38 minuttane.

9/10

TIDAL: PARQUET COURTS – WIDE AWAKE!

Høyr her: Janelle Monáe og Make Me Feel

Standard

Janelle Monáe reteams with Grimes for a celebration of sexuality on 'PYNK'  Dette er funky. Vellystig og fengande. Heitare enn ein mai-dag 2018. Make Me Feel er årets Kiss. Janelle Monáe har grabba til seg det tette funkdrivet til Prince-låta Kiss, og skapt ei låt av det 100% uimotståelege slaget. Om det er nokon som lurer er songen å finne på Monáe sitt fargerike album av året, Dirty Computer. Eit album der dama har mikrofonen i si makt og insisterer på å la «the vagina have a monologue». Og monolog eller ikkje, song eller rap, ho har ting på hjarta. Det handlar om fridom, fridom frå undertrykking, fridom frå moralske vaktarar, fridom til å vere den ein er, fridom til å leve eit «crazy, classic, life». Feminisme og borgarrettar og full fyr.

Okkervil River – In the Rainbow Rain

Standard

Og der går Okkervil River sitt niande album inn på niandeplass på lista over deira beste album.

  Det kjem nok ikkje til å gå gjetord om det niande albumet til Okkervil River. Eg kan ikkje høyre at det er to nok i det til det. Tittelen er lovande. In the Rainbow Rain. Eg kunne sagt at den er det beste med heile albumet. Det skal eg ikkje gjere, det ville vore ufortent, for det finst bra saker med lyd i seg her også. Det gjer då det.

Det beste på plata kjem først. Som song nummer ein. Den ber den sjuke tittelen Famous Tracheotomies, og fortel akkurat som tittelen lovar om berømte folk som har vore innlagt på sjukehus, og kirurgisk fått ein opning inn til luftrøyret. Frå låtskrivaren sjølv, Will Sheff, til Mary Wells, til Dylan Thomas, og til slutt Ray Davies. Sistnemnte, fortel Sheff, opplevde det som trettenåring, og gjennomgjekk etterpå ein lengre rekonvalesens. Om ettermiddagane, frå sjukehusbalkongen, skoda tenåringen mot solnedgangen, og såg London og elva som eit måleri framfor seg, noko som «freaked-out future Kink». I ein slik grad at han ti år seinare skreiv ein song om det. Og der, når Sheff har sunge det, som dei siste orda i songen, kling, snedig nok, tonane av Waterloo Sunset frå ei keyboard. I ein luftig og Sheff-melodisk popsong eg gladeleg tar imot med opne armar.

Det nestbeste på plata kjem heilt til slutt. Som song nummer ti. Den ber den menneskelege tittelen Human Being Song, og er ein psykedelisk lada ballade om menneskeslekta og det som er, eller snarare ikkje går an, å seie om den. Låta sitt soniske vesen er vel sånn cirka albumets minst tilgjengelege, men etter kvart smyg den seg på plass. «It’s hard to be a human being» høyrer eg Sheff opne songen med. Og det er vel grunn til å tru at det som kjem etter ikkje er heilt upåverka av eit visst amerikansk presidentval. Sjølv om her er filosofiske betraktningar av absolutt meir tidlaus karakter. Om ikkje akkurat grensesprengande. Kort sagt: menneske gjer vondt, menneske gjer godt, vi når aldri heilt inn til kvarande, «but brother, I believe in love».

Det er mellom desse to songane at eg ikkje finn så altfor mykje å dvele ved. Eg kan seie at albumet er eit av dei meir lysare orienterte Okkervil-albuma. Eg kan seie at synthesizer og programmerte lydar har ei meir framståande rolle enn på noko anna Okkervil-album. Eg kan seie at nokre låtar, spesielt då Pulled Up the Ribbon, blir noko lydmessig overlessa etter min smak. Eg kan seie at Sheff etter mi oppfatning kjem greitt frå det når han drar inn velsmurte vestkysttonar i songen om å ikkje flytte til Los Angeles, talande nok titulert Don’t Move Back to LA. Eg kan seie at eg lever heilt greitt med at Okkervil River med In the Rainbow Rain har laga sitt svakaste album. Eg kan seie at det på ingen måte har ført til at eg har mista trua på bandet. Eg ser fram til neste møte eg. Og så spelar eg Famous Tracheotomies ein gong til, minst.

6/10

TIDAL: OKKERVIL RIVER – IN THE RAINBOW RAIN

Josh T. Pearson – The Straight Hits!

Standard

Hmm…dette funkar  ikkje heilt mr. Pearson.

Bilderesultat for josh t. pearson the straight hits  Josh T. Pearson har ikkje laga ei spesielt bra plate denne gongen. Han gjorde det i sitt første forsøk, med bandet Lift To Experience. Då han for sytten år sidan var arkitekten bak det bandets einaste album, The Texas-Jerusalem Crossroads. Eit dobbeltalbum full av mektig og feedback-fora rock’n roll. Han gjorde det endå sterkare. Ja i denne lyttarens øyrer ufatteleg sterkt, då han ti år seinare kom med sitt andre album. Soloalbumet Last of the Country Gentlemen. Eit akustisk-spartansk sakteflytande album, med lange songar om livet med kvinna, om livet utan kvinna, om livet i selskap med alkoholen, om livet med Gud, og utan Gud, og om livet med musikken. Eit meisterverk.

Så går nå åra, og Josh T. Pearson lar vente med å høyre frå seg, igjen. Men når beskjeden kjem om at det er eit nytt album i kjømda melder forventningane mine seg. Dei blir ikkje veldig modererte av den første smakebiten. Straight to The Top er tittelen. Og sjølv om låta ikkje fer heilt til topps, viser den seg å vere eit heseblesande countrypunk nummer med visse erobrande evner. Neste smakebit: Straight At Me. Spretne orgeltonar, plystring, garasjerock. Fyren ser absolutt ut til å dansa inn på andre soniske tomter. Vel, det kan bli interessant det. Tredje smakebit: Whiskey Straight Love. Pearson aleine med ein akustisk gitar. Gjort unna på to minutt, men i ånd ikkje ulikt slikt han hadde føre seg på førre album. Forventningane lever.

Straight. Ein fiks idé. Ein del av nokre reglar han laga seg før han skreiv desse songane. Alle songane skal ha Straight i tittelen. Og dei skal ha ei viss makslengd. Og han held seg sånn litt lausleg til desse reglane. Og det er nå heilt greitt tenker eg. Men det er ikkje greitt at blant dei sju songane som ikkje kom som ein smakebit. Som eg til nå ikkje har nemnt. Der er det berre ein eg vil kalle bra.

A Love Song (Set Me Straight) er albumets lengste song, og den er bra. Når regneskapet skal gjerast opp kanskje den beste. Ein vakker ballade og intens affære om kjærleiken. Kjærleiken som «the greatest threat ever known to (beguile) man». Kjærleiken, formidla i glødande takksemd, til ei spesiell kvinne. Av ein Pearson som syng lidenskapeleg, dempa og i falsett.

Elles vasar han mykje rundt her i songar som haltar og grånar bort. Som det hakkete og fjasete folkrocknummeret Give It To Me Straight. Den sjarmlause og slurvete countrysongen Damn Straight. Det gitarstormande nummeret Loved Straight To Hell, der han vitjar Lift To Experience-tida i forferdeleg kavete former. Og verst av alle den oppstylta tonetomme avslutningslåta Straight Down Again.

Han hadde sju år på seg, men det kan like fullt virke som at han ikkje har tatt seg god nok tid. Og er det noko eg har trudd så er det at Josh T. Pearson er god på å ta seg tid.

4/10

TIDAL: JOSH T. PEARSON – THE STRAIGHT HITS!

Kacey Musgraves – Golden Hour

Standard

Country blir til pop, varme tonar og uimotståelege refreng.

  Du verden, dette albumet kjem eg berre ikkje utanom. Golden Hour ber sitt namn med rette. Ikkje fordi Kacey Musgraves sitt tredje ordinære album varer ein heil time, men fordi det byr på 45 minuttar med tonar som finn fram og varmar. Non-stop. 13 låtar til ende av det slaget eg vil kategorisere som perfekt pop.

I kategorien country har Kacey Musgraves tidlegare gitt ut dei absolutt solide albuma Same Trailer Different Park og Pageant Material. Eit kjennemerke her har vore hennar skarpskodde skildringar av det trongsynte og jantetunge småby/bygdelivet (ho kjem sjølv frå den knøttvesle Texas-staden Golden (sic)). Med konsise observasjonar og frilyndte utsegn i John Prine-klassen (ho er opphavskvinna til linja «my idea of heaven is to burn one with John Prine») har ho gjort songar som Follow Your Arrow og Biscuits til moderne countryklassikarar. Eit stempel dei for all del også får takka vere sitt fyrige melodiske vesen.

Ved førre korsveg fant Kacey Musgraves det også på sin plass å synge ei ode til (the) Good Ol» Boys Club. Eit spark og nokre snerr til den mannstunge bastionen som regjerer i countrymusikkens hovudstad. Kompromisslaust slår ho der fast at ho ikkje vil vere ein del i deira store maskineri. Visst andre vil…det er heilt greitt, men ho ligg ikkje søvnlaus og tenker på korleis ho skal te seg for å få suksess. «If I end up goin» down in flames, well at least I know I did it my own way» slår ho trygt fast.

Så går det kanskje an å hevde at Kacey Musgraves med Golden Hour nå er nærare slikt som herreklubben i Nashville set pris på, enn det ho var på sine to førre album. Utan at eg har den minste mistanke om at det har vore ein intensjon. Den trur eg nok heller har vore at dama har hatt eit ynskje om å vise ei anna side av seg. Forståeleg nok. Ho har fleire, ho som oss andre. Denne handlar om kjærleik. Eit tema ho for all del har vore innom før, men ikkje med same varme, ikkje med same funklande blikk som denne gongen.

Perfekt pop sa eg. Og meiner det. Dit har Musgraves nådd utan å skrota countryrøtene. Det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon, men først og fremst er dette songar som blenkjer. Orkestrert på skjønsamt vis. Langt langt unna pompøst, men absolutt nær på det mange (med litt skepsis i blikket kanskje) vil kalle polert.

På dei to første platene skreiv Musgraves songane sine i hovudsak saman med duoen Shane McAnally og Luke Laird. Det er tre slike songar med denne gongen også, men nå er det ein annan duo ho oftast har fått hjelp frå, Daniel Tashian og Ian Fitchuk. Desse to har også ei særs aktiv rolle i produksjonen av plata (saman med Musgraves sjølv då sjølvsagt), og som utøvande multiinstrumentalistar.

Golden Hour er som du sikkert har skjønt inga bråkete plate. Songane kjem ofte med ein akustisk gitar som fundament, og så blir det bygd med eleganse ut derifrå. Heile tida med eit vakent øyre for å gjere det luftig, gjere det lettbeint, legge til rette for at den melodiske krafta som finst i kvar song kjem fullenda ut og fram.

Born in a hurry, always late
Haven’t been early since ’88
Texas is hot, I can be cold
Grandma cried when I pierced my nose

Med desse fire linjene opnar Musgraves sin Golden Hour. Og legg ut eit sjølvbiografisk spor. Noko albumet til ei viss grad antakeleg fylgjer opp. Det er i alle fall ein amorøs og rimeleg lukkeleg hovudperson å finne i fleirtalet av songane. Og nett det kan vel koplast opp mot at dama er ganske så nygift? Så, «Good when you’re putting your hands all over me» lyde det vidare i same song. I den vakre opningssongen Slow Burn, der den ulmar vidare, brenn seg fast. Og set tonen.

Og det veks. Kvar song veks. Albumet veks. Blir betre for kvar gong eg høyrer det. Slikt er teikn på evig liv det.

Og ei stemme kjem lett forvrengt gjennom ein vocoder. «Oh, what a world, I don’t wanna leave» ytrar den. Det er ein banjo der også, og ein steelgitar, saman med programmerte lydar. Futurisme møter tradisjonalisme, har Musgraves sjølv ymta frampå om, i eit forsøk på å beskrive plata. Og den handlar om kjærleiken til det ho ser rundt seg, og det handlar om kjærleiken til ein spesiell. «Oh, what a world, and then there is you» syng ho. Det er banalt, men det er ikkje platt. Det er skrella for pretensjonar. Det er ei likefram innsikt inn i livet slik det kan vere.

Men når lykka er som størst, kan tanken komme om at herifrå her er det berre ein veg, og den går ned. «Happy and sad at the same time» syng dama om den kjensla, i eit av fleire fullkomne refreng. For litt melankoli gjer ho også plass til. Også i den vesle visa til mora, Mother, der sakn står i sentrum. Sakn er ikkje det rette ordet ho kjenner for mannen ho vender seg til i songen Space Cowboy. Men ei oppbrotslåt er det, og flyt med tyngde gjer den, medan cowboyen blir gitt rom og ønska lukke til på vegen utav livet til hovudpersonen. Like vennleg innstilt er ikkje songaren til mannen som er hovudperson i High Horses. Han er ein som sitt på sin høge hest, og som får passet sitt påskrive. I formuleringar som gjer at låta reint tekstleg kanskje blir den her som liknar mest på det ho gjorde på sine to førre plater. Sonisk liknar den ikkje i det heile. Sonisk dansar den fram i disko-drakt, med ganske så attraktive Saturday Night Fever-vibber.

Men først og fremst handlar det om den guddommelege kjærleiken altså. Kjærleiken som ein Wild Thing til ein Velvet Elvis frå ei kvinne som erklærer at ho ikkje er Wonder Woman. Premissar som ikkje har stått i vegen for at ho har laga ei beint fram vidunderleg plate.

9/10

TIDAL: KACEY MUSGRAVES – GOLDEN HOUR