Country blir til pop, varme tonar og uimotståelege refreng.
Du verden, dette albumet kjem eg berre ikkje utanom. Golden Hour ber sitt namn med rette. Ikkje fordi Kacey Musgraves sitt tredje ordinære album varer ein heil time, men fordi det byr på 45 minuttar med tonar som finn fram og varmar. Non-stop. 13 låtar til ende av det slaget eg vil kategorisere som perfekt pop.
I kategorien country har Kacey Musgraves tidlegare gitt ut dei absolutt solide albuma Same Trailer Different Park og Pageant Material. Eit kjennemerke her har vore hennar skarpskodde skildringar av det trongsynte og jantetunge småby/bygdelivet (ho kjem sjølv frå den knøttvesle Texas-staden Golden (sic)). Med konsise observasjonar og frilyndte utsegn i John Prine-klassen (ho er opphavskvinna til linja «my idea of heaven is to burn one with John Prine») har ho gjort songar som Follow Your Arrow og Biscuits til moderne countryklassikarar. Eit stempel dei for all del også får takka vere sitt fyrige melodiske vesen.
Ved førre korsveg fant Kacey Musgraves det også på sin plass å synge ei ode til (the) Good Ol» Boys Club. Eit spark og nokre snerr til den mannstunge bastionen som regjerer i countrymusikkens hovudstad. Kompromisslaust slår ho der fast at ho ikkje vil vere ein del i deira store maskineri. Visst andre vil…det er heilt greitt, men ho ligg ikkje søvnlaus og tenker på korleis ho skal te seg for å få suksess. «If I end up goin» down in flames, well at least I know I did it my own way» slår ho trygt fast.
Så går det kanskje an å hevde at Kacey Musgraves med Golden Hour nå er nærare slikt som herreklubben i Nashville set pris på, enn det ho var på sine to førre album. Utan at eg har den minste mistanke om at det har vore ein intensjon. Den trur eg nok heller har vore at dama har hatt eit ynskje om å vise ei anna side av seg. Forståeleg nok. Ho har fleire, ho som oss andre. Denne handlar om kjærleik. Eit tema ho for all del har vore innom før, men ikkje med same varme, ikkje med same funklande blikk som denne gongen.
Perfekt pop sa eg. Og meiner det. Dit har Musgraves nådd utan å skrota countryrøtene. Det er countrysjatteringar att i songane på Golden Hour. Nokre har fleire, nokre har færre, nokre har knapt nokon, men først og fremst er dette songar som blenkjer. Orkestrert på skjønsamt vis. Langt langt unna pompøst, men absolutt nær på det mange (med litt skepsis i blikket kanskje) vil kalle polert.
På dei to første platene skreiv Musgraves songane sine i hovudsak saman med duoen Shane McAnally og Luke Laird. Det er tre slike songar med denne gongen også, men nå er det ein annan duo ho oftast har fått hjelp frå, Daniel Tashian og Ian Fitchuk. Desse to har også ei særs aktiv rolle i produksjonen av plata (saman med Musgraves sjølv då sjølvsagt), og som utøvande multiinstrumentalistar.
Golden Hour er som du sikkert har skjønt inga bråkete plate. Songane kjem ofte med ein akustisk gitar som fundament, og så blir det bygd med eleganse ut derifrå. Heile tida med eit vakent øyre for å gjere det luftig, gjere det lettbeint, legge til rette for at den melodiske krafta som finst i kvar song kjem fullenda ut og fram.
Born in a hurry, always late
Haven’t been early since ’88
Texas is hot, I can be cold
Grandma cried when I pierced my nose
Med desse fire linjene opnar Musgraves sin Golden Hour. Og legg ut eit sjølvbiografisk spor. Noko albumet til ei viss grad antakeleg fylgjer opp. Det er i alle fall ein amorøs og rimeleg lukkeleg hovudperson å finne i fleirtalet av songane. Og nett det kan vel koplast opp mot at dama er ganske så nygift? Så, «Good when you’re putting your hands all over me» lyde det vidare i same song. I den vakre opningssongen Slow Burn, der den ulmar vidare, brenn seg fast. Og set tonen.
Og det veks. Kvar song veks. Albumet veks. Blir betre for kvar gong eg høyrer det. Slikt er teikn på evig liv det.
Og ei stemme kjem lett forvrengt gjennom ein vocoder. «Oh, what a world, I don’t wanna leave» ytrar den. Det er ein banjo der også, og ein steelgitar, saman med programmerte lydar. Futurisme møter tradisjonalisme, har Musgraves sjølv ymta frampå om, i eit forsøk på å beskrive plata. Og den handlar om kjærleiken til det ho ser rundt seg, og det handlar om kjærleiken til ein spesiell. «Oh, what a world, and then there is you» syng ho. Det er banalt, men det er ikkje platt. Det er skrella for pretensjonar. Det er ei likefram innsikt inn i livet slik det kan vere.
Men når lykka er som størst, kan tanken komme om at herifrå her er det berre ein veg, og den går ned. «Happy and sad at the same time» syng dama om den kjensla, i eit av fleire fullkomne refreng. For litt melankoli gjer ho også plass til. Også i den vesle visa til mora, Mother, der sakn står i sentrum. Sakn er ikkje det rette ordet ho kjenner for mannen ho vender seg til i songen Space Cowboy. Men ei oppbrotslåt er det, og flyt med tyngde gjer den, medan cowboyen blir gitt rom og ønska lukke til på vegen utav livet til hovudpersonen. Like vennleg innstilt er ikkje songaren til mannen som er hovudperson i High Horses. Han er ein som sitt på sin høge hest, og som får passet sitt påskrive. I formuleringar som gjer at låta reint tekstleg kanskje blir den her som liknar mest på det ho gjorde på sine to førre plater. Sonisk liknar den ikkje i det heile. Sonisk dansar den fram i disko-drakt, med ganske så attraktive Saturday Night Fever-vibber.
Men først og fremst handlar det om den guddommelege kjærleiken altså. Kjærleiken som ein Wild Thing til ein Velvet Elvis frå ei kvinne som erklærer at ho ikkje er Wonder Woman. Premissar som ikkje har stått i vegen for at ho har laga ei beint fram vidunderleg plate.
9/10
TIDAL: KACEY MUSGRAVES – GOLDEN HOUR